1 Gjødselvatning i økologisk eple Frukt Gjødsling Supplering i form av gjødselvatning er mogeleg å bruke i økologisk dyrking, om opphavet til gjødsla er organisk. Gjødselmidlet må være godkjent etter gjødselvareforskrifta. Det er prøvd ut ei flytande gjødsel levert på 1000 liter fat. Tilføringa kan skje ved dosatron og dryppvatningslange. Feltvert: Sort: Gjødsling : Vatning: Ugrasfresing: Haustedato: Bjerketvedt, Rygge 'Raud Aroma Fagravoll' Vår før knoppbryting 60 kg Grønn 8K + 2 kg patentkali Sommer etter blomstring 15 kg Grønn 8K Høst etter vekststans 15 kg Grønn 8K Jordart: Gjødselvatning : Siltig mellomsand Vår før knoppbryting 16 liter Biorg Pluss 20 Sommer etter blomstring 20 liter Biorg Pluss 20 Etter behov. Opptil fire gonger pr dag ved tørke. Kvar 3.veke frå april til august. Ingen fresing under blomstring. Fresing etter hausting. 15/9 Gjødseltilføring i økologisk fruktdyrking kan vere utfordrande sidan næringsemna brukar tid på å bli plantetilgjengeleg. I dette forsøket vil ein få svar på når gjødsla er tilgjengeleg for epletrea ved måling av N-min i jorda. Praktisk gjødselvatning Gjødsla må være egna til å gå ut gjennom vatningssystemet. Det er krav til partikkelstørrelse og at gjødsla flyt godt. Gjødsla er enklast å dosere ut med dosatron, eller tilsvarande pumpesystem. Dosatronen tar med seg 0-4 % innblanding med gjødsel ut i dryppvatningssystemet. Kor stor
mengde som skal ut vil variere med feltstorleiken og ønska mengde. Det skal alltid skylast i minst 15-20 minutt med reint vatn etter kvar tilføring. Dosamatic er ein produsent av dosering av gjødsel. Vatnet blir tilsett frå 0 til 4 % av gjødselblandinga. Forsøk Alle felt er bakkegjødsla med til saman 90 kg Grønn 8K, der 2/3 av gjødsla blir gitt på våren. I tillegg blir det gitt Patentkali, 2 kg/daa, på våren. Gjødsla blir så grunt frest ned i jorda i ein meters bredde rundt trea. Gjødselvatning vart dosert ut 3. april og 12. juni. Felta som blir følgt er kring 25 meter lange. Feltet blir også frest for ugras kvar 3.veke, som bidreg til mineralisering av nitrogen. Tabellen viser gjødseltilføring i løpet av sesongen. Behandlinga utan gjødselvatning er avslått ved tilføring. Bakkegjødsling, kg/daa nitrogen fosfor kalium magnesium Vår 60 Grønn 8K 4,8 1,8 3,0 2 Patentkali 0,5 0,1 Sommar 15 Grønn 8K 1,2 0,5 0,8 Haust 15 Grønn 8K 1,2 0,5 0,8 Bakkegjødsling 7,2 2,7 5,0 0,1 Gjødselvatning, liter/daa nitrogen fosfor kalium magnesium Vår 16 Biorg 0,4 0,1 0,0 Pluss 20 Sommer 20 Biorg Pluss 20 0,5 0,1 0,0 Gjødselvanning 0,8 0,1 0,1 0,0 Totalt 8,0 2,8 5,1 0,1
mm stammediameter N-min NO3-3 30 N-min i jorda 25 20 15 10 5 0 26,04,17 10,05,17 22,05,17 22,06,17 05,07,17 20,07,17 01,08,17 Dato Uten gjødselvanning Med gjødselvanning Figur 1 viser N-min i jordprøver målt med stripsmetoden ved NLR Viken 2017. Gjødselvatning vart tildelt 10.april og 5.juni. 100,00 Tilvekst akkumulert Vår Høst 80,00 60,00 40,00 20,00 0,00 Uten gjødselvanning Med gjødselvanning Figur 2 viser snitt tilvekst av 10 tre pr behandling, målt 25 cm over podestaden. Måling i april ved knoppsprett og november ved 10 % bladfall. Avling Det er hausta 5 tre for avling. Kvart tre er sortert for størrelse og andre haustekriterier. Hovudårsaken til utsortering var skalfeil/slips grunna kulde før blomstring. Av de utsorterte utgjorde frostskadane 89 %.
Tabellen under viser avling frå fem tre i kvar behandling. Alle epla er sortert etter størrelse. Totalt 10 eple pr tre har blitt undersøkt nøye for årsakene til utsortering. Antall eple Totalavling kg/tre Avling Tal <60 mm kg <60 mm Feilfrie Uten gjødselvanning 103 16,8 4205 1 0,1 46 % Med gjødselvanning 77 12,5 3115 0 0,0 40 % Diskusjon Gjødsling i økologisk fruktdyrking kan være utfordrande sidan gjødsla blir seint oppløyst. Klimatiske forhold som varme og nedbør vil påverke til kva tidspunkt det skjer. Målet er å ha nok næring tilgjengeleg når trea treng det. For nitrogen er behovet størst tidleg på våren fram til etter blomstring. Utover seinsommaren og fram mot hausting skal det ikkje være for mykje tilgjengeleg nitrogen Det vart valt ut to rader på ca. 25 meter, som blir behandla forskjelleg med gjødselvatning. Resten av feltstellet er som vanleg. Trea skal være så like som mogeleg, men rada utan gjødselvatning har kraftigare tre som veks betre enn den andre rada. Stammetilveksten viser også dette, slik at det kan sjå ut som gjødselvatninga ikkje har bidratt til større tilvekst. Størst tilgang på nitrogen er det i starten av mai og midten av juni. For juni må det være gjort ein feil, sidan begge behandlingane er like. Konklusjon Det er ikkje stor forskjell mellom gjødslingane. Avlinga er stor, mest i der det ikkje er tilført gjødselvatning. Antall eple pr tre er viktig faktor til at avlinga blir høgare. Storleiken på epla er like store. Utsorteringa skuldast for det meste frost før blomstring og er likt fordelt. Vidare arbeid med gjødselvatning vil gi svar på om det kan gi trea jamnare tilføring av næring når treet treng det.
Bildet viser stor avling i 'Aroma' 5