Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)"

Transkript

1 Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser. Det er kjekt å sjå at dei også er saman med born i dei andre gruppene på SFO. Mange av gutane i 1 klasse likar seg godt i bingen i SFO tida. Her får dei verkeleg utfolda seg saman med både jamnaldrande og litt eldre barn. Det kan av og til bli litt «hett», men saman med vaksne finn dei ut av det. Dei fleste kjem styrka ut av ballbingen, med fleire reiskap til korleis dei skal opptre i desse samspill situasjonane. Altså: leik og læring på samme arena:-) Det er også nokre jenter som deltar i leik i bingen. Det er også mykje fin leik i «skogen» ved store plassen. Her leiker, både gutar og jenter, rolleleik og dei klatrar i trær, medan nokre berre finn seg ei fin plass kor dei sit og pratar. Syklane er også veldig populære i rolleleiken eller berre å sykle rundt med. Vi oppdaga fort på SFO at 3 syklar var litt lite til denne sykkelglade gjengen, så da har vi investert i nokre syklar til. Det vart jubel og glede!

2 Ei anna ting som nokre driv med i ute tida no er «landart». Dei finn ulike natur materialar som pinnar, blader og steinar og lager bilete av det. Sjølv om vi prøver å være mest mogleg ute nå når vi har så flott ver, er vi også inne av og til:-) Det er kjekt det også. Då speler vi spel, dei teiknar, dei klippar, dei byggjar, dei konstruerer osv. Denne månaden har nokon born laga nokre flotte spindelvev av garn, grillpinnar og isoporkular. Ei anna ting dei har hatt litt «dilla» på er å brette ark. Dei har laga nokre flotte bokmerker og andre figurer. I desse aktivitetane får dei blant anna øvd seg på matematiske begrep, dei samarbeider og ikkje minst det dei lagar kan brukast vidare i leiken som figurer.

3 Nokre grupper har også brukt gym salen. Då går dei i mindre grupper og har vaksenstyrt aktivitet i gym salen. Det likar borna! Gruppe 1(1 klasse) har også vore på tur i nærområdet, på leikeplassen på Nygårdshøgda. Det er spennande å leike på eit nytt området. Her var det fin leik både i skogen, på disser, i klatrestativ og nokre laga «bål» og hadde fin rolleleik rundt «bålet». Mange av borna i 3 og 4 klasse har leksetid rett etter skuletida. Etter leksetida har dei, til no, vore i sine grupper og for det meste valt aktivitetar sjølv. Sidan veret har vore fint den siste månaden ynskjer mange av borna å vere ute å leike frem til deg skal gå heim.

4 Dei borna som, i 3 og 4 klasse, som ikkje har leksetid har vore saman på ei anna gruppe. Dei har spisetid saman før dei har enten har hatt utetid eller leik inne. Mange av dei likar å konstruere/bygge ulike rekvisittar til leiken. «Laser» leik er veldig populært blant gutane, medan musikk og dans er populært hos jentene. Vi har også vore på ein minikonsert i gym salen. Erika, som driver musikksirkel gruppene, inviterte alle SFO borna som ikkje deltar på konsert. Dei viste oss kva dei hadde øvd på til no. Dei var kjempeflinke og alle vi som såg på koste oss med rytmar og musikk. Ellers så vil eg takke de som hadde moglegheit til å delta på foreldremøte 24 september. Kjekt at de kom:-) Til dei som ikkje kunne delta, vil eg seie at det er fint om de held dykk oppdatert på SFO fana på Brattholmen skule si heimeside. På foreldremøtet

5 gjekk vi igjennom blant anna årsplanen og anna informasjon som ligg her. Vi snakka også om gruppene og planer framover. Det er viktig å vite at SFO er eit fritidstilbod og at leiken står sentralt i SFO tida. Den siste tida har vi snakka med alle gruppene om kva dei er opptatt og kva dei ynskjer å fylle SFO tida med. Dei fleste seier då at LEIK med venner er viktig for dei. Vi vil sjølvsagt også framover legge til rette for fleire tilrettelagte aktiviteter for dei borna som ynskjer det. Ei anna ting som vi på SFO(og heile skulen...) har fokus på no er å avdekke mobbing. Vi er spesielt oppteken av born som går åleine og er aktive vaksne inn mot dei borna. Dersom ditt/dine born føler seg åleine i SFO tida er det fint om de snakkar med oss. Send gjerne ei e-post eller ring meg dersom ditt/dine born fortel om det heime. Kanskje vi ikkje har «snappa» det opp? Vi ynskjer alle ei fin oktober månad! Med vennleg helsing alle vaksne på SFO