Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet 12.10.2016 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68 Områdereguleringsplan for Håbakken del I og del II Kort samandrag: Saka gjeld 1. gangs handsaming av framlegg til Områdereguleringsplan for Håbakken del I og Områdereguleringsplan for Håbakken del II. Planområda er samla på vel 200 daa. Utbyggingsområda i dei to planane utgjer vel 100 daa. Det «nye» utbyggingsområdet utgjer i underkant av 50 daa. Det fordelar seg med i om lag 10 daa i del I og vel 30 daa i del II. Plan- og utgreiingsarbeidet er ei oppfølging av Utviklingsplan for omstilling i Lærdal kommune. Vedtak om oppstart av planarbeidet vart gjort av Formannskapet i Lærdal kommune den 26. februar 2015 i sak 022/15. Planprogrammet vart fastsett av kommunestyret den 23. juni 2016 i sak 047/16. Planarbeidet er gjennomført av Lærdal kommune i tett samarbeid med Lærdal Næringsutvikling. Løysingane i planen er basert på utviklingskonsept utarbeidd av Arkitektgruppa CUBUS AS. I tillegg er det søkt lagt til rette for SIMAS næring AS sine planar, der det er eit behov for areal på 30 40 daa. Rådmannen si tilråding: Formannskapet legg med heimel i 12-10 i plan- og bygningslova følgjande planer med tilhøyrande planomtal, risiko og sårbarheitsanalyse og konsekvensutgreiing ut til offentleg ettersyn: Områdereguleringsplan for Håbakken, del I, datert 3. september 2016. Områdereguleringsplan for Håbakken, del II, datert 3. september 2016.
12.10.2016 Formannskapet Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FS-155/16 Vedtak: Formannskapet legg med heimel i 12-10 i plan- og bygningslova følgjande planer med tilhøyrande planomtal, risiko og sårbarheitsanalyse og konsekvensutgreiing ut til offentleg ettersyn: Områdereguleringsplan for Håbakken, del I, datert 3. september 2016. Områdereguleringsplan for Håbakken, del II, datert 3. september 2016. Vedlegg: 603063-02-KU_Håbakken_støy Flom- og vannlinjeberegning Landskap.rapport_R02 Naturmiljø utgave 3 OR-plan_Hobakken_I_A02 OR-plan_Håbakken_II_A02 Planomtale_Håbakken_2016-10-03 ROS_Håbakken_2016-10-03 Trafikkanalyse Rapport frå kulturminneregistrering Planføresegner_Håbakken-delI_2016-10-03 Planføresegner_Håbakken-delII_2016-10-03 Merknader til reguleringsplan for Håbakken Relevante dokument i saka Planprogram. Reguleringsplan for Håbakken Næringspark Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan- og bygningslova Saksutgreiing Med utgangspunk i fastsett planprogram er det utarbeidd reguleringsplan for Håbakken. Det er utarbeidd framlegg til to områdereguleringsplanar for Håbakken, som femnar om: Områdereguleringsplan del I og del II med tilhøyrande føresegner i samsvar med
12-3 i plan- og bygningslova Felles planomtale med tilhøyrande konsekvensutgreiing som klargjer mål, prinsipp og planen sine vesentlege verknader og konsekvensar med utgangspunkt i planprogram fastsett av Lærdal kommunestyre den 23. juni 2016 i sak 047/16. Risiko- og sårbarheitsanalyse som er utarbeidd i samsvar med 4-3 i plan- og bygningslova. Planområda er samla på vel 200 daa. Utbyggingsområde utgjer vel 100 daa. Det «nye» utbyggingsområdet utgjer i underkant av 50 daa. Areala mellom Lærdalselvi og Næringsparken er teke med i planen og regulert som vegetasjonsskjerm med tilhøyrande omsynssone, naturmiljø samt landbruk. Dette arealet er teke med for å ivareta omsynet til omgjevnadane og dei stadeigne kvalitetane i dei tilgrensande områda som er knytt til naturresursane, naturmiljøet og fiske. For nærmare gjennomgang vert det synt til vedlagt plan med tilhøyrande deltemautgreiingar. Arbeidet med planen har synt at utviklinga både reise utfordringar i høve grunneigarinteresser, landbruk, naturmangfald og fiske. Det er gjennomført møter med grunneigarar som vert rørt av endra arealbruk. I tillegg er det gjennomført drøftinga med Landbruksavdelinga og Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NVE. I tillegg har det vore tett dialog opp mot Kulturavdelinga hjå fylkeskommunen i Sogn og Fjordane og Statens vegvesen. Det er planlagt møte med planavdelinga hjå vegstyresmaktene den 10. oktober 2016. Formannskapet vil verte orientert om ev. innspel frå Statens vegvesen ved handsaming av planen. Nytt næringsareal i framlegg til Reguleringsplanane for Håbakken vart omregulert til næring i Kommunedelplan for Tønjum-Ljøsne som vart vedteke i kommunestyret i 2011 (stadfesta i Miljøverndepartementet i 2013). Gjennom heile denne prosessen kom det tydeleg fram at grunneigar på planområde del II (N1 i kommunedelplanen), har vore i mot omregulering av arealet. Grunneigar vart fyrste gong informert om kommunen sine planar om omregulering av arealet på eige møte i januar 2011. I pågåande reguleringsplanprosess har det vore heldt møter med grunneigar på dette arealet, som heile vegen har vore samarbeidsvillig, sjølv om det har kome tydeleg fram at den føreslegne arealbruken ikkje er ønskt av grunneigaren og nabo (som nyttar arealet til beite). Arbeidet harvidare synt at dette er ei sak med høgre konfliktgrad i høve naturmiljø enn det som var kjent ved oppstart av planarbeidet. Det er registrert ein ny naturtype (rik edelløvskog) samtidig som naturtypen Kroksjø er utvida og definert som viktig bekkedrag. Desse saman med omsynet til fiske har påverka den endelege utforminga av planane.
Løysingane i planane er tilpassa: Naturtypane naturbeitemark og viktig bekkedrag er teke vare på med omsynsone Det er sett av areal til vegetasjonsskjerm der sideløp til Lærdalselvi/kile kan etablerast (fall frå punkt for inntak av vatn er kontrollert) Av omsyn til landskap, flaum og fiske opnar ikkje planen for utbygging av utbyggingsområde som ikkje er kommuneplanavklart, men vidarefører det som landbruksareal og vegetasjonsskjerm Den registrerte naturtypen rik edellauvskog er ikkje sikra, og planframlegget legg opp til at den går tapt. Areal som erstatning for framtidig sideløp til Lærdalselvi/kile er sett av nordaust for vegen til næringsarealet BN1 i reguleringsplan for Håbakken, del II. Det er lagt inn føresegner i planen som ikkje legg til rette for utbygging av område BN1 i planen for Håbakken del II, før område i del I er bygd ut eller det skal etablerast verksemd som krev så stor plass at den ikkje kan etablerast på anna areal innafor næringsparken. I høyringsperioden vil det verte gjennomført ope folkemøte. Økonomiske konsekvensar Planen føreset stor investeringar i form av oppfylling, etablering av infrastruktur som vegar, vatn og avlaupsanlegg samt flytting av etablert aktivitet og ulike avbøtande tiltak. Det er utarbeidd kalkyler for deler av desse tiltaka. I tillegg er det sett i gang arbeid med utvikling av ein gjennomføringsstrategi som skal vere eit viktig bidrag idet vidare arbeidet med realisering av planane på Håbakken. Vurdering Planarbeidet har avdekt utfordringar knytt til landbruk, naturmangfald, fiske (næring/friluftsliv), landskap og naturbasert sårbarheit. Gjennom arbeidet har det vore naudsynt å gjere prioriteringar. Frå planprinsippa som er skissert i planprogrammet til slik planen ligg føre, er det gjort ei rekke endringar av arealbruk og innarbeidd ei rekke avbøtande tiltak. Dei avbøtande tiltaka er spesielt knytt tilstøy, naturmangfald, fiske og landskap. Resultatet er at utbyggingsområde og deler av utbyggingspotensialet er teke ut samtidig som andre omsyn er søkt ivareteke. For nærmare gjennomgang vert det synt til planen med tilhøyrande utgreiingar. Det mest utfordrande har vore omsynet til den nye naturtypen som er registrert, og som går diagonalt gjennom næringsarealet på vel 30 daa der det har vore jobba med utviklingsplana til SIMAS næring. Rådmannen har i arbeidet med planen lagt avgjerande vekt på prioriteringane som er gjort gjennom kommuneplanen samt samfunnsomsyna som er knytt til næringsprosjektet som det vert jobba med. På den konkrete byggetomta er næring prioritert framfor naturtypen som er registrert. Det inneber at rik edellauvskog vil gå tapt. Det går spor etter ein tidlegare kile gjennom område. For å legge til rette for plass til denne er nytt landbruksareal ikkje omdisponert. Gjennom planen for Håbakken del II er det sett av
areal som vegetasjonsskjerm nordaust for utbyggingsareala og vegen til område BN1. For nærmar gjennomgang av andre vurderinga og konsekvensar var det synt til planomtalen med tilhøyrande deltamautgreiingar.