FINNØY KOMMUNE PLANSTRATEGI 2012-2015 Vedtatt 02.10.2012, KS-sak 044/12 1
KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2012-2015 1. KOMMUNAL PLANSTRATEGI PLAN FOR PLANLEGGINGA Planstrategi er noko nytt i kommunal planlegging. Plan- og bygningslova (PBL, 10-1) krev at alle kommunestyre i løpet av det første året i valperioden drøftar strategiske utfordringar knytta til samfunnsutviklinga i kommunen, vurderer planbehov og avklarer kva for planoppgåver som skal ha prioritet dei næraste åra. Planstrategien er ikkje ein kommunal plan, men ein gjennomgang av status og utfordringar i kommunane og avklaring av prioriteringar på planområdet i løpet av kommunestyreperioden. Forenkla kan vi seia at planstrategien er ein plan for planlegginga. 2. VIKTIGE FØRINGAR FOR KOMMUNAL PLANSTRATEGI a. Nasjonale føringar I tråd med 6-1 i PBL har Regjeringa utarbeidd eit nasjonalt forventningsdokument om regional og kommunal planlegging. Dokumentet listar opp temaområde og utfordringar som sentrale styresmakter forventar at fylkeskommunar og kommunar har fokus på i planarbeidet sitt dei næraste åra. Det er ikkje snakk om nasjonale krav, men om føringar som skal medverka til størst mogleg grad av samsvar mellom nasjonal, regional og kommunal planlegging og politikkutforming, heimla i PBL. Regjeringa har samla sine forventningar til kommunal planlegging i perioden 2012-2016 under seks hovudtema: Klima og energi Kommunal planlegging skal ta omsyn til utfordringar knytta opp mot klimaendringar og energiomlegging. By- og tettstadsutvikling Kommunal planlegging skal ha fokus på utvikling av attraktive tettstader med vekt på godt fysisk miljø, varierte kultur- og fritidstilbod og næringsverksemd, utan at verdifulle LNF-område blir bygde ned. Samferdsel og infrastruktur Kommunal planlegging skal sikra god samordning av areal- og transporttiltak, bygging av gang- og sykkelvegar, framføring av elektronisk kommunikasjon og trygt drikkevatn. 2
Verdiskaping og næringsutvikling Kommunal planlegging skal bidra til næringsutvikling ved m.a. å ta omsyn til næringslivet sine behov for eigna areal - herunder leggja vekt på å oppretthalda og vidareutvikla landbruk, fiske og havbruk. Natur, kulturmiljø og landskap Kommunal planlegging skal byggja på oppdatert kunnskap om arealbruk og natur, kulturminne-, kulturmiljø og landskapsverdiar, og sjå til at slike verdifulle område blir varetatt i lokal arealplanlegging. Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø Kommunal planlegging skal ha tydeleg fokus på folkehelse gjennom m.a. å leggja godt til rette for fysisk aktivitet, universell utforming og forebygging av miljø- og helseulemper i form av t.d. forurensing og støy. b. Regionale føringar Det heiter i nasjonal rettleiar til kommunal planstrategi at samordning av planstrategiarbeidet i ein region vil være viktig for å få til en god avklaring av planbehovet i regionen og hvordan det kan løses gjennom regional plan, interkommunalt plansamarbeid eller kommunalt planarbeid. Rogaland fylkeskommune er i ferd med å utarbeida regional planstrategi for perioden 2012-15. Gjennom dialogmøte mellom Rogaland fylkeskommune og kommunane i Ryfylke er det gitt regionale føringar som vil bli tatt med inn i planstrategiarbeidet i kommunane i regionen. For Finnøy kommune er følgjande tre regionale planar særleg relevante og vil leggja føringar for kommunalt planarbeid: Regionalplan for areal og transport i Ryfylke Regionalplan for landbruk Regionalplan for næringsutvikling 3. NØKKELSPØRSMÅL Arbeidet med kommunal planstrategi skal ta utgangspunkt i ei statusvurdering per i dag og ha fokus på hovudutfordringane i/for Finnøy kommune framover. Finnøy kommune er inne i ein periode som på fleire vis er historisk, prega av store og raske endringar både for kommunen og dei enkelte lokalsamfunna. Nye kommunikasjonsmønster representerer krevjande utfordringar når det gjeld for eksempel folketilvekst, bustad- og næringsutvikling, arealplanlegging, endra reisemønster, infrastruktur og ressursprioritering. Dette gjer at gamle planar relativt raskt blir utdaterte. I denne situasjonen er det behov for ein grundig gjennomgang og diskusjon av status og dei strategiske utfordringane kommunen står overfor. Dette vil leggja klare føringar for korleis vi 3
prioriterer på planområdet. Kor står vi i dag? Kva for planutfordringar er det mest viktig å ta tak i raskt? Korleis kan kommunen på ein mest mogleg forsvarleg og realistisk måte følgja opp nasjonale planforventningar? Mellom anna følgjande tema/spørsmål vil måtta drøftast inngåande i den foreståande gjennomgangen og diskusjonen: Kva slags befolkningsvekst skal vi planleggja ut frå? Korleis ønskjer vi å fordela forventa tilflytting internt i kommunen med følgjer m.a. for bustadplanlegginga? Kva skal vera basis for nærings- og sysselsettingsutviklinga i kommunen? Kva med forholdet mellom landbruk og andre næringar? Korleis stimulera til lokal næringsskaping for å redusera omfanget av arbeidspendling ut frå kommunen? Korleis møter vi utfordringane i forhold til langsiktig disponering av areala i kommunen med særleg tanke på landbruksjord/lnf-område og strandsoneareala? Nye samferdselsprosjekt kva utfordringar inneber desse når det gjeld kommunal planlegging og infrastrukturutvikling? Kva er viktig for å gjera Finnøy til ein attraktiv og inkluderande bukommune med fokus på folkehelse,god oppvekst, livskvalitet, velferd og trivsel for alle? Korleis styra og prioritera i ei tid med vekst og samtidig krevjande utfordringar når det gjeld m.a. økonomi og kompetanse/rekruttering? Kva med samarbeid med andre kommunar i dette bildet? Dei mange store og til dels nye samfunnsutfordringane gjer det nødvendig å gjennomføra ei grundig vurdering av det kommunale plansystemet i Finnøy. Det finst mange planar av ulike slag og på forskjellige nivå, men få av desse fungerer som gode styringsverktøy i møte med dei utfordringane vi møter i dag og imorgon mellom anna som følgje av Finnfast og fleire nye kommunikasjonsendringar i overskueleg framtid. Planstrategien skal bidra til å finna gode svar på m.a. følgjande spørsmål: I kva grad har vi eit planverk som gir folkevalde og administrasjon eit godt og oppdatert grunnlag for å møta dei viktige lokale samfunnsutfordringane og sikra stø og forutsigbar styringskurs? Kva slags planoppgåver skal prioriterast i resten av kommunestyreperioden, og korleis kan vi koma i mål med ein planprosess som både er realistisk og fagleg og politisk solid og forsvarleg? I løpet av kommunestyreperioden treng vi å gå systematisk gjennom, oppdatera og sanera eksisterande kommunale planverk. Kva slags planar har framleis nytteverdi og skal vera gjeldande, ev. med mindre justeringar? På kva område har vi behov for oppdatering/nye planar? Kommunen bør ha som ambisjon å utvikla eit enkelt og oversiktleg kommunalt plansystem med ein overordna kommuneplan (samfunns- og arealdel) med klare styringssignal og ein handlingsdel med tydelege prioriteringar gjennom økonomiplan og årsbudsjett, jfr. figur 1. Det vil redusera behovet for å bruka mykje tid på å utarbeida mange kommunedel- /tema-/ handlingsplanar. 4
4. KOMMUNEPLANEN Kommuneplanen er det viktigaste planverktøyet i ein kommune, - med overordna og langsiktig samfunnsdel og arealdel med kart, føresegner og retningslinjer for disponering av areala i kommunen. PBL slår fast at samfunnsdelen er kommunen sitt viktigaste og mest overordna styringsverktøy: Kommuneplanens samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringer, mål og strategier for kommunesamfunnet som helhet og kommunen som organisasjon. Den bør inneholde en beskrivelse og vurdering av alternative strategier for utviklingen i kommunen... Kommuneplanens samfunnsdel skal være grunnlag for sektorenes planer og virksomhet i kommunen. Den skal gi retningslinjer for hvordan kommunens egne mål og 5
strategier skal gjennomføres i kommunal virksomhet og ved medvirkning fra andre offentlige organer og private. Samfunnsdelen i kommuneplanen skal også gi grunnlaget for prioriteringer i arealdelen, f.eks. knyttet til arealbehov for ulike funksjoner, valg av infrastruktur, boligpolitikk og næringspolitikk, kommunal service mv. Den skal m.a. gjera greie for og vurdera alternative strategier for samfunnsutvikling, sektorenes virksomhet og langsiktige arealbehov, og ta stilling til hvilken strategi kommunen vil legge til grunn.. Hensikten med det siste er å beskrive sammenhengen mellom de langsiktige mål og strategier som trekkes opp i samfunnsdelen, og de fysiske konsekvensene. Kommunestyret i Finnøy vedtok for fem år sidan ny kommuneplan gjeldande for perioden 2007-2019, etter ein omfattande prosess dei to føregåande åra. I realiteten handla denne revisjonsrunden utelukkande om å oppdatera og rullera arealdelen. Samfunnsdelen - med mål og retningslinjer for kommunen som samfunn og organisasjon - blei vidareført utan endringar i forhold til plan vedtatt så tidleg som i år 2000. Med dette utgangspunktet framstår revisjon av kommuneplanen som den viktigaste planoppgåva i Finnøy kommune dei komande tre åra, med utarbeiding av ny samfunnsdel som klar førsteprioritet. I tillegg bør det veljast ut enkelte temaområde i arealdelen for ny gjennomgang. Ein samfunnsdel frå år 2000 er ikkje eigna som grunnlag for å vurdera hovudutfordringane og vedta mål og strategiar for utviklinga av kommunen som samfunn og organisasjon i eit langsiktig strategisk perspektiv til langt ut på 2020-talet. Utan klare framtidsretta mål og strategiar for den langsiktige utviklinga i kommunen vil korkje folkevalde eller administrasjon ha eit godt nok grunnlag for å oppdatera føresegner og retningslinjer for arealbruk (arealdelen), planar for verksemda i sektorane eller andre plandokument. Resultatet vil bli svak og tilfeldig styring. Det vil også m.a. føra til at kommunen vil stilla med dårlege kort ved drøftingar/ forhandlingar i samband med ev. plankonfliktar med regionale eller statlege styresmakter. 5. PLANOPPGÅVER 2012-15 PRIORITERING OG FRAMDRIFT Med bakgrunn i ovannemnde vurderingar kan ei grovskisse med framlegg til prioritering og framdrift i planarbeidet i Finnøy kommune i perioden 2012-2015 sjå slik ut: TIDSPERIODE Haust 2012 PROSESS OG FRAMDRIFT Rådmannen legg fram forslag til planprogram for rullering av kommuneplan for Finnøy kommune, med hovudfokus på ny samfunnsdel. Politisk behandling av forslag til planprogram. Varsel og utsending av forslag på 6 vekers offentleg høyring. 6
Vår 2013 Haust 2013 Vår 2014 Haust 2014 Vår 2015 Gjennomføring av offentleg høyring på forslag til planprogram. Politisk behandling av planprogram m/endeleg vedtak. Oppstart av kommuneplanarbeid med hovudfokus på ny samfunnsdel. Opplegg for brei medverknad. Oppstart gjennomgang av eksisterande kommunale planar. Gjennomføring av kommuneplanprosess, ny samfunnsdel. Framlegging av førsteutkast med politisk førstegongsbehandling. Varsel og utsending av forslag på offentleg høyring. Drøfting/avklaring av hovudtema for vidare arbeid med sikte på revisjon av delar av arealdelen i kommuneplanen. Fullført gjennomgang av eksisterande kommunale planar. Offentleg høyring på forslag til ny samfunnsdel. Framlegging av endeleg forslag til ny samfunnsdel (med bakgrunn i høyring). Kommunestyrevedtak. Oppstart av arbeid med prioriterte hovudtema med sikte på revisjon av kommuneplanen sin arealdel på dei utvalde områda. Opplegg for brei medverknad. Ev. oppstart med planprosess sektor-/temaplan prioritert i ny samfunnsdel. Vidare arbeid med prioriterte hovudtema i arealdelen. Framlegging av førsteutkast til revisjon av planen på desse områda. Politisk førstegongsbehandling, varsel og utsending av forslag på offentleg høyring. Vidareføring ev. planprosess sektor-/temaplan. Offentleg høyring på forslag til revisjon av prioriterte hovudtema i kommuneplanen sin arealdel. Framlegging av endeleg forslag til revisjon. Kommunestyrevedtak. Ev. framlegging og politisk behandling sektor-/temaplan. 6. OPPSUMMERING Planstrategien for Finnøy kommune 2012-2015 inneber at det strategiske og langsiktige kommunale planarbeidet i resten av inneverande kommunestyreperiode skal ha følgjande hovudfokus: a. Utarbeiding av planprogram for revisjon av kommuneplanen. Planprogrammet skal i utgangspunktet omfatta både samfunnsdel og arealdel. b. Ny samfunnsdel i kommuneplanen - gjennomføring av planprosess og kommunestyrevedtak. c. Gjennomføring av revisjonsarbeid med kommunestyrevedtak innanfor enkelte prioriterte hovudtema i arealdelen i kommuneplanen. 7
d. Full gjennomgang av det kommunale planverket. Ev. oppstart av arbeid med sektor-/ temaplan prioritert av kommunestyret. Eit overordna mål for det kommunale planarbeidet dei neste åra skal vera at Finnøy i løpet av inneverande planperiode skal få på plass eit oversiktleg rammeverk for kommunale planar. Ein fagleg og strategisk solid kommuneplan og økonomiplan/årsbudsjett som korresponderer godt med styringssignala i kommuneplanen, jfr. figur 1, vil gi folkevalde og administrasjon det beste grunnlaget for langsiktig og berekraftig styring. Utviklinga på plansida har gått i retning av færre absolutte statlege plankrav. Kommuneplan med samfunnsdel og arealdel, herunder handlingsdel som framgår av økonomiplanen og årsbudsjetta, er absolutte krav i PBL. Også i særlover, forskrifter m.v. finst krav om kommunal planlegging via t.d. lokale kvalitetssystem, styringsdokument og handlingsplanar som skal sikra at kommunen oppfyller nasjonale forventningar innanfor ulike teneste-/ fagområde. Kommunen er for eksempel forplikta til å driva forsvarleg klimaplanlegging, men kan sjølv velja om dette skal skje gjennom f.eks. eigen kommunedelplan for klimaområdet, kommunal temaplan eller gjennom klare mål og føringar i samfunnsdelen i kommuneplanen og oppfølgjande tiltaksplanar som inngår i handlingsdel/økonomiplan og årsbudsjett. Slik vil det også vera på mange andre fag-/tenesteområde. I tilknytning til arbeidet med den samla gjennomgangen av det kommunale planverket skal det avklarast korleis Finnøy kommune konkret skal følgja opp nasjonale planforventningar generelt, og krav om planlegging/kvalitetsoppfølging heimla i særlover m.v. spesielt. I denne gjennomgangen skal det m.a. avklarast kva planar kommunen skal utarbeida innanfor dei ulike områda, og kva status slike planar skal ha (eks. omfattande kommundedelplanar eller enklare tema-/handlingsplanar). Denne planstrategien skal gjelda for inneverande kommunestyreperiode. Siktemålet er at prioriterte planoppgåver skal fullførast innan nytt kommunestyre tar over ansvaret. Det bør derfor i utgangspunktet ikkje startast opp fleire konkrete planarbeid enn dei vi vil kunna koma i mål med og få politiske vedtak på innan sommaren 2015. 8