saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.11.2013 65701/2013 Hilde Johanne Svendsen Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 11.11.2013 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 26.11.2013 Fylkestinget 09.12.2013 Fråsegn til Jernbaneverket sitt Handlingsprogram 2014-2023 Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune er invitert til å gi innspel på jernbaneverket sitt handlingsprogram for perioden 2014 2023. Frist for å uttale seg er 20. desember. Handlingsprogrammet er Jernbaneverket sin plan for å gjennomføre St.meld. nr. 26 (2012-2013) om Nasjonal Transportplan (NTP) 2014 2023. Jernbaneverket har utarbeidd eit handlingsprogram basert på føringar og prioriteringar i stortingsmeldinga. Handlingsprogrammet er for perioden 2014 2023, men med hovudvekt på dei første fire åra. I fylkeskommunen sin uttale til NTP vart det lagt vekt på følgjande om jernbane (utdrag): Ei opprusting og modernisering av Dovrebanen er viktig for MRFK, med tanke på både gods- og persontrafikk. Det er avgjerande med fleire/lengre kryssingsspor for å auke godskapasiteten Det er avgjerande for Møre og Romsdal at Gudbrandsdalen blir vald som trase ved ei framtidig bygging av høgfartsbane mellom Oslo og Trondheim. Møre og Romsdal fylke ser det som avgjerande at InterCitybanen går heilt til Lillehammer og at banenettet blir bygt slik at det kan vere starten på ei framtid høgfartsbanesatsing i resten av Sør-Noreg. Likeeins er det avgjerande for lønsemda i høgfartsbanesatsinga at nettet blir bygt ut etter eit fleirbrukskonsept slik at regionaltrafikk, langdistansetrafikk og godstrafikk går på same bane. Jernbaneverket sitt handlingsprogram for 2014 2023: http://www.jernbaneverket.no/handlingsprogrammet Om Raumabanen i NTP Vi finn følgjande omtale av Raumabanen i NTP 2014 2023: Det vil i tillegg bli satt i gang en formell planleggingsprosess ved at Jernbaneverket får i oppdrag å utrede konsekvensene av elektrifisering av gjenværende dieselstrekninger, dvs. Røros og Solørbanen, Nordlandsbanen, Raumabanen og Bratsbergbanen.
Side 2 Jernbaneverket legger til rette for skreddersydde reiselivsprodukter på Raumabanen og Bergensbanen/ Flåmsbanen og vedlikehold av Rallarvegen langs Bergensbanen og Ofotbanen. NSB har egne turistopplegg på Raumabanen og i samarbeid med lokale reiselivsaktører på Flåmsbanen..Videre reiste det 238 000 passasjerer med Rørosbanen og 70 000 passasjerer med Raumabanen. Dovrebanen har 700 000 reisende med fjerntogtilbudet på strekningen Oslo Trondheim. Av disse er 40 pst. endepunktsreiser Videre er Dovrebanen viktig for trafikken med godstog til Åndalsnes, Trondheim og videre nordover på Nordlandsbanen Om Jernbaneverket sitt handlingsprogram I fylkeskommunen si fråsegn til Jernbaneverket sitt handlingsprogram vil vi legge vekt på dei prioriteringane som er gjort for Dovrebanen og Raumabanen. Vi vil ikkje i stor grad gå inn på det overordna nivået i denne uttalen. Satsing på jernbanen I første del av perioden er det prioritert store tiltak i InterCity-satsinga på Austlandet. Dette fører til at det blir mindre løyvingar til tiltak for godstransporten dei første fire åra. Det er også lagt vekt på drift, vedlikehald og fornyingstiltak på eksisterande infrastruktur med eit kraftig løft i siste del av perioden. I første fireårsperioden blir det prioritert tiltak som vil nå måla for oppetid, regularitet og punktlegheit. ERTMS felles europeisk signalanlegg Det skal innførast nytt signalanlegg på jernbanenettet i Norge. Ein stor del av det eksisterande signalanlegget vil nå sin teknologiske levealder dei næraste åra, og det må brukast betydelege ressursar på å installere ERTMS dei neste ti åra. Systemet gir kontinuerleg overvaking av posisjon og hastigheit på toga, og systemet gjer det muleg å optimalisere avstanden mellom toga på jernbanelina slik at strekninga kan få økt kapasitet. I det anbefalte alternativet er Dovrebanen og Raumabanen dei siste som vil få innført ERTMS. Tidspunkt er antatt til etter 2026. Godsanalyse Fram mot neste rullering av NTP skal etatane gjennomføre fleire utredningar for framtidig godstrafikk. Den viktigaste av desse er arbeidet med ei godsanalyse. Det vil ikkje bli tatt stilling til ytterlegare utredning og planlegging av godsterminalane i Trondheim og Bergen før godsanalysen er gjennomført. For Alnabru-terminalen i Oslo vil det vere eit parallelt arbeid for strakstiltak for auka kapasitet, og revisjon av planar for større utbygging. Jernbaneverket har også starta ei utredning om elektrifisering av dei noverande dieselstrekningane. Jernbaneverket skriv at det er naturleg å sjå dette i samanheng med utredningsarbeidet for transportsystemet for gods. Utvikling og tiltak på banestrekningane Gjøvik-, Dovre- og Rørosbanen korridor 6 Gjøvikbanen, Dovrebanen, Rørosbanen, Hovedbanen, Gardermobanen, Solørbanen og Raumabanen inngår i denne korridoren. Dei ulike banene har svært ulike roller og marknadsgrunnlag. I forslaget til handlingsprogram er det berre planlagt gjennomført mindre fornyingar på Raumabanen. Figuren under viser planlagde tiltak i korridoren (side 59 i dokumentet):
Side 3 For korridor 6 blir det vist til at auka frekvens i rushtida og redusert reisetid mellom Oslo og Hamar er venta å gi auke i tale på personreiser. Toget som i grunnruta ender i Hamar, kan forlengast til Lillehammer i rushtida. Det er ikkje kapasitet til å køyre innsatsavgangar i begge rushtimane, sidan det også går gods- og fjerntog på strekninga. Frå 2024 vil det vere kapasitet til halvtimesfrekvens på strekninga Oslo Hamar.
Side 4 Når det gjeld godstransporten er det ikkje omtalt kva utbetring på dei ulike strekningane vil bety for godstransporten, men det er rekna på at kapasiteten for gods på bane i Norge er venta å auke med 20-50 prosent som følgje av tiltaka i perioden. Det er ikkje planlagt nye kryssingsspor mellom Hamar og Trondheim i perioden 2014 2017, men for perioden 2018 2023 er det sett av 600 mill kroner til slike tiltak. Plassering av kryssingsspor skal vurderast nærare fram mot neste NTP. Vurdering For persontrafikken blir det vist til at transportetatane vil ha skreddarsydde reiselivsprodukt på Raumabanen. Fylkeskommunen er positiv til satsing på Raumabanen som turistbane, men det er viktig at dette ikkje har for store konsekvensar for ordinære passasjerar. På Raumabanen er det viktig med god korrespondanse med tog til Oslo og Trondheim. Fylkeskommunen har i sine strategiar sagt at korrespondanse til Oslo skal prioriterast. For godstransporten har vi fått ein auke i gods på veg på grunn av at togtidene ikkje er tilpassa transportørane sitt behov. I september kunne ulike media melde om at Cargonet vurderte å slutte med godstransporten på Raumabanen grunna liten kapasitetsutnytting av toga. Som årsaker til for svakt belegg blir sterkare konkurranse frå veg og til dels store avvik på Dovrebanen nemnt. Konkurrenten Cargolink seier at dei kan stå klare til å overta, men da må visse føresetnader som meir fornuftige rutetider og meir effektiv drift av terminalen på Åndalsnes vere på plass. (Kjelde: http://www.nrk.no/mr/frykter-raumabanen-blir-for-dyr- 1.11285640) Ei nedlegging av godstilbodet på Raumabanen vil føre til ytterlegare press på E136 i Romsdalen. Dette er ei utvikling vi ikkje ønskjer. Noko av utfordringane for gods- og persontransporten på Raumabanen er mangel på kryssingsspor. Vi er gjort kjent med at det finns eksisterande kryssingsspor som ikkje er i bruk på Raumabanen, og som kunne vore utbetra og tatt i bruk slik at vi kunne fått større fleksibilitet på strekninga. Det er også eit ønske om elektrifisering av Raumabanen, slik at vi no er fornøgd med at det skal utgreiast om Raumabanen også skal elektrifiserast. Slik plana om innføring av ERTMS er no, så er Dovrebanen og Raumabanen dei siste som får innført dette systemet. Ei tidlegare innføring på desse strekningane bør vurderast, og dersom ikkje dette fører fram bør fjernstyring av stasjonane på Raumabanen vurderast. Innføring av ERTMS medfører at stasjonane blir fjernstyrt.
Side 5 Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune har følgjande innspel til Jernbaneverket sitt handlingsprogram 2014 2023: 1. Det er positivt at utredning om konsekvensar av elektrifisering av Raumabanen skal starte. 2. Eksisterande kryssingsspor på Raumabanen må utbetrast og tas i bruk for å få betre fleksibilitet 3. Dovrebanen mellom Dombås og Oslo må prioriterast for nye kryssingsspor i perioden. 4. Andre tiltak for betra fleksibilitet på Raumabanen og Dovrebanen må prioriterast 5. Dovrebanen og Raumabanen må få innført ERTMS i planperioden 2014 2023 Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arild Fuglseth samferdselssjef