VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 2009/637 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 26.05.2010 Budsjett 2010 - sparetiltak/reduksjonar Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Kommunestyret viser til den vanskelege økonomiske situasjonen og godkjenner at m.a. følgjande tiltak vert gjennomført for å redusere kostnadane så mykje som mogeleg: - stenge symjebassenga haust 2010 og vår 2011 - innkjøpsstopp for inventar og utstyr resten av 2010 - ta vekk tilbud om støttekontakt til leksehjelp som BUT gir - avlastning i private besøksheimar og i avlastningsbustad for barn og ungdom vert redusert til eit forsvarleg minstenivå. - tilbud om frukt og grønt i skulen vert tatt vekk - reduksjon i ekstraassistentar i SFO/skule og barnehage - holde vakanse i ledige stillingar så langt administrasjonssjefen vurderer det forsvarleg - investeringsstopp i 2011 og ingen nye tiltak i 2010 2. Kommunestyret ber administrasjonssjefen innvilge tenester til enkeltinnbyggarar utfrå eit forsvarleg minstenivå. Dette gjeld bistand i heimen, heimesjukepleie, støttekontakt, avlastning, omsorgsløn, tiltak overfor rusmisbrukarar, hjelpetiltak etter barnevernlov og lov om psykisk helsevern, tiltak etter opplæringslova. Alle tiltak skal vurderast individuelt, men med eit forsvarleg minstenivå som utgangspunkt. 3. Kommunestyret ber administrasjonssjefen utgreie følgjande tiltak: - innføring av parkeringsgebyr på kommunens parkeringsplassar i Helland sentrum - om ein kan redusere antal driftsavtalar med fysioterapeutar - bemanninga i barnehagane
SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Kommunestyre behandla i møte 20.05.10, sak KST 41/2010, rekneskapsrapport pr. 1. kvartal 2010. I saka opplyste administrasjonssjefen at det det låg an til eit meirforbruk i 2010, antyda til mellom 6,0 og 8,0 mill. kr. Det med den drift som er pr. i dag. Kommunestyret gjorde følgjande vedtak: Vestnes kommunestyre viser til rekneskapsrapporten pr. 1.kv. 2010,og kan ikkje akseptere eit driftsunderskot i 2010. Administrasjonssjefen skreiv i saka, og også opplyste i møtet, at ho ville komme tilbake med sak seinare med framlegg til tiltak for å redusere driftskostnadane i 2010. Det vert gjort no. Det er viktig at tiltaka kan iverksettast så raskt som mogeleg for mest mogeleg økonomisk effekt. Situasjon for 2010 Den økonomiske situasjonen for 2010 har ikkje endra seg vesentleg frå det som var rapportert i rekneskapsrapport for 1. kvartal. Unnatak er at aksje på børs har gått ned i mai, og det kan gje seg utslag i avkastning, utan at dette skal dramatiserast. Situasjon for 2011 Administrasjonen er allereie byrja å arbeide med budsjett for 2011 og økonomiplan for 2011 2014. Som opplyst tidlegare vert det særs vanskeleg å få til budsjett for 2011 i balanse, mykje vanskelegare enn for 2010. Kort skissert ser budsjettsituasjonen for 2011 ut som følgjer: Inntekter Rekneskap 2009 Budsjett 2011 Forventa 2012 374,0 mill. kr 371,0 mill. kr 364,0 mill. kr Inntektene er forventa å verte 7,0 mill. kr mindre i 2011 enn i år. Årsak er reduksjon i momskompensasjon, ikkje ekstra utbytte VEAS og reduksjon vertskommunetilskott. Driftsutgifter Rekneskap 2009 Budsjett 2010 Øk. Plan 2011 338,0 mill. kr 335,0 mill. kr 327,0 mill. kr I økonomiplanen er det forventa at driftsutgiftene skal reduserast med 8,0 mill. kr frå budsjett 2010. Som vi opplyser om i rekneskapsrapportsaka reknar vi ikkje med å klare å holde drifta innanfor budsjettet, reduksjonen er såleis enno større. I økonomiplanen er det reduksjon i pleie- og omsorg (Tresfjord trygdeheim) som er størst i 2011.
Administrasjonssjefen ser det svært vanskeleg å klare å få gjennomført alle sparetiltak for 2011 som ligg i økonomiplanen, spesielt gjeld det den kraftige nedbygginga av Tresfjord trygdeheim. Administrasjonssjefen opplyste i sak KST 41/10 at ein ikkje ser at det er mogeleg å få til realistisk budsjettbalanse utan å innføre eigedomsskatt i 2011, eller at det vert gjort andre tiltak som det tidlegare ikkje har vore politisk fleirtal for. Vedtak om generell eigedomsskatt for 2011 burde, etter administrasjonssjefens vurdering, vore gjort vedtak om no. Dette for å få tid til praktisk gjennomføring. Men administrasjonssjefen ser at det truleg ikkje er politisk fleirtal for det no, og kjem difor ikkje med framlegg om det tiltaket i denne saka. Framlegg til tiltak Administrasjonssjefen har ikkje hatt lang tid til å vurdere aktuelle tiltak som bør/kan iverksettast. Ein har difor ikkje fått drøfte dei ulike tiltak nok med driftsleiarar og organisasjonane. Vi vurderer det likevel viktig at ein allereie før ferien får informere kommunestyre om kva tiltak som vert iverksatt, og at ein har politisk støtte for tiltaka. Det kan bli reaksjonar frå innbyggjar/tenestemottakarar på delar av tiltaka. Vi har heller ikkje hatt tid til å rekne på kor stor spareeffekten vil bli på tiltaka. For mange av tiltaka kan det også være vanskeleg å vite kva økonomisk effekt det får før dei er gjennomført. Ein må sjå på dette som at ein no startar ein prosess med tiltak som delvis får effekt i 2010, men som får større effekt i 2011. Reduksjon i tilbud Svært mykje av overskridingane på budsjettet er knytta til tenester for enkeltbarn/vaksne. Det er gjort enkeltvedtak med tildeling av tenester utfrå særlov (sosialtenestelov, kommunehelsetenestelov, barnevernlov, opplæringslov, lov om psykisk helsevern etc). Desse enkeltvedtaka kan ikkje endrast til ugunst med grunngjeving i kommuneøkonomi. Det føreligg 2 lovlege grunnar for å redusere teneste gitt i enkeltvedtak: 1. Hjelpa som er innvilga ligg OVER eit forsvarleg minstenivå 2. Tenestemottakar har betra sin situasjon og treng mindre omfattande bistand Bevisbyrda ligg til kommunen. Kommunestyret kan pålegge administrasjonssjefen å berre yte tenester på eit forsvarleg minstenivå. Det blir då fagtilsette hos adm.sjefen som må fastsette kva som er forsvarleg tilbod på eit minstenivå. Evt klager blir då behandla politisk i klientutvalet, og sidan overprøvde av fylkesmannen eller helsetilsynet. Investeringsstopp 2011 Administrasjonssjefen rår til at det vert investeringsstopp i 2011, og heller ingen nye prosjekt i 2010. Kun prosjekt som kan redusere driftsutgiftene og/eller er nødvendig for å gjennomføre vedtekne sparetiltak/strukturendringar skal prioriterast. Tiltaket vil medverke til at lånegjelda til kommunen ikkje aukar meir, samt sparete renter og avdrag.
Stenge symjebassenga i eit år Symjebassenga i Tomrefjord og på Myra vert stengt både haust 2010 og vår 2011. Ein vil spare driftskostnader spesielt energi, men også ein del personalkostnader. Kulturskulen sine tilbud i svømmebasseng vil falle vekk, det same revmatikerbading, rehabiliteringstilbud, familiebading og elevar får ikkje symjeundervisning neste skuleår. Innkjøpsstopp for inventar og utstyr Administrasjonssjefen har allereie gitt melding utover i organisasjonen at det skal innførast innkjøpsstopp for alt inventar og utstyr. Kun det som er strengt nødvendig for å holde drifta i gang kan innkjøpast, og det skal godkjennast av administrasjonssjefen. Seinare vil ein fordele ein lik reduksjonen, t.d. 40 %, på alle driftseiningar slik at reduksjonen vert fordelt så likt og rettferdig ein kan få til. Tiltak innan barne- og ungdomstenestene Som opplyst i rekneskapsrapporten reknar vi med meirforbruk innan BUT. Her er allereie sett i verk, og fleire vert føreslått, tiltak for å redusere kostnaden, nemner: Jordmorstilling vert redusert frå 50 til 40 %, i første omgang ut 2010. Helsestasjonslege/skulelege, timar pr. Veke vert redusert til minimum Vakanse i stilling ved barnevernstenesta, har i lengre periode vore vakanse (sjukmelding) i minst 120 % stilling. Har ikkje vore tatt inn vikar og vil ikkje verte gjort vidare framover. Stilling ved barnevernstenesta som vert vakant vert lyst ut som 80 % stilling, reduksjon på 20 %. Fosterheimsforeldre, har hatt gjennomgang av alle omsorgssaker og redusert tiltak til minimum. Sal av tenester til fylkeskommunen, i dag tilsvarande 40 % årsverk kan aukast til 60 % frå hausten. Betalingssatsane for vaksenopplæring til dei som ikkje har rett på norskopplæring bør aukast. Eiga sak til hausten. Støttekontakt til leksehjelp, ei ordning som har vore brukt i mange år. Foreslått tatt vekk, skulen må ta større ansvar for at elevane får gjort lekse, evt. På skulen om nødvendig. Avlastning i private besøksheimar, Politikarane må bestemme minstenivå, t.d. 4. kvar helg à 2 døgn. Dersom foreldra søkjer meir må saka opp for klientutvalet, evt. etter avslag frå driftsleiar behandlar klientutvalet klaga som no. Gjennomgang av alle saker, brev går ut snart. Avlastning i Avlastningsbustaden: Minimumsnivå må fastsettast her og, t.d. 4. kvar helg à 2 døgn. Flytting av avlastningsvbustad Dersom det praktisk let seg gjere vil avlastningshusvære på Hagneset verte lagt ned og istden tek ein i bruk ei ledig leilegheit på tidlegare institusjonsområde. Ein kan også spare straum, husleige og lønskostnader med samordning opp i mot pleie- og omsorg. Andre tiltak Senke innetemperaturen i kommunale bygg Ved å redusere innetemperaturen med t.d 2 grader vil ein spare energikostnader. Kanskje må tilsette/elevar bruke litt meir kle. Gatelys Skal vurdere om ein kan redusere gatelysbruken ved at dei er avslått delar av døgnet, t.d. mellom eitt og seks om natta. Dette må vurderast nærare m.a. om det er teknisk mogeleg å få til utan investeringar. Vakant stilling i teknisk avdeling si utegruppe Ein person i utegruppa ved teknisk etat har sagt opp stillinga. Administrasjonssjefen rår
til at den vert holdt vakant delar av 2010, og at ein større del av arbeidet utegruppa gjer være tenester innanfor avgiftskapiiel/investeringsområdet slikt som ikkje belastar driftsbudsjettet. Det vil føre til at dei kan utføre mindre tenester innan t.d. veg/samferdsel. Kantslått M.a. som følgje av tiltaket ovanfor vert det ikkje gjennomført kantslått i sommar. Plenslått Plenslåtten vert redusert så mykje som praktisk mogeleg for å spare peng. Vaktmesterressurs Driftsleiar for tekniske tenester vil, så langt det er praktisk mogeleg, bruke delar av vaktmesterressursen som i dag er på t.d. skulane i investeringsprosjekt i staden for innleige. Då vert det tilsvarande mindre belastning på driftsbudsjettet, men også mindre vaktmesterteneste på bygga. Anbud på briketter til fjernvarneanlegget Kjøp av briketter vert lyst ut på anbud, mogeleg at ein kan spare noko her i forhold til tidlegaer kjøp. Frukt og grønt i skulen Det er budsjettert med kr 300.000,- til frukt og grønt i skulen. Det er forskriftsfesta at det skal gjevast slikt tilbud til elevane. Slik situasjonen no er vil ein rå til at dette tilbudet vert tatt vekk, spareeffekt ca kr 150.000,- i år. Ekstra ressurs til assistentar i SFO/skule Avsatt ein sum til å dekke ekstra assistentar som skal hjelpe funksjonshemma/sjuke elevar. Ikkje lovpålagt og restløyvinga for hausten, kr 150.000,-, vert inntrekt. Ekstra ressurs funksjonshemma barn i barnehage Kommunen får 1,0 mill. kr i statstilskott til ekstra bemanning for funksjonshemma barn. I tillegg har kommunen avsatt 0,5 mill. kr av eigne midlar. Rår til at det no berre vert brukt den sum som vi får frå staten. Barnehagekonsulentstilling Barnehagekonsulenten i sentraladministrasjonen har sagt opp si stilling. Administrasjonssjefen vil holde den vakant ut 2010. Arbeidsoppgåvene må fordelast på andre i sentraladministrasjonen. Men det vil gå ut over det faglege utviklingsarbeidet i denne perioden. Tiltak som vil bli vurdert nærare: Parkeringsgebyr i Helland sentrum Administrasjonssjefen vil undersøkje nærare om det er mogeleg, og økonomisk gevinst, på å innføre parkeringsavgift på kommunale parkeringsplassar i Helland sentrum. Dette vert i så fall å komme tilbake til seinare. Fysioterapiavtalar Vil bli undersøkt om ein kan redusere antal driftsavtalar med fysioterapeutar. Endring i tilskottsordningar siste åra gjer at denne kostnaden auka for kommunen. Pr. I dag har vi 3 heile driftsavtalar fordelt på 4-5 fysioterapeutar, årleg kostnad knapt kr 900.000,-. Bemanning i barnehagane Iflg. KOSTRA stattestikk er utgiftene til barnehagedrift noko høgre i Vestnes enn samanlignbare kommunar. Det vil bli vurdert om bemanning i våre barnehagar er høgre enn minstenorm, eller om det er andre tiltak å gjere for å redusere kostnadane på dette området. Utleige av underetasje brannstasjon Vil bli vurdert om/og til kva arealet kan utleigast og gje inntekt.
Omorganisering av kulturtenestene i kommunen Når symjebassenget på Myra vert stengt vil det også få følgjer for det tilbudet kulturskulen driv, fleire tilbud må takast vekk. Kulturskulen driv også fritidstenestetilbud. Administrasjonssjefen vil før budsjettframlegg for 2011 vert lagt fram vurdere ei omorganisering av heile kulturtenestetilbudet i kommunen. Det omfattar m.a. kulturskulen, fritidstenester, bibliotek, frivillighetssentral m.m.. Standard på brøyting Det er inngått avtalar på brøyting, men ein kan prøve å få reforhandle avtalane med tanke på å redusere standarden, t.d. meir snø før brøyting. Særutskrift til: