Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 23.07.2015 2013/865-8136/2015 Saksbeh.: Steinar Nordmo Saksnr Utval Møtedato Levekårsutvalet 20.08.2015 Kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15. Rådmannen sitt framlegg til vedtak 1. Tilstandsrapporten for grunnskulen i Sykkylven vert tatt til orientering. Det vert gitt tilslutning til konklusjon og tilrådde tiltak. 2. Tiltaka omtalt i saksutgreiinga / tilstandsrapporten blir vurdert i samband med budsjettprosessen for 2016 med tanke på evt. styrking. 3. Desse områda skal prioriterast: - Arbeid mot mobbing, for større trivsel og faglege utfordringar i grunnskulen. - Generell styrking av ressursane til grunnskulen i kommunen. - Fordeling av ressursane mellom spesialundervisning og ordinær undervisning. - Arbeid vidare med klasseleiing og vurdering for læring. 4. Skulane skal innarbeide desse områda i sine utviklingsplanar. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Etter opplæringslova pliktar skuleeigar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringssektoren. I Stortingsmelding nr 31 (2007-2008) vert det og trekt fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å kunne følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte og ha grunnlag for å vurdere dei rammene sektoren arbeider innfor. Skuleåret 2013/14 vart rapportmalen litt endra i høve til tidlegare rapportar og det er no satt opp lokale mål for dei nye rapporteringsområda. Saksopplysning Det er no laga rapport for skuleåret 2014/15 om tilstanden i grunnskulen i Sykkylven. I rapporten er dei mest sentrale områda innafor skulesektoren i kommunen tatt med for å sjå på nivået på ressursar, ressursbruk, resultat og kvalitet på læringsmiljøet samanlikna med fylket og landet. Kommunegruppe 10 er og med i oversikta, men pga. at vi nå høyrer med i kommunegruppe 7, er ikkje det ikkje lagt vekt på samanlikning med denne gruppa. Elles vert det i rapporten peika på nokre viktige/ nødvendige tiltak for å betre kvaliteten og utvikle sektoren vidare.
Vurdering For å gi eit bilete av tilstanden i skulesektoren tar vi her med samandraget og konklusjonen frå rapporten. Sjølve rapporten ligg som vedlegg til saka. Rapportmalen vart noko endra skuleåret 13/14 og hadde med ein del nye område frå elevundersøkinga; - "støtte frå lærar", "vurdering for læring", "læringskultur", "elevdemokrati og medverknad" og "andel elevar som har opplevd mobbing 2-3 gongar pr. månad eller meir". Dei lokale måla for desse rapporteringsområda er no satt opp og styringskorta er reviderte. Det er nytt av året at det vert lagt opp til at elevar, foreldre og organisasjonane skal medverka i utabeiding av rapporten, - sjå side 1 i rapporten. Dette vart ikkje gjort i år, men ein vil ved neste rapportering implisere organisasjonane, t.d. med eige tema på rektormøte. Hovudtendensen i rapporten frå 2013/14 var at elevane stort sett ga gode tilbakemeldingar om korleis dei opplevde skulekvardagen (subjektive faktorar), Dette er ikkje så tydeleg dette skuleåret. Det er spesielt viktig å merke seg "andel elevar som har opplevd mobbing 2-3 gongar pr. månad eller meir" på 7 tinn. Sjå P. 2.2.7. i rapporten. På den skulen som hadde mest negative tal på dette punktet vart det satt inn konkrete og positive tiltak for å betre klassemiljøet. Når det gjeld læringsresultata (objektive faktorar), er dei noko varierte og ikkje er like tilfredsstillande. Det mest positive her er prestasjonane i rekning i nasjonale prøve for både 5., 8. og 9. trinn! Ser ein dette i eit noko lengre perspektiv, kan truleg noko av forklaringa vere tronge rammer/ store grupper over lengre tid. I mange år har skulane i Sykkylven hatt mykje mindre ressursar til disposisjon enn dei vi samanliknar oss med, sjølv om det var ein liten auke skuleåre i 13/14, - sjå elles årsrapporten for 2014. Skuleåret 13/14 var auken på omlag 5 stillingar, inklusiv dei stillingane vi får finansiert direkte frå staten. For skuleåret 14/ 15 var det ein nedgang på 1,4 stillingar med 15 elevar meir enn året før, og spesielt ungdomsskulen hadde store elevgrupper!. Vi har i lang tid jobba med å redusere ressursbruken til spesialundervisninga. Vi har m.a. gjennomført eit prosjekt " Rett hjelp til rett tid" og har i samband med dette hatt gode prosessar kring rutinar og organisering. Tala viser at vi har klart å snu ein negativ spiral og er kanskje på veg mot å kunne nytte meir av totalressursen til ordinær undervisning. På denne måten vil fleire elevar få tilbodet sitt innanfor det ordinære opplegget. Nedgangen i ressursbruken til spes. uv. har nå stoppa opp ( 13,1 stillingar i 2013/ 14 og 13,72 stillingar i 2014/15). Erfaringar viser at jo mindre totalramma er, jo større vert behovet for spesialundervisning. Dvs. rammene/ kvaliteten på ordinær undervisning heng nøye saman med kor mange elevar som treng spesialundervisning! Skulane har gjort ein god jobb med organisering av undervisninga/ utnytting av ressursane, men ein føler at ein no ikkje har meir å gå på i høve til det reelle behovet. Måloppnåing: Siste skuleår nådde vi berre 11 av 29 av dei måla som med i rapporten. Grunnane til dette kan vere fleire, og ein må m.a. sjå om måla står i stil med dei ramme ein disponerer. Vi har difor hatt ei evaluering/ justering av måla i styringskorta våre. I prinsippet meiner ein likevel framleis at vi ikkje skal ha særleg lågare målsettingar for våre elevar enn andre kommunar har trass i svært knappe ressursar. Desse områda må vi ha ekstra fokus på for å heve nivået/ få betre resultat:
- Arbeid mot mobbing, evaluere/ evt. justere rutinane på den einskilde skule. - Fagleg rettleiing - Lesing - Eksamensresultata i norsk og matematikk - Meir fokus på minoritetsspråklege elevar, - betre ressurssituasjon - Kompetanseutvikling i fleire fag - Vurdering for læring/ vidare arbeid med god klasseleiing. Ugdomsskulesatsinga - IKT: Vidareutvikle bruken av læringsplattformen (ITs Learning) og administrasjonsprogrammet Visma Flyt. Få heimesidene for skulane på plass (Moava) Konklusjon: Under p. 2.1.1 "Lærartettleik" har vi tatt med ei oversikt over elevtal og talet på undervisningsstillingar. I perioden frå 2005 til 2011 var det ein reduksjon på heile 10 stillingar med om lag same elevtal. Skuleåra 2011/12 og 2012/13 klarte ein å halde same nivået på ressursane til skulen. Skuleåret 2013/14 vart det ein liten auke, men siste skuleåret fekk vi ein reduksjon på 1,4 stillingar. Det er difor mykje å ta att før vi har ein tilfredsstillande ressurssituasjon i grunnskulen. Det er fleire område som ein treng å ha ekstra fokus på ( sjå nedanfor) og ein må halde fram arbeidet med å styrke grunnskulen. Ressursnivået og ressursbruken har svært mykje å seie for resultat og trivsel i skulen og vi ser at vi på mange område ikkje oppnår dei resultata vi ynskjer. Prosjektet "Rett hjelp til rett tid" har hatt betre utnytting av ressursane som mål gjennom å nytte større del av totalramma til ordnær undervisning. Prosjektet er no avslutta, men mykje arbeid står att. Ressursane som har vore nytta til spesialundervisning har vore store over fleire år, men frå skuleåret 2012/ 13 til skuleåret 2013/14 fekk vi til ei endring ( frå 16,4 stillingar til 13,1 stillingar). Siste skuleåret auka ressursane til spesialundervisninga litt igjen, med 0,64 stillingar, samstundes som den totale ramma vart redusert med 1,4 stillingar. Dvs. at ein større prosentdel av totalramma går til elevar med spesielle behov. Erfaringar viser at når totalramma minkar så aukar behovet for spesialundervisning. Oversikt mål og måloppnåing Mål Res. Kommune Nådd/ ikkje Fylket Nasjonen nådd Årsverk 92 88,2 Ikkje nådd --- --- Lærartettleik 10. trinn 13,2 13 Nådd 12,6 13,4 Lærartettleik 7. trinn 15 15,5 Ikkje nådd 14,5 14,5 Støtte frå lærar 7. Trinn 4,6 4,5 Ikkje nådd 4,4 4,4 Støtte frå lærar 10. Trinn 4,1 3,8 Ikkje nådd 4,1 4,1 Læringskultur 7. trinn 4 4,1 Nådd 4 4,1 Læringskultur 10. trinn 3,7 3,8 Nådd 3,8 3,8 Vurdering for læring 7.trinn 3,8 3,7 Ikkje nådd 3,9 4 Vurdering for læring 10.trinn 3,3 3,1 Ikkje nådd 3,2 3,2 Meistring 7. trinn 4,1 4 Ikkje nådd 4,1 4,1 Meistring 10. trinn 4 3,9 Ikkje nådd 4 4 Elevdemokrati 7. trinn 3,7 3,7 Nådd 3,7 3,8
Elevdemokrati 10. trinn 3 2,9 Ikkje nådd 3,2 3,2 Mobbing 7. trinn 1,1 1,3 Ikkje nådd 1,3 1,3 Mobbing 10. trinn 1 1,1 Ikkje nådd 1,2 1,2 Mobbing 2-3 g/mnd. 7.trinn 2,4 8,9!Ikkje nådd 2,4 2,4 Mobbing 2-3 g/mnd. 10.trinn 4,7 3 Nådd 4,3 4,1 Nasjonale prøver: Lesing 5. trinn 75 % 66,30 % Ikkje nådd 74,60 % 76,80 % Lesing 8. trinn 75 % 70 % Ikkje nådd 73 % 74 % Lesing 9. trinn 82,50 % 81,20 % Ikkje nådd 82 % 83 % Rekning 5. trinn 75 % 78,10 % Nådd 75,80 % 75,50 % Rekning 8. trinn 72 % 77 % Nådd 68,60 % 67,90 % Rekning 9. trinn 80 % 83,70 % Nådd 80,30 % 79,60 % Engelsk 5. trinn 72 % 70,60 % Ikkje nådd 73,90 % 75,30 % Engelsk 8. trinn 75 % 75 % Nådd 72 % 71 % Eksamen: Norsk hovudmål 3,5 2,9 Ikkje nådd 3,4 3,4 Matematikk 3,1 2,9 Ikkje nådd 3 3 Grunnskulepoeng 39,4 39,5 Nådd 40,4 40,3 Overgang til vg.skule 100 % 100 % Nådd --- 97,90 % Prioriterte område for betre måloppnåing: - Stort fokus på arbeid mot mobbing - God kartlegging/ oppfølging - Auke læringstrykk/ betre fagleg rettleiing/ større faglege utfordringar for elevane - Arbeide meir med elevdemokrati - Auke ressursane til grunnskulen - Etter - og vidareutdanning i fleire fag/ fagområde - Arbeide vidare med skulevurdering og vurdering for læring - Arbeide vidare med god klasseleiing og skule- / heimsamarbeidet - Ungdomsskulesatsinga Økonomiske konsekvensar Dei fleste av dei tiltaka som er lista opp i rapporten, vil løysast innafor disponible rammer. Nokre av tiltaka vil kunne krevje ressursar utover dei rammene ein no har til disposisjon. Evt. nye prioriteringar må ein sette opp mot andre tiltak innan skulesektoren. Ei av utfordingane som har auka spesielt den siste tida i skulen er utagerande elevar på småskulesteget. Dette er eit av områda der ein må vurdere å tilføre ekstra ressursar.
May-Helen Molvær Grimstad rådmann Steinar Nordmo rådgjevar skule