Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune Utkast for drøfting 22.11.2015
Innhold 1. Innleiing... 3 2. Bakgrunn... 4 2.1 Prosjektmål... 4 2.2 Ramme for arbeidet... 4 3. Innhald i utgreiinga... 4 4. Organisering... 4 5. Møte-, aktivitets- og tidsplan i prosjektet... 5 Vedlegg innhald i rapportar:... 6
1. Innleiing Stortinget vedtok 18. juni 2014 å gjennomføre ei kommunereform i Noreg. Stortinget si handsaming synte at det er fleirtal for reforma. Det var brei politisk semje om at det er naudsynt med endringar i kommunestrukturen, måla for reforma og at prosessen skal starte opp hausten 2014. Det er òg semje om dei økonomiske verkemidlane. Den 28.10.2015 sende kommunalminister Jan Tore Sanner eit brev til alle kommunane i landet der det mellom anna vart presisert: «Da Stortinget behandlet Kommuneproposisjonen 2016 i juni viste flertallet til Innst. 300 S(2013-2014) der det het at "alle kommuner har utredningsplikt i kommunereforma". I Innst. 375 S (2014-2015) utdyper flertallet at de i begrepet utredningsplikt legger til grunn "at alle kommunar skal ta aktivt del i kommunereforma. Dette inneber blant anna å ha dialog med nabokommunar, utgreie og vurdere aktuelle alternativ for så å ta stilling til om og i så fall kva kommunar ein ønskjer å gå saman med innan 1. juli." Kommunane er pålagd å utgreie ulike alternativ for kommunesamanslåing og gjere vedtak om kva kommune dei ynskjer å gå saman med innan 1.7. 2016. Ny struktur skal vere på plass seinast 1. januar 2020.» Flora kommune har bystyrevedtak på at dei skal utgreie eit kystalternativ. I tillegg er dei med på utgreiing av eit Sunnfjordalternativ og bystyret har her for sin del godkjent intensjonsavtalen. Status i Bremanger er at dei har kommunestyrevedtak på å utgreie kommunereforma i eigen regi. Det er framlagt fleire utgreiingar og gjennomført innbyggarundersøking. I Vågsøy er det etablert ei utgreiing med Eid og Selje om eit alternativ for Ytre/Midtre Nordfjord der også Vanylven er invitert med. Vågsøy har også kommunestyrevedtak om utgreiing av eit kystalternativ mot Flora. Flora kommune har engasjert PWC for å utarbeide ei utgreiing for sin del og inviterer Bremanger og Vågsøy med på dette arbeidet. Ein ser i første omgang for seg utarbeiding av eit faktadokument der kommunane bidreg inn i mot PWC gjennom administrative ressursar. Utgreiinga skal innehalde faktagrunnlag som kan dekke fleire føremål. Det blei peika på kommunikasjonar, demografiske opplysningar, næringsstruktur, kommunane som utviklingsaktørar, demokratisk styringsmodell mm. Kommunane har allereie gjort mykje utgreiingsarbeid som er relevant for denne utgreiinga. I dette prosjektet skal ein bygge på tidlegare utgreiingsarbeid. Rådmann i Flora har teke initiativ til å utforme eit utkast til prosjektplan for arbeidet (dette dokumentet). Prosjektplanen skal handsamast av prosjektgruppa og godkjennast av styringsgruppa. Målsettinga er å ha utgreiinga klar til månadsskiftet januar/februar.
2. Bakgrunn 2.1 Prosjektmål Bidra til at det blir gjennomført utgreiingsarbeid med kvalitet som gjer det mogleg for kommunestyra å gjere vedtak om eventuelt vidare deltaking. 2.2 Ramme for arbeidet Utgreiingsarbeidet startar i november 2015 og skal sluttførast i løpet av januar 2016. 3. Innhald i utgreiinga Utgreiinga skal vere tilnærma lik Sunnfjord /Firda regionen. Det er sentralt for kommunane at datagrunnlaget er slik at ein kan samanlikne dei ulike alternativa på ein likeverdig måte. Vi vil difor utforme følgjande tre utgreiingar: Utgreiing 1: Kystkommune utfordringar og moglegheiter Utgreiing 2: Politisk og administrativ organisering Utgreiing 3: Analyse og kartlegging innan økonomi Vi viser til vedlegg der ein viser innhaldet i dei tre utgreiingane. Vi legg opp til å gjere same analysane og utgreiingane som i Sunnfjord alternativet så langt det er naturleg og kommunane ikkje kjem opp med andre ynskjer i prosessen. For Flora skal det utarbeidast eit «0» alternativ (halde fram som eigen kommune) som skal kunne sjåast opp mot både alternativa i Sunnfjord og kystalternativet. Det er skissert tre alternativ til samanslåing som skal ligge til grunn for utgreiingane. Dette er: Nr Kva kommunar 1 Flora - Bremanger 2 Flora Bremanger - Vågsøy 3 Andre alternativ? 4 Andre alternativ? Alternativa over vil bli analysert og presentert i rapporten etter same mønster som i rapportane i Sunnfjord. 4. Organisering Prosjektet har følgjande organisasjon: Prosjekteigar Prosjektansvarleg Styringsgruppe Prosjektleiar Prosjektgruppe Arbeidsgruppe Referansegruppe Kommunestyra i deltakande kommunar Ordførar i Flora kommune, Ola Teigen Ordførarane i deltakande kommunar Rådmennene, har møte- og talerett Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, har møte og talerett Tillitsvalde frå dei tilsette med inntil tre personar Rådmann i Flora kommune v/rolf Bjarne Sund Rådmennene i kommunane, eller dei som rådmennene delegerer dette til. Relevante kommunalt tilsette som rådmennene peikar ut. Formannskapa
5. Møte-, aktivitets- og tidsplan i prosjektet Planlagt gjennomføring av forstudie: Tid Møte Innhald Merknad dato 27.11 Prosjektgruppa Handsame prosjektplan Måløy kl. 1230-1600 dato 27.11 Styringsgruppe Godkjenne prosjektplan Måløy kl. 1230-1600 Desember, dato 7.12 eller 8.12 eller 18.12 Veke 2 11.1, 12.1 eller 13.1 Veke 4 28.1 eller 29.1 Veke 4 28.1 eller Prosjektgruppe / Arbeidsgruppe Prosjektgruppe / arbeidsgruppe Arbeidsmøte med gruppearbeid der ein går gjennom ulike spørsmål knytt til administrativ- og politisk organisering for dei ulike alternativa. Arbeidsmøte med gruppearbeid der ein går gjennom ulike spørsmål knytt til regionale effektar ved kommunesamanslåing (Jf delrapport 1 Kystkommune utfordringar og moglegheiter) Prosjektgruppa Handsame utkast til sluttrapport 1 til 3. Styringsgruppa Handsame og godkjenne sluttrapport 1 til 3. 29.1 Veke 5 Referansegruppe Felles formannskapsmøte som handsamar sluttrapport 1 til 3. * Delutgreiing 3 analyse og kartlegging innan økonomi vert utforma utan eige arbeidsmøte i prosjektgruppe / arbeidsgruppe.
Vedlegg innhald i rapportar: Utgreiing 1: Kystkommune utfordringar og moglegheiter
Utgreiing 2: Politisk og administrativ organisering
Utgreiing 3: Analyse og kartlegging innan økonomi