SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 09/1162
|
|
- Marta Mikalsen
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 09/1162 Arkiv: L12 REGULERINGSPLAN FOR UTSIKTEN PÅ GAULARFJELLET - VEDTAK Vedlegg Reguleringsplan for Fv 13 Utsikten på Gaularfjellet, høyringsutkast Uttaler frå NVE, region vest, Statens vegvesen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune, plan- og samfunnsavdelinga Fylkesmannen, miljøvernavdelinga og beredskapseininga, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Per Nordø, Norske landskapsarkitekters foreining, Referat frå samordningsmøte, Bakgrunn: Oppstartvarsel Brev frå Balestrand kommune, Møtebok formannskap sak 17/11, Brev til høyringsinstansar, Lovheimel: Plan og bygningsloven SAKSOPPLYSNINGAR Spørsmål om plankrav for utbygging av rasteplassen på Utsikten på Gaularfjellet vart drøfta av formannskapet i møte Balestrand kommune gav som følgje av dette følgjande tilbakemelding: Balestrand kommune er positive til at det vert utarbeidd slik reguleringsplan for å avklare rammene for opprusting av Utsikten. Ein er vidare positive til at presentert forprosjektet til Code Arkitektur vert lagt til grunn for planarbeidet. Ein ser det også positivt ut i frå at planarbeidet vil sikre ein prosess for informasjon og medverknad, avklare av forhold til grunneigarar i området og gje rammer for konkret byggesakshandsaming. Ein ser det vidare som naturleg at: Det vert gjennomført detaljregulering ( 12-3) Føremålet vert ikkje endra ut i frå dagens bruk. Planen vert utarbeidd av andre enn kommunen sjølv. Planprogram er ikkje naudsynt ( 4-1) Føremålet vert ikkje endra ut i frå dagens bruk, og tiltaket vil ikkje føre til vesentlege verknader for miljø og samfunn. Planbeskriving og konsekvensvurdering Det er ikkje naudsynt med eiga konsekvensvurdering, men det skal gjerast eiga vurdering av tilhøve til landskap i planbeskrivinga. Enkel ROS ( 4-3) Enkel risiko og sårbarhetsanalyse kan utarbeidast. Bør omhandle rasproblematikk og trafikksituasjonen.
2 Statens vegvesen sette etter dette formelt i gang arbeidet med reguleringsplan for området gjennom ved kunngjering og brev om oppstarvarsel Varsel om motsegn frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling, førte til at det vart gjennomført eit samordningsmøte mellom Statens vegvesen, Fylkesmannen si miljøvernavdeling og Balestrand kommune (vedlegg). Det vart då gjort naudsynte avklaringar og konkludert med vidareføring av planarbeidet. Planarbeidet har etter dette teke noko lengre tid enn føresett, i hovudsak på grunn av interne kapasitetsproblem i Statens vegvesen. Balestrand kommune handsama planforslaget i formannskapsmøte , sak 17/11, og gjorde følgjande vedtak: Vedtak Balestrand kommune legg med heimel i Plan og bygningslova ut Reguleringsplan for Fv 13 Utsikten på Gaularfjellet til offentleg ettersyn og sender planen til høyring til planstyremakter og grunneigarar/naboar. Planen vert lagt til offentleg ettersyn på Balestrand rådhus, Balestrand folkebibliotek, Fjordtun oppvekstsenter og på Balestrand kommune si heimeside i tidsrommet til Samrøystes. Planen vart etter dette sendt ut til høyring og lagt ut til offentleg ettersyn fram til Fylkesmannen si miljøvernavdeling og Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk utsett frist til å komme med uttale fram til med bakgrunn i redusert kapasitet i samband med ferieavvikling. I høyringsperioden er det kome inn 8 uttaler. Det vert vist til vedlagde uttaler og planforslag. I denne saka vert planen lagt fram for godkjenning. Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak i saka. VURDERING Kort oppsummering og vurdering av merknader. Det vert i dette vist direkte til dei vedlagde uttalene: NVE, region vest Ber kommunen markere skredutsette områder som omsynssoner i plankartet i samsvar med ROSanalysen. Det vert innarbeidd i plankartet med heimel i Plan og bygningslova Statens vegvesen
3 Påpeiker situasjonen med parkering på begge sider av vegen, samt at skiltplan og sikring av sjølve anlegget mot påkøyring må bli teke med i vidare byggeplanlegging. Av dette finn ein det naturleg at det vert teke inn ei føresegn som ivaretek krav til sikring av anlegget mot påkjøring og utforming av denne. Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga Har ikkje kjennskap til kulturminne i området. Har ikkje avgjerande merknader til planen. Ingen særskilde moment. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavdelinga og beredskapeininga Meiner konsekvensar for landskap ikkje er godt nok synleggjort i planomtalen. Har difor også nytta fotomontasjar i forprosjektet som grunnlag for sin uttale. Vil klart rå i frå den valde løysinga, med ein stor trekanta betongkonstruksjon, som etter deira syn vil bli eit stort og dominerande anlegg i dette opne og karakteristiske fjellandskapet. Ber alternativt om reglar om dempa farge på anlegget. Vurderer at tiltaket ikkje har innverknader på verneområde, verna vassdrag eller andre naturfaglege verdiar. Har ikkje avgjerande merknader til planen ut i frå beredskapsomsyn. Ved oppstart av planen var det ikkje stilt krav til eiga konsekvensutgreiing, men at det skulle gjerast ei eiga vurdering av tilhøve til landskap i planbeskrivinga. Ein er ikkje samd i at dette er ein vesentleg mangel, men ser at sjølvsagt at dette kunne vore meir omfattande i planbeskrivinga, t.d. ved at større delar av forprosjektrapporten, som har mange gode illustrasjonar, vart teke inn. Samstundes er forprosjektrapporten som fylkesmannen viser til utgangspunkt for reguleringsplanen. Denne er allment kjent, og også nytta som grunnlag for deira uttale. Samla sett finn ein difor at både kommune og høyringsinstansar har kunne sette seg godt inn i korleis anlegget vil framstå i landskapet. Fylkesmannen si miljøvernavdeling signaliserte også ved starten av reguleringsplanen standpunktet om at ein burde velje ein meir naturtilpassa utbygging av området, og at ein ikkje burde opne for eit utrykk som reguleringsplanen legg opp til. Det var som nemnt i tidlegare på bakgrunn av dette helde eit møte mellom kommune, Statens vegvesen og Fylkesmannen si miljøvernavdeling Fylkesmannen nedtona då dette synspunktet, og ein vart samde om at planprosessen kunne gå vidare med det utgangspunktet planutkastet har i dag. Balestrand kommune har gjennom tidlegare sakshandsaming og gjennom vedtak om å legge ut planen på høyring vore positiv til å tillate ei utbygging som vist i planen. Synspunktet frå Fylkesmannen, miljøvernavdeling var kjent då planen var lagt ut og er slikt sett ikkje eit nytt moment.
4 Ved planlegging av eit slikt tiltak som reguleringsplanen opnar for på Utsikten er det ikkje uventa at det er ulike oppfatningar, - noko uttalene til planen også viser. Administrasjonen vurderer framleis at tiltaket ikkje vil ha vesentlege negative verknader for landskapet. Dette betyr ikkje at eit anlegg ikkje vil vere synleg og påverke omgjevnadene. Ein finn likevel at anlegget er relativt lite og i liten grad vil påverke landskapet på avstand, dvs. i det store landskapsbiletet. Dette også om anlegget får ein relativt lys farge. Ein annan del av ei slik vurdering er korleis anlegget framstår på nærare hald i høve omgjevnadene eit mindre landskapsbilete. Her er moment er formspråk, farge og materialbruk viktige. Administrasjonen vurderer her at tiltaket vil ligge nær riksvegen som i seg sjølv er eit teknisk inngrep, og at ein her må kunne akseptere eit formspråk som ikkje berre underordnar seg omgjevnadene og vert «kamuflert» inn i landskapet. Ein finn tvert i mot arkitektur og funksjonalitet i anlegget til å vere spennande i høve til området dette er plassert i og ein er rimeleg sikker på at dette anlegget vil gje dei reisande ei spesiell og spektakulær oppleving av den naturen og det landskapet det er plassert i. Ein vil på bakgrunn av dette ikkje tilrå endring i planen på dette punktet. Sogn og Fjordane fylkeskommune, plan og samfunnsavdelinga Påpeiker at omriss av planlagt bygg/anlegg på plankartet må visast i teiknforklaringa. Meiner tiltaket er som planen opnar for heilt klårt vil styrke «Utsikten». Meiner bygget ut i frå tiltenkt funksjon har ei god utforming tilpassa situasjonen, og ei utforming som vil gje «Utsikten» ein styrka identitet. Teiknforklaring vert retta opp. Er samd i konklusjonen frå plan og samfunnsavdelinga i Fylkeskommunen med omsyn på å tillate eit anlegg som reguleringsplanen opnar for. Det vert vist til vurderinga av uttalen til Fylkesmannen, miljøvernavdelinga. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane Tilrår at kommunen ikkje tillater eit anlegg vil framstå som ein konkurrent til naturen og ikkje ein medspelar. Naturvernforbundet meiner at bygget vert eit framandelement som også vert for stort og vil stå i vegen for landskapet. Dei meiner også at bygget ikkje er i samsvar med Geoturisme charteret og overordna visjon for Nasjonale turistvegar. Det vert vist til vurderinga av uttalen til Fylkesmannen, miljøvernavdelinga. Per Nordø Har ein klår meining om at kommunen ikkje må det planlagde anlegget og med dette ikkje vedta reguleringsplanen slik den ligg føre. Bruker i hovudsak same argumentasjon som Naturvernforbundet og Fylkesmannen si miljøvernavdeling Det vert vist til vurderinga av uttalen til Fylkesmannen, miljøvernavdelinga.
5 Norske landskapsarkitekters foreining Er positiv til reguleringsplanen og tiltaket planen opnar for. Meiner dette er ein punktarkitektur som framhever landskapet og at anlegget vil bli eit av dei mest spennande og kjende langs norske turistvegar. Meiner at anna veggrunn grøntareal er for lite presis avgrensing med omsyn på riggområde m.v og at «skånsomt» er for upresist omgrep i høve til oppynting etter terrenginngrep. Ein er samd i vurderinga av å tillate planen. Det vert elles vist til vurderinga av uttalen til Fylkesmannen, miljøvernavdelinga. Ein finn reglane i planen tilstrekkelege med omsyn på riggområde m.m. då dette er midlertidige anlegg som vert avklart i samband med byggesak. Ein finn også at «skånsom» er tilstrekkeleg formulering i plansamanheng då også terrenginngrep vil vere del av konkret byggesak/byggeløyve. Samla sett vil ein på bakgrunn av dette tilrå at reguleringsplanen vert godkjent med nokre mindre endringar. Rådmannen si tilråding Balestrand kommune gjer med heimel i Plan og bygningsloven vedtak om godkjenning av Reguleringsplan for Fv 13 Utsikten på Gaularfjellet, i samsvar med høyringsutkast med følgjande tillegg/endring: Plankart. Skredutsette områder vert markert som omsynssoner i plankartet i samsvar med ROS-analysen. (Pbl 12-6) Plankart Omriss av bygg/anlegg vert teke inn i teiknforklaringa. Føresegn (nytt punkt) - Sikring av anlegget mot påkøyring (Pbl 12-7 pkt 1 og 4) Det er eit vilkår at anlegget vert sikra mot påkøyring. Utforming og løysing av dette skal ivareta tryggleiken for dei kjørande og vere tilpassa utforming av anlegget.
MØTEBOK. 17/11 Formannskapet 19.05.2011 32/11 Formannskapet 08.09.2011 24/11 Kommunestyret 15.09.2011
MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 17/11 Formannskapet 19.05.2011 32/11 Formannskapet 08.09.2011 24/11 Kommunestyret 15.09.2011 Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaknr.: 09/1162 Arkiv: L12 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 32/11 09/1162 REGULERINGSPLAN FOR UTSIKTEN PÅ GAULARFJELLET - VEDTAK
MØTEINNKALLING Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 08.09.2011 Tid: etter arb.m.utv. Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 32/11 09/1162 REGULERINGSPLAN
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 22/11 11/447 FINANSREGLEMENT BALESTRAND KOMMUNE- 2. GONGS HANDSAMING
MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: 15.09.2011 Tid: 16.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 22/11 11/447 FINANSREGLEMENT
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE
MØTEINNKALLING Utval: PLANUTVALET Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.02.2008 Tid: 09.45 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling
Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling 24.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/135-12 K2-L12, K3-&21 Jan Olav Møller, 57 63
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 12/608. Arkiv: L12. Reguleringsplan for Sæle sag
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkivsaksnr.: 12/608 Arkiv: L12 Reguleringsplan for Sæle sag Vedlegg: Plandokument og utgreiingar 1. Reguleringsplan for Sæle sag, 15.01.2018 Plandokument Føresegner
DetaljerSAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 32/2014 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2014 Kommunestyret PS
Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 32/2014 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 02.06.2014 40/2014 Kommunestyret PS 16.06.2014 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Kåre Ulveseth FA - L12, HistSak
DetaljerUtval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /114 Kommunestyret /4
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2008/2164 Løpenr.: 13211/2017 Arkivkode: 136/117 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 21.06.2017 17/114 Kommunestyret 18.01.2018 18/4
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet 12.10.2016 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68 Områdereguleringsplan for Håbakken del I og del II Kort samandrag:
DetaljerMØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 5/09 08/1778 REGULERINGSENDRING BALAFJØRA 6/09 08/1864 SØKNAD OM DISPENSASJON TIL RIVING AV HUS
MØTEINNKALLING Utval: PLANUTVALET Møtestad: rådhuset Møtedato: 17.06.2009 Tid: 12.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 5/09 08/1778 REGULERINGSENDRING
DetaljerVANYLVEN KOMMUNE Servicetorget
VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget Planleggar Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/24 1872/2014 / 141 SER / AARRAN 31.03.2014 MELDING OM VEDTAK Kommuneplan til 2020 - Arealdelen. Vurdering
DetaljerSaksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane
Førde kommune Arkiv: FA - L12 JournalpostID: 16/679 Sakshandsamar: Holme, Berit Dato: 13.01.2016 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet 21.01.2016 001/16 Bystyret 28.01.2016 Fastsetjing
Detaljer: Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef. Saksnr./Arkivkode Stad Dato 12/608 - L12 BALESTRAND
Notat Til : Harald Offerdal, ordførar Balestrand formannskap Frå Kopi : Arne Abrahamsen, plan og utviklingssjef : Kjellaug Brekkhus, rådmann, Johannes Sjøtun, næringssjef Sak : Reguleringsplan for Sæle
DetaljerMelding om vedtak. HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks HOVDEN I SETESDAL. 2017/369-3 Ingunn Hellerdal
HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks 73 4756 HOVDEN I SETESDAL 2017/369-3 Ingunn Hellerdal ingunn.hellerdal@bykle.kommune.no 23.06.2017 Melding om vedtak Hovden Fjellstoge - 2. gongs handsaming og endeleg vedtak
DetaljerOmrådereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn
19.12.2017 Vår ref Dykkar ref Arkiv Løpenummer AGN 2016000314-35 FA - L12 17/7143 Områdereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn Utval for Plan og Utvikling - 101/17: Det er gjort følgjande
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet 22.06.2017 051/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 17/535-2 Områderegulering for Erdal - oppstart
DetaljerSaksprotokoll. Kommunestyret Sak: 34 / 19. Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID Arkivsak: 16 / 1729
Saksprotokoll Kommunestyret 13.06.2019 Sak: 34 / 19 Tittel: Saksprotokoll - Reguleringsplan Botn, Hafslo PlanID 1426-2016004 Arkivsak: 16 / 1729 Behandling: Merknad frå adv. Johannes Hauge på vegner av
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og PS 30.01.2018 samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS 13.02.2018 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy ARP - 20160109, K2 - L12 16/1824 Detaljreguleringsplan
DetaljerGrunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»
Utviklingsavdelinga Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar Saksnr Arkiv Dykkar ref Avd /sakshandsamar Dato 2014/1043 L12 UTV / AZT 24.06.2014 VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og PS 06.03.2018 samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS 24.04.2018 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy ARP - 20150107, K2 - L12 15/1503 Privat detaljreguleringsplan
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 143 Arkivsaksnr.: 13/441. Kommunedelplan for Esefjorden - høyring og offentleg ettersyn
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 143 Arkivsaksnr.: 13/441 Kommunedelplan for Esefjorden - høyring og offentleg ettersyn Vedlegg: Kommunedelplan for Esefjorden, planomtale med ROS-analyse
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet 09.06.2015 044/15 Kommunestyret 18.06.2015 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 14/709-14 Reguleringsplan masseuttak Torvmo
DetaljerSAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 08.09.2016 071/16 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201402, N - 504 15/1726 2. gongs handsaming for del av detaljregulering
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 027/15 Plan- og Miljøutvalet PS /15 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 027/15 Plan- og Miljøutvalet PS 26.05.2015 036/15 Bystyret PS 09.06.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Kjell Aage Udberg ARP - 20110119, K2 - L12 11/1515 Detaljreguleringsplan
DetaljerSakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 049/16 Formannskapet Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Ottar Wiik K2 - L12 15/423
Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 049/16 Formannskapet 09.06.2016 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Ottar Wiik K2 - L12 15/423 Framlegg til reguleringsplan Sæbø 2 Rådmannen si tilråding Privat framlegg til
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet /16 Kommunestyret
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet 28.01.2016 003/16 Kommunestyret 11.02.2016 Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: K2 - L12 Arkivsaksnr. 15/46-23 Detaljreguleringsplan
DetaljerLærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet 22.06.2017 047/17 Kommunestyret 22.06.2017 Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr. 12/702-31 Reguleringsendring Ofta Aust -
DetaljerGodkjenning av Gbnr. 135/1 og 135/13 Botnen campingplass. Reguleringsplan
Arkivsak: 10/303 Løpenummer: 11/2928 Arkivkode: FA-L12, GNR-135/1, GNR-135/13 Saksbehandlar: Frank van den Ring Saksnummer Utval Møtedato 042/11 Hovudutval for plan og utvikling 12.05.2011 033/11 Kommunestyret
DetaljerUtval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2013/1446 Løpenr.: 5195/2017 Arkivkode: 151/5 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 22.03.2017 17/61 Plan- og miljøutvalet 19.04.2017 17/85
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Saksbehandlar: Per Inge Aakvik Arkiv: K2 - L12, PLANID Arkivsaksnr: 16/32 17/1049
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Per Inge Aakvik Arkiv: K2 - L12, PLANID - 2016000032 Arkivsaksnr: 16/32 17/1049 Detaljregulering for gnr 74 bnr 21 og 29 Utval: Møtedato: Saksnr.: Det faste utvalet for plansaker
DetaljerStyre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 005/ Råd for seniorar og menneske med nedsett 002/
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 17/526 Journalpostnr: 18/693 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 005/2018 01.02.2018 Råd for seniorar og menneske med nedsett 002/2018
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )
Saksmappe: 2019/440 Sakshandsamar: ALI Dato: 18.06.2019 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval 24.06.2019 Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid 201906) Saksprotokoll
DetaljerEID KOMMUNE. Møtebok. Detaljreguleringsplan for Lund masseuttak - vedtak
EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet 03.09.2015 146/15 CMÅ Formannskapet 03.09.2015 CMÅ Kommunestyret 10.09.2015 095/15 CMÅ Avgjerd av: Kommunestyret
DetaljerGodkjenning av detaljplan for del av gnr. 198 og bustadfelt Hadlarvik - Landavågen - Halsnøy - Geir Inge Sjo mfl.
J. Tufteland AS Postboks 131 Fellestenester Politisk sekretariat Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.
DetaljerRadøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 092/2016 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 13.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/2118 16/15221 Plansak 12602016000800
DetaljerUngdomsrådet 011/
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1090 Journalpostnr: 17/598 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 007/2017 02.02.2017 Kommunestyret 011/2017 16.02.2017 Råd for seniorar
DetaljerUtval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2012/2119 Løpenr.: 7728/2013 Arkivkode: 35/13 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 29.05.2013 13/55 Kommunestyret 13.06.2013 13/45 Sakshandsamar:
DetaljerKunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan Saurdal hytteområde, i Balestrand kommune
Nordfjord Ålesund Førde Gudbrandsdal Dato: 19.06.2019 Vår ref: Arvid Tveit Kunngjering av planoppstart for detaljreguleringsplan Saurdal hytteområde, i Balestrand kommune I medhald av plan- og bygningslova
DetaljerSaksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 15.05.2012 026/12 Bystyret 07.06.2012 064/12 K2-L12
FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 15.05.2012 026/12 Bystyret 07.06.2012 064/12 Sakshandsamar: Kjell Aage Udberg Arkiv: K2-L12 ARP-20110114, Arkivsaknr 11/1140 PLANID: 20110114.
Detaljer1. GONGS HANDSAMING REGULERINGSPLAN BUSTADFELT KLUBBEN
Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Saksnr. Møtedato Sakshandsamar FORMANNSKAP 004/16 25.01.2016 HELALM Avgjerd av: Solund formannskap Arkiv: K2-L12 Objekt: Arkivsaknr 15/487 1. GONGS HANDSAMING
DetaljerSaksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Halsa formannskap 70/ Halsa kommunestyre 50/
Halsa kommune Arkiv: 211 Arkivsaksnr: 2016/211-22 Saksbehandler: Åse Bergset Saksframlegg Utvalg Utvalgssak Møtedato Halsa formannskap 70/16 11.10.2016 Halsa kommunestyre 50/16 20.10.2016 Reguleringsendring
DetaljerETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Forvaltning 07.02.2013 019/13 FRH Kommunestyre 26.02.2013 005/13 OIV Sakshandsamar: Frida Halland Arkiv: N-504, gbn- 014/001 Arkivsaknr: 2013000206
DetaljerVarsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av bustadfelt B1, Kolset
Nordfjordeid Ålesund Førde Vågå Til: Naboar, heimelshavarar og aktuelle offentlege instansar. Dato: 20.10.2015 Vår ref: May-Britt Drage Bakke Varsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av
DetaljerSAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE
SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE Utval Møtedato Saknr Komite Forvaltning 04.06.2015 047/15 Sakshandsamar: Arkiv: Arkivsaknr Roar Bævre PlanID - 201402, N - 504 15/1726 DETALJREGULERING FOR HOLMEN NY 1. GONGS
DetaljerRadøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 093/2016 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 13.12.2016 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf Raknes 16/882 16/13899 Plansak 12602016000500
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og. PS samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og PS 14.05.2019 samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS 21.05.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy K2-L12, PlanId-20170101, PlanNavn-Joneset, gbnr
DetaljerMELDING OM VEDTAK. Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak. Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes
Partar / høyringsinstansar Kleivi Vangsnes Dato Saksbehandler Vår ref. Deres ref. 19.09.2016 Ottar Wiik 15/854-27 Reguleringsplan Kleivi, Vangsnes melding om vedtak MELDING OM VEDTAK Kommunestyret - 074/16:
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 011/15 Plan og utvikling
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 011/15 Plan og utvikling 02.03.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/781-15/1070 K2 - L12 Ingunn Bårtvedt Skjerdal 57 63 29 11 23.02.2015 Oppstart
DetaljerSØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE
SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN OG FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE Etter plan- og bygningslov av 2008, med tilhøyrande forskrifter, sist tredd i kraft 01.01.2018,
DetaljerSAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr. 81/08 Arkivsaksnr.: 06/1296 Arkivkode:PLAN 26
Side 1 av 6 SAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr. 81/08 Arkivsaksnr.: 06/1296 Arkivkode:PLAN 26 Sakshandsamar: Ivar Bergstøl Saksnummer Utval Møtedato 37/07 Hovudutval Plan og Ressurs 22.03.2007 59/08
DetaljerSAMLA SAKSFRAMSTILLING
Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 12/787-21317/14 Saksbeh.: Arkivkode: Saksnr.: Utval Møtedato 70/14 Formannskap/ plan og økonomi 28.08.2014 60/14 Kommunestyret 18.09.2014 Magnhild Gjengedal PLAN
DetaljerSakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS
Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Sveinung Toft FA - L12 17/506 Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS 13.06.2017 032/2017 Kommunestyret PS 22.06.2017 Endring av reguleringsplan for Einestrand
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Ingunn Bårtvedt Skjerdal
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet 11.05.2015 038/15 Kommunestyret 21.05.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 15/216-15/3880 K2 - K54, K2 - X53, K3 - &13, K3 -
DetaljerDetaljregulering for Lauvfjellet hyttefelt - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1364 Journalpostnr: 16/13154 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 074/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 044/2016 26.09.2016 Råd for seniorar
DetaljerPLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as
PLANOMTALE Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID 1421-2010003 1 Bakgrunn og føremål Nordbohus Sogn AS har utarbeida framlegg om endring for del av reguleringsplan for Smiebakken,
DetaljerAustevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Erik Andreas Kyvig 16/732-4
Austevoll kommune Norconsult v/ Fritjof Stangnes Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref. 29.09.2016 Erik Andreas Kyvig 16/732-4 Melding om vedtak Vedtaksbrev om oppstartsvedtak for reguleringsplan til
DetaljerVARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING
Til berørte parter Bergen, 2017-09-13 Vår ref: 612519-01, 10042-904855482-134-1 VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING Med heimel i 12-8 i plan- og bygningslova blir det med dette varsla oppstart
DetaljerDetaljreguleringsplan Strømsneskrysset. Fv 614 og 544. Einsidig busslomme. Planid:
Detaljreguleringsplan Strømsneskrysset. Fv 614 og 544. Einsidig busslomme. Planid: 20110108. Planomtale - Føresegner Bakgrunn for planarbeidet Etter at skulen i Nordalsfjorden blei lagt ned, må elevane
DetaljerHORNINDAL KOMMUNE Sakspapir
HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Planutvalet 12.12.2013 021/13 SH Saksansvarleg: Ståle Hatlelid Arkiv: L12 Objekt: Arkivsaknr.: 13/134-16 i grenseområdet
DetaljerSaksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet /13 Bystyret /13 Bystyret. Arkiv: ARP , K2-L12 Objekt:
FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet 21.05.2013 029/13 Bystyret 04.06.2013 046/13 Bystyret Sakshandsamar: Steinar Furnes Arkiv: ARP-20100110, K2-L12 Objekt: Arkivsaknr 10/24 PRIVAT
DetaljerSaksnr Utval Møtedato 080/14 Formannskapet /14 Kommunestyret
Årdal kommune Sakspapir Saksnr Utval Møtedato 080/14 Formannskapet 21.10.2014 063/14 Kommunestyret 23.10.2014 Sakshandsamar: Stine Mari Måren Elverhøi Arkiv: K2-L13 Arkivsaksnr. 13/349 Områdereguleringsplan
DetaljerHARAM KOMMUNE Sakspapir
HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde
DetaljerSAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 045/18 Plan- og miljøutvalet PS
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 045/18 Plan- og miljøutvalet PS 21.03.2018 Saksbehandlar ArkivsakID Christian H. Reinshol 18/342 1. gangs handsaming av reguleringsplan E39 Mundalsberget bomstasjon, plan-id
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE Helge Andre Njåstad
SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 073/13 KOMMUNESTYRE 18.06.2013 Helge Andre Njåstad Arkivsaknr. 13/498 Arkiv: FE-140 Kommuneplanen for Austevoll 18.06.2013 KOMMUNESTYRE Handsaming i møtet:
DetaljerHJELMELAND KOMMUNE Møtebok
HJELMELAND KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Saksnr. Utval Møtedato 153/11 Formannskapet 20.09.2011 062/11 Kommunestyret 21.09.2011 Arkivkode Sakshandsamar Arkivsak/j.post 149 Svanhild Hjorteland Gbada 11/44 11/12859
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 025/16 Plan- og. PS samfunnsutvalet 051/16 Bystyret PS
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 025/16 Plan- og PS 14.06.2016 samfunnsutvalet 051/16 Bystyret PS 21.06.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Liliana Ramsing ARP - 20160101, K2 - L12 16/52 Privat detaljreguleringsplan
DetaljerRadøy kommune Saksframlegg
Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 013/2017 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS 29.03.2017 012/2017 Kommunestyret i Radøy PS 30.03.2017 Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Rolf
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 013/16 Plan- og. PS samfunnsutvalet
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 013/16 Plan- og PS 08.03.2016 samfunnsutvalet Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Liliana Ramsing ARP - 20160101, K2 - L12 16/52 Privat detaljregulering Klubbeneset, GBN
DetaljerVarsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde
Nordfjordeid Ålesund Førde Vågå Til: Naboar, heimelshavarar og aktuelle offentlege instansar. Dato: 12.06.2014 Vår ref: May-Britt Drage Bakke Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot
DetaljerSkodje kommune Teknisk avdeling
Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 22/15 Arkivsak nr: 15/33 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 22/15 Det faste planutvalet 18.03.2015 REGULERINGSENDRING FOR DEL AV DIGERNES NÆRINGSOMRÅDE
DetaljerSAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker
GISKE KOMMUNE Arkiv: K2 - L12 JournalpostID: 17/10395 Sakshandsamar: Bjarte Friis Friisvold Dato: 15.08.2017 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker 22.08.2017
DetaljerVinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Framlegg til detaljregulering for Botn Aust 100/1 endring -1. gongs handsaming
Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2014/2728 Løpenr.: 10072/2016 Arkivkode: 100/1 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet Sakshandsamar: Lotte Næss Framlegg til detaljregulering
DetaljerSakspapir. SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) /18 Kommunestyret (KS)
Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) 31.05.2018 062/18 Kommunestyret (KS) 13.06.2018 044/18 Arkiv: GBNR - 53/145, FA - L13, HistSak - 08/649, KOM - 1259, PLANID
DetaljerMelding om vedtak. Saka vart drøfta
«MottakerNavn» «Adresse» «Postnr» «Poststed» 2017/364-51 Rita Regbo Rita.Regbo@bykle.kommune.no 06.11.2017 Melding om vedtak Endring av detaljregulering Hovden høyfjellshotell og Hovdestøylen (planid 201502)
DetaljerReguleringsplan for Rindarøy (1547201404) - 1. offentlege ettersyn
Aukra kommune Arkivsak: 2014/820-13 Arkiv: L12 Saksbeh: Svein Rune Notøy Dato: 22.08.2014 Saksframlegg Utv.saksnr Utval Møtedato 58/14 Drift og arealutvalet 03.12.2014 Reguleringsplan for Rindarøy (1547201404)
DetaljerETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Natur 17.03.2005 046/05 IVK Komite Natur 25.08.2005 098/05 OIV Kommunestyre 06.09.2005 049/05 OIV Sakshandsamar: Odd Inge Vestbø Arkiv: Reg-086
DetaljerMøtebok. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet /15 CMÅ Kommunestyret /15 CMÅ.
EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet 03.09.2015 147/15 CMÅ Kommunestyret 10.09.2015 096/15 CMÅ Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Cecilie
DetaljerSaksnr. utval Utval Møtedato 053/17 Planutvalet /17 Bystyret
Førde kommune Arkiv: FA - L12 JournalpostID: 17/18412 Sakshandsamar: Seger, Arve Dato: 09.10.2017 Saksframlegg Saksnr. utval Utval Møtedato 053/17 Planutvalet 19.10.2017 056/17 Bystyret 26.10.2017 Detaljregulering
DetaljerSAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: BSS Arkivsaknr: 2014/1485. Utvalsaksnr Utval Møtedato 168/15 Formannskapet /15 Kommunestyret
Utviklingsavdelinga SAKSPROTOKOLL Sakshandsamar: BSS Arkivsaknr: 2014/1485 Arkiv: L12 Utvalsaksnr Utval Møtedato 168/15 Formannskapet 08.09.2015 106/15 Kommunestyret 24.09.2015 DETALJREGULERINGSPLAN FOR
DetaljerØystre Slidre kommune Saksframlegg
Øystre Slidre kommune Saksframlegg Saksbehandlar: Knut Frode Framstad Arkivsaksnr: 17/474 Arkiv: 201702, L12 Behandla av: Møtedato Saksnr: Formannskapet 07.09.2017 084/17 Kommunestyret 14.09.2017 044/17
DetaljerAustevoll kommune TILLEGGSINNKALLING SAKLISTE
Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 17.03.2014 Kl. 15.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor.
Detaljer1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljreguleringsplan av Fjellbyggvegen 50
Aust-Agder fylkeskommune Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL 2015/238-8 Hanne Heieraas Evju 23.10.2015 Melding om vedtak 1. gongs handsaming og utlegging til offentleg ettersyn og høyring for detaljreguleringsplan
DetaljerFastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune
VALLE KOMMUNE Teknisk - arealplan «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «KONTAKT» Vår ref: Sakshandsamar: Arkiv: Dato: 2012/882-34 Ingunn Hellerdal 141 03.07.2014 37937533 ingunn.hellerdal@valle.kommune.no
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2015/83 Løpenr.: 9123/2017. Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/67 Ulstein formannskap
ULSTEIN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2015/83 Løpenr.: 9123/2017 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 17/67 Ulstein formannskap 27.06.2017 KOMMUNEPLANEN SIN AREALDEL 2017-2029 - 1.
DetaljerAG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF
AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF Grunneigarar, off. mynde, organisasjonar Tiltak: OPPSTART AV PRIVAT REGULERINGSARBEID Ørsta 29.07.2014
DetaljerSAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr. 80/08 Arkivsaksnr.: 07/58 Arkivkode:PLAN 37
Side 1 av 5 SAMLET SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr. 80/08 Arkivsaksnr.: 07/58 Arkivkode:PLAN 37 Sakshandsamar: Ivar Bergstøl Saksnummer Utval Møtedato 54/07 Hovudutval Plan og Ressurs 26.04.2007 61/07
DetaljerSVAR PÅ PRINSIPPSØKNAD FOR OPPSTART AV REGULERINGSPLAN FOR UTVIDING AV INDUSTRIOMRÅDE KVERNAVIKA GNR.100,BNR.2 M.FL. ØKLAND
Vår dato: Vår referanse: Sak nr D- 13.09.2017 2017/523-50422436/2017 Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Njål Gunnar Slettebø 53 42 31 32 MULTICONSULT ASA V/Øyvind Skaar,Stord
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet
Stryn kommune Arkiv: FE - 145 JournalpostID: 16/22387 Saksbehandlar: Randi Rørvik Lillestøl Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet 27.10.2016 Godkjenning av rammer for Økonomiplan 2017-2020
DetaljerSakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet /18 Kommunestyret
Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 020/18 Formannskapet 22.03.2018 015/18 Kommunestyret 05.04.2018 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Veronika Seim Bech K2 - K01 18/61 Lokale retningsliner for motorferdsel
DetaljerSAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Stekka hyttefelt, gnr 32 bnr 176 mfl Sætveithagen, Jondal kommune
Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring 22.04.2014 028/14 Kommunestyret 30.04.2014 024/14 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka blir avgjort av: Kommunestyret
DetaljerSakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 010/17 Formannskapet /17 Kommunestyret
Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 010/17 Formannskapet 10.02.2017 005/17 Kommunestyret 16.02.2017 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Ottar Wiik K2 - M60, K2-15/1365 L12 Reguleringsplan Kålsetvegen / reguleringsendring
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179
Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS 08.09.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE - 142 15/179 Oppstartsløyve til planarbeidet og planprogram Kommunestyre - 098/15
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet
Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og PS 16.05.2017 samfunnsutvalet Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy ARP - 20160109, K2 - L12 16/1824 Offentleg ettersyn av Detaljreguleringsplan
DetaljerSakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 132/16 Formannskapet /16 Kommunestyret
Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 132/16 Formannskapet 24.11.2016 103/16 Kommunestyret 20.12.2016 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Ottar Wiik K2 - L12 15/888 Reguleringsplan Badnadalen Rådmannen si tilråding
DetaljerSAKSPAPIR. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /12 ANSA Kommunestyret
VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 24.01.2012 004/12 ANSA Kommunestyret 07.02.2012 005/12 ANSA Avgjerd av: Saksansv.: Anne Sofie Sandvik
DetaljerSaksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS 07.02.2018 Saksbehandlar ArkivsakID Viviann Kjøpstad 1/171 Framlegg til konkretisering politisk medverknad i planprosessen Rådmannen sitt framlegg
DetaljerSaksframlegg Valle kommune
Saksmappenr: 2017/449-6 Arkiv: 201401 Sakshandsamar: Åsulv Aas Saksframlegg Valle kommune Saksnummer Utval Møtedato 81/17 Plan og miljøutvalet 11.07.2017 45/17 Kommunestyret 20.09.2017 2. gangs handsaming
DetaljerDetaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming
Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1076 Journalpostnr: 16/11116 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 073/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 045/2016 26.09.2016 Råd for seniorar
DetaljerSAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid
Jondal kommune Sakspapir SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutval for Teknisk og Næring 20.12.2013 066/13 Saksbeh: Sigbjørn Haugen Saka blir avgjort av: Arkiv: N-504 Arkivsaknr. 13/78 Framlegg
DetaljerDETALJREGULERING KVISLE FELT L3 - SLUTTHANDSAMING. MELDING OM VEDTAK.
Teknisk - arealplan «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» 2015/282-17 201502 Ingunn Hellerdal ingunn.hellerdal@valle.kommune.no 30.06.2016 DETALJREGULERING KVISLE FELT L3 - SLUTTHANDSAMING. MELDING
Detaljer