MØTE: X STYRET AVLSUTVALET INFOUTVALET.. TID: 18. oktober 2013, kl. 12.00-16.00 MØTELEIAR: STAD: REFERENT: INNKALLA: Møtt: Kjell Horten Norsk Hestesenter, møterom 2. etg. Elin Furrevik Kjell Horten, Åge Øibakken, Linn Waaler Rønning, Olav Stormorken Trude Langvad, Guro Hagen, Otto-Arne Schau Kjell Horten, Åge Øibakken, Linn Waaler Rønning, Olav Stormorken, Trude Langvad 84/13 SAK: Godkjenning av innkalling og sakliste. Gjennomgang aksjonsliste. Innkalling og sakliste vart godkjend. 85/13 SAK: Orienteringssaker: Rekneskap/lotteri Rekneskapen per 10.10.13 og status for loddsal i høve til Landslotteriet vart gått gjennom. Ein del lag har meldt tilbake om status for dette og inntrykket så langt er at salet varierer ein del frå lag til lag. Nokre påpeiker at premier som ikkje er hesterelaterte kan auke salet. Møte med representantar frå Foreningen Norrsvenska hesten. Kjell Horten, Olav Stormorken og Åge Øibakken var i møte med ovannemnde den 12. oktober. Tema på møtet var (1)
mogeleg felles forskingsprosjekt når det gjeld mugg og raspe (Svensk-norske forskingsmidlar). I tillegg diskuterte ein erfaringar m.o.t stambokføring/overgang frå kåring til rasestambok med inndelingar, utanlandske lokallag, satelitt foreningar, slakting av hest. Felles utfordringer og erfaringer jf. svensk marknadsundersøking. Agria avtala Kjell Horten har vore i møte med leiarane av dei to andre nasjonale raseorg. Dei er klar til å skrive under men LD ynskjer å diskutere vilkåra nærare, m.a. ynskjer Agria å få tak i info om fødde føl, men dette er vanskeleg grunna personvernet. LD har ynskje om at gåvepremier og støtte til fagseminar skal kunne inngå. Styret tek orienteringa til etterretning. 86/13 SAK: Vidare samarbeid mellom nasjonale raseorganisasjonar og oppfølging av saker frå fellessamlinga På den felles medlemssamlinga til Landslaget for Dølahest, Norges Fjordhestlag og Landslaget for Nordlandshest/Lyngshest var ein einige om at det no er på tide å vidareutvikle utstillingssystemet, særskilt med tanke på bruksprøvene. Avlsrådet ved NHS signaliserte i sitt førre møte at dei er innstilte på at ein no startar arbeidet med å gradvis implementere nye bruksprøver i tråd med forslag frå NHS og at utvida bruksprøve fasast ut. Bakgrunnen for dette er at forsking har vist at dagens bruksprøvetesting ikkje gjev gode nok data. Eigenskapane som bedømmast, er for samansette og viser for låge arvegrader. Ein må difor over i et system der ein kan innhente fleire observasjonar per dyr og for fleire dyr totalt. Dette vil vidare gje sikrare data på individ- og populasjonsnivå, til ein lågare pris per individ. NHS sitt forslag til rammer for et nytt bruksprøvesystem vil kunne, dersom ein oppnår ønsket effekt med den foreslåtte modellen, gje fleire dyr vist og fleire observasjonar per dyr. En positiv tilleggseffekt vil slik være at det kan bidra til auka oppslutting om utstillingane og større fokus på dei nasjonale rasane. Med auka aktivitet rundt utstillingane i form av fleire bruksklassar vil dette òg kunne skape ein arena som kan fenge nye, potensielle hesteeigarar og styrke dei eksisterande miljøa rundt rasane. Forslag til vedtak: Styret tilrår at det eksisterande bruksprøvesystemet omarbeidast snarast og at det frå 2014 prøvast ut nye testar som et ledd i det langsiktige målet med et nytt system: å på sikt få gjennomført bruksprøvetesting av så mange hingstar, vallakar, hopper og unghestar (2)
som mogeleg, i eit gjennomgåande system. Styret ynskjer vidare at utvida bruksprøve i sin noverande form vert avvikla. Detaljane i bruksprøva(ene) for kåra hingstar som skal inn til ny vurdering i 2014 blir konkretisert i fellesskapet mellom dei tre nasjonale raseorganisasjonane snarast. Ein bør i legge opp til å ha eit felles bruksprøvesystem, men med individuelle tilpassingar innan kvar rase. Det bør sjåast på omfordeling av midlane som i dag brukast til utstillingar, medrekna utvida bruksprøver. Desse midlane må no kanaliserast over i et nytt og moderne utstillingssystem der bruksdata får større fokus og bidreg til å gje betre og sikrare avlsdata i populasjonane. Fordeling av arbeidsressurs og midler bør sjåast på saman med dei nasjonale sentra, slik at ein kan fordele arbeidsoppgåver på en best mogeleg måte og få til ei effektiv ressursutnytting i felt. Styret ser det som svært viktig at de nasjonale rasane beheld den delen av midlane som i dag brukast i utstillingssystemet til desse rasane, så lenge omstillingsprosessen pågår. Vidareutviklinga er eit ledd prosessen med å konkretisere viktige punkter i den vedtatte handlingsplanen for de nasjonale rasene. Styret ynskjer at NHS i den vidare prosessen set ned ei arbeidsgruppe bestående av representanter fra organisasjonene, administrasjonen ved NHS og avlsrådet for å konkretisere detaljane i systemet. Øvrig ekspertpanel og ev. bruksprøvedomarar kallast inn etter behov. Styret ynskjer ei tilbakemelding frå NHS om rammevilkår når det gjeld tilgjengelege midlar i arbeidet, og ei avklaring av status for utvida bruksprøve neste år så snart som råd. Styret ser framlegget frå dei tre leiarane om å organisere det vidare arbeidet i ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe som hensiktsmessig. Dette for å minimere ressursbruken, sikre ei effektiv arbeidsform, samt eigarskap blant tillitsvalde og i tillegg halde eit fagleg høgt nivå på arbeidet. Forslaget vart vedteke einstemmig. (3)
INFOUTVALET: 87/13 SAK: Status Infoutvalet har framlegg om ei mønsterkonkurranse for ullgensarar med dølahestmotiv. Nettsida til LD: Det vil om kort tid bli oppretta enkle informasjonssider på engelsk og tysk under heimesida som respons på auka interesse forog publisitet rundt dølahesten i m.a. Tyskland. FB sida til LD: Denne skal opnast for innlegg/spørsmål for å auke tilgjenget. Ein vil utarbeide retningsliner for bruken av sida og styret vil i tillegg følgje sida/dele ansvaret for å svare på spørsmål. Mogelegheita for å slå saman dei ulike sidene på facebook vart diskutert. Styret var einig i framlegget. ANSVAR: Linn Frist: 1. november 88/13 SAK: Nettbutikk LD treng fleire (nye) profileringsartiklar mellom anna for sal til medlemane og til bruk på ulike arrangementet (t.d. AEG) då ein meiner det fins eit større potensiale når det gjeld dette. Becken og Strøm og Eurofoto er mogelege kandidatar. Kjell tek kontakt med Becken og Strøm, Elin føl opp Eurofoto. AVLSUTVALET 89/13 SAK: Status Søknadar om avlsmidlar og oppfølging av saker frå dagens møte med NHS der ein særskilt tok opp NHS si handtering av sak om semin frå dølahingst og avkomsvurdering av ei dølahoppe er i fokus. Olav ynskjer i tillegg å sende eit notat om registreringsreglar for dølahest til avlsavdelinga ved NHS. Styret tek orienteringa til etterretning. (4)
AKTIVITETSUTVALET 90/13 SAK: Status AEG er i fokus, aktivitetsutvalet avventar no tilbakemelding om representantar frå dei to andre nasjonale raseorganisasjonane som kan drive arbeidet med dette vidare. Styret tek orienteringa til etterretning. 91/13 SAK: Dølaskeid, rammer og premier Det har vore stor interesse for den nye konkurranseforma i Landslaget som ein kallar Dølaskeid etter medlemsmøtet på Gardermoen. Styret merker seg med glede at det i det seinare har vore to Dølaskeidarrangement, eit på Stav og eit på Toten. Ein må jamvel ha på plass nokre tydelege rammer og regelverk for dette, t.d. når det gjeld premiering, ev. deltaking frå andre rasar, dømming osv. Det er viktig å ha høve til å samanlikne/diskutere erfaringer/likskapar med fjordhesten og nordlandshest/lyngshesten. Aktivitetsutvalet lagar forslag til rammer og regelverk. ANSVAR: Trude Langvad Frist: Neste styremøte (5)