ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Formannskap 21.05.2012 040/12 VIL Sakshandsamar: Vigdis Lode Arkiv: N-502 Arkivsaknr: 2012000894 KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2012-2016 Vedlegg i saka: Kommunal planstrategi for Etne kommune 2012-2016 Utrykte saksdokument: Ingen Saksgang: Formannskapet Kommunestyret Utskrift til: Utvikling
SAKSUTGREIING: 1. Kva saka gjeld: Vedtak av kommunal planstrategi for Etne kommune, 2012-2016. 2. Bakgrunn for saka: Det vart i Kommunestyret i K-sak 006/12 den 7.2.2012 vedteke oppstart av arbeidet med kommunal planstrategi for Etne kommune. Ein har organisert arbeidet med formannskapet som styringsgruppe og ei administrativ arbeidsgruppe oppnemnd av rådmann. 3. Problemstilling: Det må gjerast endeleg vedtak av kommunal planstrategi for Etne kommune, 2012-2016. 4. Vurdering: Utarbeiding av kommunal planstrategi er eit krav etter gjeldande plan- og bygningslov, og er forankra i PBL 10.1: Kommunestyret skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av kommunens planbehov i valgperioden (PBL 10, 1. ledd). Kommunal planstrategi for Etne kommune, 2012-2016 er no ferdig for offentleggjering og endeleg vedtak i kommunestyret. Strategien har blitt til gjennom innspel frå dei ulike einingsleiarane i kommunen, møter i administrativ arbeidsgruppe med representantar frå mellom anna helse, kultur og plan, og innspel frå styringsgruppa beståande av formannskapet. Ein har informert nabokommunar og regionale og statlege organ om det pågåande arbeidet med strategien i brev, og delteke i arbeidsmøte om planstrategi i Bergen saman med andre kommunar, Fylkesmannen i Hordaland (FM) og Hordaland fylkeskommune (HFK). I felles brev frå HFK 23.3.12 til kommunane har ein motteke synspunkt på innhald og tema ein bør vurdere. Ein har og vore i dialog med FM om innhald. Det er første gong kommunane vedtek kommunal planstrategi og ein har valfridom i både utforming og prosess, innanfor visse rammer. Ein er jf. PBL 10 pliktig til å gjere ei vurdering av om kommuneplanen skal reviderast, heilt eller delvis. Ein bør og gjere ei drøfting av strategiske val knytt til samfunnsutviklinga i kommunen, som vist til over. I Etne har ei vald å utarbeide eit enkelt dokument som ein byggjer vidare på ved seinare revisjonar. Mykje av drøftingane knytt til samfunnsutvikling og kommunen si verksemd finn ein allereie i økonomiplan, og i framlegg til arealdel for Etnesjøen 2011-2023, som vert endeleg vedteke i 2012. Ein har vurdert det slik at kommuneplanen sin samfunnsdel har høg prioritet i planarbeidet framover, saman med arealdel for resten av kommunen. Her vil ein kunne vurdere nærare temaa frå planstrategien, og ha eit større fokus på prosessarbeid og medverknad.
Tabellen i tilrådinga er utgangspunkt for politisk prioritering. Den gjev rom for endring av prioriteringsverdi og årstal planarbeidet skal startast opp. Det er sett opp ei prioritering av nye planar og gjeldande planar med behov for revisjon, både lovpålagde og ikkje, og årstalet planarbeidet skal startast opp. Ein har prioritert på ein skala frå 1-3, der 1= Lovpliktig (må), eller vurdert som svært viktig. 2= bør. 3= Siste prioritet. Planbehov ut over perioden 2012-2015 tas opp i neste valperiode. Planstrategien skal, jf. PBL 10, offentleggjerast 30 dagar før endeleg vedtak i Kommunestyret. Det kan i denne perioden kome innspel som gjer at ein må justere strategien før endeleg vedtak. Før ein avgjer at det skal startast opp planarbeid må det avklarast kven som er ansvarleg for gjennomføringa av planprosess og utarbeiding av plandokument. Planbehovet i valperioden må vurderast opp mot kva ressursbruk som vert naudsynt og kva tilgjengeleg kapasitet ein har til planarbeidet. Allereie avgrensa ressursar i den daglege drifta i kommunal verksemd gjer at ein må prioritera kva planoppgåver som skal gjerast. Dette vil og innebere at ein må velje bort eller utsetje planar sjølv om ein ser behov for dei. Ved rullering av budsjett og økonomiplan må ein syte for at det er økonomiske ressursar til å gjennomføre kommunal planstrategi slik han ligg føre. TILRÅDING FRÅ RÅDMANNEN: Kommunal planstrategi for Etne kommune, 2012-2016, vert vedteke jf. plan- og bygningslova 10-1, med følgjande prioritering av planar: Planar 2012 2013 2014 2015 Prioritering Kommuneplan, samfunnsdel (lovpliktig, jf PBL 11) Kommuneplan for Etne kommune 2006-2013, samfunnsdelen RULL 1 Kommuneplan, arealdel (lovpliktig, jf PBL 11) Kommunedelplan for Etnesjøen RULL 1 Kommuneplan for Etne kommune RULL 1 Kommunedelplanar, tema Overordna ROS-analyse (lovpliktig, jf. Forskrift om kommunal beredskapsplikt 2) Kommunedelplan for strandsona (frå interkommunal strandsoneplan) Kulturplan NY 2 Kulturplan inkl. kulturminne Kulturplan inkl. idrett og friluftsliv Kulturplan inkl. bibliotek Tema og sektor-/ fagplanar Økonomiplan/ handlingsprogram kommuneplan RULL RULL RULL NY Trafikksikringsplan for Etne kommune, 2005-2013 RULL 1 Plan for kommunal kriseleiing og beredskap (lovpliktig, jf. Forskrift om kommunal beredskapsplikt 4) Energi- og klimaplan for Etne kommune 2011-2016 RULL 2 Strategisk næringsplan NY 2
Ved rullering av budsjett og økonomiplan må ein syte for at det er økonomiske ressursar til å gjennomføre kommunal planstrategi slik han ligg føre. 21.05.2012 FORMANNSKAP Siri Klokkerstuen (Ap) fremja fylgjande tilleggsframlegg: «Ein ber om at planar som er under utarbeiding i 2012 vert lagd til planstrategien for Etne kommune 2012-2016 når den vert lagd ut på høyring.» RØYSTING: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteken. Tilleggsframlegget frå Siri Klokkerstuen (Ap) vart samrøystes vedteken. Etter dette ligg det føre slik: F-040/12 TILRÅDING FRÅ FORMANNSKAPET TIL KOMMUNETYRET: samrøystes Kommunal planstrategi for Etne kommune, 2012-2016, vert vedteke jf. plan- og bygningslova 10-1, med følgjande prioritering av planar: Planar 2012 2013 2014 2015 Prioritering Kommuneplan, samfunnsdel (lovpliktig, jf PBL 11) Kommuneplan for Etne kommune 2006-2013, samfunnsdelen RULL 1 Kommuneplan, arealdel (lovpliktig, jf PBL 11) Kommunedelplan for Etnesjøen RULL 1 Kommuneplan for Etne kommune RULL 1 Kommunedelplanar, tema Overordna ROS-analyse (lovpliktig, jf. Forskrift om kommunal beredskapsplikt 2) Kommunedelplan for strandsona (frå interkommunal strandsoneplan) Kulturplan NY 2 Kulturplan inkl. kulturminne Kulturplan inkl. idrett og friluftsliv Kulturplan inkl. bibliotek Tema og sektor-/ fagplanar Økonomiplan/ handlingsprogram kommuneplan RULL RULL RULL NY Trafikksikringsplan for Etne kommune, 2005-2013 RULL 1 Plan for kommunal kriseleiing og beredskap (lovpliktig, jf. Forskrift om kommunal beredskapsplikt 4) Energi- og klimaplan for Etne kommune 2011-2016 RULL 2 Strategisk næringsplan NY 2 Ved rullering av budsjett og økonomiplan må ein syte for at det er økonomiske ressursar til å
gjennomføre kommunal planstrategi slik han ligg føre. Ein ber om at planar som er under utarbeiding i 2012 vert lagd til planstrategien for Etne kommune 2012-2016 når den vert lagd ut på høyring