Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag"

Transkript

1 Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag FUB og FUG meiner at vennskap er det viktigaste verkemiddelet mot mobbing. At alle barn skal ha minst éin venn, er eit godt arbeidsmål for alle vaksne som er i dagleg kontakt med barn og unge. Nedanfor følgjer innspel, tips og forslag til foreldremøte om temaet vennskap. Meininga er å gi barnehagen, skulen og foreldra idear som dei kan bruke slik det passar i den lokale samanhengen. Vi presenterer òg nokre situasjonar (casar) som kan vere gode utgangspunkt for diskusjon. Vi oppmodar alle om å lage eigne casar som kan vere aktuelle i kvardagen. Organisering Invitasjonen til foreldremøtet må vere innbydande og liggje føre på dei språka det er behov for. Foreldra må vere med i planlegginga og kan gjerne leie møtet. Ta ein ringjerunde for å forsikre dykk om at folk kjem, og tilby dykk gjerne å slå følgje. Det kan vere lurt å organisere barnepass det kan gjere det lettare for enkelte foreldre å komme. Prøv å få alle til å vere aktive under møtet. Det kan vere lurt å ha samtalar i små grupper, slik at alle kjem til orde, og så samanfatte i plenum eller skrive ei oppsummering for å få med alle innspela. Nokre barnehagar/skular har god erfaring med stasjonsundervisning. (Sjå eiga forklaring nedst i dette skrivet.) Plasser folk rundt bordet slik at ein ikkje nødvendigvis sit saman med dei ein kjenner frå før.

2 Noko av gruppearbeidet kan skje i språkgrupper. Det kan vere nødvendig med tolk på møtet. Hugs at det er lettare å komme på foreldremøte dersom ein har vore på kulturarrangement i barnehagen / på skulen tidlegare. Tenk òg på at foreldra synest det er ekstra hyggjeleg å komme når barna opptrer. Innhald Tema til drøfting og utdjuping: Ei variert barne-/elevgruppe som er prega av mangfald, er ein rikdom og gjer det spennande å vere saman. Vennskap kan knytast på tvers av ulikskapar. Mange barn treng hjelp til å meistre usemje og til å etablere vennskap med barn som er annleis enn dei sjølve. Her må dei vaksne vere trygge hjelparar og aktivt og målretta vise barna konstruktive måtar å samhandle på. Empatiske evner er heilt avgjerande både for å etablere vennskap og for å handtere konfliktar. Slike evner må barna kanskje øve opp. Hugs at vaksne er rollemodellar og rettleiarar. Barnehagen/skulen kan vise bilete eller fortelje om korleis dei i kvardagen legg til rette for å utvikle vennskap i barne- og ungdomsgruppa. Alle arrangement må vere prega av rausheit. Det vil seie at det må vere nok til alle, anten det er snakk om mat, tid, materiell eller vaksenkontakt. Felles gode opplevingar gir næring til vennskap. Døme på slike opplevingar kan vere overnattingsturar, trivselskveldar, felles måltid og teaterframsyningar. Problemstillingar i grupper: Case: Barn som leikar saman, blir lett venner. Tre barn i barnehagen leikar saman. Per spør om å få vere med, men blir avvist. Per blir sint, tek ei av leikene og spring. Førskulelæraren har sett at dei tre er djupt inne i ein leik. Problemstilling: Kva gjer førskulelæraren? Kva seier ho til foreldra når dei kjem for å hente Per? Kva seier ho til foreldra til dei andre? Case: Foreldra til ein gut på fem opplever at han er blitt slått, sparka og dytta i barnehagen sidan oppstarten for to år sidan. Foreldra oppfattar det som mobbing og har teke det opp med dei tilsette i barnehagen. Barnehagen meiner at det ikkje er snakk om mobbing, men har lova å ta tak i problemet. Foreldra opplever at mobbinga av sonen

3 deira går over, men ser at mobbeåtferda blir retta mot andre barn, og at guten deira er med på å mobbe andre. Foreldra meiner at barnehagen er med på å halde oppe ein mobbekultur, og dei ser at også dei andre foreldra vegrar seg mot å snakke om mobbing i barnehagen. Problemstilling: Kva skal foreldra gjere? Korleis kan dei få barnehagepersonalet til å sjå utfordringa og arbeide førebyggjande? Korleis kan dei nå fram til foreldregruppa med mobbebodskapen? Case: Lise går i 5. klasse og blir oppfatta som bråkete. Både læraren og dei andre elevane i klassen synest ofte at ho er plagsam. Ho slår og bruker stygge ord når ho blir sint, og ingen har lyst til å vere saman med henne. Fleire av foreldra til dei andre jentene seier til barna sine at dei ikkje får leike med Lise. Problemstilling: Bør skulen eller dei andre foreldra prøve å finne ut kvifor Lise er så bråkete? Kva kan læraren, elevane og foreldra gjere for å skape eit godt og inkluderande fellesskap der Lise òg kan føle at ho høyrer til? Kan nokre elevar og foreldre saman prøve å få Lise til å oppføre seg som ein venn, slik at dei andre vil vere saman med henne? Case: Ein gut i ungdomsskulen går mykje åleine. Han har andre interesser enn resten av gutane i klassen. På utviklingssamtalen tek foreldra det opp med kontaktlæraren. Kontaktlæraren seier at han ser at guten er einsam, men at han ikkje opplever at det er hans ansvar, sidan det går bra med guten fagleg. Mor blir sint og seier at det viktigaste for henne er at læraren bryr seg om sonen hennar. Det hjelper ikkje om guten er flink fagleg dersom han ikkje har venner og ikkje trivst. Problemstilling: Kva synest de om det læraren seier? Kva synest de om reaksjonen til mora? Kva kan foreldra og læraren gjere i fellesskap? Er det mogleg for skulen å sørgje for at alle har minst éin venn? Korleis skal dei i tilfelle gjere det? Samarbeid med helsetenesta: Mobbing er eit helseproblem òg. Førebyggjande psykososialt arbeid er ein viktig del av arbeidet i skulehelsetenesta. Helsesøster har ein annan ståstad enn foreldra og lærarane og kan foreslå tiltak og løysingar på grunnlag av kunnskapane og den faglege posisjonen ho har. Helsesøster kan delta på foreldremøte om vennskap og mobbing, anten med innlegg eller som samtalepartnar. Helsesøster har teieplikt, men ho kan ta utgangspunkt i alle

4 samtalane ho har hatt med enkeltelevar, generalisere informasjonen og bidra med nyttige innspel til korleis vaksne kan vere med på å skape vennskap blant barn. Diskuter korleis de som vaksne kan leggje til rette for fellesskap: Foreldra kan bidra til å skape eit godt fellesskap mellom barna. Korleis fellesskapet mellom dei vaksne er, har òg mykje å seie for barnas miljø på avdelinga / i klassen. Bursdagsinvitasjonar. Bli einige om korleis de gjer det, slik at ingen blir ekskluderte. Korleis kan de sørgje for at ingen blir haldne utanfor når det er bursdagsselskap? Er det råd å låne lokale i barnehagen / på skulen dersom ein ikkje har plass heime? Skulevegen. Kan de lage gågrupper til barnehagen/skulen, slik at alle barna har nokon å gå saman med? Kan nokon vaksne følgje dei? Nye barn. Kva rutinar har barnehagen/skulen for å inkludere nye barn som kjem inn i barnehageavdelinga/klassen? Bli kjent-grupper. Del barnehageavdelinga/klassen i familiegrupper/vennegrupper som møtest heime hos kvarandre eller i barnehagen / på skulen og gjennomfører ein felles aktivitet. Dei andre foreldra hentar barna til avtalt tid og kan då gjerne bli inviterte inn. Det gir dei vaksne høve til å snakke litt saman, og foreldra får sjå kva ungane deira har gjort. Foreldre som rollemodellar. Foreldre som har barn med mange venner, må oppmuntre sine eigne barn til å inkludere andre og sjølve bidra til at barn utan venner blir inkluderte. Barn med behov for ekstra hjelp og støtte. Barn/elevar med særskilde behov kan ha ein assistent/støttekontakt/nabo/venn som bidreg på arrangement. Samvær og leik. Når barna har lært ein ny leik (til dømes ringleikar og boksen går ) i barnehagen eller på skulen, må dei oppmuntrast til å leike leiken heime saman med foreldre og andre. Dei vaksne må sørgje for at ingen står igjen eller alltid blir vald sist når det skal dannast lag. Bruk gjerne teljemetoden for å dele opp i lag/parti, til dømes alle einarane i den eine gruppa og alle toarane i den andre. Mange barnehagar/skular har god erfaring med leike-/aktivitetsleiarar (sjå eiga forklaring nedst i dette skrivet). Rollespel og dramatiseringar til dømes om vennskap. Avklaring av innbyrdes forventingar. Kva slags forventingar har foreldra til kvarandre når det gjeld korleis dei skal møte og snakke med kvarandre om barna? Er det akseptabelt at foreldra tek kontakt med kvarandre dersom dei ser at enkeltbarn blir ekskluderte og/eller mobba? Lag avtalar om korleis ein skal ta kontakt i slike tilfelle. Det er enklare å ta kontakt når det ligg ein felles avtale til grunn.

5 Fellesarrangement for heile avdelinga/klassen. Del alle barna/elevane og foreldra inn i fire grupper. Kvar gruppe har ansvar for kvar sitt arrangement i løpet av året: haust, jul, vår og sommar ( klasseklubb ). Prøv å leggje opp til arrangement som ikkje kostar så mykje. Eit døme kan vere sykkelkurs i 4. klasse dei som ikkje har eigen sykkel, får låne sykkel på skulen. Elevane får ta sykkelprøven, og etterpå blir det felles kveldsmat på skulen. Andre forslag kan vere tur i skogen med grilling, overnatting eller sporleik, quizkveld, peparkakebaking, juleverkstad, karneval, aketur og skøytetur. Ei øving som kan brukast både i klassen og på foreldremøte, er at alle får eit ark som dei krøllar så hardt dei kan. Bodskapen er at arket viser arra eit barn får dersom det blir halde utanfor eller blir mobba av medelevar. Rett ut arket. Prøv å glatte det ut, slik at alle spora forsvinn. Er det mogleg? Går det an å fjerne alle spor av mobbing hos enkeltbarn/-elevar? Hugs at det er svært viktig med positive fellesopplevingar for barna på avdelinga / i klassen. Når barn får dele gode fellesopplevingar, får dei òg ei felles referanseramme å byggje samtale, leik og vennskap på. Oppfølging Dersom møtet har vore godt, vil det gi foreldra lyst til å delta på neste møte. Nokre barnehagar og skular har god erfaring med at enkelte foreldre ringjer til dei som ikkje deltok på møtet, gir ei kort oppsummering, seier at dei som ikkje var der, var sakna, og tilbyr seg å slå følgje neste gong. Det ein blei einig om på møtet, må haldast framme i bevisstheita, slik at foreldra lett tek kontakt med kvarandre. Det har mykje å seie at foreldre bryr seg om andre barn og inkluderer dei i sin eigen kvardag. På den måten kan ein bidra til å skape vennskap. Det kan ein gjere ved å helse på dei andre barna, slå av ein prat, snakke positivt om dei andre barna og inviterer andre barn med heim. Unicef har utarbeidd eit foreldrehefte som heiter DU er viktigere enn du tror, også for andres barn, og ei rettleiing til dette heftet for dei som jobbar i barnehagar og skular. Materiellet er gratis. Les meir på Forklaringar: - Stasjonsundervisning: Dette er ein måte å organisere undervisninga på. Elevane jobbar i faste grupper og går frå stasjon til stasjon. På eit bestemt signal skiftar dei stasjon. Alle stasjonane handlar om det same temaet, men arbeidsforma og oppgåvene er ulike. Vanlegvis er læraren på ein av stasjonane. Det går òg an å organisere foreldremøte på

6 denne måten. På éin stasjon kan helsesøster snakke med foreldregruppa, på ein annan kan læraren presentere korleis klassen jobbar med vennskap, på andre kan det vere problemstillingar som gruppa skal diskutere. Ofte er det lettare å komme til orde når ein jobbar i små grupper. - Leike-/aktivitetsleiar: Mange skular organiserer leikar i friminutta for å skape vennskap og hindre konfliktar og mobbing. Det er òg utvikla eit eige trivselsprogram som utdannar trivselsleiarar i å organisere aktivitetar. Det føreset medlemskap i trivselsprogrammet. Sjå òg og FUG har mellom anna eit hefte om foreldremøte som kan lastast ned.

Å skape vennskap Foreldremøter for barnehage og skole tips og forslag

Å skape vennskap Foreldremøter for barnehage og skole tips og forslag Å skape vennskap Foreldremøter for barnehage og skole tips og forslag FUB og FUG mener at vennskap er det viktigste virkemiddel mot mobbing. At alle har minst en venn, er et godt arbeidsmål for alle voksne

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet. Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Heilt einig. Litt einig

Heilt einig. Litt einig Trivsel Korkje eller u u u Barnet mitt trivst på skolen Barnet mitt har medelevar å være saman med i friminutta https://elfu.udir.no/administrasjon/order/preview.aspx?acid=1003&sid=364&bid=124660&did=1933&roleid=57&ugid=861002&qid=0&aid=0&lid=1&demo

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn Framleis rom for lesing heime Leseutviklinga held fram Dei første skuleåra lærte barnet ditt å lese. Men lesedugleik er ikkje noko som blir utvikla

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017 Spørjeskjema for elevar 5.-10. klasse, vår 2017 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går

Detaljer

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) 08.12.2015 Elevundersøkinga Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Trivsel Trivst

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan? Introduksjon av økta Bildet: Klokka er 21.00, kva hender, kven er på bildet og kva er bra? Gruppe: Kva tenkte dei klokka 15.00? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Det er blitt seint og korleis kan

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Svarprosent: 89% - der det er ungdomsskulen som "trekkjer ned". Småskuletrinn og mellomtrinn har 100% svarprosent. Korleis trivst du på skulen Svært godt Mykje

Detaljer

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE Forord Alle foreldre ønskjer ei positiv utvikling for barna sine, og skulen er ein av dei viktigaste medspelarane til dette. Foreldrekonferansen

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724. Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

Velkommen til DUGNAD!

Velkommen til DUGNAD! Velkommen til DUGNAD! Tverrfagleg samarbeid påp rusområdet mellom Sandøy y kommmune og Rusbehandling Midt-Norge Arbeidsseminar 4 ungdomskultur og oppvekstmiljø Seminaret set lys påp samanhengen mellom

Detaljer

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald,

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd Øystese barneskule Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd Definisjonar: -Mobbing -Åtferdsproblem Kva gjer me? - Tiltak - Mal for tiltaksplan 2011-15-03 1 MOBBING Definisjon: Same elev/elevar

Detaljer

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar. ORDENSREGLAR FOR TJØDNALIO SKULE: Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø er blitt styrka gjennom opplæringslova 9a.I opplæringslova 2-9 er konsekvensar for dei som bryt reglane blitt

Detaljer

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane Volda Bratteberg skule Dialog heim - skule Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane Hovudmål God kommunikasjon mellom

Detaljer

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule, målet med denne planen: - Sørge for oppfylling av hensikt i Opplæringslova kap 9, at elevane på

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. HELLAND SKULE Plan for trivsel ved Helland skule VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule. Godkjent av SU 30.11.11 1 Innhald. Side

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Barnevernsfaglege vurderingar Fylkesmannen sine erfaringar Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Heimel Dokumentasjonskrav 1. Barnevernlova og forvaltningslova Formål 1. Arbeidsverktøy for dei

Detaljer

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Trudvang skule og fysisk aktivitet Trudvang skule og fysisk aktivitet Eit heilskapleg system for dagleg FysAk for alle i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv gjennomført av kompetent personale Bjarte Ramstad rektor Trudvang skule 1

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel. Velkommen til Ulveset SFO SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod, og er ein del av skulen si verksemd. Skule og SFO har eit tett samarbeid og bidrar til eit heildags tilbod for dei yngste barna

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016. www.hivolda.no/glu INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET 2015 2016 www.hivolda.no/glu 1 2 Innhald Tid til studiar og undervising... 4 Frammøte... 4 Arbeidskrav, eksamen og progresjon

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul 2014 2015 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE

PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE PLAN MOT MOBBING FOR NYMANNSBRÅTET BARNEHAGE 2016-2019 FORMÅL MED PLANEN: Me i Nymannsbråtet barnehage ynskjer å sikra at alle barna i barnehagen skal oppleva ein kvardag fylt med leik, gode opplevinger,

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING PLAN FOR KOMPETANSEHEVING Harøy barnehage, 2014-2020 «En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives

Detaljer

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Leikande, glade barn og natur hand i hand Leikande, glade barn og natur hand i hand Året 2013-2014 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2013-2014 3 Eventyr 4 Dino /Duå ut til alle 5 Førskulegruppa 6 Vurdering 7 Planleggingsdagar

Detaljer

8 tema for godt samspel

8 tema for godt samspel PROGRAM FOR FORELDRERETTLEIING BUF00032 8 tema for godt samspel Samtalehefte for foreldre og andre vaksne PROGRAM FOR foreldrerettleiing Dette heftet inngår i ein serie av materiell knytta til foreldrerettleiings

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Elevrådet sitt idéhefte mot mobbing UNGDOMSTRINNET. Senter for atferdsforskning 2012

Elevrådet sitt idéhefte mot mobbing UNGDOMSTRINNET. Senter for atferdsforskning 2012 UiS_handlingsplan_ungdom_nynorsk_Layout 1 05.07.12 10.31 Side 1 Elevrådet sitt idéhefte mot mobbing UNGDOMSTRINNET. Senter for atferdsforskning 2012 1 Nynorsk UiS_handlingsplan_ungdom_nynorsk_Layout 1

Detaljer

Engasjement og rekruttering

Engasjement og rekruttering Engasjement og rekruttering Det er eit viktig mål for ungdomslaga å gje god opplæring i demokratiske prosessar og å dyrke fram medlemer som engasjerer seg i lokalsamfunnet og storsamfunnet. Sameleis er

Detaljer

Dobbelt så mange moglegheiter

Dobbelt så mange moglegheiter Til: Skolefagleg ansvarleg i kommunane i Møre og Romsdal Skolar med elevar på 10. trinn i Møre og Romsdal (til rektor, kontaktlærarar på 10. trinn og rådgivarar) Invitasjon og påmelding til karrieredagane

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer