Hemsedal kommune Møteprotokoll Kommunestyret Møtedato: 03.04.2008 Sted: Kultursalen Fra kl/til kl: 19.00 22.50 Behandla saker: 10/08-19/08 Tilstades: Funksjon Ordførar Varaordførar Vara kstyret Navn Oddvar Grøthe Olav Støyten Tove Eggen Lien Sveinung Halbjørhus Kjell Kristiansen Odd Holde Jan Egil Halbjørhus Ellen Møllerplass Mythe Odd Bekkevold Runar O Sletten Bjøberg Håvard Venås Signe-Lise Hovig Jordheim Ernst-Tore Eggen Helene Sagabråten Martin Lindal Tor Grøthe Pål Terje Rørby Forfall: Viel Ribberud Som varamedlemer møtte: Pål Terje Rørby møtte for Viel Ribberud
Side 2 av 18 Odd Holde ugild i sak 16/08 styremedlem i Hemsedal Infrastruktur AS. Camilla C. Underland møtte som vara. Andre: Rådmann Gabriel Johannessen Diverse merknader: Invitasjon til Skistar 14.04.2008 Brosjyre frå Norges Bondelag vart delt ut Landbruket i fjellbygdene,brosjyre vart delt ut Uttale frå eldrerådet i samband med sak 19/08 vart delt ut Ordførar orienterte frå Hallingtinget om NTP uttale frå Hallingtinget vert lagt ved protokollen Nye borgarar til Hallingdal Underskrifter: Oddvar Grøthe Olav Støyten
Side 3 av 18 Saksoversikt Saknr. Arkivsaksnr. Tittel 10/08 08/362 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ FORRIGE MØTE 11/08 08/362 MELDINGAR 12/08 07/1432 BARN OG UNGE SIN REPRESENTANT I PLANSAKER SØKNAD OM FRITAK 13/08 08/215 SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL). REVIDERING AV TILTAKSSTRATEGI 2008-2011 FOR HEMSEDAL/HALLINGDAL 14/08 08/104 BEHOVSUNDERSØKING OM UTVIDA OPNINGSTID I BARNEHAGANE 15/08 07/1606 RETNINGSLINJER FOR HANDSAMING AV SØKNAD OM FRITAK FOR RENOVASJONSAVGIFT 16/08 07/1083 UTBYGGINGSAVTALE HEMSEDAL INFRASTRUKTUR AS 17/08 08/339 HALLINGDAL INNKREVINGSKONTOR - REVIDERING AV VEDTEKTER 18/08 08/329 ØKONOMIPLAN 2008-2011 AUKE AV INNTEKTER 19/08 08/360 BUDSJETT 2008 - FRAMLEGG TIL INNSPARINGAR OG JUSTERINGAR ETTER HANDSAMING I ØKONOMIUTVALET
Side 4 av 18 Saknr. 10/08 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ FORRIGE MØTE Protokoll frå møtet i kommunestyret 7. februar 2008 vert godkjent Innstilling vedteken. Samrøystes. Protokoll frå møtet i kommunestyret 7. februar 2008 vert godkjent Saknr. 11/08 MELDINGAR Kommunestyret har ingen merknader til meldingane Skatteinngang for mars vart lagt fram muntlig. Innstilling vedteken. Samrøystes. Kommunestyret har ingen merknader til meldingane Saknr. 12/08 BARN OG UNGE SIN REPRESENTANT I PLANSAKER - SØKNAD OM FRITAK 1. Jarle Bu får fritak. 2. Ole Petter Espe rykkjer opp som barn og unge sin talsmann i plansaker for kommunestyreperioden. 3. Som ny vara vert vald.
Side 5 av 18 Framlegg frå Oddvar Grøthe Formannskapet får fullmakt til å peke ut varamedlem Framlegg frå Odd Holde Andreas Colbro vert vald som vara. Framlegg frå Tove Eggen Lien Ragnhild Intelhus vert vald som vara. Innstilling med framlegg frå Oddvar Grøthe vedteken. Samrøystes. Kommunestyret si innstilling til formannskapet 1. Jarle Bu får fritak. 2. Ole Petter Espe rykkjer opp som barn og unge sin talsmann i plansaker for kommunestyreperioden. Formannskapet får fullmakt til å peke ut varamedlem Saknr. 13/08 SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL). REVIDERING AV TILTAKSSTRATEGI 2008-2011 FOR HEMSEDAL/HALLINGDAL Hovudutval for Plan og Ressurs si innstilling til kommunestyret: Hemsedal kommunestyre vedtar Tiltaksplan for skogbruket i Hallingdal 2008-2011 og Tiltaksplan for jordbruket i Hallingdal 2008-2011 slik dei ligg føre. I samsvar med forslag til tiltaksstrategi for skogbruket delegerer Kommunestyret til lokal skogbrukssjef / skogbruksforvaltar å gjere vedtak på spesielle miljøverkemiddel i skogbruket. Skogbrukssjef / skogbruksforvaltar handsamar også evt. klage før den vert sendt over til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. SMIL-utvalet består av to frå faglaga (bondelag og småbrukarlag) ein politikar, og to frå kommuneadministrasjonen. Pål Terje Rørby vert valt som politisk representant.
Side 6 av 18 I samsvar med forslag til tiltaksstrategi for jordbruket delegerer Kommunestyret til det lokale "SMIL-utvalet" å gjere vedtak på spesielle miljøverkemiddel i jordbruket. "SMIL-utvalet" handsamar også evt. klage før den vert sendt over til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Kommunen sitt SMIL- medlem Pål Terje Rørby Tiltaksstrategiane vert oversendt Fylkesmannen i Buskerud til orientering / godkjenning. Framlegg frå Oddvar Grøthe: Som vara for Pål Terje Rørby vert Runar Bjøberg valt. Innstilling samt framlegg frå Oddvar Grøthe vedteken. Samrøystes. Hemsedal kommunestyre vedtar Tiltaksplan for skogbruket i Hallingdal 2008-2011 og Tiltaksplan for jordbruket i Hallingdal 2008-2011 slik dei ligg føre. I samsvar med forslag til tiltaksstrategi for skogbruket delegerer Kommunestyret til lokal skogbrukssjef / skogbruksforvaltar å gjere vedtak på spesielle miljøverkemiddel i skogbruket. Skogbrukssjef / skogbruksforvaltar handsamar også evt. klage før den vert sendt over til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. SMIL-utvalet består av to frå faglaga (bondelag og småbrukarlag) ein politikar, og to frå kommuneadministrasjonen. Pål Terje Rørby vert valt som politisk representant. I samsvar med forslag til tiltaksstrategi for jordbruket delegerer Kommunestyret til det lokale "SMIL-utvalet" å gjere vedtak på spesielle miljøverkemiddel i jordbruket. "SMIL-utvalet" handsamar også evt. klage før den vert sendt over til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Kommunen sitt SMIL- medlem Pål Terje Rørby Tiltaksstrategiane vert oversendt Fylkesmannen i Buskerud til orientering / godkjenning. Nytt pkt 5.2.2.6 Investeringstiltak som fremmar organisert beitebruk Tilskot kan gjevast til alle typer tiltak som fremmarbeitebruken i eit område. Tiltak i regi av beitelag vert prioritert. Det kan gis inntil 50% tilskao av godkjent kostnadsoverslag. Noverande punkt 5.2.2.6 Andre tiltak vert nytt punkt 5.2.2.7 Som vara for Pål Terje Rørby vert Runar Bjøberg valt.
Side 7 av 18 Saknr. 14/08 BEHOVSUNDERSØKING OM UTVIDA OPNINGSTID I BARNEHAGANE Hovudutval for Livsløp si innstilling til kommunestyret: Opningstida ved Tuv og Ulsåk barnehagar blir oppretthalden som i dag. Leiar i Hovudutval for Livsløp Sveinung Halbjørhus orienterte om saka. Innstilling vedteken. Samrøystes. Opningstida ved Tuv og Ulsåk barnehagar blir oppretthalden som i dag. Saknr. 15/08 RETNINGSLINJER FOR HANDSAMING AV SØKNAD OM FRITAK FOR RENOVASJONSAVGIFT Hovudutval for Plan og Ressurs si innstilling til kommunestyret: Med bakgrunn i forskrift om avfallsbehandling 4 jf forureiningslova 30 andre ledd, og vurderinga ovanfor, vedtek Hemsedal kommunestyre retningslinjer for behandling av søknader om fritak frå renovasjonsordning. Retningslinjene vert gjort gjeldande frå vedtaksdato. Endringar: Boliger: Under Eget bruk, pkt. a vert det stilt krav om fysisk endring av leiligheten. Ny tekst i pkt. a vert som følgjer. For boliger som har leilighet/hybler for utleie, men vil gå over til å benytte hele huset til eget bruk, kan på vilkår om at det vert gjort fysiske endringar av leiligheten, søke om fritak for renovasjonsordningen og gebyrplikta for bruksenheten som tidlegare vart leigd ut. b. Endres frå 6 mnd til 1 år
Side 8 av 18 c. Endres frå 6 mnd til 1 år d. Endres frå 6 mnd til 1 år Hytter: Avstand, pkt. C vert tatt ut av retningslinene. Leiar i Hovudutval for Plan og Ressurs Håvard Venås orienterte om saka. Notat frå leiar teknisk drift Bjørn Olav Viken vart delt ut i møtet. Pkt a må endrast tilbake til rådmannen sitt framlegg: For boliger som har leilighet/hybler for utleie, men vil gå over til å benytte hele huset til eget bruk, kan en søke kommunen om fritak fra renovasjonsordningen og gebyrplikten for bruksenheten som tidligere ble leid ut. Innstilling samt at pkt a må endrast tilbake til rådmannen sitt framlegg vedteken. Samrøystes. Med bakgrunn i forskrift om avfallsbehandling 4 jf forureiningslova 30 andre ledd, og vurderinga ovanfor, vedtek Hemsedal kommunestyre retningslinjer for behandling av søknader om fritak frå renovasjonsordning. Retningslinjene vert gjort gjeldande frå vedtaksdato. Endringar: Pkt a: For boliger som har leilighet/hybler for utleie, men vil gå over til å benytte hele huset til eget bruk, kan en søke kommunen om fritak fra renovasjonsordningen og gebyrplikten for bruksenheten som tidligere ble leid ut. b. Endres frå 6 mnd til 1 år c. Endres frå 6 mnd til 1 år d. Endres frå 6 mnd til 1 år
Side 9 av 18 Hytter: Avstand, pkt. C vert tatt ut av retningslinene. Saknr. 16/08 UTBYGGINGSAVTALE HEMSEDAL INFRASTRUKTUR AS Hemsedal kommunstyre vedtek utbyggingsatale mellom Hemsedal Infrastruktur AS og Hemsedal kommune dagsett 25.10.07. Odd Holde ugild styremedlem i Hemsedal Infrastruktur AS, forlot møte. Camilla C Underland møtte som vara. Framlegg frå Jan Egil Halbjørhus: Saka vert utsett. Forholdet avlastningsveg/fylkesveg må avklarast Kommunestyret ønskjer både merknader og vedlegg i saka. Framlegg frå Oddvar Grøthe vedteken. Samrøystes. Saka vert utsett. Forholdet avlastningsveg/fylkesveg må avklarast. Kommunestyret ønskjer både merknader og vedlegg i saka.
Side 10 av 18 Saknr. 17/08 HALLINGDAL INNKREVINGSKONTOR - REVIDERING AV VEDTEKTER Formannskapet si innstilling til kommunestyret: 1. Revidert avtale om Felles innkrevingskontor i Hallingdal blir godkjent. 2. Hemsedal kommune sitt ansvar som er pålagt i Lov om betaling og innkreving av skatt av 21. november 1952 nr 2 med tilhøyrande forskrift og instruksar, og Instruks for skatteoppkrevjarar fastsett av Skattedirektoratet 2. mai 2000, unntatt 42, blir i sin heilskap delegert til Felles folkevalt nemnd for Innkrevingskontoret i Hallingdal. 3. Kommunen sin kompetanse til å drive inn og sikre kommunale krav med legalpant eller inkasso etter særlov vert delegert til Felles folkevalt nemnd for Innkrevingskontoret i Hallingdal. 4. Som Hemsedal kommune sine medlemmer i folkevalt nemnd blir valt medlem:.. varamedlem 1:. medlem:.. varamedlem 2:.. 5. Som Hemsedal kommune sitt medlem i klagenemnda blir valt medlem:.. varamedlem: 6. Vedtaket blir gjennomførd så snart alle deltakande kommunar har fatta likelydande vedtak. Framlegg frå Oddvar Grøthe: Pkt. 4 og 5. : Kommunestyret delegerer val av medlemer og varamedlemer til formannskapet. Innstilling med framlegg frå Oddvar Grøthe vedteken. Samrøystes. Kommunestyret si innstilling til formannskapet: 1. Revidert avtale om Felles innkrevingskontor i Hallingdal blir godkjent. 2. Hemsedal kommune sitt ansvar som er pålagt i Lov om betaling og innkreving av skatt av 21. november 1952 nr 2 med tilhøyrande forskrift og instruksar, og Instruks for skatteoppkrevjarar fastsett av Skattedirektoratet 2. mai 2000, unntatt 42, blir i sin
Side 11 av 18 heilskap delegert til Felles folkevalt nemnd for Innkrevingskontoret i Hallingdal. 3. Kommunen sin kompetanse til å drive inn og sikre kommunale krav med legalpant eller inkasso etter særlov vert delegert til Felles folkevalt nemnd for Innkrevingskontoret i Hallingdal. 4. Vedtaket blir gjennomførd så snart alle deltakande kommunar har fatta likelydande vedtak. Kommunestyret delegerer val av medlemer og varamedlemer til formannskapet. Saknr. 18/08 ØKONOMIPLAN 2008-2011 AUKE AV INNTEKTER Økonomiutvalet si innstilling til kommunestyret: Hemsedal kommunestyre ber om at det blir lagt fram ei sak som syner: 1. Inntektsmoglegheiter for kommunen ved å selja andels- og konsesjonskrafta til beste pris på kraftmarknaden. Korleis vil dette verke på Hemsedal Energi som nettselskap. 2. Omsette krafta vår gjennom Hemsedal Energi som før, men med endring av vedtektene for Hemsedal Energi slik at krafta vert omsett til markedspris. Kva utbytte kan Hemsedal kommune rekne med ved ei slik ordning, og kva er framtidsutsiktene for Hemsedal Energi då? 3. Hemsedal formannskap og styret i Hemsedal Energi gjennomfører denne prosessen og får fullmakt til å innhente nødvendig kompetanse for å gjera arbeidet. 4. Frist for utgreiinga vert sett til 1. juni 2008. Framlegg frå Oddvar Grøthe: Nytt pkt 5: Formannskapet skal samstundes legg fram ei sak for å avklare nokre prisipielle spørsmål kring eigedomsskatt så som: Takstgrunnlag og botnfrådrag Skattesats same sats for alle skatteobjekt? Bedrifter regelverk
Side 12 av 18 Framlegg frå Ernst Tore Eggen: Nytt punkt til Oddvar Grøthe sitt framlegg: Landbruket - regelverk. Votering. Punkt 1. vedteken mot 1 røyst (Frp) Punkt 2. vedteken mot 1 røyst (Frp) Punkt 3. vedteken mot 1 røyst (Frp) Punkt 4. vedteken mot 1 røyst (Frp) Punkt 5 (framlegg frå Oddvar Grøthe og Ernst Tore Eggen ) vedteken mot 1 røyst (Frp) Hemsedal kommunestyre ber om at det blir lagt fram ei sak som syner: 1. Inntektsmoglegheiter for kommunen ved å selja andels- og konsesjonskrafta til beste pris på kraftmarknaden. Korleis vil dette verke på Hemsedal Energi som nettselskap. 2. Omsette krafta vår gjennom Hemsedal Energi som før, men med endring av vedtektene for Hemsedal Energi slik at krafta vert omsett til markedspris. Kva utbytte kan Hemsedal kommune rekne med ved ei slik ordning, og kva er framtidsutsiktene for Hemsedal Energi då? 3. Hemsedal formannskap og styret i Hemsedal Energi gjennomfører denne prosessen og får fullmakt til å innhente nødvendig kompetanse for å gjera arbeidet. 4. Frist for utgreiinga vert sett til 1. juni 2008. 5. Formannskapet skal samstundes legg fram ei sak for å avklare nokre prisipielle spørsmål kring eigedomsskatt så som: Takstgrunnlag og botnfrådrag Skattesats same sats for alle skatteobjekt? Bedrifter regelverk Landbruket - regelverk Kaffepause
Side 13 av 18 Saknr. 19/08 BUDSJETT 2008 - FRAMLEGG TIL INNSPARINGAR OG JUSTERINGAR ETTER HANDSAMING I ØKONOMIUTVALET Økonomiutvalet gjer framlegg om slike endringar i budsjettrammene for etatane i Hemsedal kommune for budsjettåret 2008: 1) Endring i skatt og rammetilskot for 2008 vert gjort i samband med framlegging av revidert nasjonalbudsjett i mai 2008 2) Auke i avdragstid på lån kan gje kommunen ei betring i likviditet og driftsresultat i 2008 med inntil kr 790 000. Dette vert ikkje vurdert før kommunen ser resultatet ved framlegging av revidert nasjonalbudsjett mai 2008. 3) Reduksjonar ansvarsområde: Rådmann a. 10% reduksjon folkevalde godtgj. Ordførar -120.000 b. Reduksjon till.løyvingar -500.000 c. It-utstyr,bevertn.,opplæring d. Kons.tenester / IKT Hallingdal e. Velferdstiltak,annonsering, f. Jur.bistand m.m. tils. -150.000 Ekstrahjelp / overtid økonomi Sum reduksjon ramme rådmannen -770.000 4) Reduksjonar ansvarsområde: Kultur og oppvekst a. Ansvar 2010: Kultur-og oppvekstsjef -165.000 b. Ansvar kultur og musikkskulen -60.000 c. HBU -300.000 d. Ulsåk skule -50.000 e. Tuv skule -145.000 f. Barnehagane auke inntekt +150.000 Sum reduksjon ramme kultur og oppvekst -870.000 Spørsmålet om auka rammetimetal og dekking av dette må takast opp i eiga sak i Hovudutval for Livsløp og vidare i økonomiutval og kommunestyret. Helse- og sosial etaten får kompensert kr 350.000 for manglande ramme tildelt for 2008. 5) Reduksjonar ansvarsområde: Helse og sosial a. Stillingar NAV, sosialavdeling, fysioterapi -490.000 b. Auke inntekt flyktningar-integreringstilskot +130.000
Side 14 av 18 Sum reduksjon/korr.ramme helse-og sosial -650.000 6) Reduksjonar ansvarsområde: Pleie og omsorg c. Tiltak 1-8 i etaten sitt framlegg,ekskl.velferdstiltak for bebuarar -750.000 Sum reduksjon/korr.ramme pleie-og omsorg -750.000 7) Reduksjonar ansvarsområde: Teknisk d. Løn, ekstrahjelp -450.000 e. Gatelys -20.000 f. Andre reduksjonar, event. auke i inntekter, utsetjing av vedlikehald,, samarbeid. med H.Energi ekskl.nedlegging av off. toalett Trøim -315.000 Sum reduksjon/korr.ramme teknisk -785.000 Framlegg frå Tor Grøthe (A og B): A. Hemsedal FrP fremjar forslag om å utsetje bygging av barnehagar på Ulsåk og Tuv grunna stram kommuneøkonomi, jfr protkolltilførsel alternativ 3, og at dette takast omsyn til i økonomiplanen for 2008-2011. Framlegg A frå Tor Grøthe fall mot 1 røyst. B. Fruktordning ved Hemsedal barne- og ungdomsskule oppretthaldast som før. Den totale ramma for kutt innanfor skule skal oppretthaldast som framlagt til saken. Protokolltilførsel - Frp sitt dokument vert lagt ved protokollen: UTDRAG FRÅ NOTAT UTLEVERT I MØTE 13.12.2007 SAMT FRAMLEGG TIL VEDTAK I SAK 18/19-2008 Hemsedal FRP utleverte et notat til kommunestyrerepresentantane i kommunestyremøte den 13.12.2007 vedrørande sak 140/07 økonomiplan 2008-2011. Viser til overnemnde notat, sjå fylgjande utdrag: Sak 140/07 - kommunestyret 13.12.2007 Barnehageutbygging, framtidig sentralisering av barneskulen. Av økonomiske årsaker, og med bekymring for framtidig eigedomsmasse i kommunen, vil Hemsedal fremskrittsparti ta opp denne saka. Framtida kan bli krevjande økonomisk, og ein
Side 15 av 18 vil stå overfor enten å auke skatter og avgifter, eller å måtte redusere i tenestetilbodet. Eit godt alternativ til innsparing er å redusere eigedomsmassen ved skulane. Om ein vel ein form for sentralisering, blir ikkje tilbodet til elevane dårlegare, men tvert om, antakeleg betre. Ein vil betre samordne lærar ressursane, noko som gir den enkelte elev ein betre kompentanse i undrevisninga. Det blir lettare å gi midlar til spesialundervisning, og om ein ynskjer det kan ein for eksempel dele klassane i t.d. norsk undervisninga, som ofte blir villedande for mange elevar som blandar nynorsk og bokmål. Skulefritidsordninga vil og bli rimelegare for brukarane ved ein sentral barneskule. Som alternativ til framtidige inversteringar foreslåast fylgjande: Alternativ 2: Finne private aktørar for å unngå større investeringar. Pr. 11 desember 2007 kom det inn ein førespurnad til kommuna der ein inisiativtaker ynskjer å starte ein privat barnehage i Hemsedal. I dette tiltaket vil ein spare kr. 179.000- to gonger i drift og vedlikehald, pluss sparte kapitalkostnader på 8% av budsjettramme på 11mill, som er 880.000- kroner. Totalt sparer kommuna årleg ca kr. 1.238.000- om ein unngår utbygging til 11 mill.kr. Private aktørar må vurderast! Alternativ 3: Det beste alternativet er å fjerne oppvekstsentra, og bruke Ulsåk skule som barneskule i Hemsedal, og då for alle fire klassar, med dei investeringane som trengs for å gjere denne til ein god barneskule. Det vil vere mykje å spare på denne modellen, både i lærarressurs, administrasjon, drift og vedlikehald. Ein beheld då barneskulen på Ulsåk, og bruker Tuv som eit hovudanlegg for barnehagane. Ein vil antakelig spare ca. kr. 3 mill i årlege driftskostnader, ved å velje dette alternativet. Ein kan kvitte seg med anna eigedom, bl.a. Skadvin, og bruke midlane til å investere i framtidig skule og barnehage i Hemsedal. Innsparing alternativ 3: Pkt.1:Lønnsmassen på 12 stillingar Ulsåk og Tuv var i 2006 kr. 6.545.000-, altså kr. 550.000- pr. stilling. 0.4 årsverk i reduksjon pr. trinn gir for 4 trinn totalt 1.6 årsverk, og denne reduksjonen gir ein innsparing på ca. kr 880.000-. Pkt.2:Innsparing 0,5 årsverk på rektor er ca kr. 275.000- Pkt.3: Administrativ drift læring på Tuv var i 2006 kr. 1.437.000- Med ein lønsmasse på Tuv i 2006 på godt 3 mill. og med ein stipulert reduksjon på ca. 0,8 årsverk, og om ein då legg til grunn at drift læring av elev er ca. 25% av lærar ressurs, vil me få ein innsparing på drift elev ca. kr. 785.000- (her er brukt same formel som tidlegare budsjettforslag der alternativet var å auke med ein 50% stilling ved Hemsedal b/u-skole, frå innspel til økonomiplan 2008-2011.) Pkt.4: Fjerne Tuv skole, her vil du spare på følgjande: Leige av skule, strøm og renovasjon, vedlikehald bygning, vaktmester, vaskehjelp, og andre driftskostnader, totalt budsjett 2007 for Tuv til innsparing kr: 560.000-(dette må være eit svært nøkternt overslag frå kommuna til fordeling av utgifter til Tuv skole, men det blir brukt i dette reknestykket.) Pkt.5: Skulen på Tuv vil få store areal til framtidige barnehageplassar, og ein vil kunne selje Skadvin og anna unyttbar eigedom.) Ein vil og kunne redusere i leige og drift på anna eigedom, som i dag blir nytta til barnehage. Her i Pkt.5 blir det ikkje lagt inn fordelaktig beløp til berekning av gevinst ved ein sentralisering av barneskulen. Pkt.6: Innsparinga ovanfor er for dei 4 fyrste punkta 2,5 mill. under føresetnad av at ein utbygging av barnehage på Ulsåk blir lagt til skulebygget/gymsalen, og at det ved denne utbygging blir tilrettelagt slik at det lett kan handtere ein sentral barneskule i denne
Side 16 av 18 bygningsmassen for framtida. Om posisjonspolitikerane også vel å påstarte ein utbygging av barnehage ved Tuv skole, vil dette for alternativ 3 gi ein ytterlegare innsparing på driftskostnad kr.225.000-, og ein kapitalkostnadsreduksjon på ca. kr 375.000-(sparte renter og renters rente, brukt 8% av ein investering på ca kr.4.7 mill) Den totale ramma for innsparing er derfor inntil 3,1 mill. kr. i alternativ 3, og i dette alternativ vil elevane få ein betre skule, og den blir rimelegare for brukarane og Hemsedal kommune! Alternativ 4: Det aller viktigaste er at dei investeringane som no skal gjerast, er svært godt gjennomtenkte, og at det tek omsyn til framtidige endringar og tiltak som kan skje ved skulen. Sjølv om ein i dag ikkje er villige til endre på oppvekstsenter modellen, bør kommunen likevel gjere dei nødvendige vurderingar i forhold til framtidig bygningsmasse, så ein lett kan omdisponere bruken frå barnehage til skule, då den tida kjem. Kommunen må sjølv om det ikkje er aktuelt i dag gjere ein prioritering på kvar ein barneskule må liggja i framtida, om dette nokon gong skulle bli aktuelt. Hemsedal fremskrittsparti ber kommunestyret om å sjå nærmare på dei 4 alternativa ovanfor, med hensyn til framtidig kommuneøkonomi, og med hensyn til ein god og framtidsretta barneskule i Hemsedal. Votering: Punkt 1 Samrøystes vedteken. Punkt 2 Samrøystes vedteken. Punkt 3 Samrøystes vedteken. Punkt 4 unntatt fruktordninga Samrøystes vedteken. Framlegg B frå Tor Grøthe fall med 15 mot 2 røyster (FrP og A) Punkt 5 Samrøystes vedteken. Punkt 6 Samrøystes vedteken Punkt 7 Samrøystes vedteken Økonomiutvalet gjer framlegg om slike endringar i budsjettrammene for etatane i Hemsedal kommune for budsjettåret 2008: 1) Endring i skatt og rammetilskot for 2008 vert gjort i samband med framlegging av revidert nasjonalbudsjett i mai 2008
Side 17 av 18 2) Auke i avdragstid på lån kan gje kommunen ei betring i likviditet og driftsresultat i 2008 med inntil kr 790 000. Dette vert ikkje vurdert før kommunen ser resultatet ved framlegging av revidert nasjonalbudsjett mai 2008. 3) Reduksjonar ansvarsområde: Rådmann a. 10% reduksjon folkevalde godtgj. Ordførar -120.000 b. Reduksjon till.løyvingar -500.000 c. It-utstyr,bevertn.,opplæring d. Kons.tenester / IKT Hallingdal e. Velferdstiltak,annonsering, f. Jur.bistand m.m. tils. -150.000 g. Ekstrahjelp / overtid økonomi Sum reduksjon ramme rådmannen -770.000 4) Reduksjonar ansvarsområde: Kultur og oppvekst h. Ansvar 2010: Kultur-og oppvekstsjef -165.000 i. Ansvar kultur og musikkskulen -60.000 j. HBU -300.000 k. Ulsåk skule -50.000 l. Tuv skule -145.000 m. Barnehagane auke inntekt +150.000 Sum reduksjon ramme kultur og oppvekst -870.000 Spørsmålet om auka rammetimetal og dekking av dette må takast opp i eiga sak i Hovudutval for Livsløp og vidare i økonomiutval og kommunestyret. Helse- og sosial etaten får kompensert kr 350.000 for manglande ramme tildelt for 2008. 5) Reduksjonar ansvarsområde: Helse og sosial g. Stillingar NAV, sosialavdeling, fysioterapi - 520.000 h. Auke inntekt flyktningar-integreringstilskot +130.000 Sum reduksjon/korr.ramme helse-og sosial -650.000 6) Reduksjonar ansvarsområde: Pleie og omsorg i. Tiltak 1-8 i etaten sitt framlegg,ekskl.velferdstiltak for bebuarar -750.000 Sum reduksjon/korr.ramme pleie-og omsorg -750.000 7) Reduksjonar ansvarsområde: Teknisk j. Løn, ekstrahjelp -450.000 k. Gatelys -20.000 l. Andre reduksjonar, event. auke i inntekter,
Side 18 av 18 utsetjing av vedlikehald,, samarbeid. med H.Energi ekskl.nedlegging av off. toalett Trøim -315.000 Sum reduksjon/korr.ramme teknisk -785.000