VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 200 Arkivsaksnr.: 2008/1902 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato: 03.06.2008 Rekneskapsrapport 31.05.08 Utval Møtedato Utvalssak Drifts- og forvaltningsutvalet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre vedtek følgjande tiltak for å få balanse i drifta i 2008: - - - - 2. Avsatt sum til å dekke ekstra kostnader som følgje av tariffoppgjer 2008 er 11,0 mill. kr. Vestnes kommunestyre finn ikkje rom til å auke denne summen. Dersom kostnaden vert høgre, får driftseiningane dekka tilsvarande mindre, og må sjå på dette som eit ekstra sparetiltak. 3. Vestnes kommunestyre vedtek at det vert innført tilsettingsstopp for alle stillingar utanom turnuspersonale i pleie- og omsorg og undervisningspersonale/barnehage. Administrasjonssjefen får fullmakt til å lyse ut ledige stillingar der det etter ei samla vurdering er funne strengt nødvendig.
Innleiing Driftsbudsjett for 2008 vart godkjent av kommunestyret i sak KST 139/07. Administrasjonssjefen vil i denne saka gje ei orientering om korleis rekneskapssituasjonen ser ut ved utgangen av mai. Vurderingane er gjort med grunnlag i forbruk første 5 månader og ikkje minst signal frå regjeringa, gitt i revidert nasjonalbudsjett. Den økonomiske situasjonen for 2008, og også for 2009, ser ut til å være svært vanskeleg. Truleg vil det bli underskott på drifta. Dette grunna manglande inntekter, høgst lønsoppgjer, auka rente og driftsutgifter. Driftsutgiftene må reduserast. Administrasjonssjefen ynskjer no politiske signal om på kva områder ein skal redusere budsjettrammene. Driftsutgifter - forbruk pr. mai Forbruk pr. mai Budsjett Forbruk i % Formål 2007 2008 2008 2008 2007 Sentraladm./fellesutg. 12 641 13 706 24 750 55,4 54,0 Kyrkjelege føremål 1 385 1 852 3 520 52,6 42,3 Grunnskule m/sfo 27 469 30 611 61 739 49,6 43,1 Barnehage 3 487 4 667 8 934 52,2 53,1 Vestnes kulturskule 2 289 2 246 4 071 55,2 58,2 Kulturtiltak 697 1 331 2 853 46,7 31,9 Barne og ungd. Tenester 7 714 8 525 19 229 44,3 44,0 Helsevern 2 759 2 709 6 585 41,1 43,6 Nav sosial - kommune 2 840 2 329 3 047 76,4 67,7 Pleie- og omsorg 69 288 73 888 155 119 47,6 44,4 Bustaddrift -670-939 -2 784 33,7 24,5 Tekniske tenester 1 028 2 417 8 676 27,9 11,9 Kjøp tenester Tremek 2 100 2 000 4 000 50,0 50,0 Avsatt lønsoppgjer 11 000 133 027 145 342 310 739 46,8 45,2 Driftsutgiftene i år har auka med 12,3 mill. kr, eller 9 %, i forhold til same periode i 2007. Auken er høgre enn det lønsglidninga i perioden utgjer. Pr. mai i år har vi brukt 46,8 % av budsjettet, mot 45,2 i 2007. Forbruket i år er høgre enn i tilsvarande periode i 2007. I dei små sektorane skal ein ikkje legge så stor vekt på endring i forbruk frå i fjord til i år. Innan dei to store sektorane, undervisning og pleie- og omsorg, er det ein markert auke i forbruket i år. Det gjev nok eit signal om at det vert vanskeleg å holde budsjettet her.
Årsak til auke i forbruket Erfaringar frå tidlegare er at det er vanskeleg å holde stramme budsjett og unngå auke i driftsutgiftene i år etter at ein har hatt stort overskott. Det vart nok både frå administrasjon og politisk hald, lempa litt på krava til stram økonomisk drift i 2007. I tillegg var det val i 2007 og det også førte til at det var lettare å auke driftsnivået meir enn ein elles ville gjort. Auken som skjedde i 2007 gjev seg fullt utslag i år. Det er innarbeidd mange sparetiltak i årets budsjett, m.a. alle lønspostar redusert 3% på alle einingar, og reduserte løyvingar til inventar og utstyr. Dette gjer årets budsjett strammare enn i 2007 og det er difor vanskelegare å holde rammene. For mange sektorer, spesielt innan grunnskulen, har sparetiltaka enno ikkje gitt effekt og vil først gje seg utslag i 2. halvår. Oppsummering Mange av sparetiltaka for 2008 har enno ikkje gitt effekt og vil først gje utslag i 2. halvår. Administrasjonssjefen vil også innskjerpe overfor driftsleiarane alvoret i den økonomiske situasjonen og be om streng økonomisk styring resten av året. Det er difor vanskeleg å anslå korleis resultatet vert, men administrasjonssjefen reknar med at ein ikkje klarer å holde budsjettramma med den drifta vi har i dag. Vi antyder eit meirfforbruk på 3,0 4,0 mill. kr på sjølve drifta. Evt. nye sparetiltak som vert vedtekne kan betre dette resultatet
Driftsinntekter (eksterne) Prognose 2008 Budsjett Prognose Avvik Skatt og rammeoverføring 246 000 000 243 000 000-3 000 000 Vertskommunetilskott 53 400 000 53 400 000 0 Tilskott ressurskr. brukarar 5 500 000 4 500 000-1 000 000 Momskompensasjon 6 000 000 6 000 000 0 Andre statlege overføringar 9 800 000 9 800 000 0 320 700 000 316 700 000-4 000 000 Skatt og rammeoverføring Kommunestyret fastsette skatt- og rammeoverføring til 246,0 mill. kr. Dette er 7,0 mill. kr høgre enn det som vart vedtatt i statsbudsjettet (korrigert for befolkningsendring). I revidert statsbudsjett, som regjeringa la fram no i mai, vert det peikt på at skatteinngang i 2008 ser ut til å bli større enn rekna med i statsbudsjettet, det skal kommunane få beholde. Ut frå signala frå signala frå regjeringa vil Vestnes då vil få til saman om lag 241,0 mill. kr. Erfaringane frå tidlegare er at skatteinngangen i år med hovudlønsoppgjer ofte vert noko høgre enn regjeringa sine prognoser. Administrasjonssjefen antyder at skatt- og rammeoverføringar vert 243,0 mill. kr i 2008; 3,0 mill. kr mindre enn budsjettert. Tilskott til ressurskrevjande brukarar Kommunane får dekka 85 % av kostnadane over kr 800.000,- for kvar ressurskrevjande brukar. Tidlegare år vart det inntekstført refusjonen for året før. Frå 2008 skal vi inntektsføre det som har vore relle kostnad i år. Dette vil vi først ha nøyaktig oversikt over ved årets slutt. Ut frå refusjonskrav for 2007, og det vi kjenner til i dag, reknar vi med at refusjonssummen for ressurskrevande brukarar vert 1,0 mill. kr mindre enn budsjettert. Oppsummering Vi reknar med at eksterne driftsinntekter vert mindre enn budsjettert. Antyda 4,0 mill. kr mindre enn budsjettert. Grunnen til dette er at skatt- og rammeoverføring nok var budsjettert urealistisk høgt.
Avkastning kraftfond Det er budsjettert med 11,0 mill. kr som avkastning frå kraftfondet. Det tilsvarer 7,5 % avkastning. Utvikling januar april Første del av 2008 har det vore eit svært uroleg aksjemarked. Aksjeverdien gjekk kraftig ned i januar og det har vore snakka om både krise og stagnasjon, april og mai har det derimot vore positiv utvikling. Fram t.o.m. april har avkastninga av kraftfondet hatt følgjande utvikling: Avkastning Januar -5318 februar 40 Mars -775 April 2718 Avkastning 2008 4000 3000 2000 1000 0-1000 -2000-3000 -4000-5000 -6000 Januar februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember Vurdering for resten av året Det er svært vanskeleg for oss å vurdere korleis utviklinga i aksjemarkedet, og dermed avkastning av aksjefondet, vert resten av året. Administrasjonen har hatt møte med alle 3 forvaltarane for å få signal om deira vurdering av framtidsutsiktene. Deira si vurdering er positiv utvikling resten av 1. halvår og eit rolegare marked og ein positiv trend i 2. halvår. Dei trur at opparbeidd tap vil være inndekka innan utgangen av juni.
Sum avkastning 2008 Avkastning Budsjett 12000 10000 8000 6000 4000 2000 0-2000 -4000-6000 -8000 Januar februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember Ved utgangen av april hadde vi eit tap på 3,3 mill. kr. Avkastning frå kraftfondet vil bety mykje for korleis driftsresultatet vert i 2008. Med ei budsjettert inntekt på 11,0 mill. kr, som i verste fall kan komme ut med tap i staden for inntekt, så er situasjonen usikker. Men dersom det vert ei god og positiv utvikling av aksjemarkedet i 2. halvår kan ein likevel ta inn att det tapte og også få ei avkastning som nærmar seg det budsjetterte. Administrasjonssjefen trur likevel det kan være vanskeleg å få inn heile summen som er budsjettert. Renter Vi har budsjettert med ei rente på 6,0 % i 2008. Renta har auka meir enn det som var signala i haust når budsjettet vart utarbeidd. I dag betaler vi 6,7 % rente på våre lån, og signala er at den fortsatt kan auke litt til. Renteutgiftene i 2008 kan bli 3,0 mill. kr høgre enn budsjettert.
Lønsoppgjer I budsjett for 2008 er det avsattt ein sum på 11,0 mill.kr til å dekke lønsoppgjeret i år. Det dekker ein lønsauke på 5,5 frå frå 01.05.08. Lønsoppgjeret er no ferdig for dei fleste av gruppene, med unnatak av Unio som ikkje har godteke forhandlingsresultatet. Forhandlingsresultatet har ei ramme på 6,2 % tillegg, altså over det vi har avsatt. Oppgjeret har m.a. prioritert lavtlønsgruppene. Nemner at assistenter og hjelpepleiar får tillegg på 9,0 %. Vi har ein langt større andel av dei tilsette i desse gruppene enn ein gjennomsnittkommune, grunna ansvarsreforma. Kvelds-/ nattillegg og søndagstillegg (tillegg vesentleg i pleie- og omsorg) aukar med heile 30 % for mange av dei tilsette. Samla utgjer dette tillegget 16,0 mill. kr, auken berre her kan bli opp mot 5,0 mill. kr. Også her får vi ein langt større auke enn gjennomsnitt grunna stor pleie- og omsorgssektor. Det er all grunn til å rekne med at lønsoppgjeret for vår kommune får ei høgre ramme enn gjennomsnitt. Vi har enno ikkje nok informasjon til å vite nøyaktig kor mykje auken utgjer. Administrasjonssjefen antyder likevel at kostnaden vert 3,0 5,0 mill. kr høgre enn avsatt sum. Grunna manglande budsjettdekning ser administrasjonssjefen ikkje at avsatt sum til å dekke lønsoppgjeret kan aukast. Kostnader utover dette må difor driftseiningane dekke innanfor eige budsjett. Dette må ein sjå på som eit eige sparetiltak, nærmast etter ostehøvelprinsippet, og vil truleg føre til redusert tenestetilbud. Administrasjonssjefen er usikker på om vi klarer å ta denne reduksjonen, då det allereie er innarbeidd mange sparetiltak for dei fleste driftseiningane.
Tiltak Driftsnivået må ned for å få balanse i drifta. Administrasjonsjefen har mange gonger lagt fram forslag om tiltak for å redusere utgiftene, alternativt auke inntektene, utan å få politisk tilslutning. Seinast i framlegg til økonomiplan for 2008 2012 vart det føreslått ei rekkje tiltak for å få balanse i drifta som ikkje vart politisk godteke. For å unngå ein ny diskusjon om tiltak som ikkje er politisk akseptable, ynskjer administrasjonssjefen no å få politiske signal om kva tiltak vi skal iverksette for å få balanse i drifta. Administrasjonssjefen kjem difor ikkje med tilråding til kva tiltak ein skal iverksette denne gangen. Administrasjonssjefen vil likevel peike på at pleie- og omsorg og undervisning er dei to store sektorane i kommunens drift. For å få innsparing må vi nok diverre inn på desse sektorane. Undervisning Innan grunnskulen vil reduksjon i budsjettrammene bety redusert undervisningstimar. Timetalet er allereie redusert både i 2008 og føreslått ytterlegare redusert i 2009 (økonomiplan). Ut frå dei tilbakemeldingane administrasjonssjefen får frå driftsleiarane i grunnskulene vil ein ytterlegare reduksjon i timetalet bli særdeles vanskeleg. Alternativet til dette er ein omfattande strukturendring. Eit slikt alternativ krev god utgreiing og bør ikkje skje i ei budsjettkorrigeringssak. Administrasjonssjefen vil derimot peike på kulturskulen der vi bruker meir enn fylkesgjennomsnittet. Eit alternativ kan være ein større reduksjon her. Ved ein reduksjon av ramma med 1,0 mill. kr vil vi likevel ligge over fylkesgjennomsnitt. I fall det er politisk vilje til det må det kome signal no slik at ein kan få gjennomført innsparinga frå hausthalvåret. Ein bør unngå å starte med undervisningstilbud som ein av økonomiske grunnar må stoppe midt i eit skuleår.
Pleie- og omsorg Administrasjonssjefen vil peike på at skal ein redusere utgiftene må ein m.a. sjå på institusjonsomsorga. For å få innsparing her må ant. institusjonsplassar reduserast. For å få økonomisk effekt må reduksjonen av plassar skje på same institusjon slik at ein kan få redusert personale. Slik reduksjon bør skje ved inntaksstopp. Vi har då følgjande alternativ Stenge eine etasjen ved Tresfjord trygdeheim Stenge ei avdeling ved Vestnes sjukeheim Stenge dei 6 nye plassane sjukeheimen tok i bruk på aktivitetssenteret (rehabiliteringsavdelinga) Siste alternativet er kanskje det som lettast kan gjennomførast, og kan gje ein spareeffekt på 2,5 mill. kr når alle plassane er frigjorte. Motførestilling mot å stenge denne avdelinga er at dette er dei nyaste og beste romma sjukeheimen disponerer m.h.t. størrelse og arbeidsforhold for personale. Det er såleis mange ting som talar for at ein bør ha desse romma i bruk. Frå fagleg hald vert det peikt på at å stenge underetasjen ved Tresfjord trygdeheim, med 8 plassar, er det alternativet som samla sett kan gje minst negative konsekvensar. Spareeffekt 1,7 mill. kr. Det vert då peika på at ved reduksjon av institusjonsplassar vil fortsatt dei mest svaktfungerande og ressurskrevande brukarane være på institusjon. Det er Vestnes sjukeheim som har mest fagleg og medisinsk kompetanse og som elles er best tilrettelagt for sjukeheimspasientar. Reduksjon av institusjonsplassar vil nok krevje meir arbeid for heimetenestene. Kor mykje ekstrautgifter dei får er umogeleg å antyde. Også pårørande må rekne med meir belastning. Tilsettingsstopp For å redusere utgiftene er eit alternativ å holde stillingar vakante i kortare eller lengre tid. I ein del stillingar slik som turnuspersonale i pleie- og omsorg, undervisnings- og barnehagestillingar, kan dette være svært vanskeleg skal drifta gå sin gang. Administrasjonssjefen vil likevel rå til at det vert innført tilsettingsbegrensingar i alle andre stillingar. Alle stillingar som vert ledige, enten ved permisjon eller at tilsette sluttar, skal i utgangspunkt holdast vakant i alle fall ein periode. Alle slike stillingar må godkjennast av administrasjonssjefen før dei kan lysast ut. Innkjøpsstopp Administrasjonssjefen vil ikkje rå til innkjøpsstopp då dette er svært vanskeleg å gjennomføre i praksis dersom drifta skal gå sin gang. Men ein vil likevel be driftsleiarane utsette så mykje av innkjøpa som det let seg gjere, spesielt inventar og utstyr, til hausten for å sjå korleis den økonomiske situasjonen vert.
Avslutning Ut frå det driftsnivå vi har i dag og dei signal vi får om statlege overføringar kan vi pr. i dag antyde følgjande avvik frå godkjent budsjett: Mindre statlege overføringar enn budsjettert 4,0 mill. kr Auka renteutgifter 3,0 mill. kr Meirforbruk på drifta 4,0 mill.kr Lønsoppgjer, kostnad utover avsatt sum 4,0 mill. kr I tillegg til dette er det svært usikkert kor stor avkastninga på kraftfondet vert. Det er budsjettert ei inntekt på 11,0 mill. kr, ved utgangen av april har vi eit tap på 3,3 mill. kr. Utviklinga i 2. halvår vil være heilt avgjerande for sluttresultatet. Som orientert om i kommunestyret 29.05.08 må det skje eit økonomisk jordskjelv dersom vi skal unngå eit underskott i 2008. Det som er usikkert er størrelsen på underskottet. Særutskrift til: Ingen