Satsingsområde språk og språkmiljø

Like dokumenter
Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:

Satsingsområde Sosial kompetanse

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Månadsbrev for Rosa september 2014

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Stokkalandsmarka barnehage

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Halvårsplan haust Avd. Mosepjusken

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Bærekraftig utvikling

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Trivsel og vekstvilkår

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Skjema for eigenvurdering

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Månadsplan for Hare og Rådyr Februar 2018

UTVIKLINGSPLAN Pedagogiske rom

Samspel og livsmeistring

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

ÅRSPLAN FOR KREKLING

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Tiltak frå førebyggande helse; Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesa

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

POTET BLIR KUNST. Breidablikk kulturbarnehage KORT OM PROSJEKTET

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

Periodeplan for Blåklokke

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Plassebakken Barnehage

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Du må tru det for å sjå det

Informasjon om tilbodet i Tryggheim barnehage Vestnes:

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Månadsplan for Hare November

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PERIODEPLAN FOR AVDELING MARIHØNA HØSTEN 2015

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Periodeplan for Prestekrage

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Periodeplan. Solsikke. Øyra Barnehage. Oktober 2015 Februar 2016

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Vi bruker ofte smågruppepedagogikk, dvs. at vi deler barna inn i smågrupper sammen med en voksen.

Saman om Ørstabarnehagen

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn.

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ANSVAR OMSORG - GLEDE

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Plassebakken Barnehage

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Transkript:

Satsingsområde språk og språkmiljø Vi har sett språk og språkmiljø som satsingsområde fordi det å støtte barn si språklege utvikling er ei av kjerneoppgåvene i barnehagen. Vi skal gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, i naturlege samanhengar. Til dømes kunne vi i sandkassen når det regna laga demningar og kanalar. I samtalen som utspann kring dette kunne vi introdusera nye omgrep for barna, som demning og kva funksjon denne kan ha. I rammeplanen står det at vi må nytta eit variert ordforråd i samspel med barna for å hjelpa dei til å utvikla sin begrepsforståelse i møte med det som opptek dei (s. 40). Dette er noko vi legg vekt på i alt vi gjer. Å samtale med barna, setja ord på ting, synleggjere språket på avdelinga, undre oss og introdusere nye ord og begrep i naturlege samanhengar er viktig....å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå omgrep... samtale kring opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for utvikling av eit rikt språk (Rammeplanen s. 40). Vi skal ha både spontane og meir planlagde forteljarstunder med høgtlesing og samtale rundt. Eller vi kan setja ord på det vi ser i bøkene og samtale kring dette. Vi skal ha eit variert utval bøker og presentere barna for tema som ligg nært opp til kvardagen, som dei kan relatere seg til, eventyr og nordisk barnelitteraturtradisjon mm. Songar, rim og regler skal vi ha mykje av. Saman med barna skal vi setja ord på det dei er opptekne av/handlingar i kvardagen for å hjelpa dei til å forstå ulike omgrep og fremja eit rikt ordforråd. Som vaksne skal vi vere til stade her-og-no for å kunne setja ord på ulike kjensler barna gjev uttrykk for. Dette for å bekrefte det barna kjenner, samt hjelpe dei til å forstå seg sjølv og andre i situasjonen. Gjennom leik skal barna få utfalde seg og utvikle språket. Vi skal vere nærverande vaksne som deltek i leiken på barna sine premiss, slik at vi kan støtte og setja ord på det som skjer ved behov. Rammeplanen seier at både den verbale- og non verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk (s.40)... Vi skal ha samlingsstund kvar dag med planlagde og mindre planlagde aktivitetar, men med rom for improvisasjon

Sosial kompetanse Arbeid med å styrkja den sosiale kompetansen til barna skal framleis liggja som ein grunnmur i alt vi gjer. Sosial kompetanse handlar om å kunne meistra samspel med andre og barnehagen er ein viktig arena for sosial utvikling, læring og venskap (Rammeplanen s. 34). Sosial kompetanse harmonerer og med vår visjon om å gje barna den beste starten på livet. Arbeid med dette skal liggja som ein raud tråd i det daglege arbeidet på avdelinga. Barna skal møte nære og trygge vaksne som ser dei i kvardagen. Dette skal vi gjere ved å: 1. Gå ned på huk og møte barna ansikt-til-ansikt når dei kjem om morgonen og elles gjennom dagen. 2. Smile og ønskje velkommen med namn når barna kjem i barnehagen, slik at dei kjenner seg sett og møtt. 3. Tilby barna kos når dei treng det. 4. Setja ord på kjenslene til barna for å hjelpe dei med å organisere/forstå kjenslene sine, til dømes Nå ser eg at du vart litt lei deg fordi. 5. Setja ord på handlingane til barna og beskrive det dei er opptekne av, for å vise at vi ser dei. 6. Prøve å forstå det barna gjev uttrykk for med kroppsspråk, lydar, mimikk og ord for å kunne møte dei i behova der-og-då. 7. Samtale om korleis vere med kvarandre. 8. Setja ord på det vi set pris på hjå kvarandre. 9. Setja ord på korleis det er for dei ulike partane i ein konfliktsituasjon, veilede barna i å finna gode løysingar. 10. Øve på å vente på tur. 11. Øve på å dele med andre. 12. Øve på å spørje når vi vil ha noko, til dømes når vi et om nokon kan sende. 13. Setja ord på og kommentere når barna gjer gode ting mot kvarandre. 14. Vere gode rollemodellar og trøyste når nokon er lei seg, glede seg med andre når dei er glade også vidare.

Barns medverknad Små barn er innstilt på å vere sosiale frå fødselen av (Løkken 2005) og på Lyngtuslaren har vi som mål å møte barna som subjekt med eigne tankar, kjensler og meiningar. Som vaksne skal vi prøve å tolke det som barna gjev utrykk for med kroppen; det vere lydar, mimikk, rørsler, ord eller kroppsspråk. Vi legg til grunn ei vid forståing av omgrepet barns medverknad, som handlar om meir enn val mellom ulike alternativ. For det første handlar det for oss om retten til å ikkje verte undervurdert. I dette legg vi at barna: 1. Skal få delta i aktivitetar på eigne premiss. 2. Skal få vere med å hjelpe til, velje dagens medhjelparar. 3. Skal få trene på å vere sjølvstendig. 4. Skal få lov til å ta stilling til kva dei skal leike med. 5. Skal få lov til å ta stilling til kvar vi skal gå på tur. For det andre handlar medverknad for oss om retten til å kunne uttrykkja seg og verte lytta til. Vi skal anerkjenna barna sine uttrykk som viktige gjennom å setja ord på det dei gjev uttrykk for, også i situasjonar der dei ikkje kan få vilje sin. Barna kan ikkje bestemme alt, men dei skal oppleve å verte anerkjent, sett og høyrt for det dei gjev utrykk for i situasjonen. Til slutt handlar medverknad for oss om omsorg, kven vi er som vaksne og korleis vi kan møte barna som medmenneske i det daglege. Vi skal lytta tilog avvente barna sine initiativ og reaksjonar, slik at dei kan få høve til å gje uttrykk for sitt syn på det som skjer rundt dei. Dette kan hjelpe til oss å utøve nær og sensitiv omsorg ved at vi kan tilpasse handlingane våre etter kva barna tenkjer og gjev uttrykk for at dei opplever. Som vaksne skal vi vere nære og til stades i situasjonen her-og-no, gjennom å delta i leik på barna sine premiss, ta dei på fanget, samtala med det einskilde barnet og med gruppa, eller berre observere i bakgrunnen for å få eit innblikk i kva som rører seg i barnegruppa. I rammeplanen står det at vi i arbeid med barns medverknad må ta utgangspunkt i barna sine eigne utrykksmåtar. Vi må lytta til- og prøve å tolka det dei gjev utrykk for med kroppen og vere observant på deira handlingar, estetiske uttrykk og etter kvart også deira verbale språk ( ) Å ta barns medverknad på alvor førutset god kommunikasjon mellom oss og barna, og mellom oss og foreldra (s. 18), slik at vi kan få eit innblikk i kva barna treng.

DUÅ Dei utrulege åra Sidan hausten 2013 har vi fått opplæring i Dei utrulege åra som er eit barnehage- og skuleprogram som alle dei kommunale barnehagane i Fjell kommune har vore med på. Fokus her har vore på korleis vi som vaksne kan verte gode på å møte barna i dei daglege samspela og på korleis vi kan fremja sosial kompetanse hjå barna. Prinsippa som ligg til grunn for dei utrulege åra vil gå igjen som ein raud tråd i alt vi gjer på avdelinga. Vi arbeidar likevel etter eit årshjul, med ulike fokusområde kvar månad, for å sikra gjennomføring og for å verte gode på akkurat dette. Fokus for hausten vil vere: August-Oktober: fokus på relasjonsbygging, proaktive strategiar som handlar om å vere i forkant, lage reglar for avdelinga og barnehagen, verte einige om korleis vi skal reagere på ulike typar åtferd. Oktober-Desember: bruk av ros og positiv merksemd, belønning, snakke med barna omog setja ord kjensler. COS Circle of security Hausten 2014 fekk vi opplæring i foreldreprogrammet Circle of security som har fokus på vaksenrolla i møte med barn. Rune får dette kurset no i haust. Biletet under illustrerer hovudprinsippet i dette programmet om korleis vi som vaksne kan fungera som ein trygg base for barna når dei skal ut å utforske, og korleis vi kan vere ei trygg hamn når barna treng påfyll av tryggleik og omsorg. Ved å tenkje over korleis vi møter barna i dei daglege samspela kan vi skapa nære og trygge relasjonar til barna. Med dette i grunn kan vi skapa positiv utvikling og gje eit godt pedagogisk tilbod til barna (Brandzæg mfl. 2013, s. 83-84).

TRYGG i Fjell Frå hausten 2015 har vi vore ein del av TRYGG i Fjell. Her får vi opplæring og auka medvit i forhold til å kunne avdekkja mobbing blant barna, samt verktøy til å arbeida med førebygging- og handtering av mobbing. Ein viktig del av dette arbeidet vil sjølvsagt vere å auka den sosiale kompetansen til barna, som jo og er ein viktig del av vår satsing. Det handlar om å kunne-villevåge stoppe mobbing! Prosjektgrupper Tysdag og torsdag kvar veke deler vi barna inn i prosjektgrupper på tvers av avdelingane. Prosjektgruppene vil vere på føremiddagen. Tysdag vil vi vere ute i barnehagen og ha ulike aktivitetar som forming eller drama. Tema for hausten vil vere kunst. Vi legg vekt på at barna skal få erfaring med å vere i ein prosess der dei kan få høve til å uttrykkje seg fritt, erfare ulike material og ikkje nødvendigvis måtte produsere noko bestemt. Fantasien og kreativiteten skal vi utfordra. Rammeplanen skriv at gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk, vil barn få eit mangfald av høver for sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (s. 42). Gjennom samtalen som utspinn seg i desse aktivitetane skal vi setja ord på det som barna er opptekne av, dei prosessane dei er ein del av og dei materiala vi nyttar. Her kan vi introdusera barna for mange nye ord og omgrep i naturlege samanhengar, saman med konkret erfaring. Ved å vere ute vil barna få heilt andre sanseerfaringar enn dei ville fått inne, gjennom å kjenne ver og vind direkte på kroppen, samstundes som dei får erfaring med ulike material. Uterommet gjev også heilt andre høve for motorisk utfalding, når barna ikkje er bunde til eit bord og ein stol. Til dømes kan vi rulla ut eit stort ark på uteleikeplassen eller hengja opp store ark på husveggen, slik at barna kan vere kustarar, med høve til å uttrykkje og bevege seg fritt. Torsdag går vi ein felles tur på føremiddagen. Denne dagen vil vi også vere

ute på ettermiddagen, så vi ber om at barna får med seg eit ekstra sett med uteklede denne dagen. På turane kan vi utforske dei gledene som hausten har å by på og samtale kring det vi ser og opplever. Når vi undrar oss saman med barna kan vi introdusere dei for nye ord og omgrep, saman med førstehandserfaring. Til dømes undre oss over kva for småkryp som lever i skogen om hausten eller kva som skjer med naturen når det vert kaldare. Vi kan også lage hinderløype, bokstavjakt eller eventyrjakt i skogen mm. I tillegg kan vi samla naturmateriell til formingsaktivitetane tysdag. Fleirkulturelt arbeid Vi er så heldig i denne barnehagen å vere ei god blanding av nasjonalitetar, religionar og livssyn, familiesamansettingar og kultur. Dette ønskjer vi å synleggjere i det daglege arbeidet på avdelinga. Til dømes har vi velt å ha flagg på kasselappane for å synleggjere dei ulike nasjonalitetane som vi har på avdelinga. Venskapsringen har vi bevisst velt å male hendene i ulike fargar for å synleggjere det mangfaldet som avdelinga og barnehage representerer. Vi skal også lese bøker, samtale og undre oss over mm., det mangfaldet som vi har her på avdelinga.

Oversikt, tema og aktivitetar Månad Tema Aktivitet August September September - Oktober Jo mere vi er sammen vi ønskjer velkommen til nytt barnehageår. Fokus på å verte kjent med kvarandre, avdelinga, barnehagen, uteleikeplassen og næreområdet. Skapa gode relasjonar. Hausten kjem vi seier farvel til sommaren. Fokus på endringar ute. Høgtlesing, forteljarstunder. Songar, rim og regler. Formingsaktivitetar. Undring og samtale. Leikegrupper på ulike rom. Lage Mitt hus. Lage venskapsring. Turar i nærområdet. Høgtlesing, forteljarstunder. Songar, rim og regler. Formingsaktivitetar. Undring og samtale. Turar i nærområdet. Utforsking, kva skjer med naturen når det haustnar? FORUT-prosjekt. Markering av FN-dagen. November Desember Jul i barnehagen. Høgtlesing, forteljarstunder. Songar, rim og regler. Julepynt og julebakst. Julefortellingar og juletradisjonar. Pepperkakebakedag, lysfest og nissefest. Kyrkjebesøk. Turar i nærområdet.