GLOPPEN EID HORNINDAL STRYN Ein ny kommune? Kva trengst av grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til dette? INNLEIING. Kommunane Gloppen, Eid, Hornindal og Stryn har vedteke å utgreie ei samling av desse kommunane som eit ledd i kommunereformarbeidet. Avgjerdene om korvidt samanslåing skal skje heilt eller delvis må tuftast på ei utgreiing som gjev tilstrekkeleg grunnlag både for politiske avgjerder og som grunnlag for innbyggarundersøking/folkerøysting. Eit utgreiingsarbeid må gje rett, nøktern og tilstrekkeleg informasjon. I dette ligg at utgreiingsarbeidet må ta utgangspunkt i dei tilhøve som trengst utgreiast og avgrensast til dette. Det vil såleis vere opp til dei involverte kommunane å avgjere kva som er relevant og tilstrekkeleg i denne samanhengen. Det er etter kvart gjennomført ein del førebuande utgreiingsarbeidet kring om i landet, og det kan vere av interesse å gå gjennom dette for å finne eit rett ambisjonsnivå for eiga utgreiing. Det vil nedanfor bli skissert dei aktuelle og relevante tema som kan danne grunnlag for eit vidare utgreiingsarbeid. 1. OVERORDNA RAMMER. Utgreiinga må gje eit oversyn over det overordna rammeverket som ligg til grunn for kommunereforma herunder dei overordna politiske signal som har framkome undervegs i prosessen, samt den oppgåvefordelinga som regjeringa så langt har skissert. Vurderingar kring det regionale nivået må også omsyntakast. Dei økonomiske rammevilkåra i tilknyting til reforma skal også inngå som ein integrert del i utgreiinga. 2. LOKAL INNRETNING. Utgreiinga må i størst mogleg utstrekning leggast opp slik at den langt på veg kan tene som avgjerdsgrunnlag dersom ein eller fleire av dei fire kommunane vel å «hoppe av «undervegs.
Det vil ut frå framdriftsmessige omsyn - ikkje vere mogleg «å gå tilbake til start» dersom det viser seg at kommunekvartetten blir splitta. 3. FRAMTIDSBILETE. Det tykkjest viktig at ei utgreiing no tek omsyn til situasjonen slik den er og på nokre område vil bli etter ei endring i kommunestrukturen. Å ha store framtidsvyer utover dette vil ha avgrensa verdi fordi det vil vere framtidige kommunestyre som påverkar utvikling på lengre sikt. Kommunereforma vil kunne legge eit grunnlag, men i liten utstrekning ha avgjerande innverknad på innhaldet og politikken i eit lengre tidsperspektiv. 4. FAKTAINFORMASJON. Det vil vere avgjerande viktig å legge relevant faktainformasjon til grunn for vidare vurderingar. Omfanget av og type faktainformasjon vil vere eit tema som prosjektgruppe og styringsgruppe bør vurdere, men blant det mest aktuelle er Statistikk knytt til næring, næringsstruktur og sysselsetting Pendling Folketalsutvikling Demografisk utvikling Overordna statlege planar Kommunal statistikk - Kommuneøkonomi - Tilsette - Eigarskap - Organisering - Teknologi - Tenesteyting - Kompetanse - Politikk Oppstillinga ovanfor er ikkje uttømande. Sjølve utgreiingsprosjektet må definere nærare kva som skal inngå i faktagrunnlaget. 5. FRAMTIDIGE OPPGÅVER. Regjeringa har vore tydelege på at framtidig kommunestruktur skal bygge på generalistkommuneprinsippet bortsett frå at det for dei aller minste er nemnt eit tilplikta interkommunalt samarbeid dersom dei vel å stå åleine. Når det gjeld omgrepet «dei minste», har statssekretær Jardar Jensen nemnt kommunar som i dag mottek småkommunetilskot (m.a.o kommunar under 3200 innbyggarar).
Oppgåvemeldinga frå regjeringa er i skrivande stund ukjent, men oppgåveoverføringa er frå regjeringa «tona» kraftig ned i høve til den retorikken som vart nytta tidleg i prosessen. Skissering av overføring av arbeidsoppgåve til kommunane bør ikkje ha stor vekt i utgreiinga fordi enkeltkommunar i liten utstrekning kan påverke dette. Omfanget av desse oppgåvene må i alle høve tilpassast den nye kommunestrukturen. 6. INTERKOMMUNALT SAMARBEID. Det har over tid utvikla seg interkommunalt samarbeid på ein del område både innanfor Nordfjord og også innanfor eit større geografisk nedslagsfelt. Dette må klårleggast og det må gjerast vurderingar av korleis slike samarbeid skal handterast innanfor ein ny kommunestruktur. Uavhengig av framtidig kommunestruktur vil det truleg vere naudsynt med interkommunalt samarbeid innanfor einskild område sjølv om behovet vil minke med kommunestorleik. 7. ORGANISERING. Den administrative organiseringa av ei ny og større kommuneeining vil måtte skisserast i utgreiingsdokumentet. Alle dei 4 kommunane har i dag tidsmessige og gode lokale, og dette må omsyntakast i organiseringsbiletet. Denne delen av utgreiinga blir ein viktig del av prosjektgruppa og styringsgruppa sitt arbeid, og tillitsvalde må inngå som ein naturleg del av desse drøftingane. 8. POLITISK ORGANISERING. Talet på kommunestyremedlemar og medlemar i styre, nemnder og råd vil bli monaleg redusert gjennom ei kommunesamanslåing. Modellar for bygde-/grendeutval og liknande har vore prøvd fleire stader og må vurderast som ei erstatning for den nærleiken til dei politiske organa som tradisjonelt har vore. Prosjekt- og styringsgruppe blir viktige premissleverandørar inn mot utgreiingsarbeidet i desse spørsmåla. Sikring av innbyggarane si kontakt med det lokalpolitiske miljøet må vere eit viktig element i utgreiingsarbeidet. Det må også utgreiast korleis den politiske samansettinga kan bli basert på erfaringstal frå dei seinare vala. 9. PROSJEKTORGANISERING/ØKONOMI. Ei naturleg organisering av sjølve utgreiingsarbeidet vil vere at det blir etablert ei prosjektgruppe der rådmennene i dei involverte kommunane, samt tillitsvald, er medlemar. Dersom einskildkommunar ynskjer å vere representert med andre enn rådmannen, står dei sjølvsagt fritt til å gjere det. Det må i tillegg etablerast ei styringsgruppe beståande av ordførarane i dei involverte kommunane.
Prosjektleiing må rekrutterast eksternt. Korvidt denne skal engasjerast av prosjektgruppa eller styringsgruppa og premissane for rekrutteringa må avklarast. Det er naturleg at styringsgruppa avklarer dette. Det må i denne samanhengen vere klårt at utgreiinga Gloppen/Eid/Hornindal/Stryn står på eigne bein, og ein ser få eller ingen synergieffektar av å nytte felles prosjektleiar med andre utgreiingsprosjekt. Eitkvart utgreiingsprosjekt har sin eigenart og sine behov. I tillegg til dei ovannemnde gruppene, kan det vere aktuelt å etablere administrative arbeidsgrupper, og det bør ligge til prosjektleiinga å avgjere dette etter behov. Referansegruppe for arbeidet bør vere dei politiske miljøa i kvar kommune først og fremst representert ved formannskapa. Utgreiingsarbeidet vil ha ein pris. Det vert forventa at ein del av dette kan finansierast gjennom tilskot frå fylkesmannen, men dei øvrige kostnadene må fordelast likt mellom kommunane. Det er i skrivande stund vanskeleg å ha noko meining om kostnadsomfanget. Dette vil kunne avklarast nærare når det føreligg oversikt over prosjektleiing og detaljert prosjektgjennomføring. 10. LOKALISERING OG KOMMUNENAMN. Når det i denne samanhengen blir nemnt lokalisering, gjeld det i første rekkje lokalisering av den politiske og administrative toppleiinga. Når det elles gjeld organisering, vil den måtte finne si løyse under drøftingane knytt til punktet om «organisering» ovanfor. Den nye kommunen må ha eit namn, og dette må også framgå som ein del av utgreiinga. 11. TENESTEPRODUKSJON. Kommunane sin tenesteproduksjon skal i utgangspunktet kunne føregå tilnærma upåverka av endringane i kommunestrukturen. Denne produksjonen tek utgangspunkt i der folk bor, og det er oppbygt ein infrastruktur for å ivareta denne. Dersom det skal skje endringar i tenesteproduksjonen, må det vere som eit resultat av endringar i overordna rammevilkår, seinare lokalpolitiskepolitiske prioriteringar og/eller endringar i grunnlag. Det er difor liten grunn til å vie tenesteproduksjonen stor merksemd i denne utgreiinga. 12. INTENSJONSAVTALER. Etter at ei utgreiing er gjennomført vil det likevel vere mange spørsmål som det ikkje er gjeve svar på. Desse vil først og fremst vere av politisk karakter og ofte bygt på ulike politiske ståstadar, samt moglege delte oppfatningar av innhaldet i sjølve utgreiinga.
Etter at ei utgreiing ligg føre vil det likevel vere uklårt om 2-4 kommunar vil legge den til grunn for kommunesamanslåing. Dermed vil grunnlaget for ei intensjonsavtale vere til stades slik at det er klårt kven som stiller seg bak den utgreiinga som ligg føre, og kven som ev vil finne andre løysingar. Utgreiinga saman med ein intensjonsavtale basert på utgreiinga bør føreligge som grunnlag for ei innbyggarundersøking/folkerøysting i god tid før den avsluttande politiske prosessen i kommunane. Dette vil danne grunnlaget for ei kunnskapsbasert tilbakemelding frå innbyggarane og kan vere viktige innspel i den politiske slutthandsaminga. 13. MELLOMPERIODEN. Etter at to eller fleire kommunestyre har fatta samanfallande vedtak i juni 2016 vil det vere behov for ei form for fellesorganisering fram mot tidspunktet når kommunane formelt blir samanslegne i 2020. Det er naturleg at kommunane i dette tidsrommet etablerer eit fellesorgan med arbeidsoppgåver som dei deltakande kommunane i fellesskap blir samde om. Det einskilde kommunestyre vil framleis vere det politisk overordna organet, men fellesorganet vil likevel kunne spele ei viktig samordnings- og utviklingsrolle. Utgreiinga må innehalde løysingar for dette slik at dette blir klårt allereie tidleg i prosessen og kan vere med i høyringar og vedtaksgrunnlag. TIDSPLAN FOR ARBEIDET. Dersom eit omforent grunnlagsdokument kan føreligge innan medio april 2015, kan prosjektet starte opp og prosjektleiing vere på plass rundt 01.05.2015. Det kan vere tenleg å redigere dokumentet slik at ein del 1 kan vere klar kring 01.08.2015. Dette vil då kunne tene som eit delunderlag fram mot kommunevalet i september 2015. Tidsfristen for den endelege utgreiinga bør vere ved utgangen av 2015. I tida fram mot kommunestyrevedtak i juni 2016 vil det dermed vere tid for avsluttande politiske drøftingar, samt innbyggerundersøking/folkerøysting. 19.03.2015