Saksutskrift Arkivsak-dok. 14/01737-6 Arkivkode. 150 Saksbehandler Morten Mastrup Saksgang Møtedato Saknr 1 Formannskapet 24.11.2014 76/14 2 Kommunestyret Økonomiplan 2015-2018/ med årsbudsjett og sparekatalog Saka vert avgjort av: Kommunestyret Vedlegg: Rådmannens forslag til økonomiplan og budsjett 2015 Sparekatalogen 2015 med alle tiltak Dokument i saka: Økonomiplan frå avdelingane Underlagsmateriell frå administrasjonen sitt arbeid. Statsbudsjettet og Grønt Hefte ( berekningar frå inntektssystemet). Budsjett og økonomiplan for interkommunale selskap og samarbeid. Referat frå utval sine budsjettkonferansar Prognosemodell frå KS. Rådmannen sitt notat til budsjettkonferansen 6 og 7 okt. Gjeldande budsjett og økonomiplan 2014-2017 Tidligare vedtak i økonomiplanutvalet Budsjettrundskriv 2015. Rapport frå Telemarksforskning: kostraanalyse, Ål kommune. Saksopplysningar: Rådmannen viser til dei opplysningar som ligg i økonomiplandokumentet. For budsjettansvarlege vart rammene formidla gjennom budsjettrundskrivet i august - 2014. Formannskapet som økonomiplanutval heldt sin årlege budsjettkonferanse 6. og 7. oktober, der rådmannen la fram eit budsjett utan saldering og med ein underbalanse på ca.5,5 millionar kroner. Utfordringar på drift og investeringssida vart drøfta, og rådmannen har arbeidd fram eit budsjettgrunnlag i balanse etter innsparingstiltak jf. vedlagte sparekatalog 2015 og bruk av utbyggingsfond. Økonomiplan og budsjett vert lagt ut til offentleg høyring etter handsaming i formannskapet. Endringar frå rådmannen sitt forslag vil følgje budsjettdokumenta og saka fram til endeleg vedtak i kommunestyret 18 desember. 1
Kommunestyret vedtek driftsbudsjettet på netto rammenivå og investeringsbudsjettet på brutto løyving pr prosjekt. Forhold til overordna plan: Kommuneplanen og sektorplanar er grunnlaget for økonomiplanen, saman med overordna statlege mål og rammar kommunisert gjennom statsbudsjettet. Miljøkonsekvenser: Rådmannen sitt forslag inneber ein lågare takt på gjennomføringa av klimaplanen. Helse-/miljø og beredskapstilhøve: Ingen kjente. Økonomiske konsekvensar: Rådmannen sitt budsjettgrunnlag med dei prioriterte tiltaka i sparekatalogen, gjev eit budsjett i balanse og tiltaka kan gjennomførast i organisasjonen utan dramatisk svikt i tenestetilbodet. Katalogen inneheld utgiftskutt og styrka inntekt på 5,121 mill.kr.( 1,475 mill.kr er fondssparing) Ytterligare vurderingar kring økonomien i planperioden vert drøfta i vedlagte plandokument og sparekatalog. Vurdering: Økonomisk drift i balanse gjev handlefridom og er ein viktig føresetnad for lokal styring og utvikling. 2015 er tredje året med sparekatalog og Ål kommune har dei tre siste åra stramma inn budsjettet med omkring 25 millionar kroner. Vidare innsparing, rasjonalisering og styrka handlingsrom krev større og strukturelle grep. Rådmannen vil jobbe vidare med dette ut frå vedtak i pkt. 13 i innstillinga. Rådmannen si innstilling: Ål kommunestyre vedtek formannskapet sitt framlegg til Økonomiplan 2015 2018 og årsbudsjett 2015. I tillegg til taldelen vedtek kommunestyret følgjande: 1. Med heimel i Eigedomsskattelova (esktl.) 3 første ledd bokstav c, vedtek kommunestyret å skrive ut eigedomsskatt i eigedomsskatteåret 2015 for verk og bruk etter ein sats på 7. 2. Formannskapet får delegert fullmakt til å disponere frå teneste 1805, til formannskapet sin disposisjon, for løyvingar inntil 100.000 kroner. 3. Rådmannen får i samsvar med økonomireglementet, og i samråd med formannskapet, mynde til å disponere inntil 300 000 kroner som eit disposisjonsbeløp, finansiert frå disposisjonsfond og budsjettert under 14900-1010-1201, reserverte midlar. 4. Rådmannen får fullmakt til å fordele / disponere felles utstyrspott innanfor ei ramme på 900 000 kroner. Midlane skal takast frå utbyggingsfond og kan nyttast til både drift- og investeringsformål. 2
5. Kommunen sine betalingsordningar, eigenbetaling, avgifter og gebyr, blir handsama i eigne saker der dette er naudsynt utover dei retningsliner som ligg i budsjettdokumentet. 6. Kommunestyret godkjenner følgjande låneopptak: Frå Husbanken til vidareutlån (Startlånordninga), med inntil 8 millionar kroner i 2015. Dette lånet har 22- års avdragstid. Rehabilitering av vatn og avlaup med 3 millionar kroner i 2015 ( sjøvkost). Vassforsyning Kleivi med 1,5 millionar kroner i 2015 Reenovasjonsknutepunkt med 300 000 kroner i 2015 Som hovudregel nyttar kommunen 25 års avdragstid på sine lån. 7. Busetjing av flyktningar i planperioden kan skje innafor ei ramme på inntil 10 flyktningar pr. år (inkl. familiesameining). 8. Budsjettet gjev denne finansieringa av årets investeringsbeløp jf.skjema 2B. Finansiering 2 014 2 015 2 016 2 017 2 018 Låneopptak -67000-4800 -70000-30000 Bruk av kapitalfond -3500-10000 Bruk av næringsfond -2000-1500 -1500-1500 -1500 Mva-refusjon -3000-6000 -1200-1000 Mva-refusjon prosjekt 192-17000 -4000-10000 -23000-6000 Statstilskot prosjekt 192-5000 -5000-11000 -43000 Mva-refusjon prosjekt 199-2400 -6400 Ekstern finansiering prosjekt 199-4500 -16500 Anna finansiering * -1800 Bruk av utbyggingsfond -7664-4915 -22 794-12 517-4 618 9. Kommunestyret vurderer kommunen sin likviditet som tilfredsstillande for å dekkje løpande behov og utbetalingar. 10. Rådmannen skal gjennom heile 2015 fylgja opp gjennomføring av innsparingstiltaka og vurdera ytterlegare reduksjonar i driftsbudsjettet der det er mogleg. 11. Satsar som grunnlag for berekning av kommunalt tilskot til ikkje-kommunale barnehagar I 2015 i Ål kommune : Driftstilskot pr. plass Kapitaltilskot pr. plass Barn 0-2 år 152 500 12 000 Barn 3-6 år 116 300 12 000 Frå 01.01.15 skal ikkje-kommunale barnehagar ha 98 % av tilskotssatsane. Kunnskapsdepartementet fastset dei nasjonale satsane. Ved ev. endring skal til ei kvar tid gjeldande nasjonal sats nyttast. 3
12. For kommunale investeringar skal det ikkje takast opp nye lån. Unnateke herifrå er: Investeringar som får dekka inn rente- og avdragskostnader ved leigeinntekter. Helsetunutbygginga ( prosjekt 192) Dansesal i kulturhuset ( prosjekt199) Investeringar innanfor sjølvkostområda, til dømes for vatn og kloakk. Årleg investeringsnivå i kommunen skal normalt ikkje overstige forventa og disponibelt årleg overskot frå Ål kraftverk. 13. Fygjande spare -og omstillingstiltak skal utgreiast vidare i planperioden 2015-2018 1.) Skule -og barnehagestruktur. 2.) Eigedomsskatt. 3.) Felleskjøkken (rasjonalisere drifta). 4.) Rasjonalisering av bassengdrift. 5.) Slå saman økonomi, rekneskap -og lønsfunksjon med andre kommunar. 6.) Generelle rasjonaliseringstiltak på tvers av kommunegrensene. Ål, 18.11.2014 Tone Tveito Eidnes rådmann Morten Mastrup økonomisjef 4
1. Formannskapet har behandla saka i møte 24.11.2014 sak 76/14 Behandling Investering: Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Verkstaden på Oppsjø: utsett til 2016, opprusting Prestegardsjordet: framskunda til 2015. Sparekatalogen: Politisk organisering: Framlegg frå Ivar M. Brevik (SP): Slå saman sektorutval for helse, SHS, og sektorutval for oppvekst og kultur, SUKO, til eit sektorutval. Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Oppretthalde tre politiske sektorutval utval. Framlegg frå Ove Bråten (V): Redusere tal representantar i kommunestyret frå 25 til 21. Framlegg frå Ingeborg K. Frydenlund (Krf): Legge inn ei innsparing på kr 50 000 til gateljos. Servicetorget: Magny R. Folkedal (SP): Det blir ikkje redusert med 30 % stilling i servicetorget. Seniortiltak: Framlegg frå Solveig Vestenfor (AP): Oppretthalde løyvinga til seniortiltak. Pleie og omsorg: Torhild Helling Bergaplass (H): Oppretthalde kr 200 000 til ekstrahjelpsmidlar pleie og omsorg. Fondsbruk: Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Oppretthald størrelsen på jordbruksfondet. Oppvekst: Framlegg frå Ivar M. Brevik (SP): Oppretthalde leirskuletilbodet på Knattholmen. Framlegg frå Ivar M. Brevik (SP): Set av kr 108 000 til Inn på tunet ved bruk av «oljefondet». Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Løyve kr 20 000 til Korps i skulen og vidareføre dagens ordning. Aukar bruk frå fond med 390 000 Samrøystes 5
Budsjettvedtaket: Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Endring av punkt 13 i budsjettvedtaket: Nytt punkt 7: Struktur og organisering av oppgåvene i drift og utviklingsavdelinga: a) Utviklingsavdelinga b) byggforvaltning c) veg og park d) VAR Nytt punkt 8: Struktur og organisering av oppgåvene i kulturavdelinga Budsjettvedtaket punkt 7: Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Tal flyktningar 8. Framlegg frå Ingeborg (KRF): Tal flyktningar 15. Votering Framlegget til endring i investeringsplanen frå Torhild Helling Bergaplass (H) fekk 1 røyst (H) og fall. Investeringsplanen vart elles samrøystes tilrådd. Politisk utval: Torild Helling Bergaplass (H) sitt framlegg om å oppretthalde 3 sektorutval fekk1 røyst og fall. Ivar M. Brevik (SP) sitt framlegg om å slå saman to sektorutval til eit nytt utval fekk 6 røyster og vart tilrådd. Ove Bråten (V) sitt framlegg om å redusere tal medlemer i kommunestyret til 21 representantar fekk 4 røyster og vart tilrådd. Framlegget frå Ingeborg Kaslegard Frydenlund (Krf) om å spare kr 50 000 på gateljos fekk 3 røyster (1 Krf, 1 AP, 1 V) og fall. Framlegget frå Magny R. Folkedal (SP) om ikkje å redusere 30 % stilling på servicetorget fekk 1 røyst (SP) og fall. Framlegget frå Solveig Vestenfor (AP) om å oppretthalde seniortiltaka fekk 1 røyst (AP) og fall. Harald Varlid (AP) var ugild i denne røystinga. Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) om å oppretthalde kr 200 000 til ekstrahjelp pleie og omsorg vart samrøystes tilrådd. Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) om å oppretthalde jordbruksfondet fekk 3 røyster (1 H, 2 SP) og fall. 6
Framlegget frå Ivar M. Brevik (SP) om å oppretthalde leirskuletilbodet på Knattholmen vart samrøystes tilrådd. Framlegget frå Ivar M. Brevik om å setje av kr 108 000 til Inn på tunet vart samrøystes tilrådd. Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) om å løyve kr 20 000 til å vidareføre Korps i skulen vart tilrådd mot ei røyst (V). Budsjettvedtaket: Punkt 5 vart tilrådd med atterhald om sektorutvala si handsaming 25.11.14. Punkt 7: Torhild Helling Bergaplass (H) sitt framlegg om å ta imot 8 flyktningar fekk 1 røyst (H) og fall. Ingeborg Kaslegard Frydenlund (KRF) om å ta imot 15 flyktningar fekk 1 røyst (KRF) og fall. Rådmannen sitt framlegg vart tilrådd med 5 røyster. Torhild Helling Bergaplass (H) sitt framlegg om nytt punkt 7 og 8 under punkt 13 vart samrøystes tilrådd. Formannskapet tilråd det samla budsjettet med dei fleirtalsendringane som kom fram i møtet samrøystes. Formannskapet tilrår auka bruk av fond med kr 390 000. Formannskapet si innstilling: Endringsframlegg som vart tilrådd av formannskapet: Politisk utval: Framlegg frå Ivar M. Brevik (SP) : : Slå saman sektorutval for helse, SHS, og sektorutval for oppvekst og kultur, SUKO, til eit sektorutval. Framlegget fekk 6 røyster og vart tilrådd. Framlegg frå Ove Bråten (V): Redusere tal representantar i kommunestyret frå 25 til 21. Framlegget fekk 4 røyster og vart tilrådd. Torhild Helling Bergaplass (H): Oppretthalde kr 200 000 til ekstrahjelpsmidlar til pleie og omsorg. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Framlegg frå Ivar M. Brevik (SP): Oppretthalde leirskuletilbodet på Knattholmen. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Framlegg frå Ivar M. Brevik (SP): Set av kr 108 000 til Inn på tunet ved bruk av «oljefondet». Framlegget vart samrøystes tilrådd. Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H): Løyve kr 20 000 til Korps i skulen og vidareføre dagens ordning. Framlegget vart tilrådd mot ei røyst (V). 7
Budsjettvedtaket: Punkt 5 vart tilrådd med atterhald om sektorutvala si handsaming 25.11.14. Torhild Helling Bergaplass (H) sitt framlegg om nytt punkt 7 og 8 under punkt 13 vart samrøystes tilrådd. Formannskapet tilrår auka bruk av fond med kr 390 000. Ål kommunestyre vedtek formannskapet sitt framlegg til Økonomiplan 2015 2018 og årsbudsjett 2015. I tillegg til taldelen vedtek kommunestyret følgjande: 1. Med heimel i Eigedomsskattelova (esktl.) 3 første ledd bokstav c, vedtek kommunestyret å skrive ut eigedomsskatt i eigedomsskatteåret 2015 for verk og bruk etter ein sats på 7. 2. Formannskapet får delegert fullmakt til å disponere frå teneste 1805, til formannskapet sin disposisjon, for løyvingar inntil 100.000 kroner. 3. Rådmannen får i samsvar med økonomireglementet, og i samråd med formannskapet, mynde til å disponere inntil 300 000 kroner som eit disposisjonsbeløp, finansiert frå disposisjonsfond og budsjettert under 14900-1010-1201, reserverte midlar. 4. Rådmannen får fullmakt til å fordele / disponere felles utstyrspott innanfor ei ramme på 900 000 kroner. Midlane skal takast frå utbyggingsfond og kan nyttast til både drift- og investeringsformål. 5. Kommunen sine betalingsordningar, eigenbetaling, avgifter og gebyr, blir handsama i eigne saker der dette er naudsynt utover dei retningsliner som ligg i budsjettdokumentet. 6. Kommunestyret godkjenner følgjande låneopptak: Frå Husbanken til vidareutlån (Startlånordninga), med inntil 8 millionar kroner i 2015. Dette lånet har 22- års avdragstid. Rehabilitering av vatn og avlaup med 3 millionar kroner i 2015 ( sjøvkost). Vassforsyning Kleivi med 1,5 millionar kroner i 2015 Reenovasjonsknutepunkt med 300 000 kroner i 2015 Som hovudregel nyttar kommunen 25 års avdragstid på sine lån. 7. Busetjing av flyktningar i planperioden kan skje innafor ei ramme på inntil 10 flyktningar pr. år (inkl. familiesameining). 8
8. Budsjettet gjev denne finansieringa av årets investeringsbeløp jf.skjema 2B. Finansiering 2 014 2 015 2 016 2 017 2 018 Låneopptak -67000-4800 -70000-30000 Bruk av kapitalfond -3500-10000 Bruk av næringsfond -2000-1500 -1500-1500 -1500 Mva-refusjon -3000-6000 -1200-1000 Mva-refusjon prosjekt 192-17000 -4000-10000 -23000-6000 Statstilskot prosjekt 192-5000 -5000-11000 -43000 Mva-refusjon prosjekt 199-2400 -6400 Ekstern finansiering prosjekt 199-4500 -16500 Anna finansiering * -1800 Bruk av utbyggingsfond -7664-4915 -22 794-12 517-4 618 9. Kommunestyret vurderer kommunen sin likviditet som tilfredsstillande for å dekkje løpande behov og utbetalingar. 10. Rådmannen skal gjennom heile 2015 fylgja opp gjennomføring av innsparingstiltaka og vurdera ytterlegare reduksjonar i driftsbudsjettet der det er mogleg. 11. Satsar som grunnlag for berekning av kommunalt tilskot til ikkje-kommunale barnehagar I 2015 i Ål kommune : Driftstilskot pr. plass Kapitaltilskot pr. plass Barn 0-2 år 152 500 12 000 Barn 3-6 år 116 300 12 000 Frå 01.01.15 skal ikkje-kommunale barnehagar ha 98 % av tilskotssatsane. Kunnskapsdepartementet fastset dei nasjonale satsane. Ved ev. endring skal til ei kvar tid gjeldande nasjonal sats nyttast. 12. For kommunale investeringar skal det ikkje takast opp nye lån. Unnateke herifrå er: Investeringar som får dekka inn rente- og avdragskostnader ved leigeinntekter. Helsetunutbygginga ( prosjekt 192) Dansesal i kulturhuset ( prosjekt199) Investeringar innanfor sjølvkostområda, til dømes for vatn og kloakk. Årleg investeringsnivå i kommunen skal normalt ikkje overstige forventa og disponibelt årleg overskot frå Ål kraftverk. 13. Fygjande spare -og omstillingstiltak skal utgreiast vidare i planperioden 2015-2018 1.) Skule -og barnehagestruktur. 2.) Eigedomsskatt. 3.) Felleskjøkken (rasjonalisere drifta). 9
4.) Rasjonalisering av bassengdrift. 5.) Slå saman økonomi, rekneskap -og lønsfunksjon med andre kommunar. 6.) Generelle rasjonaliseringstiltak på tvers av kommunegrensene. 7.) Struktur og organisering av oppgåvene i drift og utviklingsavdelinga: a) Utviklingsavdelinga b) Byggforvaltning c) Veg og park d) VAR 8.) Struktur og organisering av oppgåvene i kulturavdelinga RETT UTSKRIFT DATO 28.november.2014 10