SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Inger Handegård Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 11/2001 Reguleringsplan for Marifjøra (endring) Plan ID 1426-2011004 Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne linja I samsvar med reglane i 12-10 i plan- og bygningslova, vert planframlegg for sentrumsområdet i Marifjøra, plan id 1426-2011004, lagt ut til offentleg ettersyn og oversendt aktuelle fagorgan for vurdering. ::: Sett inn innstillingen over denne linja... Sett inn saksutredningen under denne linja
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Planomtale med føresegner og plankart datert 22.08.2012. Uprenta vedlegg: Innkomne merknader og innspel til oppstart av planarbeidet Samandrag: Gjeldande reguleringsplan for Marifjøra er frå 1987. Etter at denne planen vart vedtatt for 25 år sidan, har det komme ynskje om fleire endringar i sentrumsområdet. Det er bl.a. ynskje om å riva to store lagerbygg og oppføre bustadhus på tomtene. Gjeldande reguleringsplan er ikkje tilpassa den omsøkte arealbruken for sentrumsområdet. I april 2011, sak 23/11, legg plan- og forvaltningsstyret ned eit forbod om mot tiltak i området B/P3 før det er gjennomført reguleringsendring for området. Det vart varsla oppstart av planarbeid i juli 2011. Frist for å komma med innspel vert sett til september 2011. Det kom inn seks innspel. Utval som har vedtaksmynde: Plan- og forvaltningsstyret jf. Reglane i 12-10 i plan- og bygningslova, og kommunen sitt politiske delegeringsreglement. Historikk: Gjeldande reguleringsplan er frå 1987. I 2004 vert det søkt om bygging av garasjar på ein offentleg parkeringsplass som no er foreslått regulert som GB1. Vegvesenet meinar at saka bør handsamast som endring av reguleringsføremål. I 2005 vert det vedtatt å starta opp med reguleringsendring. Den andre offentlege parkeringsplassen i området vert foreslått regulert til leikeplass. I 2005 vert det gitt kommunalt tilskot til opparbeiding av denne leikeplassen og leikeplassen vert etablert. I 2009 og 2010 kjem det inn to søknader om deling av eigedom, riving av lagerbygg og bygging av bustadhus i området. 05.04.2011, sak 23/11, legg plan- og forvaltningsstyret ned eit forbod om mot tiltak i området B/P3 før det er gjennomført reguleringsendring for området. Det vart varsla oppstart av planarbeid i juli 2011. Frist for å komma med innspel vert sett til 22.09.2011. Det kom inn seks innspel. Marknader og innspel til oppstartsvarselet: Samandrag med kommentarar. Sogn og Fjordane Fylkeskommune datert 19.09.2011 Innafor planområdet ligg det fleire SEFRAK-registrerte bygningar frå tidleg 1800-talet. Desse bygningane utgjer i dag to ulike bygningsmiljø av kulturhistorisk verdi. Mot aust i planområdet er dampskipsekspidisjonen, den gamle butikken og Fråsgårdnaustet. Mot vest eit sjøhusmiljø med Almenningsbua, Marheimsbua og sjøbua Fredly. I bygda ligg det godt til rette for ei vidareutvikling av reiselivsnæringa. Det er viktig å sikre dei kulturhistoriske verdiane og dei gamle bygningsmiljøa då dei er ein viktig del av opplevingsverdien. For å kunne ta vare på eksisterande bygningar og eit samla kulturmiljø i Marifjøra, vil Kulturavdelinga tilrå at det vert lagt ei omsynsone etter Pbl 12-7-6 rundt dei to nemnde områda i sentrum. a) Kommentar: Det vert lagt inn to omsynsoner i planen. Omsynssone 1 er heilt i samsvar med innspelet. Omsynsone 2 vert ikkje heilt i samsvar med innspelet då sjøbua Fredly ligg utafor omsynssona mens bustadhuset på bruk nr. 4 kjem innafor omsynsona. Sjøbua Fredly er område TU1 i plan og føresegner. Frå føresegnene: Område TU1 kan nyttast til garasje og servicefunksjonar i samband med nærliggjande turistanlegg. Bygget skal utvendig ha same storleik, form og takvinkel som eksisterande naust/ sjøbu på tomta. Bygget kan innreiast til turistføremål.
Sogn og Fjordane Fylkeskommune - Kulturavdelinga datert 19.09.2011 Dei ber om at fylgjande punkt vert lagt til under retningslinjene for området: For alle bygningar eldre enn 1940, er det ikkje tillate å rive, byggje om, eller skifte ut original kledning, vindauge eller andre utvendige detaljar, utan at regional kulturminneforvaltning har fått høve til å uttale seg til saka. a) Kommentar: Føresegnenend for omsynsoner vert slik: For alle bygningar i omsynssonene, er det ikkje tillate å rive, byggje om, eller skifte ut original kledning, vindauge eller andre utvendige detaljar, utan at regional kulturminneforvaltning har fått høve til å uttale seg til saka. Sogn og Fj. Fylkeskommune Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum dat 12.10.2011 Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum har ansvar for kulturminne i sjø og vassdrag og dei har gjeve slik uttale: Marifjøra var i mange år handels- og gjestgjevarstad. Området kan og ha vore landingsstad for Kyrkja på Jordanger, kjend frå mellomalderen. Elva kan og ha vore belagt med kvern eller sag. Marifjøra kan og såleis ha vore ei hamn. Det vil difor vere grunn til å krevje undersøkingar etter KML 9 for dette området. Sjølv om vi ikkje har til dømes registreringar i Askeladden for planområdet, har planen ei yttergrense som går i vatn. Bergens Sjøfartsmuseum vil allereie no signalisere at det vil bli aktuelt med marinarkeologisk undersøking, dersom sjøområdet vert omfatta av den endelege reguleringsplanen. Kommentar: Ein ser det ikkje som naudsynt å ha arkeologiske undersøkingar i sjøområdet ved Marifjøra, då framlegg til ny reguleringsplan stoggar i eksisterande strandlinje. Sjøområdet vert ikkje omfatta av planen.. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Miljøvernavdelinga datert 5.09.2011 Dei oppmodar om at arealbruken vert sett i lys av behov for og tilgang på leike- og grøntareal i området. Minner om prinsippa om universell utforming. Om mogleg bør ein sikre tilkomst til sjønært areal som ein del av grønstrukturen. Kommentar: Det er vanskeleg å finne areal som er svært veleigna til leik innafor reguleringsområdet. Dagens leikeplass vert oppretthalden, sjølv om den ikkje har den beste plasseringa då den ligg mellom to vegar. Å nytta sjønært areal som ein del av grønstrukturen i området, vil gjera det svært vanskeleg å kunna byggja bustadhus her. Tilgang til sjøen for ålmenta vert sett på som svært positivt, men må løysast utanfor planområdet. John Ingar Bukve eigar gbnr 88/49 - datert 19.08.2011 Viser til tidlegare rammeløyvesøknad handsama av PFV 07.12.2010 sak 81/10. Han held fast på søknaden om bygging av vertikaldelt 2-mannsbustad. Søknaden viser ca. 90 m2 parkeringsareal i framkant av husa og ei lita brygge mot sjøen. På parkeringsarealet kan det byggjast garasje i framtida. Kommentar: Å erstatta lagerbygg med bustadhus vert sett på som positivt for området. Reguleringsendringa opnar opp for bygging av bustadhus som omsøkt, men planløysinga bør vurderast på nytt no som det vert høve til å byggja garasjar på den andre sida av vegen. Dersom ein skal bevara miljøet i dette gamle sentrumsområdet, bør det ikkje opparbeidast meir areal for parkering i dette området. Tvert om så bør eksisterande parkeringsareal utnyttast betre. Planen legg difor opp til at parkering til nye bustadhus i området vert plassert i området som i dag er regulert og opparbeida til offentleg parkering. Då kan eigendommane utnyttast betre, ein kan få teke vare på gatestrukturen og ein kan få gode uteopphaldsareal også på sørsida av husa, ikkje berre mot nord/mot sjøen. Det er viktig å sjå naboeigedommane i nær samanheng med denne eigedommen. Mot vest ligg eigedommen gbnr. 103/13 som er berre knappe 6 meter brei. Eksisterande lagerbygg ligg ein meter inn på denne eigedommen. Dersom ein skal kunna byggja også på denne smale
eigedommen, er det viktig at nybygg på 88/49 vert plassert eit stykke frå nabogrensa eller at begge eigedommane vert utbygd samstundes. Mot aust ligg gbnr. 100/12 der det også er plan om nybygging. Planane bør også samordnast i denne retninga slik at alle får bustadtomter med best mogleg solforhold og skjerma uteopphaldsområde. Linda og Bård Huseby eigar av gbnr. 100/12 datert 06.09.2011 Viser til tidlegare søknad, PFV dato sak 213/10. Planen er å rive lagerbygget som står her og føre opp eit bustadhus på eigedommen. Kommentar: Det er positivt for miljøet at det gamle lagerbygget vert erstatta med eit bustadhus. Tilkomst må etablerast i samsvar med reguleringsplanen.. Per Jarle Molland eigar av gbnr. 104/5 datert 23.11.2011 Naustet/garasjen som ligg innafor planområdet er i svært dårleg forfatning og treng ei totalrenovering. Planen er å riva huset og setje opp att eit nytt bygg på same stad. I 1. etasje er det ynskje om å byggja ein dobbel garasje, ein liten resepsjon og eit aktivitetsrom tiltenkt gjestene som bur i sjøbuene. I 2. etasje er det tankar om å innreie ein utleigedel, kanskje ei lita leilegheit eller 2-3 hyblar som reserverom til sjøbuene. Det er eit ynskje å starta arbeidet hausten 2012. Kommentar: Bygget er sefrak-registrert og er truleg bygd på slutten av 1800-talet. Sjøbua er seinare kledd. Det er eit ynskje om å bevara miljøet i området, og det er vanskeleg utan å ta vare på ein del eldre bygg. Bevaring av miljøet er også viktig for turistnæringa i området, samstundes som det også er behov for eit servicehus i samband med utleige til turistar. Huset er på ca. 90 m2. Det står under to meter frå næraste bustadhus og under tre meter frå den gamle sjøbua. Huset ligg i eit området som kulturstyresmaktene ynskjer å ha som omsynsone. Området er i planen vist som TU1. Planen legg opp til at sjøbua kan rivast, men at det nye bygget skal ha same storleik, form og takvinkel som eksisterande naust/ sjøbu. Det er positivt med aktivitet i området, men det er ei utfordring å få dette til på ein måte som ikkje kjem i konflikt med bevaring av den gamle fine sjøbua, Almenningsbua, som er næraste nabo. Tilkomsten til Almenningsbua må gå over eigedommen 104/5 på område TU1. Vurdering: For å få til ei styrt bustadbygging i sentrumsområdet i Marifjøra der ein tek omsyn til naturfarer (stormflod, havstigning mm) og prøver å bevara ein del av det gamle bygningsmiljøet, må gjeldande reguleringsplan endrast. Rådmannen rår til at reguleringsframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn. Dato: 04.09.2012 Jarle Skartun rådmann Arne Ingjald Lerum plansjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til:... Sett inn saksutredningen over denne linja