Plan for kvalitetsutvikling 2012/2013

Like dokumenter
Plan for kvalitetsutvikling 2011/2012

Plan for kvalitetsutvikling 2010/2011

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

"Arbeide for ein skule der alle viser ansvar, omsorg og respekt for kvarandre, og saman utviklar eit trygt og inspirerande arbeidsmiljø

1. Innleiing. Planen si oppbygging: Tresfjord, Anny Aklestad. -rektor/driftsleiar- Planen er sist oppdatert: mai 2015

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Handlingsplan for grunnskulen i Vestnes 2010/2011

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Skolebasert vurdering i Lierneskolen

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Pedagogisk tilstandsrapport 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

ORDENSREGLAR TRESFJORD OPPVEKSTSENTER

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Verksemdsplan. for. Ålvik skule

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Skuleutvikling i arbeidet med dei fire prinsippa i VFL

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Tysværvåg barne- og ungdomsskule

Pedagogisk plattform

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Vestnes kommune. Plan for kvalitetsutvikling Tomrefjord skule

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Erfaringsdeling

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Plan for kvalitetsutvikling

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

KVALITETSPLAN FOR VEVRING SKULE. Introduksjon. Skulen sin visjon og pedagogiske grunnsyn: «Rom for alle, blikk for den enkelte»

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

VERKSEMDSPLAN FOR. Seljord barneskule

SKULE I UTVIKLING Skulebasert kompetanseutvikling, Rubbestadneset skule

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

INNHALDSLISTE. 10.Grunnprinsipp 4... side Grunnprinsipp 5... side Grunnprinsipp 6... side Grunnprinsipp 7...

Regelverksamling Oppvekstsjef Olav Fure

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

LINDÅS KOMMUNE. LOKAL VERKSEMDPLAN Knarvik ungdomsskule

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Skulebiblioteket ein arena for kultur og læring.

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

1. Beskriv målet/måla

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

TILSYNSRAPPORT SKULEBASERT VURDERING

Transkript:

Plan for kvalitetsutvikling 2012/2013 1. Innleiing Det er utarbeidd kommunale retningslinjer for vurderingsarbeidet i grunnskulane i Vestnes. Desse tok til å gjelde frå 01.08.11. Tresfjord skule har laga eit årshjul som systematiserer dette og tydeleggjer fristar og plikter for vurderingsarbeidet. Målet er å samordne vurderingsarbeidet i kommunen slik at eit klart og tydeleg regelverk skal medverke til ein motiverande og læringsfremjande vurderingspraksis. Tresfjord skule er godt i gang med dette. Skulen har nytta PedIT i vurderingsarbeidet både når det gjeld å synleggjere halvårsplanar/årsplanar i faga, men også når det gjeld rutinar ved halvårsvurdering og kontakt med heimen. Parallelt med dette vil satsinga på PedIT halde fram. Å innarbeide gode rutinar for korleis læringsplattforma kan nyttast for å betre kommunikasjon mellom brukargruppene i skulen og dermed auke læringsutbyttet for elevane, er hovudutfordringa. For få nyttar PedIT aktivt. Lesing som grunnleggjande dugleik involverer alle lærarane i fleire fag. Deltaking i SOL- eit verkty for systematisk arbeid med lesing på alle årssteg - blir det mest omfattande tiltaket. Skolering av ressurspersonar starta våren 2011. Skulen har hatt opplæring i eige personale frå ressurspersonane. Vi følgjer framdriftsplanen og er i vårhalvåret 2012 i gang med prøvesoling av på alle årssteg. Resultata skal registrerast i VOKAL. 2. Overordna visjon for skulen Vi vil arbeide for å skape eit trygt og stimulerande lærings og oppvekstmiljø. Målet vårt er at gjennom allsidige aktivitetar og varierte arbeidsmåtar skal elevane trivast og bli motiverte til å lære ved skulen vår. RAPPORTERING 3. Arbeid med læringstema 3.1 Mål Skulen har arbeidd med 4 utvalde satsingsområde som delvis utfyller kvarandre; Godt læringsmiljø, lokale læreplanar, PedIT og vurdering. 3.2. Gjennomførte tiltak Tresfjord skule har laga ein plan for sosiale aktivitetar som er ein del av utviklingsplanen. Her er både og ansvarleg for å gjennomføre tiltak. Miljøprisen er oppretta som eit fast tiltak for å halde fokus på skulemiljøarbeidet. Elevrådet disponerer prisen på 4000 kr til trivselsfremjande tiltak. Skulemiljøet er fast tema på elevrådsmøta. På klassemøta om våren blir resultata av elevundersøkinga gjennomgått og drøfta.

Det har vore arbeidd med lokale læreplanar i heile perioden. Det er utarbeidd ferdige årsplanar etter ein fastsett mal i dei fleste faga på dei fleste årsstega, men det står framleis noko arbeid att. Dette er ein kontinuerleg prosess. Dei lokale læreplanane må sjåast i samanheng med satsinga på vurdering. Dei nye retningslinene for elevvurdering vil ha som føresetnad at det føreligg årsplanar/halvårsplanar i faga. Dette vil danne grunnlaget for det vurderingsarbeidet skulen skal gjennomføre. 3.3 Vurdering av tiltaka i høve til målsetjinga Skulen prioriterer skulemiljøarbeidet vidare fordi vi meiner at dette er grunnleggjande for eit godt læringsmiljø. Deltaking i trivselsprogrammet der utfordrast til å vere positive førebilete som trivselsleiarar er godt i gang. Nye trivselsleiarar er valde for vårhalvåret. Dei har delteke på leikekurs og har akkurat starta opp. Evalueringa frå både og er positiv; det er meir aktivitet i friminutta og det er færre som står åleine. Dei gamle trivselsleiarane fekk utdelt diplom for godt utført arbeid og dei avslutta perioden med eit sosialt måltid på Ridderkroa. Det er kjøpt inn nytt leikeutstyr for å motivere til nye aktivitetar. 4. Skulebasert vurdering 4.1 Vurderingsområde Opplæringslova 13-10 pålegg kommunane å ha eit heilskapleg system for kvalitetsvurdering av grunnskuleverksemda. Som ein del av dette gjennomfører skuleeigar skulebesøk. Tema for møtet med plangruppa i år er knytt til skulen sin utviklingsplan. I kva grad har skulen lukkast med satsingsområda. Kva bør vere satsingsområde framover? Her må skulen ta omsyn til den føreståande strukturendringa. Nye satsingsområde må vurderast. Mål Målet med all skulebasert vurdering er å få best mogleg oversikt/innsyn i ulike delar av verksemda slik at dette kan brukast til å betre rutinane der det blir avdekt at skulen har forbetringspotensiale. 4.2 Vurdering av tiltaka i høve til målsetjing Skulen må bli flinkare til å setje av tid til å reflektere over eigen praksis. Vi må bli flinkare til å gjere oss nytte av dei opplysningane vi har tilgang til gjennom kartleggingar og brukarundersøkingar til å stille kritiske spørsmål over eiga verksemd. Å drive systematisk utviklingsarbeid er ein kontinuerleg prosess som må innarbeidast i dei daglege rutinane. Dette er både tidkrevjande og utfordrande. 5. Kompetansebehov 2012 2015 5.1 Kartlegging og medverknad Tresfjord skule har hatt 3 som har delteke på satsinga Kompetanse for kvalitet frå styresmaktene dei 3 siste åra. To av desse lærarane blir overflytta til Helland skule slik at vidareutdanninga kjem kommunen til nytte vidare. (matematikk og spes.ped-30 studiepoeng) Ved Tresfjord skule blir det store utskiftingar i personalet i åra som kjem. Omstruktureringa har ført til ei uheldig kjønns- og alderssamansetjing i personalgruppa. Tresfjord skule vil mangle lærar med vidareutdanning i spes.ped. frå skuleåret 13/14. Det vil bli vanskeleg å få dekt kompetansen i alle fag når det blir så få att. Når få personar må gjere alt, blir dette svært sårbart. Dette skuleåret deltek to på Ny-Giv utdanninga. Begge desse skal arbeide på Helland skule neste skuleår.

5.2 Kompetanseutvikling på sentrale satsingsområde Satsinga på PedIT som læringsplattform held fram. PedIT skal brukast meir direkte i vurderingsarbeidet. Alle nyttar PedIT som reiskap i halvårsvurderinga. Satsinga framover blir å involvere foreldra i bruken av PedIT- både som kommunikasjonsverkty og for å følgje med i elvane si læring. SOL-satsinga må halde fram. Her trengt det eit løft i skuleringsarbeidet for lærarane. Før lærarane blir meir fortruleg med metoden, er det vanskeleg å sjå nytteverdien av dette og det vil lett bli opplevd som ei meirbelastning i ein elles hektisk kvardag. Arbeidet med vurdering skal halde fram. Her har skulen lukkast med å innføre ein ny vurderingspraksis ved at det no føreligg skriftleg halvårsvurdering for alle klassesteg. Målet vidare må vere å styrke og forbetre vurderingspraksisen ved at elevane blir dregne meir med i undervegsvurderinga. Å vere med å vurdere eige arbeid og ha eit medvite forhold til kva ein blir vurdert etter, er sett på som viktige føresetnader for ein god og læringsfremjande vurderingspraksis. 5.3 Kompetanseutvikling på skulen sine satsingsområde Skulen står føre store forandringar. Nye utfordringar framtvingar nye satsingsområde. Dette må den nye leiaren ta stilling til. Korleis skal det nye oppvekstsenteret drivast? Samarbeid i ei ny personalgruppe der barnehageområdet kjem inn, krev nye tiltak. Korleis skal felles personaltiltak løysast når personalet ikkje er samla? Korleis komme i gang med planlegginga av bygningsmessige endringar for å samle oppvekstsenteret under same tak? Korleis bør uteområdet tilpassast barnehageverksemd? Dette vil måtte bli prioriterte satsingsområde framover. 5.4 Styrking av fagkompetansen ved skulen Skulen vil ha stort behov for fagkompetanse m.a. i spesialundervisning. At u-steget skal flyttast frå 2012, gjer at det kan bli store utfordringar å få god fagkompetanse i alle fag. Ut i frå alderssamansetjinga i personalet som blir att, er det lite truleg stor interesse for å ta vidareutdanning. Alle er godt orienterte om ordninga og om fristen for å søkje. HANDLINGSPLAN 6. Læringstema. Vestnes kommune skisserer 3 hovudområde for utviklingsarbeidet: a) Nye retningsliner for ein betre vurderingspraksis og b) PedIT og c) grunnleggjande leseopplæring (SOL) Tilpassa opplæring er det overordna perspektivet. Skulens eige satsingsområde er framleis skulemiljøet der trivselprogrammet har hatt ein positiv innverknad på aktiviteten og trivselen i friminutta.

7. Handlingsplan for læringstema Overordna perspektiv: Tilpassa opplæring Tema Tiltak Målgruppe Når Ansvar Samarbeid Ressurs/ vurdering Lesing Turar/ekskursjonar Sosiale aktivitetar (jfr. aktivitetsplan, årshjul) Skulestart/overgang: - barnehage-skule (jfr. lokal plan og årshjul) siste året i barneh.+1.kl. rektor + rektor + - barneskule/ungdomsskule 7.kl. kontakt kontakt barnehagen Vike friskule Helland skule Handlingsplan mot mobbing: - miljøpris/miljødag vår rektor/ - brukarundersøking - møte m.fokus på skulemiljø (alle klassar) vår møte haust og vår kontakt møte - i elevråd/klasseråd kontakt - digital mobbing - tiltaksplan Miljøfokus/miljøarbeid (observasjonar, «bekymring») Trivselsprogrammet - TL-aktivitørar i matfriminutt (man-tors) - TL-ansvar v. miljødag o.l. Leseglede - leselyst - bok til alle Aktiv bruk av skulebiblioteket - presentasjon av årets bøker SOL - systematisk observasjon av lesing Godt læringsmiljø rektor/kontakt problemhandterarar + månadleg team ved høve TL-kooridnator + Folkebibliotek bibliotekansvarleg skuletid PedIT Heim/skule: - bruk av kontaktboka i PedIT - bruk av meldingsfunksjonen - tilpassa arbeid (arbeidsplanar+oppgåver) - bruk av personleg side - bruk av forum

- vurdering: - halvårsvurdering - enkeltoppgåver haust og vår PedIT-opplæring: - for elevane datalærar Norsk nettskule - heve kompetansen til og tilsette vår og haust datalærar møte individ. tid Datarom/aktiv bruk av ikt i fag, for alle trinn (jfr. plan for fag og momentlista for stega + Ny avtale om bruk av datautstyr) flytande ekstraressurs Bruk av ikt: - gjennomgang av personvern - kritisk bruk av ikt - effektiv bruk av ikt - fornuftig bruk av ikt ( Du bestemmer.no ) alle kontaktlærar/ datalærar datalærar skuletid Skulering i eige personale - vurderingsforskrifta - nye retningsliner rektor/ Tilpassa opplæring: - individuelle planar (IOP) TTS PPT - varierte vurderingsmåtar - felles arbeidsplanar for hovudstega - vidare arbeid med halvårsplanar Elevvurdering - nasjonale prøver haust - kartleggingsprøver haust/vår Vurdering for og av læring Undervegsvurdering - kontaktmøte halvårleg el. v. behov kontakt fag/ assistentar el. avspasering - eigenvurdering kontinuerleg - elevsamtalar kontinuerleg - dialog om anna utvikling kontinuerleg kontakt Samarbeidsmøte - fagseksjonar v. behov fellestid - klasselærarmøte kontakt - teammøte Skulebasert vurdering - skulebesøk - skoleporten: bruk av resultat i vurderingsarbeid alle kvar veke el. ved behov kvar veke el. ved behov vår kontakt rektor plangruppe fag assistentar Vestnes kommune fellestid fellestid

8. Økonomi Kostnader Eigenfinansiering Behov komm. midlar Godt læringsmiljø: Miljøpris 4 000 kr Skyss div. arr. Utprøving, skulebesøk o.l. Lesing/bibliotek: Forfattarbesøk PedIT/tilpassa opplæring: Vikarutg. Innføring ny læreplan Kunnskapsløftet : Midlar til etterutd./ vidareutdanning + studieavg. Andre reformrelaterte tiltak. Kurs, etterutd./vidareutd. o.a. Vikarutg. etterutd., SOL, språkutvikling NY-Giv skulering Totalkostnader 2012: kulturniste Kompetanseutv.midlar Dekt sentralt 9. Kompetanseutvikling 2012 2015 9.1 Kompetanseutvikling på sentrale satsingsområde Tresfjord skule vil delta aktivt i det kompetanseutviklingsarbeidet som blir initiert frå Vestnes kommune. Skulen vil bruke felles samrådingstid og studiedagar til arbeidet med satsingsområda a) vurdering og b) PedIT c) leseopplæring (SOL). 9.2 Kompetanseutvikling på skulen sine satsingsområde Val av nye satsingsområde for oppvekstsenteret, vil avgjere kva kompetanse som trengst. Samarbeid med Fiksdal oppvekstsenter kan kanskje vere aktuelt. 9.3 Styrking av fagkompetansen ved skulen - Tidleg innsats gjennom språk og språkstimulering- fokus på samanhengen bhg.-skule. 4 fagdagar med nettverksamlingar mellom kvar fagdag. 3 deltek. - SOL-systematisk observasjon av lesing. Oppstart april 2011. 2 deltek. Vidare satsing på kursdag i 2012? - NY-GIV-satsinga. 2 deltek på kursrekkja. 6 kursdagar til saman. Tresfjord, 22.03.12 Håvard Siem for plangruppa