Utviklingsplan Horpestad skule 2016-2017 Med blikk for den enkelte og læring i fokus
Innhald 1. Oppsummering av 2015/2016... 3 1.1 Utviklingsområda 2015/2016... 3 1.1.1 Skriving i alle fag... 3 1.1.2 IKT i alle fag... 3 1.2 Trendutvikling for Horpestad skule sitt læringsresultat.... 3 1.3 Trendutvikling for Horpestad skule sitt læringsmiljø... 4 2. Utviklingsområda 2016/2017... 5 2.1 IKT som grunnleggjande ferdigheit... 6 2.2 Vurdering For Læring... 7 3. Frå kompetanseutvikling til drift... 7 4. VEDLEGG - PU-plan hausten-16 Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus 2
1. Oppsummering av 2015/2016 1.1 Utviklingsområda 2015/2016 Skulen har dette året hatt to utviklingsområde; skriving i alle fag, og ikt i alle fag. 1.1.1 Skriving i alle fag Arbeidet med skriving har i hovudsak vore i samband med nettverka vi har etablert med dei andre småskulane i Jærskulen. Lærarane våre har vore samla på trinn med Vasshus, Vigre, Høyland og Hognestad. Skriving i alle fag har vore hovudfokus i desse nettverka, og det har vore god deling på tvers av skulane. Eit kick-off føredrag i mars 2015 med Anne Håland var ein svært god igangsetjar for dette arbeidet. I mars 2016 hadde vi ei ny økt med henne, og fekk endå meir kunnskap og motivasjon i arbeidet med skriving i alle fag. Vi har gjennomført tiltaka og nådd dei måla vi hadde sett oss. Lærarane har vore svært positive til Jærskulenettverk for lærarar. Dette har resultert i svært mykje godt arbeid med skriving i kvart klasserom. Lærarane ønska seg at det skulle vere meir tid til deling innad på skulen etter at dei hadde vore i nettverka. Vi fortset med desse nettverka neste år, og legg inn deleøkt på PU-tid veka etter kvart nettverk. Det var tenkt at vi skulle ende opp i ein skriveplan for vår skule, men etter å ha drøfta dette i utviklingsgruppa har vi bestemt at vi heller skal oppdatere fagplanene/årsplanane våre med fleire og meir konkrete skrivemål. Vi tenker at dette arbeidet vil gå sin gang nå når det er sett i system, utan at vi har det som utviklingsområde neste år. 1.1.2 IKT i alle fag Ikt i alle fag var først og fremst retta mot arbeid med itslearning på skulen og heime. Å få alle lærarane til å føle at dei kunne bruke dette i undervisinga var første mål. Vi har arbeidd internt på skulen, der nokre av lærarane har delt og vist ulike måtar å bruke dette verktøyet på. Lærarane har og fått tid til å eksperimentere sjølv og saman med andre. Då vi før jul fekk vite at vi skulle over på Office 365, og etter kvart og fekk vite at vi skulle i gang med ipad prosjekt neste skuleår, brukte vi ikkje meir tid på itslearning i PU-tida. Vi har likevel nådd måla våre i dette arbeidet. Vi har og starta opp med litt utprøving og skolering i Office 365. Dette utviklingsområde held vi fram med neste skuleår. Då vert Ipad-prosjektet på 5. og 6. trinn, med deling til resten av personalet, og innføring av Office 365 for lærarar og elevar fokus. Elles så har vi brukt fellestida vår til å lage to nye planar. Plan for sosial kompetanse, og Plan for heim-skulesamarbeidet. 1.2 Trendutvikling for Horpestad skule sitt læringsresultat. Nasjonale prøver 11/12 12/13 13/14 14/15 15/16 5.trinn Lesing 1,9 1,5 2,2 1,9 (47) 2,0 (49) Rekning 1,9 1,6 2,. 2,0 (50) 2.1 (51) Engelsk 1,4 2,5 2,0 (50) 2,0 (49) Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus 3
Resultata på nasjonale prøver har dette året vore ganske gjennomsnittelege. Vi ligg heilt på gjennomsnittet i Klepp i engelsk. Elles ligg vi rett over gjennomsnittet i kommunen i lesing og rekning. Vi ser at resultata svinger mykje hos oss, men er relativt fornøgde med å ligge på tilnærma landsgjennomsnitt.vi ser fortsatt at lesing er den vanskelegaste prøva, der elevane sjølv må skrive svar. Trinn Kartleggings prøver 11/12 12/13 13/14 14/15 14/15 1 Lesing 0 0 26,9 14,7 13,2 2 Lesing 7,9 1,9 15,4 26,7 15,6 3 Lesing 1,5 5,0 13,3 17,3 18,3 1 Rekning 0 0 15,8 11,7 0 2 Rekning 0 0 0 6,6 17,6 3 Rekning 11,1 16,7 0 7,7 12,5 Vi ser at resultata svingar litt på kartleggingsprøvane og. Det varierer med ein elev under eller over kritisk. Vi ser at i lesing har vi fleire som slit enn i rekning. Likevel er det slik med dei to minste trinna at over halvparten av denne prosenten er akkurat på, og ikkje under denne grensa. Det viser seg og at på den siste delprøva, der elevane skal lese og forstå, scorer desse elevane betre enn på resten av prøva. Det er delprøvane der ein skal forstå ulike ord som elevane scorar lågast på. Det er ein del ord som ikkje er ein del av vårt vokabular som dei skal finne synonym til. Resultata er derfor ikkje heilt som forventa på nokre elevar. Vi veit at dei er er gode lesarar, men denne delprøva trekker ned. Av 20 delprøvar med låge resultat på 2. og 3. trinn, er 9 av desse denne delprøva. I 2. trinn var 5 av elevane under eller på kritisk på denne delprøva, og alle hadde feil på dei same orda. Ein vil arbeide endå meir med synonym på dei låge trinna, for å utvide dette ordforrådet. Det er og sett i gang ekstra kartlegging av nokre elevar, arbeidsoppgåver og fokus på det som var vanskeleg, lesekurs, og rettleiing/tips til føresette. Vi vil og vidare ha ekstra fokus på skriving, og ny forskning stadfestar at elevane si skriving er viktig for å verte gode lesarar. Forskaren Klara Korsgaard ved Nationalt Videnscenter for Læsning i Danmark seier:«barn tilegner seg skriftspråket hurtigere og lettere når de skriver, for det er lettere for dem å skrive enn å lese». Vi håpar derfor at dette arbeidet og kan ha effekt på lesekompetansen til elevane. 1.3 Trendutvikling for Horpestad skule sitt læringsmiljø På foreldreundersøkinga hadde vi svarprosent på 58. Det er vi ikkje heilt fornøgde med. Men dette året vart det bestemt at føresette skulle svare i forhold til kvar elev dei har på skulen. Prosenten vert rekna ut frå elevtalet, ikkje kor mange heimar som svarer. Det er då føresette hos oss som må svare på undersøkinga fire gonger. I følgje foreldra så trivs elevane godt på skulen her på Horpestad. Foreldra er svært fornøgde med støtta elevane får av lærarane. Dei seier at elevane ikkje vert plaga.dei er svært fornøgde med måten skulen/kontaktlærar møter dei og deira synspunkt. Og dette skuleåret svarar foreldra at dei ikkje får så mykje støtta dei får som foreldre i forhold til å hjelpe ungane sine med lekser. Dette tok vi opp med FAU, og dei meinte det kom av at ein ikkje trong støtte, eller ikkje har spurt etter det. På det ekstra møtet vi hadde med Mona Røsseland, saman med Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus 4
Vasshus, kom det 10 føresette. Det viser kanskje at interessa eller behovet for å få hjelp til elevane sine lekser ikkje er så stor. Det er stor variasjon i kva foreldra seier om arbeidsro, denne variasjonen er frå klasse til klasse. Foreldra er fornøgde med informasjonen frå skulen. Resultata frå elevundersøkinga er svært gode, og samsvarar godt med resultata frå Foreldreundersøkinga og SFO-undersøkinga. Elevane trivs på skulen, har vener og seier at dei meistrar skulearbeidet. Ein del av dei synes dei får for lite faglege utfordringar, og at det ikkje er god nok arbeidsro i klassen. Resultatet om motivasjon for skulearbeidet har gått opp. Elevane er fornøgde med støtta dei får frå lærar. Elles så har vi litt å gå på når det gjeld dei fire prinsippa i Vurdering For Læring. Elevane si involvering i vurdering av skulearbeidet, tilbakemeldingar og framovermeldingar syns elevane kunne vore betre. Vi trur arbeidet med utviklingsområda våre neste skuleår ( IKT og VFL) vil gje elevane oppleving av større faglege utfordringar, at dei vert meir involvert i eiga læring, og at det vil auke motivasjonen i skulearbeidet endå meir. 2. Utviklingsområda 2016/2017 På Horpestad skule vil vi komande skuleår bruke ekstra tid på IKT i alle fag og Vurdering For Læring. Når det gjeld IKT som grunnleggjande ferdigheit vil fokuset vere både på personalet og på elevane. Når vi nå skal inn i eit nytt program, treng personale meir kompetanse, som vi kan bruke når vi skal læra elevane meir om dette. Det vert derfor nokre interne kurs, erfaringsdeling, og vi bruker av den kompetansen som allereie er på huset. Det at to trinn skal få vere med i Ipad-prosjektet, vil vi gjerne at skal gagne heile personalet. Vi vil derfor kjøpe inn Ipadar til alle lærararne. Dei lærarane som er med i prosjektet vil få i oppgåve å dele kompetanse og ideer vidare. Teama vil bruke planane for desse utviklingsområda for å lage meir detaljerte planar for sitt trinn/team på nokre av delmåla. Plan for PU-tid, utviklingsgruppa og team skal henge saman. Dette arbeidet skal vere klart i starten av september. Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus 5
2.1 IKT som grunnleggjande ferdigheit MÅL: Elevane utviklar IKTkompetanse i alle fag. Elevane opplever glede og meistring med bruk av digitale verkty, mediar og ressursar. Delmål Tiltak Milepælar Ressursbruk Evaluering Alle lærarane vert kjende med appane i Ipadprosjektet. Vi gir lekser på Office 365 på alle trinn. Lærarane er trygge i bruk av IKT i alle fag. Kjøpe inn ipad til alle lærarane. Interne kurs i appane i PU-tid. Deling av idear og bruk av appane med elevane. Kurse personalet i kva mogligheiter Office gir for leksearbeid. 1-4 trinn får minst ei lekse kvar månad. frå okt (1.og 2. etter jul) 5-7 trinn får minst to lekser kvar månad frå okt. Bruke tid på dette i PU. Personalet melder frå om behov. Dele erfaringar på team/pu. Kurs i smart-tavle hausten 2016. Kurs gjennom RIKT til lærarar og elevar på 5. og 6. trinn Lærarane i ipad prosjektet bruker ipaden aktivt i undervisinga Erfaringsutveksling Alle har ipad innan september. Dele- og utprøvingskurs i ein app innan november. Dele- og utprøvingskurs i 2 nye appar innan påske. Ved utgangen av oktober har alle trinna prøvd dette ut. I desember og mars får teama/trinna presentere for dei andre noko av det dei har gjort. Alle lærarane bruker smart-tavla i si undervising innan oktober. Desse lærarane har ansvar for dele- og utprøving i PU-tid i november og i januar og februar. Kjøpe 10 Ipadar. Bruke 6-8 Pu-tider til deling/ utprøving Bruke PU- og teamtid. Bruke PU-tid Vikarar til lærarane som skal på kurs Kjøpe overganger ipad-tavle, eller appletv til alle klasserom. På team og PUtid. Jamnleg erfaringsutveksling på team. Dele erfaringar på team. Evaluere i klassane, kva er positivt med desse leksene? I team og PU tid underveis. I team og PU tid underveis. Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus 6
2.2 Vurdering For Læring Mål: Skulen utøver ein kollektiv vurderingspraksis som er svært gunstig for elevane si læring og kompetanseutvikling. Delmål Tiltak Milepælar Ressursbruk Evaluering 1,5 time. En god start (16.aug.16) Gjennomføre startmodulen og modul 1-4 dette skuleåret Kollektiv utvikling ( veke 36-42) Læreplan og vurdering (veke 46-50) Timing (veke 3-6) Etter planleggingsdagen 16. august skal vi ha sett filmane i denne modulen, og skrive eigenvurdering. Evaluere modulen i veke 42. Evaluere modulen i veke 50. Evaluere modulen i veke 6. 3 PU-økter 2 PU-økter + studietur 2-3 PUøkter I den siste PU-økta i kvar modul. Evalueringa vil bestemme om vi skal bruke meir eller mindre tid på dei ulike modulane, og kva type arbeid som gir oss mest læring. Målorientering ( veke 12-17) Evaluere modulen i veke 17. 3 PU-økter 3. Frå kompetanseutvikling til drift Vurdering For Læring 2016/2017 2017/2018 2018/2019 Digitale førelesingar i PUtid og teamtid, lese teori, felles drøfting og refleksjon, utprøving i klasserom, deling, eigenvurdering og evaluering. Digitale førelesingar i PU-tid og teamtid, lese teori, felles drøfting og refleksjon, utprøving i klasserom, deling, eigenvurdering og evaluering. Implementere planen «Dette er VFL på Horpestad skule.» IKT som grunnleggjande ferdigheit Arbeide med modul 1-4. Arbeide etter måla vi har sett i denne planen. Arbeide med modul 5-8. Utarbeide ein plan for Vurdering for på Horpestad skule Bruke erfaringane frå 2016/2017 til å involvere fleire lærarar og trinn i ipad prosjekt. Alle elevane har ipad og at office 365 er eit naturleg verkty for lærarar og elevar. Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus 7
4. VEDLEGG veke PU-tid Ansvar PU-tid Forarbeid og innhald 34 PU-planen 16/17 Kariann Forventningar Foreldremøte 35 Kriseberedskap Kariann Arbeide med case Førebuing: Tenk gjennom dine forventningar til PUtida dette året 36 VFL modul 1 Kariann Førebuing; Lese artikkel (Irgens) Film Eirik Irgens ( 29 min) Refleksjonsoppgave artikkel/film i gruppe 37 VFL modul 1 Kariann Film Knut Roald «Lærande møter» Planlegge lærande møte i team, utprøving på team i veke 38. 38 IKT Office 365 Dag Tellef Kurs med praktiske oppgåver 39 Jærnettverk Alle 40 Deling frå Jærnettverk Alle og Ikt 41 HAUSTFERIE 42 VFL modul 1 Kariann Film Berit Dahl «kollektiv læring,30 min) Eigenrefleksjon skulen sin samarbeidskultur 43 IKT Office 365 Dag Tellef Øving og utprøving 44 IKT - Office 365 Dag Tellef Deling og utprøving 45 Jærnettverk Alle 46 Deling frå Jærnettverk og IKT Alle 47 VFL modul 2 Kariann Film Spurkland «Lærerprofesjonalitet» Eigenrefleksjon 30 min. (2.3) Deling av refleksjon 30 min. 48 IKT Sven, Ole Martin og Inger Marie Presentasjon av ein app, og elevarbeid. Utprøving/oppgåve for resten av personalet 49 VFL modul 2 Kariann Førebuing: (sjå planen for modul 2) Korleis les du læreplanen. (2.5) Film «lærer om læreplanen»(2.6) «Implikasjoner knytta til læreplanen»(2.8) Modulutfordring i grupper 50 VFL modul 2 Kariann Rike oppgåver ( 2.7A) Lage rike oppgåver i grupper. ( 2.7B) Film (resten av forelesinga til Knut Roar Engh) 51 Evaluering av halvåret Kariann GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!!!! Horpestad skule Med blikk for den enkelte og læring i fokus 8