Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime
|
|
- Ragna Davidsen
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn Framleis rom for lesing heime
2 Leseutviklinga held fram Dei første skuleåra lærte barnet ditt å lese. Men lesedugleik er ikkje noko som blir utvikla ein gong for alle. Det er noko som må haldast ved like og utviklast vidare. Framleis er det viktig at heim og skule samarbeider for å gi barna lyst til å lese og for å gjere dei kjende med ulike tekstar. På trinnet skal barna lære å lese for å lære. Her kan foreldra gjere mykje for å støtte leseutviklinga. Barn er forskjellige. Dei lærer på ulike måtar. Dei er i ulik grad villige til å ta imot hjelp, kanskje spesielt frå foreldra sine. Foreldre er òg ulike. Lesevanar, tradisjonar, språk og kulturell bakgrunn kan variere. Men alle ønskjer det beste for barna sine og vil gjerne hjelpe dei. Dette vesle heftet gir nokre enkle råd. Vel det som passar best for deg, barnet ditt og familien din. Barnet mitt har lært å lese, kva meir skal det lære? Dei første skuleåra blir barna kjende med bokstavane. Dei lærer å setje dei saman til ord og tekst. Dei lærer at lesing kan gi mange gleder og næring til fantasien. Frå 5. trinnet aukar krava til lesedugleik. Tekstane blir vanskelegare, og barna møter i stadig større grad forventingar om å lese for å lære. Det vil seie at dei må lære: å setje mål for si eiga lesing: Kva skal eg sjå etter i teksten? Kva skal eg lære av dette? å arbeide aktivt med teksten, stille spørsmål, notere, fortelje kva han handlar om, osv. å bruke seg sjølv, sine eigne erfaringar og sin eigen kunnskap for å forstå innhaldet: Kva tenkjer eg om dette? Kva minner det meg om? Leselyst og lesestoff Ein må lese mykje for å bli ein god lesar. Det går lettast for den som synest lesing er gøy eller nyttig. Å gi barn lyst til å lese er derfor ei stor oppgåve både for heimen og skulen. Skule- og folkebiblioteket kan gi hjelp til å finne bøker som passar. Men lesing er meir enn å lese bøker. Barn på Trinn treng å høyre at Det finnes mange og ulike tekster Dei sjølv kan velgje kva dei vil lese Både teikneseriar og seriebøker gir nyttig lesetrening. Å lese kan vere å surfe på nettet, spele dataspel, sjå på utanlandske (teksta) filmar, leite etter opplysningar i rutetabellar og oppdage at favorittfotballaget avanserer på ein serietabell. Barn må få velje kva dei vil lese, men dei treng å lære at ulike tekstar må lesast på ulike måtar. Visste du at barn treng rettleiing, støtte og oppmuntring for å halde ved like og vidareutvikle eigen lesedugleik også på trinnet at det er forskjell på korleis vi les ei krimbok og ei fagbok. Barn må lære å lese på ulike måtar til ulike formål Barn som er på veg inn i tenåra, er ofte i opposisjon til foreldra sine og kan reagere negativt dersom foreldra prøver å tvinge på dei sine haldningar og interesser. Det gjeld både lesing, bokval og andre område. Utfordringa i denne perioden er å vere tolmodig og romsleg. Ein kan ikkje tvinge barn inn i bokverda. Dei må støttast og oppmuntrast. Dei må få høve til å orientere seg i eit breitt utval av bøker og tekstar få sjansen til å gjere eigne val. Eitt bokval er ikkje rettare enn eit anna, og barna bør møte respekt for det dei vel. Du kan likevel synleggjere dine interesser og val. Vis kva du les. Snakk om bøker du har glede av. Spør kva sonen din eller dottera di liker å lese. Å dele leseerfaringar gir gode opplevingar. fug.no Framleis rom for lesing heime_2
3 Visste du at det er greitt å lese høgt for barna også etter at dei har lært å lese sjølve at foreldra si interesse for lesing og skulearbeid er viktig for fagleg framgang og utvikling at det å søkje på internett gir god lesetrening. Barn kan lære å lese målretta, systematisere informasjon og utvikle ei kritisk haldning til kjelder Lese- og leksehjelp Lese- og leksesituasjonane er ulike. Derfor er det vanskeleg å gi generelle råd. Du gjer uansett ein god jobb når du viser interesse og respekt for skulen og skulearbeidet, støttar og oppmuntrar, kanskje spesielt når ting går trått. Du kan sjølvsagt òg gi konkrete råd dersom det er behov for det og dersom barnet er mottakeleg for det. Men viss interessa blir opplevd som press, og råda som mas, kan det vere best å halde seg litt unna ein periode. Ver likevel tydeleg på at du er villig til å lytte, at du gjerne vil hjelpe, og at du har forventingar. På trinnet er det relativt vanleg med oppgåver der barn skal lese eit avsnitt i ei fagbok (til dømes naturfag eller samfunnsfag), samle fakta, lage spørsmål, skrive eller teikne noko frå teksten. Målet er sjølvsagt at dei skal samle kunnskap, men òg at dei skal utvikle gode arbeidsformer. Sjølv om mesteparten av skulearbeidet går føre seg i skuletida og mange skular gir tilbod om leksehjelp, er det viktig at du viser interesse for oppgåvene. Har barnet heimelekser, kan du både hjelpe og inspirere ved å vise korleis du sjølv tenkjer og arbeider både før, under og etter lesing. Før barnet begynner å lese: Snakk om det teksten handlar om, minn barnet om eigne erfaringar med aktuelle tema: Hugsar du den gongen vi? Det minner meg om noko vi snakka om Vis at du sjølv skaffar deg oversikt over innhaldet ved å sjå på bilete og avsnittsoverskrifter: Kva kan dette handle om? Ut frå bilete og overskrifter kan eg tenkje meg at Vis at du stiller spørsmål til deg sjølv: Kva slags opplysningar kan vi finne her? Kva er det lurt å sjå spesielt etter, og kvar skal vi leite? Mens barnet les: Støtt lesinga dersom det er nødvendig; kanskje kan de lese eit avsnitt kvar? Snakk om lange, vanskelege og ukjende ord: Det var eit langt og rart ord! Kva kan det bety? Kva tenkjer du når eg seier? Leit i teksten etter forklaringar, minn om at det er lov å bruke ordliste Etter lesinga: Vis korleis ein kan samle opplysningar, til dømes ved å notere dei i eit tankekart (sjå side?) eller på ein måte ein sjølv synest er nyttig. Be barnet om å teikne eller fortelje frå teksten. Spørsmål om leksene er lesne, og om dei er forstått, blir ofte oppfatta som mas. Det er slett ikkje uvanleg at barn og ungdom svarer: Ja, eg har gjort dei, og eg kan alt! Det trur dei nok, men det er likevel ikkje sikkert at dei har fått med seg innhaldet i det dei har lese. Den som skal lese for å lære, må òg lære å sjekke eiga forståing og eiga læring. Det er derfor god leksehjelp å gi barna høve til å vise kva dei har forstått etter å ha lese ein tekst. fug.no Framleis rom for lesing heime_3
4 Når lesing er vanskeleg Oppdagar du at lesing ikkje gir barnet ditt glede og gode opplevingar, men snarare blir ei kjelde til stress og uro, bør du kontakte skulen og be om råd. Kanskje er tekstane litt for vanskelege? Dersom du synest at barnet ditt verkar usikkert, les seint og stoppar opp ved mange ord, bør du samarbeide med læraren for å finne tekstar som passar betre både med omsyn til evner og interesser. Barn som strevar med å lese, treng å oppleve at lesing er noko anna og meir enn ein strevsam skuleaktivitet. Gjer lesinga til noko positivt. Ta kontakt med det lokale biblioteket, spør etter bøker om tema barnet er interessert i. Du kan gjerne lese nokre av dei høgt, eller kanskje de kan lese for kvarandre. Lesing skal gi gode opplevingar. Etter kvart kan leksene bli vanskelege for barn som strevar med lesinga. Då kan du gjerne lese teksten høgt. Du kan òg kontakte skulen og be om eit lydbokeksemplar av aktuelle lærebøker. Høgtlesing og lydbøker er god hjelp, men hugs at barn kan trenge både rettleiing og støtte for å lære korleis dei kan lytte seg til innsikt. Ofte stilte spørsmål Eg er ikkje så glad i å lese kva kan eg gjere? Då kan du kanskje fortelje i staden. Forteljarstunder gir òg opplevingar og kunnskap. Barna lærer å lytte, dei lærer språk og får kjennskap til eventyr og forteljingar frå ulike kulturar og frå barndommen til foreldra. Mange bøker for barn og unge er filma. De kan sjå film i lag, og de kan lytte på lydbøker. Både filmar og lydbøker kan de låne gratis på biblioteket. Eg er ikkje så flink til å lese norsk kan eg lese høgt på mitt eige språk? Lesestunder er hyggjestunder same kva språk det blir lese på. Du treng ikkje lese norsk, du kan godt lese høgt på ditt eige språk. Det gjer det ikkje vanskelegare for barnet ditt å lære å snakke og lese på norsk, tvert imot. Når du les på det språket du kan best, formidlar du leseglede, språk, kultur og tradisjonar. Slik gir du barnet ditt erfaringar og gode opplevingar som er viktige både for utviklinga og læringa. Eg ønskjer at dottera min skal bli like glad i å lese som eg er, men ho vegrar seg. Kva kan eg gjere? Det er med lesing som med det meste anna: Ein må øve seg for å bli flink. Dottera di bør lese. Du skal ikkje utan vidare godta at ho ikkje vil. Men du må akseptere at ho ikkje liker det same som deg, og heller hjelpe henne med å finne lesestoff som kan engasjere. fug.no Framleis rom for lesing heime_4
5 Sonen min les ikkje bøker, men han les mykje på dataskjermen. Er det farleg? Nei. Også skjermlesing kan gi fine opplevingar og ny innsikt. Å sitje i timevis og stire på ein skjerm kan likevel vere slitsamt for auga. Derfor er det bra med variasjon. Sonen min strevar. Kan eg ta kontakt med skulen? Ja, det kan du, og det er viktig at du gjer det. Det er du som kjenner han best, og du ser han i andre situasjonar enn læraren gjer. Du veit kva erfaringar han har, og kva han liker å halde på med. Kunnskapen din er derfor svært viktig for læraren. Eit godt og trygt samarbeid mellom heimen og skulen er alltid nyttig og det er særleg viktig når barnet strevar. Dottera mi tør ikkje å lese høgt i klassen fordi ho synest ho ikkje les godt nok. Læraren lèt henne sleppe, men eg synest ho bør pressast. Kva skal eg gjere? Opplevinga av å lese høgt i ei gruppe varierer avhengig av kor trygg ein føler seg, korleis lesesituasjonen er, og kva slags tekst som skal lesast. Derfor er det vanskeleg å seie noko generelt om barn bør pressast til høgtlesing. Det beste du kan gjere, er å snakke med læraren med jamne mellomrom og sørgje for at dottera di opplever at lesing gir glede og meistring. Det gir tryggleik og sjølvtillit. Du kan oppmuntre henne til å lese høgt. Kanskje kan de lese kvar sitt avsnitt i ei spennande bok. Ver raus med ros, kommenter spesielt situasjonar der ho strevar litt: Det var eit vanskeleg ord. Fint at du ikkje gav deg! Slik kan du gi henne tru på at ho er god nok, og at ho kan klare å lese høgt i klassen. Sei ifrå til læraren når dottera di føler seg trygg nok til å få dei same leseutfordringane som andre elevar. Be om å få greie på kva for avsnitt dottera di skal lese høgt på skulen, slik at ho kan få øvd seg grundig heime på førehand. Eg synest mange av skulefaga er vanskelege. Korleis kan eg hjelpe? Skulen og heimen skal samarbeide, men dei har ulike oppgåver. Oppgåva di er å støtte, oppmuntre og motivere til innsats. Du skal ikkje vere læraren til barnet. Derfor er det ikkje så farleg om du ikkje kan så mykje i dei enkelte faga. Dersom barnet spør om ting du ikkje veit, kan du kanskje spørje tilbake: Eg veit ikkje. Fortel meg kva du tenkjer, så kan vi prøve å finne ut av det i lag. fug.no Framleis rom for lesing heime_5
6 Visste du at skriving kan vere enklare for den som les mykje. Lesing gir både idear og modellar til eiga skriving at store bibliotek har bøker på fleire språk. Det er gratis å låne bøker og filmar Heim-skule-samarbeid Foreldremøte kan mellom anna nyttast til å samtale om litteratur og kva barna liker å lese å samtale om korleis foreldra og skulen saman og kvar for seg kan støtte språk- og leseutviklinga til barna å samtale om kva barn bør meistre på 5., 6. og 7. trinnet å samtale om kva det blir lagt vekt på i leseopplæringa på desse trinna På foreldremøte kan ein lage leselystgrupper for barn og foreldre, der ein til dømes besøkjer biblioteket og finn bøker som kan gå på omgang i gruppa les høgt eller fortel til kvarandre gir kvarandre tips om nye bøker skriv framhaldsbok lagar boka om bøker med bokmeldingar og teikningar frå bøker de har lese lagar små lesekonkurransar: Kor mange sider les de per månad? Klarer de fleire neste månad? går på kino for så å diskutere filmen i gruppa Konferansetimar (utviklingssamtalar) kan brukast til å snakke om barnet sine sterke sider og interesser samanhengen mellom lesedugleik og motivasjon kva som kan motivere barnet kva barnet treng/ønskjer av hjelp og rettleiing, både på skulen og heime resultat frå nasjonale prøver eller anna kartlegging Framleis rom for lesing heime Foreldreutvalet for grunnopplæringa, Lesesenteret og Utdanningsdirektoratet post@fug.no FUG 2010 Layout: Månelyst as Foto: istockphoto Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt utval for og med foreldre som har barn i skulen. FUG er opptatt av: Heim-skule-samarbeid Å ta vare på foreldra sine interesser i skulesamanheng Å gje kunnskap om korleis eit heim-skule-samarbeid fungerer Å gje kunnskap om korleis foreldre kan støtte sine barn Å sette dagsorden og støtte foreldre når det gjeld sentrale tema som inneklima, mobbing, foreldremøter, skulearbeid, med meir. ein nettressurs for foreldre med barn i skulen Framleis rom for lesing heime FUG 2010
Ideer og råd til foreldre med barn på 5. 7. trinn. Fortsatt rom for lesing hjemme
Ideer og råd til foreldre med barn på 5. 7. trinn Fortsatt rom for lesing hjemme Leseutviklingen fortsetter De første skoleårene lærte barnet ditt å lese. Men leseferdighet utvikles ikke en gang for alle.
DetaljerTil bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing
Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet
DetaljerForeldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn
Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører
DetaljerPage 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,
DetaljerÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering
ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
DetaljerNynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg
DetaljerTil bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing
Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innledning Samtaleguiden er ment å være en støtte for åpne samtaler mellom lærer, elev og foreldre. Den retter oppmerksomheten mot lesevaner,
DetaljerGjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse
Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale
DetaljerTIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN
KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei
DetaljerInformasjon til elevane
Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.
Detaljer3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.
LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne
DetaljerEg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.
Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Eg må vite at eg har ANSVAR
DetaljerValdres vidaregåande skule
Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE
DetaljerMinnebok. Minnebok NYNORSK
Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,
DetaljerRefleksjon og skriving
Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere
DetaljerOverordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune
Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune 23.07.2014 Side 1 av 8 Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal
DetaljerÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016
ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar
DetaljerKorleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?
Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk
DetaljerBruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol
Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?
DetaljerVekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen
Hordabø Skule Nordbøvegen 1 5937 Bøvågen Tlf. 56346270. Vekeplan for 3.trinn Veke 20 11. - 15. mai Ein kan ikkje alltid få det slik som ein vil. FAG Norsk Matematikk LÆRINGSMÅL Kunna bruka punktum og stor
DetaljerJobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn
Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla
DetaljerC:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan 2010-11 Blhbs.DOCSide 1 av 6
KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE Visjon: Læring og trivsel hånd i hånd Samarbeid og glede gir kreativ ånd HANDLINGSPLAN C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan
Detaljer6. trinn. Veke 24 Navn:
6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt
DetaljerElevundersøkinga 2016
Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer
DetaljerMolde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
DetaljerMånadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
DetaljerSpørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014
Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.
DetaljerPsykologisk førstehjelp i skulen
Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon
DetaljerDet psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder
Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør
DetaljerFrå novelle til teikneserie
Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).
DetaljerSvara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.
Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er
DetaljerEin tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass
Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under
DetaljerEg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.
Me satsar på lesing! Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv. Anne-Cath Vestly 1 Lesing for livet
DetaljerTenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
DetaljerUndersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving
Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.
DetaljerSkulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing
Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing Kvifor satse på lesing? si rolle i ungdomstrinnsatsinga Praktiske eksempel / erfaringar frå piloteringa Nettresurssar Kva er tilgjengeleg for kven Eksempel
DetaljerMetodiske verktøy ved kursleiing
Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for
DetaljerJon Fosse. For seint. Libretto
Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt
DetaljerÅ skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt
Å skrive brev Oppgåve 10 og I mål-oppgåve i kapittel 1 «Send ei helsing» Å skrive kort og brev Skrive stad, tid, opningshelsing og underskrift Skrive ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning Eg greier
DetaljerMobbeplan Harøy skule 2006/2007
Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg
DetaljerÅ byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014
Å byggja stillas rundt elevane si skriving Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014 Å byggja stillas i skriveopplæringa: 1. Emnebygging Innhald, emne, sjanger 2. Modellering Læraren modellerer korleis ho tenkjer
DetaljerHEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE
HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE Forord Alle foreldre ønskjer ei positiv utvikling for barna sine, og skulen er ein av dei viktigaste medspelarane til dette. Foreldrekonferansen
DetaljerUtvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3
Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) 08.12.2015 Elevundersøkinga Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Trivsel Trivst
DetaljerResultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017
Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir
DetaljerBergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012
Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon
DetaljerÅrsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015
Årsplan i norsk, 4. klasse, 2014-2015 TID KOMPETANSEMÅL Elevane skal kunne INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med ARBEIDSMÅTAR Aktuelle arbeidsmåtar i faget VURDERING Veke 34-52 Munnleg kommunikasjon
DetaljerTid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering
Farnes Skule Læreplan i: Norsk Trinn: 1. klasse Skuleåret: 2015/16 Årstimetal: 6, 5 t. pr. veke Læreverk: Salto,Gyldendal Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering August - september - Leike, improvisere
Detaljerfor leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll
for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at
DetaljerKjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.
DetaljerOverordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune
Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune Forord Dette er ein plan som skal vere forpliktande for alle barnehagane og grunnskulane i Luster kommune. Den skal sikre progresjon, heilskap
DetaljerRegel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt
Ordensreglar Sæbø skule. Gjeldande frå 31.03.2014 Reglane for skulen gjeld på skulen sitt område i heile opningstida til skulen: 07:30 16:30. Reglane gjeld og ved undervisning utanfor skulen sitt område.
DetaljerAlle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.
Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte
DetaljerEleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08
Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom
DetaljerLærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?
I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband
DetaljerBarnerettane i LOKALSAMFUNNET
Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING
DetaljerPå tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11
På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet
DetaljerKan vi hjelpe barna våre med matematikken? Foreldre tel!
Kan vi hjelpe barna våre med matematikken? Foreldre tel! Forord Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) ønskjer å vere med og styrkje realfaga. Vi ønskjer at elevane skal få større interesse for og kunnskap
DetaljerSPØRJESKJEMA FOR ELEVAR
SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig
DetaljerSkulebiblioteket eit pedagogisk verkty.
Handlingsplan for biblioteket ved Sylte skule, perioden 2009-2010 Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. 1. Biblioteket skal vere ein viktig aktør når det gjeld å stimulere elevane til leselyst, og vere
DetaljerÅ KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN
Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien
DetaljerResultat trivselsundersøkinga våren 2019
Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle
DetaljerDet æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking
Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg
DetaljerBARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS
BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg
Detaljer6-åringar på skuleveg
6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel
Detaljermlmtoo much medicine in Norwegian general practice
mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis
DetaljerHandlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR
MAL FOR HANDLINGSPLAN FOR GRUNNSKULANE I STORD 2011 Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR Teikn på om me har lukkast Tilbakemelding om grad av måloppnåing
DetaljerLIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt
DetaljerStrategiar i sidemålsundervisinga
Strategiar i sidemålsundervisinga Nye vegar til betre nynorsk Torstad ungddomsskole Asker kommune Torstad ungdomsskole og prosjektet Nye vegar til betre nynorsk Strategiar for auka motivasjon og meistring
Detaljer2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.
HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I
DetaljerNorsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.
Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret
DetaljerNasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk
Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev
DetaljerKan ein del. Kan mykje 2 3-4. Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.
Engelsk Kompetansemål: Når du er ferdig med denne perioden, skal du kunna: forstå hovedinnhold og detaljer i ulike typer muntlige tekster om forskjellige emner uttrykke seg med flyt og sammenheng tilpasset
DetaljerOm å høyre meir enn dei fleste
Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre
DetaljerMatpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse
Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling
DetaljerVekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke 20-21. Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.
Namn:.. Vekeplan 10. klasse Norsk: Eksamen / På nett For dei det gjeld: gjere ein god skriftleg eksamen. Mål: Hald ei god munnleg framføring med tanke på vurderingskriteria. Samf: Geografi: Australia/Oseania
DetaljerPedagogisk plattform
Pedagogisk plattform Visjon Fag og fellesskap i fokus Våre verdiar Ver modig Ver imøtekommande Ver truverdig Pedagogisk plattform Vi bygger på Læringsplakaten og konkretiserer denne på nokre sentrale område:
DetaljerRegnbogen Natur-og kulturbarnehage
Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane
DetaljerOlweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016
Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har
DetaljerUngdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa
Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar
DetaljerForeldrebrosjyre. til deg som har barn med dysleksi
Foreldrebrosjyre til deg som har barn med dysleksi Kva er dysleksi? Lesing er samansett av to komponentar: ordavkoding og forståing. I tillegg er motivasjon ein avgjerande faktor i leseprosessen. Lesing
DetaljerRådgjevarkonferanse 2009
Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget
DetaljerTENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL
TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i
DetaljerHalvårsplan, hausten 2011
Halvårsplan, hausten 2011 Skule Straumen skule Rektor e-post Inger Marie Tørresdal imt@tysver.kommune.no Prosjektansvarleg Grete Fjeldheim Vestbø e-post GFVestbo@tysver.kommune.no Skriv kort kva skulen
DetaljerRådgjevarkonferanse 2010
Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å
DetaljerSkal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.
Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.
DetaljerBrukarrettleiing. epolitiker
Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til
DetaljerFORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M
FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen
DetaljerVeljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?
Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Tekst: Olaug Nilssen, e-post: olaugnilssen@gmail.com Artikkelen ble først trykket i Morgenbladet 24.-30. august 2015 s.24 Når D, min son med autisme
DetaljerJobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn
Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert
DetaljerMe har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
DetaljerAlle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor
Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til
DetaljerSETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9
SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga
DetaljerÅ skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag
Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag FUB og FUG meiner at vennskap er det viktigaste verkemiddelet mot mobbing. At alle barn skal ha minst éin venn, er eit godt arbeidsmål
DetaljerJæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv
Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom
DetaljerNår sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge
KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)
DetaljerUtviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland
Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule
DetaljerPressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)
Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte
DetaljerOvergangsplan barnehage - skule i Stord kommune
Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta
DetaljerTIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre
Detaljer