Leseplan for grunnskulan e i Årdal kommune
Mål 1. trinn Gje alle elevane ein god start med å utvikle lesedugleik og gje dei eit godt møte med skriftspråket. Utvikle språkleg medvit slik at elevane etter kvart blir kjende med språklydar og bokstavar Årstrinn/ Nivå 1.trinn Innhald Ansvar Vurdering Leike og eksperimentere med rim, rytme og språk. Klappe og telje stavingar i ord. Vite kva eit ord er, høyre korte og lange ord. Lytte ut lydar i ord. Sette saman lydar til ord. Forstå samanhengen mellom tale og skrift. Kjenne omgrepa ord, setning, punktum og spørjeteikn. Kunne skilje store og små bokstavar og kjenne skriveretninga. Skrive/kopiere einskildord. Skrive/leikeskrive på data. Høgtlesing kvar dag. Enkle leseprosjekt. Uttrykke kjensler og meiningar. Fortelje om opplevingar og erfaringar. Alle Personale Kursing og kompetanseheving Skuleleiing Carlsten testhaust/vår
Mål -2. trinn Elevane skal kunne lese enkle tekstar. Elevane skal vere glade i å lese og skrive på sitt nivå. Årstrinn/ Nivå 2.trinn Innhald Ansvar Vurdering Ha sikker bokstavkunnskap. Lese/skrive med små og store bokstavar. Bruke data til tekstskaping og skrive med alle bokstavane på tastaturet. Lese og skrive enkle tekstar med lydrette ord. Skrive korte setningar og enkle tekstar. Bruke enkle strategiar og leseforståing. Finne faktabøker og skjønnlitteratur på biblioteket til eiga lesing. Munnlege bokmeldingar. Samtale om korleis ord og bilete verkar saman i biletbøker og anna biletmedia. Uttrykke kjensler og meiningar. Fortelje om opplevingar og erfaringar. Leseprosjekt med lettlestbøker i samarbeid med heimen. Mengdetrening i lesing. Høglesing kvar dag. Alle Carlsten testhaust/vår
Mål -3. trinn Utvikle leseflyt, leseglede, leseforståing og automatiset lesedugleik i alle fag. Årstrinn/ Nivå 3.trinn Innhald Ansvar Vurdering Lese lette tekstar flytande. Nytte enkle strategiar for leseforståing. Kunne dei høgfrekvente orda. Automatisere lydane; ng, kj, skj, gj. Meistre å skrive ikkje lydrette ord. Skrive tekstar med ei klar byrjing, handling og avslutning. Kunne skrive samanhengande skrift. Ha eigne meiningar om tekstar dei les. Kunne vurdere eiga lesing. Kunne lese seg til og fylgja enkle instruksjonar. Leseprosjekt. Leselyst Bli kjende med ulike forfattarar. Bibliotek kvar veke. Skrive bokmeldingar. Høgtlesing og stillelesing. Alle Carlsten testhaust/vår.
Mål -4. trinn Nytte kunnskapane sine i lesing og skriving til å utrykkje seg skriftleg og munnleg, og oppnå ny læring. Ha mange gode leseopplevingar. Årstrinn/ Nivå 4.trinn Innhald Ansvar Vurdering Lese barnelitteratur og fagtekstar for barn med flyt, samanheng og forståing. Høgtlesing. Skrive med samanhengande og funksjonell handskrift. Meistre høgfrekvente ord både i lesing og skriving. Skrive forteljingar, dikt og brev med utgangspunkt i tekst og bilete. Gjenkjenne og nytte språklege verkemidlar som: gjentaking, kontrastar og enkle språklege bilete. Formidle kunnskapar, opplevingar, kjensler, og meiningar i eiga skriving. Ordne tekst, både fortelingar og sakprosa, etter rekkefølgje, med overskrift, innleiing og avslutning. Gje respons på andre sine tekstar, med utgangspunkt i eigne opplevingar av teksten. Samtale om eiga skriveutvikling. Finne fram til fagstoff på biblioteket. Data/internett, lesing av fagtekstar for å finne opplysningar om ulike emner. Forfattarbesøk. Leseprosjekt. Alle Carlstentest haust /vår.
FRAMLEGG TIL MAL FOR SKULEN SIN LESEPLAN MÅL: Lesing er ein grunnleggande dugleik, og alle lærarar skal vere leselærarar Lese eit mangfald av ulike sjangrar og ulik vanskegrad på bokmål og nynorsk: norske og oversette, skjønnlitterære og sakprosatekstar Bruke varierte lesestrategiar tilpassa målet med lesinga Uttrykke eigne opplevingar og gjere greie for eigne synspunkt på lesne tekstar KLASSESTEG INNHALD ANSVAR VURDERING Leseglede 5, 6, og 7. kl Elevane les for å oppleve, forstå og Kontaktlærar, Fagtestar reflektere faglærarar, bibliotekar Bokmeldingar Legge vekt på både stillelesing og og foreldre høgtlesing Fast stillelesingstund kvar veke, ca 30 * Lese og skrive ord dei møter i tekstar * Arbeide med ordlesing og ordkunnskapar * Strategiar for å lese nye og vanskelege ord * Meistre ortografi, teiknsetting, variert ordforråd, og ulike setningskonstruksjonar * Alle lærarane må ha kjennskap til kva sjangrar elevane skal lese, skrive og arbeide med. min Bevisst bruk av biblioteket med regelmessige utlån. Skal òg vere ein del bøker i klasserommet Kompetanseheving av kollegiet. Sette av tid på arbeidsplanen til å bli kjende med ny litteratur Reklamere for eigne leseopplevingar både munnleg og skriftleg. Gje bøkene terningkast
fantasi eventyr utdrag frå romanar biografiar brev skodespel dikt Språkleg dugleik Legge vekt på den andre leseopplæringa, utvikle og ivareta elevane sin lesedugleik Arbeide bevisst med å tileigne seg innhaldet i skjønnlitterære og faglege tekstar Elevane må få kunnskapar om og bruke ulike lesestrategiar som: førlesefase, lesefase, etterlesefase, skumlesing, punktlesing, nærlesing. Arbeide med ulike studie og notatteknikkar Halde fram med å utvikle elevane sine avkodingsdugleikar Kontaktlærar, faglærar, bibliotekar, foreldre Kartlegging Carlstentesten Utdanningsdirektoratet sin kartleggingsprøve: Kartlegging av lesedugleik Vere bevisste på raske tiltak etter kartleggingsprøvar. Viktig med konkrete tiltak for elevar som ligg i kritisk sone, spesielt gråsoneelevane kan lett gløymast. Desse elevane bør få eigne lesekurs. Det skal settast av faste tider i løpet av skuleåret der vi vurderer elevane sin lesedugleik. Leseforståing Formidle munnleg og skriftleg eigne leseerfaringar og leseopplevingar basert på tolking og refleksjon. Gjere elevane medvitne på det å vere ein kritisk lesar. Prosjekt/verkstad Prosjekt leselyst Prosjekt saman med folkebiblioteket Grip boka prosjektet Kontaktlærar, norsklærar, faglærar, foreldre Kontaktlærar, norsklærar, bibliotekar Munnlege framføringar Prosessvurdering Lesetest før og etter prosjekt
Målsetjingar: LESEPLAN 8.-10.klasse Årdal kommune Øve ferdigheitar i å lese, oppleve og forstå ulike tekstar i alle fag Bruke ulike typar tekstar som reiskap for refleksjon og læring. Dette handlar og om å bruke og tolke formlar, matematiske uttrykk, diagram, tabellar, symbol, formlar, logiske resonnement, globus, kart og modellar frå røyndomen i tillegg til å tolke og arbeide med ulike data. Lesing skal brukast for å innhente informasjon, reflektere over, tolke, søke meining i og stille seg kritisk og analytisk til forteljingar og fagstoff i så vel tradisjonell som multimedial formidlingsform. Eleven skal oppfatte problemstillingar, avdekke argument og identifisere hovudsynspunkt i ulike tekstar, arbeide med og vurdere informasjon. Klassesteg Innhald Ansvar 1 Vurdering LESEGLEDE 8.steg Leiing Kunnskapstestar 9.steg Elevane les for å oppleve, forstå og Faglærar. 10.steg reflektere Norsklærar foreldre 1 Leiing: Leiinga har ansvar for å setje seg inn i kva som står i planen, sørgje for at eventuelle midlar vert skaffa og sjå til at planen vert følgt opp Kontaktlærar: Har ansvar for å setje seg inn i planen og gjennomføre det som står der i tråd med sine fag. Har og særskilt ansvar for å skaffe seg informasjon omkvar enkelt elev si utvikling når det gjeld lesing, og sette seg inn i resultat frå kartleggingsmateriell, slik at han/ho kan informere eleven og heimen ved elev- og foreldresamtalar. Har ansvar for å informere foreldra om deira viktige rolle i heimen når det gjeld eleven sin leseutvikling. Faglærar: Har ansvar for å setje seg inn i planen og gjennomføre det som står der i tråd med sine fag. Bibliotekar: Har ansvar for å hjelpe til med å skaffe eigna bøker til leseprosjekt og til andre behov som måtte dukke opp. Er rådgjevar for både lærarar og elevar når det gjeld litteratur. Norsklærar: Har ansvar for å setje seg inn i planen og gjennomføre det som står der i tråd med norskfaget. Det er klart at norskfaget står i ei særstilling her. Norsklærar har ansvar for gjennomføring av kartleggingsprøvar og for vurdering av desse. Foreldre: Har ei viktig rolle i elevane si leseutvikling. Har ansvar for å legge til rette for lesing/gi rom for lesing i heimen, og for å ta til seg informasjon som skulen kjem med for korleis dei best kan følgje opp måla i planen for sitt barn.
LESEFORSTÅING 8.steg Leseutvikling Leiing Kunnskapstestar i alle 9.steg fag
10.steg Lese nyare ungdomslitteratur tilpassa alderssteget noko eldre litteratur fagtekstar, elevtekstar og andre samansette tekstar Refleksjon Formidle munnleg og skriftleg eigne leseerfaringar og leseopplevingar basert på tolking og refleksjon Gjere elevane medvitne på det å vere ein kritisk lesar. Lese- og læringsstrategiske dugleikar Grunngje eigne val av litteratur og lesing med utgangspunkt i kunnskap om lesestrategiar. Læraren må syte for at elevane får kunnskapar om og kan bruke desse lesestrategiane: Førlesefasen Lesefasen Etterlesingsfasen Skumlesing Punktlesing Nærlesing "Fornøyelseslesing" Bruk av kjelder - å lese kritisk Arbeid med ulike studie- og notatteknikkar Høgtlesing Elevane les høgt for av ein vaksen Dele litterære opplevingar Elevane les for kvarande, for yngre elevar eller for andre i nærmiljøet SPRÅKLEG DUGLEIK Kontaktlærar Bibliotekar Norsklærar Faglærar Foreldre Bokmeldingar Vurderingar kartleggingsprøver ******* Vurdere prosessen og ikkje måla. Kan ikkje vurdere etter mål, men etter kvar enkelt elev sin kognitive utvikling. ******** Kartleggingstestar på lesing Kartleggingstestar på lesing
8.steg 9.steg 10.steg 8.steg 9.steg 10.steg 8.steg 9.steg 10.steg Novelle, forteljing, eventyr Dikt, diskusjonsinnlegg, dramatekst Artikkel, kåseri, tekstar på svensk og dansk Forfattarskap Litterært tema Språkleg tema Lese og skrive tekstar i ulike sjangrar, både skjønnlitterære og saksprega på bokmål og nynorsk Informasjonskompetanse Gjere greie for grunnleggande prinsipp for personvern og opphavsrett knytt til publisering og bruk av andre sine tekstar i alle fag. PROSJEKT/AKSJONAR Minimum ein periode kvart år. Døme: (txt aksjon) Sjå vedlegg Leiing Norsklærar Faglærar foreldre Leiing Kontaktlærar Faglærar Bibliotekar Norsklærar foreldre Skrivedag Tentamen skriftlege innleveringar Observasjon. Vurdering av innleveringsarbeid Kartleggingstestar. Vurdering av innleveringsarbeid.
KARTLEGGING Klassesteg Innhald Ansvar Vurdering Nasjonal Leiing 8.steg leseprøve. Carlsten. norsklærar 9.steg 10.steg Utdanningsdirektoratet sin kartleggingsprøve "Kartlegging av leseferdighet". Kan bruke Carlsten.
Lesestimuleringsprosjekt 8. TIL 10. TRINN Vedlegg til leseopplæringsplanen Leseverkstad Mål: Interesserte og glade lesarar som byggjer litterær kompetanse gjennom å lese for å forstå, oppleve og reflektere. Tidsbruk: 2-3 veker, om lag 7 timar kvar veke. Norsktimar, evt. andre fag der ein kan flette inn eit tema. (Døme: 2. verdskrig, det finst mange skjønnlitterære bøker for barn og unge som handlar om denne krigen) Eit forslag: Lage til ei leseveke, til dømes veka før jul, då skjer det ikkje så mykje anna likevel. Start: Elevane kjem med ønskje for bøker dei har lyst til å lese i perioden. Nokre elevar har kanskje meiningar om konkrete titlar, andre meir vage førestellingar om kva bøkene skal handle om/korleis dei skal vere. Ein skal bruke tid på å finne rett bok til rett elev. Dette må vere i samarbeid med biblioteket. Gjerne eit bibliotekbesøk i forkant. Tips til nettstad: www.onskebok.no Her kan eleven finne ut kva bok som passar for han/ho. 1. økt: Høgtideleg utdeling av bok til elev. Ønskeleg med dobbeltime til start så dei får komme godt i gang med boka. Bruk gjerne gymsalen, eller anna stort rom der ein kan legge matter/madrasser på golvet som dei kan ligge på. Ha eit byttebord klart, med ekstra bøker, viss dei ser at bøkene ikkje fengar likevel. Timane vidare: I starten på kvar time vidare, byrjer ein med formidlingstid. Elevane les høgt for dei andre elevane frå boka si. 10 min i kvar time. Ta utgangspunkt i desse punkta: Noko humoristisk Noko overraskande Opptakta til noko spennande Noko som syner kva boka dreier seg om Det merkelege, det eg ikkje forstår
Eit vendepunkt i teksten Ei flott personskildring Ei flott miljøskildring DIALOGLOGG Kvar time avsluttast med at elevane skriv ein dialoglogg. Kan ha dette som utgangspunkt: Mellom lærar og elev (Viktig at lærar svarar så eleven har noko å jobbe med neste time) Mellom elevar Dialogloggen er ein form for skriftleg litterær samtale om: Opplevinga av det eg les Om personane eg møter i forteljinga Om handlingsforløpet Om bruk av litterære verkemiddel I loggen tilpassar læraren sine innspel til kvar elev. Læraren kan formulere problemstillingar/utfordringar til eleven i loggen, som eleven skal jobbe med til neste gong: Døme: Gje ei personskildring av hovudpersonen/hovudpersonane i boka Finn eit endepunkt i romanen. Skriv vidare Kva legg du merke til? Kva overraskar deg? Korleis tykte du slutten var? Korleis tykte du byrjinga var? Kva forventar du av denne boka? Kan du notere nokre gode sitat frå boka? Døme på anna innhald i loggboka: Sitat- logg ( Godt sagt )
Med- dikting (Kva trur du skjer vidare?) Personskjema: (namn, kjønn, alder, pers.trekk, likar ikkje, pleier å, er ofte saman med osb) Bokmelding Skygge personar (Vere detektiv på ein av personane i boka. Legge merke til alt denne personen gjer.) Lage ny framside Gode, dialogiske samtalar (gjerne skriftleg i loggen)- der rommet for tolking er stort: Identifikasjonsspørsmål: - Kva ville du ha gjort? Korleis ville du ha reagert? Refleksjonsspørsmål: - Kvifor skjedde dette? Kvifor vart ho så sint? Overføringsspørsmål: - Når hende det? Kunne dette skjedd der du bor?
Kartlegging i lesing Desse testane eksisterer: * Utdanningsdirektoratet sine testar: Kartlegging av lesedugleik eksisterer for 3.kl. hefte 1 og 2, 5., 7. og 9.klasse Idehefte for 1.og 7.klasse Lærarrettleiing for 2.og 3.klasse Lærarrettleiing for 5.klasse Lærarrettleiing for 7.klasse Lærarrettleiing for 9.klasse * Carlsten testane frå 1.- 9.kl. * Nasjonale prøver er obligatoriske for 1., 2., 5. og 8.klasse Vi tek og den for 3.klasse sjølv om han ikkje er obligatorisk. Leseplangruppa har følgjande framlegg : Skulane i Årdal kommune skal nytta følgjande kartleggingsmateriell dette første året. 1. Nasjonale prøver for 1., 2., 3., 5. og 8.klasse 2. Carlstentestane frå 1.- 9.klasse som no 3. Utdanningsdirektoratet, Kartlegging av lesedugleik for 7. og 9. Leseplanen skal evaluerast av alle lærarane i januar og mai 2010. Endeleg plan klar til skuleåret 2010-2011.