1 * REGULERINGSPLAN FOR Gnr. 188, bnr. 2, 3 og 6, RENE A. Tverberg & Sønner AS PLANPROGRAM 637-004 Planprogram 20.12.11 Endra:18.04.1.12 Utsikt til byggefeltet frå brua på Palmafossen.
2 Innhald: 1. INNLEIING 2. SITUASJONEN I DAG 3. TILHØVE TIL PLANAR I OMRÅDET 4. REGISTRERING/ KARTLEGGING 5. VIKTIGE PROBLEMSTILLINGAR 6. PLANPROSESS 7. MEDVERKNAD 8. UTGREIINGSTEMA 9. SAMARBEIDSPARTAR 1.0 INNLEIING. 1.1 Bakgrunn for planen. Det har i lengre tid vore eit udekka behov for bustadtomter i dei sentrale områda Vangen-Skulestadmoen og Palmafossen. Grunneigarane til gnr. 188, bnr. 2,3 og 6 har eit areal på Rene som egnar seg til bustadområde. Dei ynskjer å lata A. Tverberg & Sønner As byggja desse eigedomane ut til bustadføremål. Areala har ikkje god arrondering og er lite produktive som jordbruksareal. Feltet er relativt sentralt med kort veg til sentrum og grunnskule. Det er etablert bilvegar som går forbi feltet både på sørsida ( Skutlesvegen ) og på nordsida ( RV13). Området er avsett til bustadføremål i gjeldande kommuneplan 1.2 Lokalisering. Feltet ligg mellom Palmafossen og Møenshaugen på Rene. Det strekkjer seg frå Raundalselva og opp til Skutlevegen.
3 Byggefeltet ligg der skogen er hoggen ut midt på biletet. Sett frå Tjukkebygdi. Byggefeltet sett frå riksvegen på Lid
4 1.3 Planavgrensing. Avgrensinga mot vest går langs bekk mot gnr. 190/bnr.4. Mot nord grensar deler av feltet mot Raundalselva, mot riksveg 13, mot gnr. 188, bnr. 15 og mot gardsvegen som kjem frå Kinne. På kartet er området merka med B8 og B9. I tillegg er ein del av det gule feltet mot elva med i planen. Utsnitt av kommuneplanen 2011-2022 1.4 Føremålet med planen. I Voss kommune er det få disponible tomter tilrettelagt for bygging av bustader. Føremålet er at denne planen han skal væra med og fylla eit behov for bustadtomter i kommunen. Ein tenkjer seg ca 130 einebustader evt deler av området som tett/ låg. På nordsida av riksvegen er det ynskjeleg å byggja bustader for personar med spesielle behov. Ein ynskjer å byggja ut ulike delar av området i ulike etappar og med ulik identitet. Feltet har god plassering då det er fin utsikt, bra solforhold på ettermiddag/ kveld og nærheit til natuen mor sør. Avstanden til Palmafossen sentrum er 1.6 km Palmafossen skule 1.9 km, Bømoen 2.3 km og skisenteret på Herresåsen 3.9 km.
5 Utsikt mot Palmafossen, Storåsen og Lønahorgi. Sett frå sørsida av feltet. Utsikt mot Tjukkebygdi og Ygre. Sett frå feltet.
6 Utsikt mot Palmafossen, Lid og Hanguren Sett frå feltet. 2.0 SITUASJONEN I DAG. Det meste av området er uproduktiv mark med noko lauvskog. Det er noko jordbruksareal og på austre delen veks det tett granskog. Innanfor planområdet ligg også 2 bustadhus og eit gardsun med våningshus og ein eldre driftsbygning. Bustadhuset ved riksveg 13 har tilkomst via ein ny opparbeidd veg frå riksveg 13. Gardstunet og den andre bustaden har tilkomst frå ein gardsveg. Området mellom riksveg 13 og Raundalselva har i dag tilkomst frå riksvegen. Sjå bileta under punkt 1 3.0 TILHØVE TIL ANDRE PLANAR. Reguleringsplanen for riksveg 13 Palmafossen Mønshaugen deler planen i to. Ellers kommuneplanen 2011-2022/overordna planar og føringar. Det er laga gangtunnel under riksvegen for at gåande frå det nye feltet skal ha tilkomst til gang og sykkelvegen. Det pågår planarbeid for reguleringsplan for Palmafossen sentrum RV13.
7 4.0 REGISTRERING/KARTLEGGING. Skredkart som viser utsnitt av området. Skal utredast av geolog. Flaumsonekart av område ned mot Raundalselva må lagast. Skal utredast av geolog. Radon. Her er det ikkje vist noko avmerka område på kartet. 5.0 VIKTIGE PROBLEMSTILLINGAR OG FØRINGAR Deler av området er bratt og krevjande med hensyn til landskapstilpasning av vegar og bygningar. Ein vil tilstreba at hovudveg får maks stigning 1:12 med kortare strekk på 1:10.
8 Eksisterande hus langs Liavegen har vegtilknytning ned mot Hardangervegen. Det er ynskjeleg at nokre tomter i planområdet som ligg ned mot Liavegen også kan nytta den. Resten av trafikken frå feltet må opp i Skutlesvegen noko som kan by på utfordringar når det gjeld høgdeskilnadane som er i feltet. I eit såpass bratt terreng kan det væra ei utfordring å få til gode universelle løysingar. Det er viktig å oppnå trygge og gode lokalmiljø ute, at veger og hus får ei god terrengtilpassing og ein god fjernverknad. Ein må ta stilling til kor mange bueiningar feltet har plass til. Likeeins kva typar bustadar og kva type befolkningssamastening ein ynskjer. Ulike alternativ for vegløysingar og vegtilkoplingar må vurderast slik at ein får eit funksjonelt og trafikksikkert vegnett. Stigninga skal takast opp i hovudvegen. Så få tomter som mogeleg skal ha direkte tilkomst frå samlevegen gjennom feltet. Dei fleste tomtene vil liggja i grupper med ein mindre horisontal tilkomstveg som munnar ut i hovudvegen. Ved evt. nye hovedvegløysingar for tilkomst til området må ein ha god kontakt med naboar slik at ein finn løysingar som dei kan akseptera. Samlevegane skal og utformast slik at dei kan fungera ved utbygging av tilgrensande bustadområde avsett i kommuneplanen. Det er og ei utfordring å finna gode friområde og plassar til leik og opphald i feltet. Det vert plassert mindre leikeplassar i husgruppene for dei minste borna med god kontakt til bustaden. Avstandskrav maks 50m til sandleikplass og 200m til nærleikeplass. Sentralt i feltet vert det plassert ballplass og atktivitetsområde for dei litt eldre. Hovudvegen og vass og avløpssystem gjennom feltet skal byggjast ut først. Utbygging av bustadene skal starta nederst i feltet. Det skal leggjast vekt på gode energiløysingar i husa. Området skal kulturminnegranskast og det er teke kontakt med Kulturavdelinga i fylket for synfaring/registrering. Overvassystemet må løysast utan at det belastar eksisterande eigedomar i minst mogeleg. 6.0 PLANPROSESS. 1. Oppstartsmøte vart helde 12.07.11. og referat sendt til oss 15.09.11. 2. I oppstartsmeldinga er det konkludert med at ein så langt ikkje vurderer at ein treng laga konsekvensutgreiing. Feltet ligg fritt i landskapet og har lite konfliktfylte områder i nærleiken rundt seg. Det som har vore eit diskusjonstema har vore vegtilknyttningen til riksvegen. Me meiner at ein må kunna utarbeida denne planen utan konsekvensutgreiing, men laga ein grundig Ros analyse. 3. Notat frå oppstartsmøte vart retunert til kommunen 15.11.11. 4. Møte mellom kommunen, vegvesenet, forslagsstillar og plankonsulent 23.09.11. 5 Det har vore fleire møter med Statens vegvesen om vegtilknytning kan skje mot
9 RV 13. Her er ein førebels komne til at ein koplar seg til Skutlesvegen når det gjeld det store feltet mot sør. 6. Utlysing/ kunngjering av planarbeid vert i des. 2011. 7. Utarbeiding av reguleringsplan/føresegner med vedlegg er planlagt utført i løpet av 1.halvdel av 2012. Innlevering 16.05.2012. 8. Utlegging til offentleg ettersyn FPL 28.06.2012. 9. Innsending av revidert reguleringsplan m/føresegner 10.10.2012. 10. Godkjenning av planen i KST 29.11.2012. 7.0 MEDVERKNAD. Kontinuerleg dialog med Voss kommune evt Statens Vegvesen, naboar etc etter kvart som planarbeidet skrir fram. Det er halde orienteringsmøte for naboane til planområdet 10.12.11. Måndag, 23. januar 2012 og fredag, 17. februar 2012 vert det opne kontordagar hjå Anda & Hirth ANS for å svara på spørsmål som gjeld planen. 8.0 UTGREIINGSTEMA 7.1 Naturgrunnlag. 7.2 Risiko og sårbarheit. Vurderast av geolog. 7.3 Universell utforming. 7.4 Tal på bustader, storleik på einingane, befolkningssamanstjing. Spesielle behov. Tettt låg, einebustader, rekkehus m.m. 7.5 Næring/handel/industri/kontorfunksjonar. 7.6 Trafikktryggleik og tilgjenge. 7.7 Parkering. Norm for bil, sykkel, gjesteparkering og handicapparkering. 7.8 Støy/forureining spesiellt i området ved riksvegen. 7.9 Skule/barnehage, avstand og kapasitet 7.10 Stadsutvikling, forhold til sentrum, fritidsaktivitetar, jernbane og kollektivtilbod. 7.11 Born og unge sine interesser i planområdet. 7.12 Landskapet sine karakteristiske kvalitetar. 7.13 Estetikk og byggjeskikk. 7.14 Omsyn til naboar og råka partar. 7.15 Strandsone. Byggjegrense mot elv og bekkar. 7.16 Kulturminner. 7.17 Vatn, avløp og overvasshandtering. 7.18 Straumforsyning 7.19 Renovasjon, postkassar, VA påkopling. 7.20 Radon, helseberdskap og brann. 7.21 Landbruk/jordvern. 7.22 Økonomiske konsekvensar for kommunen.
10 TEMATABELL Tema: Rapportar: Merknader: Støy Utarbeida støyrapport Er det utarbeidd noko rapport som kan brukast av td St. Vegvesen? Steinsprang Ikkje avmerka noko Snøskred Utarbeida rapport Her ligg planområdet i utløpsområdet Flaum Utarbeida rapport Radon Må kommenterast i føresegnene Kulturminner Utarbeida rapport Kultur og idrettsavdelinga i fylket er kontakta og det er bedt om synfaring/undersøking av området. Vegtilknytning Liavegen Utarbeida utkast I samråd med Statens vegvesen Overvannssystemet Brev frå Knut Kinne. 9.0 SAMARBEIDSPARTAR. Det vert engasjert akustikkfaglege konsulentar for å utarbeida støyanalyse for områder i planen som ligg støyutsett til. For å vurdera grunntilhøve, flaumfare og rasfare skal det takast kontakt med geolog. Voss 20.12.11 Anda & Hirth ANS