Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015"

Transkript

1 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida mot å nå desse måla. Kommunikasjon, språk og tekst tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Å samtale om opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for å utvikle eit rikt språk. Varierte tekstar gir rike erfaringar og er avgjerande for å forstå omgrep (Rammeplanen,2011). Ved å arbeida med prosjektet «dyr, insekt og naturen om hausten og vinteren» har me brukt mykje tid til å samtala kring tema og opplevingar me har hatt på tur. Barna har fått reflektere og undre seg i fellesskap i samlingsstundene og saman med vaksne i her- og- no- situasjonar. Me har brukt ulike tekstar som handlar om dyr og insekt, til dømes rim, song, forteljingar og eventyr. Desse har me repetert over fleire samlingsstunder slik at barna har fått høve til å lære dei og samtale kring innhaldet. På turar har me brukt mykje tid på å reflektere saman med barna og leite etter insekt og dyr og gøymestadane deira. Barna har studert insekt og lært namnet på dei. På barna sine premisser og deira interesser har me utvida temaet og inkludert dyr og insekt barna har vist interesse for. For å gjere barna nyfikne og interessert, har me blant anna brukt kort med bilete av ulike dyr og insekt og gøymestadane deira. Barna har fått lov å trekkje kort etter tur. Me har brukt ulike ellingar som «elle melle», «ein gul knapp» og «okkar gokkar» for å velje kven som skulle få trekkje. Me har og sett på bilete av insekt i bøker og brukt figurar til å visualisere eventyr. Kropp, rørsle og helse Barn er kroppslege og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll (Rammeplanen, 2011). I haust har me på grøn gruppe hatt fast turdag kvar torsdag. Me har brukt turdagen godt og vore på tur uansett ver og føre. Turane har vore varierte. Me har vore på ulike plassar og lagt

2 opp til ulike aktivitetar og opplevingar. For at barna skal få gode opplevingar med å gå og vere på tur, har me tilpassa lengda på turen etter veret og temperaturen. Når me er på tur står fysisk aktivitet i fokus og me oppsøker variert terreng slik at barna kan få erfaring med å bevege seg på ulikt underlag. Barna vert oppmoda til å prøve å klatre, rysje og snike seg mellom kvistar og andre hindringar i terrenget. Barnehagen har fine turområder i nærleiken, slik at det er mogleg for oss å komma ut i skogen eller på leikeplassen utan å gå noko særleg på asfalt langs bilveg. Barna kjem gjerne med ynskjer om kor dei vil gå og me tek omsyn til dette når me planlegg turar. Kunst, kultur og kreativitet Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høver til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Barnehagen skal bidra til at barna utviklar elementær kunnskap om verkemiddel, teknikk og form for å uttrykkje seg estetisk visuelt, musikk, song, dans og drama (Rammeplanen, 2011). Når me har gruppetid inne, har me ofte forming. Her får barne utforske og erfare ulike teknikkar og materiell, til dømes maling med pensel, svamp, hender og føter. Elles har barna gjort finmotoriske øvingar som perling, klipping, liming, teikning og pusling. Dette er aktivitetar som me tilpassar kvart einskild barn sine ferdigheitar og interesser. Som ein del av prosjektet «dyr, insekt og naturen om hausten og vinteren» har barna brukt ulike teknikkar og materiale til å skapa ulik tekstur på kunsten dei har laga. Når me har drama, kler barna seg ut og malar seg i andletet. Mykje god dramaleik og liksomleik er å observere desse dagane. Nokre gongar får barna velje heilt sjølv kva dei vil sminke/ kle seg ut som og nokre gongar har me fastsatt tema, til dømes dyra i eit eventyr me har lese.

3 Barna får ofte moglegheit til å bevege seg etter musikk. Me høyrer på variert musikk som til dømes populær popmusikk, barnesongar og rolegare songar. Slik får dei erfare ulike rytmar og rørsler. Natur, miljø og teknikk Dette fagområdet skal bidra til at barna vert kjende med og får forståing for plantar, dyr, landskap, årstider og ver. Barna skal få ei gryande forståing for kor viktig ei berekraftig utvikling er. I dette inngår kjærleik til naturen og forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen (Rammeplanen, 2011). Gjennom prosjektet «dyr, innsekt og naturen om hausten og vinteren» har barna fått utforska naturen og dyrelivet gjennom heile hausten og vinteren. Barna har sett på endringar som har skjedd i naturen og undra seg over kvifor det er slik. I samlingane og ute på tur har barna fått erfare og forstå kvifor og korleis me skal ta vare på naturen og dyrelivet. Korleis me handsamar insekt og naturen kring oss på gode måtar ved å til dømes ikkje kasta boss i naturen er døme på dette. I samlingane har me sett bilete av og snakka om korleis naturen endrar seg om hausten og vinteren og kva som er typisk for dei ulike årstidene, til dømes hausting av frukt, at blada endrar farge og at vatnet i sølepyttane frys til is. Me har og hatt fokus på veret. I samlingane syng me alltid ein song som handlar om veret. Her syng me kva ver det er i dag og etterpå snakkar me om kva det er lurt å ha på seg i det aktuelle veret. Slik får barna kjennskap til ulike typar ver og lærer å kle seg etter veret.

4 Etikk, religion og filosofi Barnehagen skal bidra til at barna skal tileigna seg grunnleggjande samfunnsnormer og verdiar. Barna skal verta kjende med kristne og humanistiske verdiar og tradisjonar og tradisjonar knyta til religionar og livssyn som er representerte i barnegruppa (Rammeplanen, 2011). Gjennom heile hausten har me hatt fokus på vennskap og korleis ein er ein god venn. Me har snakka litt om dette i samlingane men mest har me arbeida med dette i leikesituasjonar og situasjonar elles i kvardagen. Me snakkar om at me skal vere med andre slik me vil dei skal vere mot oss sjølve. Barna er med å reflektere og finne fram til løysingar som er gode når dei er i konfliktsituasjonar. Me har fokus på empati, det å kunne setje seg inn i andre sin situasjon: «ser du han vart lei seg no? Kvifor det trur du? Kva er lurt å gjere no?». Fram mot jul har me snakka om kvifor me feirar jul og at ikkje alle feirar jul. Barna har undra seg over at ulike familiar feirar julehøgtida på ulike måtar og at dette har samanheng med at dei har ei anna tru og kjem gjerne frå andre plassar i verda. Me har ikkje gått inn på djupe samtalar kring ulike religionar då barna har vore nøgde med å komma fram til at det er opp til kvar og ein familie korleis ein feirar jul. Nærmiljø og samfunn Det at barna får påverke det indre livet i barnehagen, kan vere det første steget for å få innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn. Personalet skal vise interesse for alt lokalmiljøet har å by på. barnehagen skal arbeida for likestilling (Rammeplanen, 2011). Når me planlegg aktivitetar i gruppa, tek me alltid omsyn til barna sine ynskjer og interesser. Døme på dette er at barna får vere med å bestemme kor me skal gå på tur og kva me skal arbeide med i forminga. Når me har prosjektarbeid får barna bestemme kor vegen skal gå vidare, til dømes fekk barna bestemme kva slags dyr og insekt me skulle fokusere på i prosjektet om dyr, insekt og naturen. Når me har samling, får alle barna lov å seie det dei meiner. Me øver på å vente på tur og lytte til dei andre barna. Av og til tek me ein runde der alle barna får ordet kvar sin gong. Her lærer barna at alle sine meiningar er viktige og at alle har lov å seie meininga si. Det er ikkje lov å le av det dei andre seier men barna skal lytte og respektere det som vert sagt.

5 Me har brukt nærmiljøet mykje og vitja ulike leikeplassar i nærleiken av barna sine hus og skogen som ligg i nærleiken av barnehagen. Tal, rom og form Barn er tidleg opptekne av tal og teljing og gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna matematisk kompetanse (Rammeplanen, 2011). Me startar alltid samlingsstundene med å telja kor mange barn det er tilstade. Me tel på norsk, engelsk og av og til tysk. Av og til tel me kor mange gutar, jenter og vaksne det er tilstade. Me syng songar som handlar om teljing der me viser med fingrane kor mange det er. Av og til i gruppetida har me butikkleik. Då får barna ekte leikepengar og må telje opp etter kva vara som dei vil kjøpa kostar. Då snakkar me mykje om tal og kva som er dyrt og billig i verkelegheita. Her får barna øving i teljing og i å sjå kor mykje dei kan kjøpa for pengane. Når barna klipper ut bitar frå blader og limer det på ark, får dei erfaring med at ein må leggje bitane på spesielle måtar for å få plass til alle. Her får barna øvd opp evna til å ordne og leggje saman bitar for å få ein heilskap. Når barna perlar får dei erfaring med mønster fargekombinasjonar, noko som er viktig for den matematiske forståinga. Dette har me gjort mykje av på grøn gruppe i haust. Bente Olderkjær, pedagogisk leiar på grøn gruppe.

6