Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret 2015-2016 2007 2008 Visjonen SBSK: Vi trivest på skulen. Vi samarbeider. Vi føler ansvar for kvarandre. Vi søkjer kunnskap. 1
Innhald: 1. Plangrunnlag s. 3 2. Oppsummering 2014-2015 s. 4 3. Utviklingsarbeid skuleåret 2015-2016 s. 5 2
Plangrunnlag: Opplæringslov og læreplan dannar det formelle innhalds- og styringsgrunnlaget for grunnskulen i heile landet. Verksemdplanen for barneskulen er laga på grunnlag av dei tiltak og mål ein finn i handlingsplanen for grunnskulen i Seljord, samt plan for kompetanseutvikling i Seljord kommune. Vidare er dei arbeidsmåla vi har skissert for komande skuleår eit resultat av gjennomgang av siste års verksemdplan og drøftingar i lærarkollegiet om kva vi ynskjer å prioritere neste skuleår. Overordna mål for grunnskulen i Seljord kommune: Grunnskulen skal arbeide for å stimulere elevane til samfunnsengasjement, gje dei kunnskap, gode arbeidsvavar og god framferd. 3
2. Oppsummering 2014-2015: Satsingsområdet dette skuleåret har vore vurdering. Vi syner til evaluering av skuleåret 2014-2015. Elevundersøkinga 5.-7.kl: Vi er godt nøgde med resultatet på elevundersøkinga for 5.-7.trinn. Elevane er positivt innstilt til skulen, og dei trivst godt. På ein skala frå 1-5 er resultata slik: Trivest du på skulen? 4,5 Har du nokon medelevar å vere saman med i friminutta? 4,8 Motivasjon: Er du interessera i å lære på skulen? 4,3 Kor godt likar du skulearbeidet? 4 Eg gler meg til å gå på skulen: 4,2 Prioriterer du å bruke tid på skulearbeidet ( både i timane og lekser)? 4,4 Når eg arbeider med skulefag held eg fram med å jobbe sjølv om det eg skal lære er vanskeleg: 4,4 Støtte frå lærarane: Svara ligg på eit snitt mellom 4,6 og 4,8 Trivselen til elevane er eit naudsynt fundament for at det skal vere eit godt læringsmiljø ved skulen. Elevar, føresette og personalet skal halde fram med samarbeidet, for å vidareutvikle eit godt læringsmiljø. Personalet har vore på fleire kurs i løpet av året. Dett er kurs heile personalet har delteke i: Prinsipper og prosedyrer til spesialpedagogisk hjelp v Thomas Nordahl. LP-modellen v. Roger Steinbakk og Sissel Kjeldal(PPT) COSP-trygghetssirkelen v helsesøster Gunhild Kåsa Dehli. ASKI RASKI v leksolog Ingrid Ask Vidare har heile personalet på mellomtrinnet vore på engelskkurs med Kumi Tømmerbakke- Bro Aschehoug Elles syner vi til evaluering av verksemdplanen 2014-2015. 4
Satsingsområde skuleåret 2015-2016: 1. Implementering av den pedagogiske plattforma for vurdering. Pedagogisk plattform for vurderingsarbeidet ved SBSK: VURDERING (L-06): KUNNSKAP DUGLEIK FORSTÅING MÅL: Vurderinga skal vere med på å fremje læring undervegs og samstundes uttrykkje kompetansen til elevane. Forskrift til opplæringslova: 1. Tydelege mål og kriterium. 2. Eleven skal få faglege og relevante tilbakemeldingar. 3. Eleven skal få råd om fagleg forbetring. 4. Eleven skal vere involvera i vurderingsarbeidet. Tilbakemeldingane skal fortelje om kvaliteten på arbeidet og kva eleven meistrar i faget. Tilbakemeldingane skal motivere eleven til å bli betre i faget. Vurderingsarbeidet skal vere med på å rettleie eleven til å lære betre og til å bli betre til å nå måla sine. Elevane skal lære av vår vurderingspraksis og det skal vere til hjelp i den vidare faglege utviklinga. Vi skal nytte vurdering til å identifisere læringsbehovet til eleven. Vi skal nytte vurdering til å planlegge den vidare opplæringa. 2. Implementering av Den gode undervisningstime DEN GODE UNDERVISNINGSTIME skal ha fylgjande kjenneteikn: INNLEIING/OPPSTART Lærar møter godt førebudd Lærar er på plass i klasserommet i god tid før oppstart av time og før elevane kjem. Me startar dagen med at alle står ved pulten og helsar. Dersom lærar får ny elevgruppe i løpet av dagen, startar timen med at elevar og lærar helsar. Lærar sørgjer for at alle blir sett og får eit vennleg blikk 5
Sikre alle si merksemd og ro rundt felles oppstart Gje tydeleg beskjed om kva som skal skje, gjerne med visuell støtte på tavla, og sikre at alle har forstått. Lærar formidlar tydeleg forventingar til arbeidsinnsats og arbeidsro på ein positiv måte Læraren sett opp læringsmåla for timen på tavla, og gjennomgår desse. HOVUDDELEN Lærar aktiverer førforståing og forkunnskap gjennom bruk av læringsstrategiar og/ eller repetisjon og oppsummering av førre time i faget Lærar formidlar lærestoffet i dialog med elevane. Gjennom dialogen og tilbakemeldingane til lærar sikrar lærar fagleg forståing. Lærar ser den enkelte elev og sørgjer for tilpassa opplæring gjennom differensierte oppgåver og variasjon i metodar. (Variasjon gjennom ei økt er særleg viktig i klassene med dei yngste elevane) Dette for å sikre fagleg meistring og faglege utfordringar for alle. Eksempel på metodar: Formidling/førelesning, gjennomgang av vanskelege ord og omgrep, individuelt arbeid, læringspartnar, gruppearbeid, stasjonsundervisning, læringsstrategiar) Læraren har struktur på timen, med tydelege rutinar for overflyttingar og overgangar Lærar rettleiar elevane jamleg slik at dei kan nå læringsmåla sine Lærar arbeider for å byggje opp ein relasjon til elevane prega av anerkjenning, støtte og oppmuntring AVSLUTNING Lærar set av tid til ein tydeleg og felles avslutning med oppsummering av læringsmål Lærar involverer elevane i vurdering av eiga arbeidsinnsats og om læringsmål er nådd, og peiker framover mot neste time i faget Alle ryddar klasserommet slik at det er klart for neste time/neste dag Lærar er til stades i gangen til alle er ute. Elevane skal få auka læringsutbytte, og dette skal syne seg på kartleggingar. M.a. nasjonale prøver og prøvene frå udir for 1.-4.trinn. 6
3.Lesing som grunnleggande dugleik (UIU) Mål: Auke elevane sine leseferdigheiter, leseforståing, leseglede, og motivasjon for lesing. -Elevar skal kunne lese raskt og effektivt, forstå ulike typar tekster med utgangspunkt i alle fag både på papir og på skjerm. Delkomponentar: 1. Praksis: Alle lærarar er leselærarar. 2. Kompetanse: Bruk av forskningsbasert kunnskap i undervisninga. 3. Administrasjonen: Etablering og bruk av kollektive refleksjons- og læringsarenaer 4. Kartlegging: Rask og tideleg innsats. 5. Motivasjon: Leseglede. Lesing som grunnleggande ferdighet i alle fag ( frå L-06): " at elevane skal forstå, bruke, reflektere over og engasjere seg i skrivne tekster for å kunne nå måla sine, for å utvikle sine kunnskapar og evner, og for å delta i samfunnet" Komponentar i god leseundervisning: 1. Utvikle lesarar som er motiverte og engasjerte. 2. Utvikle lesarar med gode språklege dugleikar 3. Utvikle lesarar med gode kodingsferdighetar 4. Utvikle strategiske lesarar 5. Lar elevane bruke det dei har lese på fagrelevante måtar. Udir.no/Ungdomstrinnet/Lesing Når det gjeld tiltak og effekt syner vi til: Utviklingsplan for prosjektet LOTUS-skjema. 10.08.15, Aud Foldal (tillitsvald), Ingunn Jordtveit ( ass.rektor), Ingunn Flatland (rektor). 7