Ullensvang herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Plan- og ressursutval 31.01.2017 07/2017 Saksansv.: Tveit, Randi Karin Arkiv: ST/PL namn - Sekse, N - 505 Objekt: J.post id. 17/231 Arkivsaknr 12/418-85 Reguleringsplan for Markastå - PlanID: 12312012004 1. gongs handsaming Vedlegg: Dato Tittel Dok.nr 13.01.2017 03 - Omega Areal - ROS analyse - v1 221239 17.01.2017 Føresegner - v2 221413 23.01.2017 Dolvik, Tore - Skredvurdering og 221754 grunnundersøking 2013(379759)b 23.01.2017 Kulturminneundersøking(379760)a 221755 23.01.2017 Planomtale og konsekvensutgreiing(380006)a 221756 Endeleg vedtak i: Plan og ressursutvalet. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Plan- og bygningslova 12-10. Saksutgreiing: Ullensvang herad varsla oppstart av planarbeid for Markastå bustadfelt 02.04.2012. Forslag til planprogram vart samstundes send ut på høyring. Planprogrammet vart vedteke 05.06.2012. Viser til framdriftsplan s. 25-26 i planskildringa. Dei vedlagte plandokumenta utgjer framlegget til reguleringsplan for Markastå bustadfelt. Planområdet er omlag 20 daa. Føremålet med planen er å leggja til rette for etablering av eit bustadfelt på Markastå. Planframlegget femnar om 12 bustadtomter, areal til friområde, parkeringsplass og tilkomstveg gjennom bustadfeltet. Tilkomsten til området skal vera langs dagens avkjørsle frå fylkesveg 101 til eksisterande parkeringsplass.
Kulturminneundersøking fann stad 1. 3. oktober 2012, og rapporten vart ferdigstillt i april 2013. Det vart påvist eit hittil ukjent dyrkingslag frå eldre bronsealder, og dette arkeologiske funnet er eit automatisk freda kulturminne, jf. kulturminnelova 4. Kommunegeolog Tore Dolvik gjennomførte synfaring og prøvegraving 1. 3.. oktober 2012. Rapporten Skredvurdering og grunnundersøking: Markastå bustadfelt Sekse er grunnlaget for konklusjonane. Arealet nord i bustadfeltet kan vera rasfarleg, og det er naudsynt med ei utvida skredfaresonekartlegging, ved planlegging av bustadhus i dette området. Arealet er i reguleringsplanen avsett til friområde, og gjeve omsynsone faresone ras og skredfare. Planframlegget utløyste krav om konsekvensutgreiing. Arealet er i kommuneplanen regulert til LNF (landbruk- natur og friluftsområde ), og planforslaget omregulerar arealet til bustadbygging. I april 2014 tilrådde konsekvensutgreiinga å avslutta planprosessen fordi kombinasjonen av økonomi, kulturminne og jordvern medførte ei dyrare detaljregulering enn venta og bryt med føresetnadane gitt i plan- og bygningslova. Plan- og ressursutvalet ynskte likevel å gå vidare med planprossen og vedtok i PRU 21/2015 ein samarbeidsmodell: Vedtak alternativ C: Plan- og ressursutvalet ønskjer ikkje å avslutta planprosessen. Heradet held fram planprosessen og inngår ein samarbeidsavtale og økonomisk samarbeidsmodell med private aktørar for å fullføra prosessen, føresett forpliktande budsjettvedtak for å gjennomføra arbeidet. Konsekvensutgreiinga januar 2017 rår til å gå vidare med planprosessen, under føresetnad av at me tar omsyn til: Økonomiske rammer for realisering av prosjektet. Avbøtande tiltak for vern av jordmasser. Avbøtande tiltak for kulturminner. Økonomiske konsekvensar: Det er ingen økonomiske konsekvensar av å senda framlegget til reguleringsplan på høyring og leggja det ut til offentleg ettersyn. Dei økonomiske konsekvensane vil koma som følgje av å gjera eit endeleg vedtak av planen. Det vil koma økonomiske utgifter til: Planforslaget tek ikkje omsyn til automatisk freda kulturminne. Det vil truleg koma krav om utgraving. Kostnadane er uvisse, då me fyrst får eit kostnadsoverslag etter at planen er lagt ut til høyring. Det har vore antyda at dette kan kome opp i minst 1 million. Grunnerverv. Opparbeiding av naudsynt infrastruktur (veg, vann og avløp). Offentleg veg, parkering og friområder. Heradet vedtok i PRU 21/2015 at dei ynskjer ein samarbeidsmodell med private aktørar for å fullføra prosessen. Administrative konsekvensar: Administrasjonen vil fylgja opp vedtaket. Gjennomføring av planen vil derimot ha administrative konsekvensar i form av behov for personell til å følgja opp private avtalar, og grunnerverv, og eventuelt prosjektleiing. Miljømessige konsekvensar: Skildringar og konsekvensar av planframlegget er omtala i planskildringa og konsekvensutreiinga s. 29-42. Planforslaget søkjer å omregulera om lag 20 daa frå LNF til
bustadføremål. Det er ikkje teke omsyn til kulturminne i planområdet, og det må truleg gravast ut. Det er sett krav i føresegnene om at det skal liggja føre godkjent plan for deponering av matjord og annan overskotsmasse frå byggjeområda og det skal sikrast vidare bruk, primært til jordbruksføremål. Kravet i naturmangfaldslova 8 om at saka hovedsakleg skal baserast på eksisterande og tilgjengeleg kunnskapar er oppfyllt. Det er ingenting som tilseier at føre var prinsippet må leggast til grunn, jf. naturmangfaldslova 9. Tiltaka detaljreguleringsplanen opnar for vil påverke naturmangfaldet i svært liten grad. Det er difor ikkje noko som tyder på at den samla belastninga på økosystemet vil bli for stor, jf. naturmangfaldlova 10. Det er svært lite potensiale for skade på naturmangfaldet, og det vert difor lagt til grunn at det ikkje er nødvendig å foreta vurderingar etter naturmangfaldlova 11 og 12. Vurdering: Reguleringsplanen reflekterar eit lokalt forankra ynskje om eit nytt bustadfelt i Seksekrinsen. Bustadfeltet fylgjer overordna planretningslinjer, og passar godt inn i landskapet som ei utviding av eksisterande felt. Planframlegget legg til rette for 12 bustadtomter, der 10 av dei er nye tomter. Fylgjande merknadar kom inn til høyring av planprogrammet i 2012. Merknadane er opplista og kommenterte under vurdering. Avsendar Innspel Vurdering Jorunn Børve 12/5783 May Britt Buer & Gaute Åsebø 12/5855 Ønskjer prioritering av jordvernet. Det vert argumentert for alternative bustadområde, utanfor planområdet. Ullensvang herad legg stor vekt på jordvern, og denne vurderinga kjem fram i planprogrammet. I ei heilskapleg vurdering er det likevel Markastå som peikar seg ut som det mest høvelege arealet. Sjå også Fylkesmannen i sitt innspel nedanfor. Kommuneplanen legg opp til bustadetablering i heile heradet. Vidare tilrettelegging for bustadfelt andre stadar må koma som del av neste kommuneplanrevidering. Me vil ikkje ha offentleg veg over tomta vår i Dette gjer det vanskeleg for ei tilknyting til evt. utbygging i søndre del av feltet, vegløysing for tomta heilt syd. Ein areal 1. plan for heileplanområdet vil måtta Om det vert byggjefelt nord for vår tomt, vil me ha inkludera ein tilkomst veg over tomta. skibakken som no. Me plar å ha straum frå vårt hus Justering av plangrensa er eit til lyskastarar om kveldane, og det er alltid mange alternativ, men då vert framtid born som leikar i bakken når det er snø. Skulen har utnytting av tomta vanskeleg. dei seinare åra hatt skidagane sine her, og det har Ved plassering av vore mange flotte og lange hopp. Skibakken går frå leikeareal/friluftsareal skal dette postkassestativet og heile bakken ned. ønsket vurderast og vektleggast. Me er ikkje interessert i å selgja areal frå tomta vår. Tomta sitt areal skal ikkje verta råka Me har etablert hage med åkrar og frukttrær, og har av utbygginga mot nord. Men ei gangveg til sjøen gjennom denne. eventuell utbygging på tomta, som vil skje i privat regi, skal følgje reguleringsplanen for området. Åshild Ystanes Hesjedal 12/5870 Grete Lingjerde Børve Positiv til planarbeidet. Ønskjer tilrettelagt gangsti frå sjø til fylkesveg. Ønskjer eit felles eldhus for grendene Fresvik, Espe, Sekse, Børve, med meir, i nærleiken av grendahuset Grannatun. Ønskjer prioritering av jordvernet. Positiv til planprogrammet og prosessen. Ønskjer fortetting på området. Er også positiv til ei eventuell Dette er viktige innspel me ønskjer å ta med i det vidare reguleringsplanarbeidet. Ullensvang herad legg stor vekt på verdien av jordvernet, og denne vurderinga kjem fram i
12/5209 bustadetablering på areal 2 og 3. planprogrammet. I ei heilskapleg vurdering er det Markastå som peikar seg ut som det mest høvelege arealet. Sjå også Fylkesmannen i sitt innspel nedanfor. Innspelet vert tatt med i vurderinga. Fylkeskommune, Regionalavdelinga 12/5927 Fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga 12/5649 Noregs vassdragsog energidirektorat (NVE) 12/6014 Statens vegvesen 12/5693 Fylkesmannen i Vi er opptekne av utbyggingsmønsteret i kommunane og rår generelt frå «satellittutbygging». Føreset at utbygginga er nøye vurdert i høve til bustadbehov og sosial infrastruktur. Vurderer for øvrig planprogrammet til å vere dekkande for fylkeskommunens interesser og eit godt grunnlag for det vidare planarbeidet. I denne saka ber vi elles særskilt om at det blir lagt vekt på landskapsbilete, kulturminne og kulturmiljø samt trafikktryggleik. Vi har i dag ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne i nærleiken av planområdet. Arkeolog frå fylkeskommune var på synfaring i området 18.04.2012. fylkeskommune har vurdert planområdet til å ha potensial for funn av automatisk freda kulturminne. Det må difor påreknast ei arkeologisk registrering for å oppfylle undersøkingsplikta, jf. Kulturminneloven 9. Kostnadsoverlag for arkeologisk feltarbeid er estimert til kr. 79 400,-. Kostnad til gravemaskin kjem i tillegg. Det må gjerast ei nærare vurdering av skredfaren i samband med planarbeidet. Til dette arbeidet må det nyttast tilstrekkeleg fagleg kompetanse og det må definerast faresonegrenser i samsvar med tryggleikskrava i Byggteknisk forskrift (TEK 10). Ev. fareområde må innarbeidast i planen og synast som omsynssone (jf. PBL 12-6) og ha tilhøyrande føresegner som sikrar akseptabel tryggleik før utbygging kan finne stad. Dersom det er trong for sikringstiltak eller restriksjonar på arealbruk for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik rår vi til at det aktuelle området vert teke inn i planen. Syner til NVE retningslinje 2/2011, Flaum- og skredfare i arealplanar. KU for RV 13 bør nemnast som eksisterande kunnskap under punkt 5.1.9 i planprogrammet. Markastå er vurdert som det beste alternativet. Her ligg det til rette for sikker tilkomst via Fv. 101. Reguleringsplanen må ta hensyn til trafikkstøy. Planområdet mot RV 13 må legga eksisterande reguleringsplan til grunn. Ta med mogleg plassering for skatebane. Ingen merknad til oppstartsmeldinga og forslag til planprogram. Me finn at vurderingane heradet har gjort i planprogrammet dekker dei hensyn Fylkesmannen skal ivareta ut ifrå statleg og regional arealpolitikk. Avvegingar er gjort, og me har inga innvending til at areal 1 på Markastå på Sekse er det arealet heradet vel å gå vidare med. Me vil minne om at det i den vidare planlegginga av området er viktig å legge særleg vekt på Kommuneplanen ligg til grunn for vurderinga av bustadbehov og sosial infrastruktur. Ullensvang herad ønskjer å oppretthalde bustadtilbodet i grendene, samstundes som sentruma med eksisterande kommersielle og sosiale tenestetilbod også vert styrka med bustadutbygging. Me vurderer Markastå som eit areal som stettar dette utbyggingsmønsteret. Me legg også vekt på landskapsbilete, kulturminne og kulturmiljø samt trafikktryggleik. Ullensvang herad vil ta kostnaden med å oppfylle undersøkingsplikta. Dette arbeidet skal organiserast slik at grunneigar og paktar av området får høve til å planlegga sin bruk av området. Skal takast til følgje. Dersom det er trong for siktringstiltak, vil dette tiltaket mest truleg ligge ovanfor eksisterande bustadfelt ovanfor fylkesvegen. Sikringstiltaket vil såleis vere utanfor planområdet. Eventuelle restriksjonar på arealbruk for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik vil verte teke med i planen. Skal takast til følgje. (Statens vegvesen referer til punkt 6.1.9 i planprogrammet. Konsekvensutgreiing for RV 13 er lagt til som eksisterande kunnskap.) Skal takast til følgje.
landskapstilpassing. For jordbruksareal som vert regulert til bustadføremål forventar Fylkesmannen at følgjande rekkjefølgjekrav vert teke inn i planføresegnene: Før utbygging skal det gjerast greie for handtering av jordressursane. Jord frå jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) som vert utbygd skal sikrast vidare bruk, primært til jordbruksføremål. Me vil minne om at heradet har ansvar for å rapportere omdisponering av dyrka og dyrkbar mark som fylgje av vedtak av reguleringsplan. Dette skal skje gjennom KOSTRA, skjema nr 32 Forvaltning av landbruksareal. Planforslaget tek ikkje omsyn til automatisk freda kulturminne og er å oppfatta som ein søknad til riksantikvaren om dispensasjon. Truleg må området gravast ut, før det vert frigjort. Framlegget til reguleringsplan for Markastå er tilstrekkeleg utgreidd. Rådmannen rår utvalet til å senda planforslaget ut på høyring og leggja det ut til offentleg ettersyn. Rådmannen sitt framlegg: Med heimel i plan- og bygningslova 12-10 vedtek Ullensvang herad å leggja framlegg til privat detaljreguleringsplan for Markastå bustadfelt ut på høyring og offentleg ettersyn. 31.01.2017 Plan- og ressursutval Røysting: Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. pru- 07/2017 Vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova 12-10 vedtek Ullensvang herad å leggja framlegg til privat detaljreguleringsplan for Markastå bustadfelt ut på høyring og offentleg ettersyn.