Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og PS 06.03.2018 samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS 24.04.2018 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy ARP - 20150107, K2 - L12 15/1503 Privat detaljreguleringsplan Stavøy gbnr 21/2 hytte, Planid 20150107 Framlegg til vedtak: Knut Broberg rådmann Saka er elektronisk godkjent og treng ingen underskrift. Plan- og samfunnsutvalet - 008/18 PSUV - handsaming: Tilrådinga vart samrøystes vedteken. PSUV - vedtak:
Bystyret - 015/18 BYST - handsaming: Tilrådinga vart samrøystes vedteken. BYST - vedtak:
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Det vart i 2009 laga ein detaljreguleringsplan hyttefelt Stavøy planid 20090106 for utbygging av 14 fritidsbustader med tilhøyrande tilkomstveg, felles uteområde og med felles båtplass ved sjøen. Delar planen er iverksett og 2 av hyttene er bygd. Stavøya er eit populært område for fritidsbustader og eignar seg godt til formålet pga nærleik til Florø og Førde, samt god infrastruktur generelt. Hyttefeltet ligg og sørvendt til med godt klima og rimeleg nærleik til sjø (men utanfor 100-metersbeltet). Det er fullt mogeleg med relativt små inngrep å utvide hyttefeltet med ytterlegare 10 tomter til. Difor fremjar forslagstiller om ny plan for området. Utgreiing: Området er regulert og delvis utbygd med 14 hyttetomter. Grunneigar ønsker no å utvide feltet med 10 nye tomter og auke byggehøgda med 1m. Det er og opna for å bygge eit sjøhus i område f_bun ved sjøen. Dette skal fungere om lagerbygg for hyttene. Planforslaget Forslag til Privat detaljreguleringsplan Stavøy gbnr 21/2, planid 20150107 er utarbeidd av Asplan Viak på vegen av Torgunn Elisabeth Eikevik. Bakgrunn for saka og beskriving av tiltaket går fram av forslaget med tilhøyrande beskriving. Formålet med reguleringa/omreguleringa Formålet med reguleringa er å leggje til rette for 10 nye fritidsbustader i tilknyting til dei 14 som er regulert frå før. Forhold til overordna planar Planforslaget er delvis i tråd med arealdelen i kommuneplanen. Området rundt eksisterande reguleringsplan er sett av til LNF Spreidd bygging og opnar for maks 3 spreidde einingar. Førstegongsbehandling Planforslaget blei førstegongs-handsama av Plan- og samfunnsutvalet 19.09.2017 i sak 031/17. Planog samfunnsutvalet vedtok å fremje saka, sende henne på høyring og leggje henne ut til offentleg ettersyn. Motsegner Det er ikkje varsla motsegner til planen frå fylkeskommunen, nabokommunar eller statlege
fagmyndigheter der saksområdet blir påverka. Bystyret kan dermed vedta reguleringsplanen. Høyringsfråsegner Planforslaget blei lagt ut til offentleg ettersyn i perioden frå 29.09.-27.11.2017. I same periode blei forslaget sendt til fråsegn mellom anna til regionale myndigheiter, grunneigarar som forslaget ville få konsekvensar for, og tenesteområde i kommunen. Det kom inn totalt 6 fråsegner. Dei følgjer saka som utrykte vedlegg. Hovudtrekka i merknadene er refererte i eit eige vedlegg. Endringar etter førstegongshandsaming Dei viktigaste endringane etter førstegongshandsaming: Det er gjort justeringar i planen mot Fv547 i samsvar med merknad frå Statens Vegvesen. Dette omfattar utviding av frisiktsoner til 115 m, justering av areal for anna veggrunn grøntareal for å få plass til utvida frisiktsoner og rekkefølgjekrav i føresegnene punkt 2.4.3 i høve ferdigstilling av utvida frisiktsoner. Det er og lagt inn frisiktlinjer. Området for renovasjon(bre), småbåtanlegg i sjø (VS) og uthus/naust badehus (BUN) har fått endra eigarform til fellesområde for fritidsbustadane i området på plankartet, og føresegnene er oppdatert tilsvarande. Det er lagt inn rekkjefølgjekrav om opparbeiding av område for renovasjon med fast dekke før det kan gjevast bruksløyve for fritidsbustadane. Endringar i føresegnene er markert med raud skrift. Det er ikkje gjort endringar i planomtalen. Lovheimlar I samsvar med plan- og bygningslova 12-12 blir saka lagd fram til vedtak for kommunestyret. Vurdering: Det er gjort endringar i plankart og føresegner for å imøtekome merknadar innkomne ved offentleg ettersyn, sjå ovanfor. I høve Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin merknad som rettar seg mot forholdet til overordna plan, vart dette vurdert grundig i samband med utlegging av planen til offentleg ettersyn. Det er etter administrasjonen si vurdering ikkje moment i denne merknaden som gjev grunnlag for å endre denne vurderinga. Innkomne merknader
Vurderinga av dei enkelte innkomne fråsegnene kjem fram av kommentarane i vedlegget. Samla vurdering: Planforslaget er gjennomarbeidd og varetek nødvendige omsyn. I sluttbehandling av planframlegget er det lagt vekt på at utviding av hytteområdet gjev ei konsentrert utbygging som totalt sett vert vurdert å være meir gunstig for landskapsverdiane i området, enn spreidd utbygging. Med bakgrunn i utgreiinga ovanfor tilrår administrasjonen at planforslaget Privat detaljreguleringsplan Stavøy gbnr 21/2, planid 20150107. Økonomiske konsekvensar: Planframlegget vil ikkje ha økonomiske konsekvensar for kommunen. Miljømessige konsekvensar: Detaljert vurdering av dei miljømessige konsekvensane ligg i kap 6 i planomtalen. Det er ikkje gjort endringar i planen etter høyring som som endrar denne vurderinga. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Plan- og bygningslova. Vedlegg: planrapp.04.sept.17 føresegner 23022018 20150107_Stavoy_23022018-A1-L Innkomne merknadar høyring Privat detaljreguleringsplan Stavøy gb 21nr 2 hytte, Planid 20150107 Offentleg ettersyn av reguleringsplan hyttefelt Stavøya planid 20150107