Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet 28.01.2016 003/16 Kommunestyret 11.02.2016 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: K2 - L12 Arkivsaksnr. 15/46-23 Detaljreguleringsplan for Mari-Jakobvegen 1 Kort samandrag: Saka gjeld slutthandsaming/godkjenning av Detaljreguleringsplan for Mari-Jakobvegen 1 i Lærdal kommune. Formålet med planen har vore å legge til rette for etablering av mellom 20 og 30 bueiningar. Planområdet er avgrensa av Fortun, Mari-Jakobvegen, Uthushaugen og gartneritomta i aust. Både i kommuneplanen for Lærdalsøyri og gjeldande reguleringsplan er området sett av til industri/kontor/bustad. Innanfor planområdet er det etablert lagerbygg samt eit nyare bygg med veterinærklinikk samt 3 bustader. Lagerbygget er føresett sanert. Rådmannen si tilråding: 28.01.2016 Formannskapet Handsaming i møtet: Kåre Mentz Lysne gjekk frå som ugild ved handsaming av saka.
Røysing: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteken. FS-018/16 Vedtak: 11.02.2016 Kommunestyret Framlegg frå Lærdal AP: Rådmannen si tilråding med følgjande tillegg: Det vert utarbeidd ein 3D illustrasjon som dokumenterer verknadene for tettstadbilete og bygget sin verknad for soltilhøva for dei naboane det vedkjem, før byggesaksprosessen blir sett i gang Handsaming i møtet: Kåre Mentz Lysne gjekk frå som ugild ved handsaming av saka. Kjell Inge Sanden møtte. Lærdal AP trekker framlegget etter opplysningar frå Johannes Henrik Myrmel om at 3D illustrasjon føl byggeprosessen. Røysting: Tilrådinga frå Formannskapet vart samrøystes vedteke KS-003/16 Vedtak:
Vedlegg: Reguleringsføresegner Mari-Jakobveg 1.pdf Planomtale Mari-Jakobveg 1.pdf REG.PLAN_Marie-Jakobveg 1.pdf ROS_Mari-Jakobvg 1.pdf Klage på vedtak - detaljreguleringsplan Mari Jakobvegen 1 Reguleringsplan for Mari Jakobvegen 1 Relevante dokument i saka Kommunedelplan for Lærdalsøyri Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan- og bygningslova Naturmangfoldslova Saksutgreiing Saka gjeld slutthandsaming/godkjenning av Detaljreguleringsplan for Mari-Jakobvegen 1 i samsvar med 12-12 i plan- og bygningsloven. Saka låg på bakgrunn av vedtak gjort av formannskapet den 26. november 2014 i sak 181/14 ute til offentleg ettersyn i perioden 16. desember 2014 til 25. januar 2015. Formålet med planen har vore å legge til rette for etablering av mellom 20 og 30 bueiningar. Planområdet er avgrensa av Fortun, Mari-Jakobvegen, Uthushaugen og gartneritomta i aust. Både i kommuneplanen for Lærdalsøyri og gjeldande reguleringsplan er området sett av til industri/kontor/bustad. Innanfor planområdet er det etablert lagerbygg samt eit nyare bygg med veterinærklinikk samt 3 bustader. Lagerbygget er føresett sanert. Merknader Kommunen har motteke 2 merknader. Det er ikkje sett fram motsegn til planframlegget frå styresmakter med mynde til å sette fram motsegn. Nedanfor er innhaldet i merknadane kort oppsummert. For nærmare gjennomgang av merknadane vert det synt til dokumenta i saka. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen har ikkje avgjerande merknader til planframlegget i høve natur, miljø og landbruk. I høve samfunnstryggleik, vert det: - Etterlyst vurderingar i høve stormflo og havnivåstigning. Det må vurderast før planen vert vedteken. - Peikt på at det avdekte behovet i ROS-analysen i høve nedbør er ikkje følgt opp i føresegnene - I vurderingane av brann/politi/sivilforsvar bør det gå klart fram kven som har delteke i vurderinga Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) NVE etterlyser vurdering i høve havnivå og stormflo, og syner i den samanheng til at 200-års stormflo for Lærdalsøyri er estimert til kote + 2,55 (NN1954). Den ber dei om at det vert teke
omsyn til, og det må gå eintydig fram av planen kva som er flaumnivået som ivaretek krava i TEK 10. Økonomiske konsekvensar Er ikkje vurdert. Vurdering Innhaldet i planen og vesentlege verknader av planframlegget er omtalt i planomtalen. Planomtalen er rimeleg grundig både i høve omtale av dagens situasjon, innhaldet i planen og vesentlege verknader av planframlegget. Høyringsuttalene er frå statlege styresmakter. I merknadane er det berre peikt på omsynet til samfunnstryggleik. Uttalene byggjer opp om at funna i analysen er noko dårleg dokumentert. I tillegg avdekker høyringsuttala at det i analysen som ligg føre ikkje er teke omsyn til stormflo. Dimensjonerande 200 års stormflo for Lærdalsøyri estimert til kote + 2,55 (NN1954). Gjennomgang av kartgrunnlaget i sentrum har ikkje avdekt at det er tersklar som hindrar overflauming. Sikring mot havnivåstigning og stormflo er ikkje definert som ein del av dei sikringsarbeida som er prioritert i Lærdal. For å tilfredsstille krava til tryggleik, må det takast omsyn til kravet og bygg må plasserast på nivå der krava til tryggleik i TEK10 er ivareteke. Utbygging føreset mest truleg oppfylling av byggetomta med 1 meter eller anna tilfredsstillande trygging av bygg. I samband med at planframlegget vert lagt ut på høyring, ba kommunen om at det vart utarbeidd ein 3D-modell som dokumenterte virkningane. Forslagsstillar har ikkje utarbeidd slik illustrasjon. Dei har grunna det med at oppfylling av tomta vert avgrensa til nivå for Fortun. Bygga har ei form og fleire etasjar enn det som er ført opp i området tidlegare. 3Dmodell ville dokumentert verknadane og gitt kommunen eit betre vedtaksgrunnlag. Bygg vil kunne verte inn til 5 cm høgre enn det planframlegget som var på høyring. Kommunen har ikkje motteke merknader frå naboane til planframlegget. Endringa er avgrensa/bagatellmessig og er vurdert til ikkje å føresette ny høyring/førehandsvarsling. Fylkesmannen etterlyser at det gjennom føresegnene går fram at overvassanlegga vert dimensjonert for stormflo. Her må det understrekast at det var ei antaking som Asplan Viak la til grunn i si vurdering. Frå Tekniske tenester har sakshandsamar fått stadfesta at hovudsystem er lagt med rør på 600 mm. Kommunen har ikkje dokumentasjon på standard kapasitet på systema for handtering av overflatevatn. Det må vurderast gjennom kommunen sitt overordna arbeid for den tekniske infrastrukturen. Sakshandsamar var i kontakt med brannsjefen i samband med 1. gangshandsaming av planframlegget. Brannsjefen hadde ikkje merknader til planframlegget. Konklusjon: Rådmannen finn at arealbruken bygger opp om arealbruken i kommunedelplan. Verknadane
for tettstadbildet burde vore dokumentert i ein 3D-modell. Den etablerte bygningsmassen skil seg frå einebustadane i dei tilgrensande områda. Det vil også bygningsmassen som planframlegget opnar for gjere. Rådmannen rår til at kommunen vedtek planen med dei justeringane som følgjer av tilrådinga.