SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 11/828-6 Budsjett 2012. Økonomiplan 2012-2015 TILRÅDING: DOKUMENT: Inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar 2012 (Grønt hefte, ikkje vedlagt). Økonomiplan 2012 2015 og budsjett 2012. Rådmann sitt budsjettgrunnlag. Vedlagt elektronisk Budsjettskjema 1B (vedlegg) SAKSUTGREIING: Rådmannen legg med dette fram grunnlaget for Økonomiplan 2012 2015 samt årsbudsjett 2012. Økonomiplanen er tufta på kommunelova 44. Den er obligatorisk og skal gje eit realistisk oversyn over den økonomiske situasjonen både inntekter og utgifter dei komande 4 år. Økonomiplanen skal rullerast kvart år. Den har ikkje status som bindande løyvingsdokument. Årsbudsjettet er heimla i kommunelova 45. Det er ein bindande plan for kommunen sine midlar i budsjettåret. Årsbudsjettet skal vera realistisk og framstille kommunen sine utgifter og inntekter på ein oversiktleg måte. Det er også stilt krav om at budsjettet skal delast i ein driftsdel og ein investeringsdel. Økonomiplan 2012 2015 vart fyrste gong lagt fram for formannskapet den 09.11.2011 og deretter til orientering i kommunestyret 24.11.2011. I forkant av budsjettprosessen vart det i juni lagt fram ei rammesak der kommunestyret sette rammer og premissar for neste års budsjett. I rammesaka for budsjettåret 2012 vart det vedteke at ein skal vidareføre driftsnivået for 2011. Dette er gjort for dei aller fleste tenesteområda med unntak av dei einingane der ein ser at det er nødvendig å tilrå endringar.
Frå statsbusjettet for 2012 Samla innteker for kommunesektoren er for 2012 berekna til om lag 374 mrd kroner. Den nomielle veksten i kommunane sine frie inntekter er bereka til 4,2 % for 2012. Med anslått prisvekst på 3,25 % (kommunal deflator), vil det tilsvare ein realvekst på ca.1 %. Frie inntekter utgjer ca. 76 % av kommunesektoren sine totale inntekter, inkludert mva, ca. 80 %. Dette er inntekter kommunane kan rå fritt over, utan andre føringar før staten enn gjeldande lover og reglar. For å få eit meir rettferdig system for fordeling av inntekter mellom kommunane, vart det i kommuneproposisjonen for 2011 fremja forslag om nytt inntektssystem. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2011 bygt vidare på dette forslaget og det er utarbeida nye kostnadsnøklar for kommunane. Fom 2011 er øyremerka tilskot til mellom anna barnehagane innlemma i rammetilskotet. Innlemming av øyremerka tilskot 2011 Tilskot til barnehagar (Drifts- og skjønnstilskot). Tilskot til krisesenter Kvalifiseringsprogrammet Nytt frå 2012 Samhandlingsreformen Medfinansieringsansvar for medisinsk behandling i spesialisthelsetenesta. Betalingsansvar frå dag 1 for utskrivningsklare pasientar. Oppdtrapping av tilskot til private barnehagar frå 91 % til 92 %, gjeldande frå 1.aug.2012. Omelgging av kontantstøtten, vert avvikla for 2-åringar, på dagens nivå for born mellom 19-23 mnd og forlag om auke til kr.5000,- for dei mellom 13-18 mnd. Dette er ei endring som kan medføre endra etterspurnad etter barnehageplassar. Skatteøyre Den kommunale skatteøyren for personlege skatteytatat blir sett til 11,6 %, ein auke på 0,3 % frå 2011. Skattededelen sin samla del av inntektene til kommunane vart i 2011 redusert il 40 %. Leikanger kommune budsjett 2012 Rådmannen sitt oppsett til formannskapet er oppgjort i tilnærma balanse. Då er opprinneleg oppsett redusert med 3,7 mill kr. Driftsdelen eks investering krev ei ytterlegare saldering på 159.000,-. Inklusiv investering, må driftsbudsjettet salderast mot fond med kr.413.000,- i 2012. For å få dette til, omfattar det fylgjande tiltak: Tilleggsløyvingar redusert med 150.000 Undervisning redusert ramme med ca 1 mill, men delsvis kompensert med bruk av tidlegare avsette midlar med kr 375.000. Skatteanslaget auka opp med 2,7 mill kroner.
Rammetilskot redusert med 1,3 mill (pga endra skatteanslag og reduksjon i skatteutjamning). Renter - redusert med 1,1 mill kroner. Vedtak frå rammesak 11/317 er innarbeida i grunnlaget. For heile økonomiplanperioden ligg det an til ei underdekning på 6,6 mill. ANDRE FØRESETNADER FOR BUDSJETT 2012. Pris og kostnadvekst Deflator for 2012 vert gitt i statsbudsjettet for 2012, lønn med 3,25 % og prisvekst med 2 %. År 2011 År 2012 Vekt lønn 4,0 0,635 Varekjøp 2,0 0,365 Deflator 3,4 3,25 1 KLP: 12,9 % (fordelt kostnad) SPK: 11,24 % (Fordelt premie) Arbeidsgivaravgift:10,6 % Premiavvik/amortisert premiavvik: Premieavviket er skilnaden mellom innbetalt pensjon og utrekna kostnad. Premiavvik for 2012 er berekna til ca.4,1 mill koner. Oppsamla permieavvik vil etter med 2012 utgjere ca.9 mill kroner. Rentekomp: Rentekompensasjon vert gitt ut frå gjennomsnittleg flytande rente i Husbanken gjennom året. Husbanken har lagt ut sine rentetilbod for jan og febr 2012, og har for desse 2 mnd. oppgitt ei månadsrente (flytande) på 2,57 %. (Skulebygg, sjukeheimen) Rentekomp er berekna med 2,8 %. Midlar forvalta av Pareto: Beholdning Pareto: Ca. 78 mill kroner. Aksjebeholdning ca. 24,7 mill. Resterande 53,3 mill i obligasjonar og rentepapir. Uttak til finansiering av helsesenter vart alt gjort i 2011. Lån Ca. 123 mill i lånegjeld. Av dette er 65 mill sikra med fastrente, snitt 3,93 %. Snittrente for samla portefølje 3,75 %.
Flytande rente er for 2012 berekna med 3,5 %. Vidare i økonomiplanperioden er rentesatsen auka med 0,5 %-poeng kvart år, Frå 3,5% i 2012 til 5% i 2015. * Rammer 2012 2015: I forkant av budsjettprosessen vart det i juni lagt fram ei rammesak der kommunestyret fastsette rammer og premissar for neste års budsjett. I rammesaka for budsjettåret 2012 vart det vedteke at ein skal vidareføre driftsnivået for 2011. Dette er gjort for dei aller fleste tenesteområda med unntak av dei einingane der ein ser at det er nødvendig å tilrå endringar. Lønsauke vil kome i tillegg til gitt ramme og er budsjettert med ein lønreserve på 3,5 mill kroner. Endring for barnevern oppreisningsordningen. Leikanger kommune har slutta seg til ei felles kommunal oppreisningsordning i S og Fj for barn som har vore utsett for overgrep eller omsorgssvikt medan dei har vore under kommunal omsorg. Ordninga er tenkt å skulle vare tom 2013. For å møte eventuelle erstatningskrav som måtte kome, er det også for 2013 sett av kr.600.000,- til denne ordninga.* Søknader om tilskot Søknad frå Syril om i samband med legging av kunstgras ved ungdomsskulen, vart handsama i rammesaka i juni og er lagt inn i grunnlaget med kr 100.000,-. Det er og lagt inn kr.100.000,- i ekstraordinært tilskot til Leikanger MC-klubb vedrørande utbygging av lokalet for tilpassing til drift av ungdomsklubben. Leikanger kommune mottok 11.11.2011 søknad frå Leikanger Skyttarlag om tilskot til dekking av investering som vart utført i 2007. Søknaden gjeld elektroniske skiver på 100mbana, kr.65.000,-. Søknaden er ikkje innarbeida i grunnlaget. Investering 2012 Det er innarbeida investeringar for 2012 på totalt kr.19.595.000,-. For heile perioden kr. 30.820.000,-. Konsekvensar for drift 2012, kr 287.000,-. Renter halvt år. Konsekvensar for perioden, 6,7 mill kroner. Renter og avdrag. Planlagt bruk av eigenkapital kr.4.800.000,-. Tilskot kr.990.000,-. Eigedomsskatt Det vart føreteke omtaksering av alle eigedomar innafor takstområdet i 2010. Fom og 2010 har Leikanger kommune hatt ein promille på 2,5 for bustader og 7 promille (maks) for næring og verk bruk. Vedtak om eigedomsskatt skal gjerast saman med den årlege budsjetthandsaminga. Forslag til vedtak for eigedomsskatt:
Med heimel i Eigedomsskattelova 2 og 3 vert det skrive ut eigedomsskatt i Leikanger kommune. I medhald av Eigedomsskattelova 3 og 4 vidarefører kommunen utskriving av eigedomsskatt i område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang. Eigedomsskatt på verk og bruk vert vidareført for heile kommunen. Leikanger kommune vedtek å vidareføre eigedomsskatt i området Sogndal grense i aust til krysset rv.55/valbrekkevegen i vest. Grensa mot sør fylgjer kommunegrensa i sjøen og i nord yttergrensa for fast busetnad. I medhald av Lov om eigedomsskatt 3, vert eigedomsskatt for verk og bruk vidareført for heile kommunen. I samsvar med 11 vert eigedomsskatten fastsett til 7,0 promille. I medhald av 12 a, vert det fastsett ulik promille for bustaddelen i eigedommar med sjølvstendige bustaddeler. Denne satsen vert sett til 2,5 promille for 2012. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidligare vedtekne skattevedtekter. Endringar i økonomiplan Utan at balansen i økonomiplan vert endra, er det lagt inn to endringar som gjeld perioden 2013-2015. Desse endringane er merka * i saksframlegget og gjeld posten for rente samt kommunen si erstatningsplikt i høve den felles kommunale oppreisningsordnigna for S og Fj.