Dei gode forteljingane

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Dei gode forteljingane"

Transkript

1 Utarbeidet av Småfolk barnehage, Etne PROSJEKTTITTEL «Dei gode forteljingane» FORANKRING I RAMMEPLANEN 2.5 Språkleg kompetanse Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språkutvikling. Samhandling gjennom kroppsspråk og leik med lydar er vesentleg del av måten det vesle barnet nærmar seg andre menneske på. At vaksne oppfattar og stadfestar uttrykket til barnet og samstundes set ord på inntrykka og opplevingane, er avgjerande for korleis talespråket utviklar seg vidare. Språket er personleg og identitetsdannande og nært knytt til kjensler. Barnehagen må sørgje for at alle barm får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Alle barn må få eit rikt og variert språkmiljø i barnehagen (Rammeplanen s. 29). 3.3 Kunst, kultur og kreativitet Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til å sjølve uttrykke seg estetisk. Å vera saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhøyrsle. Barn skapar sin eigen kultur utifrå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (s. 36). BARNEHAGENS GENERELLE HALDNING TIL ARBEID MED KUNST OG KULTUR Kunst og kultur har vore eit av Småfolk barnehage sine satsingsområder sidan Me valde å setja noko me allereie arbeida mykje med i eit system. Me endra også visjonen vår til: Barnehagen med dei gode forteljingane. Dette for at me synest at forteljing og kulturformidling er svært viktig, og at kunst og kultur heng svært tett i saman. Me meinar at gode forteljingar er både kunst og kultur; ein kan formidle mykje gjennom eit maleri og andre kunstformer. Forteljing, og spesielt eventyr, har vore ein del av den norske kulturarven i lang tid. Me i Småfolk meinar at det er dei vaksne sitt ansvar at dette blir teke vare på, slik at det kan leve vidare i mange generasjonar. Samstundes er det viktig å skape nye forteljingar i saman med borna. Me synest også det er viktig å ha fokus på kulturar frå andre land, då me har fleire minoritetsspråklege i barnehagen. Difor har me alltid fokus på dei ulike kulturane me til ei kvar tid har representert i barnehagen. Samefolkets dag markerar me også. I det daglege har me fokus både på vaksenrolla i kunst- og kulturformidling, men også at romma har en funksjon for å styrke formidlinga. Romma skal vera den 3.pedagog. Me har blant anna ein eventyrskog med samlingskrok, leikekrok og lesekrok. Her skal det vera rom for både å skape forteljing og kultur gjennom den frie leiken, samt at den vaksne kan formidle den gjennom bøker. Me har eit eige formingsrom som skal inspirera borna til kunstnarisk utfalding. Rommet blir 1

2 brukt etter barna sitt eige initiativ, og sjølvsagt i tilrettelagte aktivitetar. Barna i Småfolk skal få oppleve gode forteljingar gjennom eventyr, bøker og spontan samtale/forteljing mellom barn og vaksne. Forteljingar skal bli til gjennom opplevingar, og me oppmuntrar barn til å fortelje ting dei har opplevd, og ting frå deira eigen frie fantasi. Sidan me har mange minoritetsspråklege barn i Småfolk var og tanken bak dette prosjektet at dei skulle få tileigne seg det norske språket på ein god måte. Det å lære norsk gjennom kunst og gjennom eventyr ser me på som svært verdifullt og effektfullt. MÅLSETTING MED PROSJEKTET Hovudmål: Barna skal styrke sin språklege kompetanse gjennom bøker Delmål: 1 åringane: Ei veke kvar månad har me «Kunst og kulturveke», der me arbeidar på tvers av alle gruppene i barnehagen. Alle arbeidar med det same prosjektet, men som blir tilpassa dei ulike aldersgruppene. Vaksne frå kvar gruppe sit i ein komité som planlegg og delegerer innhaldet. Desse vekene nyttar me ressursar både innanfor og utanfor barnehagen. BAKGRUNN FOR PROSJEKTET Barnehagen starta opp med dette prosjektet på bakgrunn av visjonen vår som er Barnehagen med dei gode forteljingane. Visjonen vår blei til ved at me ynskte å ha fokus på kor viktig forteljing er for barna. Forteljing er viktig for den språklege utviklinga, for den sosiale kompetansen og gir både trivnad og glede. 2 åringane: 3 åringane: Barna skal kjenne att dyr og dyrelydar gjennom bruk av bøker. Barna skal kjenne att dyr og dyrelydar gjennom bruk av konkreter i samlingsstunda. Barna skal kunne namna på dei ulike dyra gjennom bruk av bøker. Barna skal kunne namna på dei ulike dyra gjennom bruk av konkreter i samlingsstunda. Barna skal kunne stavinga i namnet sitt, ved å klappe medan namnet blir uttala. Gjennom bøker skal barna kunne binde saman ordlydane; pa-pe-pi-po-pu-på 2

3 4 og 5 åringane: Gjennom lesing av bøker skal barna få kjennskap til preposisjonar (over, under, ved sida, bak, framfor) Gjennom bøker skal barna bli introdusert for motsetningar (storliten, opp-ned, høgre-venstre, kaldvarm, hard-mjuk). Førskulebarna: Me brukar ein skriven tekst kvar dag. Me samtalar om den ulike teksten. PROSJEKTBESKRIVELSE Alle gruppene har laga eigne bokkassar som har vore eit viktig verktøy i dette arbeidet. Bokkassane har både kunst og kultur som verktøy for formidling og for måloppnåing. I tillegg til høgtlesing er frileiken og turar viktige arbeidsmåtar for å fremje barn sin språklege kompetanse. Her skjer det mange gode og viktige samtalar barna imellom, samstundes som det er viktig at den vaksne er medviten på å vera eit godt støttande stilas i desse situasjonane. Med det meinar vi at dei vaksne skal stø barnet i dei språklege situasjonane ved å gå føre som gode eksempel og legge til rette for eit godt språkmiljø ved å bruke språket aktivt med konkreter. Fagleg grunngjeving av prosjektet: Vi må ikke være fornøyd med å plukke opp de med åpenbare språkproblemer. Vi må tilby et helhetlig og stimulerene læringsmiljø til alle, også før de har språk. Gjør vi det vil vi se færre barn komme ut på problemsiden. Nettopp fordi de fikk hjelp i tide. (Spesialpedagog og føredragshaldar, Heidi Aabrekk). Dette har vore eit utgangspunkt for Småfolk barnehage. Me ynskjer å legge til rette for eit godt språkmiljø for alle, ifrå dei heilt yngste til dei eldste, for dei minoritetsspråklege og for dei som generelt treng å styrke sin språklege kompetanse. Her har dei vaksne i barnehagen ei sentra rolle. Det handlar om å legge til rette for eit godt språkmiljø, og gå føre som gode eksempel. Dette har me gjort i Småfolk ved at ein har hatt samlingsstunder med høgtlesing og lagt til rette for høgtlesing i dei meir uformelle stundene i barnehagen. Førskulegruppa fokuserer på skrivne tekstar, og samtalar om kva desse tekstane handlar om. Ved turar er det viktig at den vaksne set ord på det ein ser på turen, spesielt med tanke på dei minoritetsspråklege barna. Dei lærer fyrst at eit tre er eit tre, når me peikar på treet og seier ordet tre. Barn som har språklege utfordringar vil og styrke språket sitt ved at den vaksne gjentar ord som barnet seier. Ein gjer det altså ikkje ved å rette på barnet og peike på at ordet blir uttala feil, men at ein gjentar det barnet har sagt, med rette ord. Dette gjeld også for dei yngste barna. Peik på gjenstandar og sei orda seint, klart og tydeleg. Learning by doing er det sentrale i dette prosjektet. Gjennom å uttrykke seg estetisk gjennom for eksempel maling, så er det mange 3

4 ting ein set ord på som er med på å styrke den språklege kompetansen. Det same med bokkassane som har konkreter i tillegg til bøker. Barna får høve til å vera med og leike forteljingane ifrå boka, og er dermed meir aktiv og på den måten meir mottakeleg for læring. Dei små er vidåpne for alle inntrykk. Her har vi et utrolig ansvar i forhold til å bli bevisste på hva vi presenterer for barna og hvordan vi prater med dem. De får med seg mer enn vi tror. Da er det opp til oss å være bevisst på hva vi putter inn. Det er ikke vanskeligere for de minste barna å lære å si fugl eller skjære og kråke enn å si pip-pip. Dette er me svært medvitne på hjå dei yngste. Sauen heiter ikkje Bæ, den heiter sau og den seier bæ. Me vaksne gjer ting på ein måte me trur er enklare for barna. Det medfører eigentleg at ein brukar lengre tid på å lære barna å sei noko, og nokre tilfelle må ein avlære ting dei allereie har lært, for så å lære noko nytt. I tillegg til at me som vaksne aktivt brukar språket vårt i arbeidet med barna, er det like viktig at me er aktive lyttarar. Når barna kjem til oss med forteljingar er det viktig at me som vaksne er engasjerte og lydhøyre i det barnet har å fortelje. Gi av tida di, la barna få bruke god tid til formidling og du vil få sjå effekt av god språkutvikling. Det at vaksne tileignar seg god forteljarkunnskap, og brukar dette aktivt i arbeidet med barna, kan vidare lære barna god leikekompetanse. Dette kan hjelpe barna seinare i lese og skrivetileigninga og det å sortera kunnskap. Dette viser kor viktig det er at dei vaksne er medviten sin kunnskap, og brukar den rett i arbeidet med barna. Vårt arbeid i barnehagen vil få konsekvens for barnet si utvikling seinare i livet. Difor har me også hatt fokus på kompetanseheving innan forteljing her i Småfolk. Me har i forkant av prosjektet hatt to kurskveldar med Maritha Nilssen som har kunnskap innan forteljing. Ho formidla kor viktig det er med forteljing, lærte oss forteljarteknikkar og tips til samlingsstunder. Som eit ledd i prosjektarbeidet har dei tilsette vore på kurs med Trude Anette Brendeland, der fokuset var inspirasjon til språk, leik og samvær på ein kreativ måte med dei yngste i barnehagen. Forteljarteknikkar ein bør bruke med barn er å snakke litt seinare enn vanleg. Ha augekontakt med barnet, og at den vaksne er forteljinga. Og at ein brukar kroppen sin i formidlinga. Vi nyttar gestikulering og Tegn til tale. GJENNOMFØRING AV PROSJEKTET Arbeidsmetode: Innhenting av informasjon, prosjektmøter og informasjon på personalmøter hjalp oss til å halde fokus på målet, samt at det var eit verktøy viss det var naudsynt å endre arbeidsmetode for å nå målet. For at me skulle nå målet vårt hadde me fokus på det me gjorde som var bra, og kva me kunne gjera enda betre. Me brukte LØFT sin skala metode : alle vurderte målet frå 1-10 alle skulle sei noko om kvifor målet ikkje var på ein lågare skala, dvs. fokus på kva me allereie gjor som var bra. Alle skulle skrive kor på skalaen dei ynskte å vera, og kva ein gjor då når ein kom høgare opp på skalaen. 4

5 Me hadde fokus på desse spørsmåla: Kva kloke grep har me sett i gong, og kvifor har det vist seg å vera lurt? Kva har du sjølv bidrege med? Er det noko anna de tenker på? Alle hadde fokus på konkrete, små, viktige og realistiske forslag på vegen mot målet. Verktøy me blant anna brukte i dette prosjektarbeidet var: Ein tekst som barna sjølv kunne kjenne seg igjen i Humor Oppi desse kassane hadde me: Ei bok Konkreter som passa til boka Songar og aktivitetar som passa til boka og konkretene Bokkassar: Kassar me har er blant anna: Påls bleie : den er tenkt for dei yngste og tek føre seg situasjonar som dei små kan kjenne seg igjen i. Desse laga personalet sjølv. Me laga 16 bokkassar som var tilpassa dei ulike aldersgruppene og me hadde ein pedagogisk tankegang kring bøkene me valde: Enkle og lærerike for minoritetsspråklege barn Ein tekst tilpassa delmåla i prosjektarbeidet Henrik And : ein bokkasse for dei eldste. Den handlar om Henrik And som kunne tenkt seg å vore ein annan med andre eigenskapar. Men kom til slutt fram til at det beste er faktisk å vera seg sjølv. Snakkepakken: Snakkepakken er eit pedagogisk verktøy som skapar motivasjon og lystbetont bruk av språket. Det blei laga med tanke på dei 5

6 minoritetsspråklege, men passar likevel til alle barn frå 2-9 år, uansett språkstyrke og morsmål. Ordbok: Sidan me har fleire minoritetsspråklege valde me å laga eigne ordbøker. Desse bøkene tek føre seg dei mest kvardagslege orda me tar i bruk, som for eksempel eple, do, vaske hender, dukke, etc. Me har ordbøker på polsk og på litauisk. Den har ein ring i enden, slik at dei vaksne kan henge den i belte og heile tida ha den tilgjengeleg. Me brukte og informasjonsinnhenting som ein metode. To assistentar intervjua og observerte vaksne og barn; ein gong haust og ein gong vår. På den måten kunne me sjå om me var på rett veg mot målet, og me kunne gjera naudsynte justeringar undervegs. Ei stadfesting på at forteljing er viktig for borna kom frå ei jente på fire år: Meir medviten på korleis me ordlegg oss til barna, for å fremje deira språklege kompetanse. Meir medvitne på korleis me legg til rette for gode aktivitetar som igjen legg til rette for gode språksituasjonar. Tar i bruk verktøy som me veit er bra for den språklege utviklinga. Lagar verktøy sjølv som me tilpassar det me held på med, og den aldersgruppa me har ansvar for. Dette prosjektarbeidet synest me har gjort gode endringar, og har eit såpass viktig fokusområde, at me ynskjer å flette det inn i det pedagogiske arbeidet vårt vidare. Det kjem stadig nye barn til barnehagen, og når me har kriterier knytta til dei ulike aldersgruppene, vil me få ein god progresjon vidare. Difor vil me arbeide kontinuerleg og strukturert vidare for at alle skal få styrke sin språklege kompetanse gjennom bøker. Det er så kjekt når dei vaksne fortel i barnehagen. Det er så kjekt som det høgaste talet som finst! Heilt opp til 10 talet!! EVALUERING AV PROSJEKTET Gjennom observasjonar og samtalar med barna har me sett at me har oppnådd dei delmåla me har sett oss for dei ulike aldersgruppene, og kan difor sei at me har nådd målet vårt med å styrke den språklege kompetansen hjå borna. Me har blitt gode på: Meir medvitne på kor viktig det er med bøker og forteljing for å styrke det språklege arbeidet hjå borna. 6

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Leikande, glade barn og natur hand i hand Leikande, glade barn og natur hand i hand Året 2013-2014 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2013-2014 3 Eventyr 4 Dino /Duå ut til alle 5 Førskulegruppa 6 Vurdering 7 Planleggingsdagar

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Skjema for eigenvurdering

Skjema for eigenvurdering Skjema for eigenvurdering arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen I denne delen skal du vurdere påstandar om noverande praksis i barnehagen opp mot slik du meiner det bør vere. Du skal altså ikkje

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra Språk stilmulering gjennom lesetrening: Språk prosjekt 2008-2009. Fokus på korleis barnehagen kunne

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder: Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE Gjeldande frå 1. august Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9. oktober 2017 Innhald Kva er hensikta med ein rammeplan? Litt historikk

Detaljer

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Vi lærer om respekt og likestilling

Vi lærer om respekt og likestilling Vi lærer om respekt og likestilling I Rammeplanen står det at barnehagen skal tilby alle barn eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Velkomen til Mork barnehage

Velkomen til Mork barnehage Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 Sakshandsamar: Margit Drivenes Kløvfjell Arkiv: K2-C00, K2-A10 Objekt: Arkivsaknr 12/848 KULTURPROGRAM

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen.

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING 7.30-9.30 Barnet kjem i barnehagen. Ein vaksen møter barn og foreldre. Personalet opprettar kontakt med barnet. Utveksling av

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Utviklingsplan Gamlestova barnehage Utviklingsplan Gamlestova barnehage 2016-18 UTVIKLINGSPLAN GAMLESTOVA BARNEHAGE 2016-2018 Utviklingsområder 2016-18 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Leikekompetanse / Sosial kompetanse Sosial kompetanse

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke

Detaljer

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er

Detaljer

Saman om Ørstabarnehagen

Saman om Ørstabarnehagen Saman om Ørstabarnehagen 2017-2019 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen - Ny rammeplan for barnehagen 13.09.17 Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage Ørsta 1 26.09.2017 Lokal rammeplan for Ørstabarnehagen

Detaljer

Årsmelding for Urhei barnehage

Årsmelding for Urhei barnehage Årsmelding for Urhei barnehage 2014 15 Målekartet byggjer på Prinsippa i «Balansen» og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og vaksenopplæring: Alle barn/elevar opplever kvar dag læring

Detaljer

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09. Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop 16.12.09, Bergen Revidert av partnarane 08.09.2010, Sarpsborg - 1. Kom fram til nokre overordna felles mål for partnarskapet

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Utviklingsplan Gamlestova barnehage Utviklingsplan Gamlestova barnehage 2017-19 UTVIKLINGSPLAN GAMLESTOVA BARNEHAGE 2017-2019 Utviklingsområder 2017-19 Mål Tiltak Tidsrom Ansvar Evaluering Leikekompetanse / Sosial kompetanse Sosial kompetanse

Detaljer

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 VÅR VISJON: VI BRYR OSS OM, TEK VARE PÅ OG ER UNDERVEGS. 1 KVA ER EIN ÅRSPLAN? Ein årsplan er eit oversyn over den pedagogiske verksemda i barnehagen gjennom eitt

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra Styringsdokument for Vik barnehage er Lov om barnehagar med Rammeplan. Desse finn ein på internett www.lovdata.no eller www.kunnskapsdepartementet.no. Vik

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage 2016-2017 Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage HØGTLESING SOM FOKUSOMRÅDE Bakgrunn for val av metoder: Lesing og samtalar rundt bøker har stor verdi for språkutviklinga til barn. For å lukkast

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan våren 2014 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle

Detaljer

Tjødnalio barnehage. Korleis skape rom for språkleg samspel i barnehagen Eit språk prosjekt gjennomført i 2009.

Tjødnalio barnehage. Korleis skape rom for språkleg samspel i barnehagen Eit språk prosjekt gjennomført i 2009. Korleis skape rom for språkleg samspel i barnehagen Eit språk prosjekt gjennomført i 2009. Bakgrunn for val av fokus i prosjektet: Gjennom 2008-2009 hadde n jobba med prosjektet: Språkstimulering gjennom

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg?

Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg? Korleis utvikle rom som sikra konsentrasjon, variasjon, og alderstilpassa utfordringar? Det er jo tre ting på ein gang, er det mogeleg? Program for kvelden: 18.00-18.30: Presentasjon av bakgrunnen for

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING PLAN FOR KOMPETANSEHEVING Harøy barnehage, 2014-2020 «En god barnehage krever kompetente ledere og faglig reflekterte voksne. De ansattes kompetanse er den viktigste enkeltfaktoren for at barn skal trives

Detaljer

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Årsplan 2007 2008 ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON : Vi vardar vegen Varde er nemninga på ein haug med steinar som vert lødd opp som vegmerking. På veg til den store varden der målet er, passerer vi

Detaljer

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.

Detaljer

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Bærekraftig utvikling

Bærekraftig utvikling Bærekraftig utvikling Deltakarar; Både små og store barn, men tilpassa til ulike aldrar Hovudansvarlege; Sven, Monica, Norun og Sissel Mål; Barna skal bli glad og trivast i naturen forstå samspelet i naturen

Detaljer

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 (31.3.-2.4.) 2014. Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 (31.3.-2.4.) 2014. Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2. Vurdering for utvikling Rapport Marie Hendrix Holmedal barnehage Veke 14 (31.3.-2.4.) 2014 Tema: Borns medverknad Holmedal den 2. april 2014 Oppvekst og utdanning i HAFS Vurderingsnettverket Åsmund Berthelsen

Detaljer

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer