Kortversjon av Statusrapport TIDLEG INNSATS i barnehage og skule i Kvam pr. 01.10.13



Like dokumenter
HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Psykologisk førstehjelp i skulen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Frå tre små til ein stor.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Plan for overgangar. for barn og unge

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Rådmannsutvalet Førde

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Kvalitetsplan mot mobbing

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Erfaringsdeling

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Utviklingsplan. Luster Oppvekstsenter

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

DEN GRØNE TRÅDEN TIDLEG INNSATS

BLR og satsingar i skulane i Os kommune

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Psykologisk førstehjelp i skulen

på vegne av barn og unge

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

Strategidokument

Hold meg. Sirwan Saadun Mohammed (2002)

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Frå novelle til teikneserie

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Korleis kan PPT bruke resultata frå forsking i arbeidet i kommunane?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Retten til spesialundervisning

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

HANDLINGSPLAN

Kvalitetssikring - kvalitetsutvikling

Kva er typisk for spesialundervisninga i Norge?

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Dokumentasjon etter tilbakemelding frå programkomiteen!

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Plan for framlegginga

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Ungdomstrinnsatsinga

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Balestrand kommune Sagatun skule

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Verksemdplan for Ålvik skule

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tryggleikssirkelen i systemretta arbeid

The function of special education LP-konferansen 2015 Hamar mai 2015

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Årsmelding for Tjødnalio skule 2015

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Transkript:

Tidleg innsats i Kvam Statusrapport 01.10.2013 Kortversjon av Statusrapport TIDLEG INNSATS i barnehage og skule i Kvam pr. 01.10.13 Felles snuoperasjon med fokus på ENDRING Barnehage- og skuleeigar, leiarar og medarbeidarar saman om elevane si læring og trivsel Kompetanseheving Systemarbeid- Tidleg hjelp - Foreldreinvolvering Grunnleggjande opplæring Visjon Tidleg hjelp i grunnleggjande ferdigheter innan språk, lesing og skriving er god investering for livslang læring. Heimla i Stortingsmelding nr. 16:.» og ingen står igjen» Kvam PPT 03.10.13 kortversjon av statusrapport Beate Gauden Lid Leiar PPT Kvam/prosjektleiar

Bakgrunn Politisk vedtak i Heradstyret 18/12 12: «Kvam Heradstyre ynskjer tidleg innsats i skulen for å få ned talet på spesialundervisning. Tilsette i PPT skal jobba meir systemretta i skular og barnehagar for ei tettare og raskare oppfylgjing». «PPT ei stilling over til skule, redusere skuleramma. Til arbeid med lese/skrivevanskar». Formål: PPT tettare på barnehage og skule. «Learning by doing» Systemarbeid i barnehage og skule som hevar kompetansen til lærarane og gjev tidleg hjelp i grunnleggjande ferdigeter innan lesing/språk Redusere behovet for spesialundervisning Fagleg forankring i Stortingsmelding nr. 16: Bakgrunn for innføring av Tidleg innsats i Kvam finn me i ei forståing av tidleg innsats for livslang læring i Stortingsmelding nr. 16 (2006 07) s. 10; «Regjeringen ønsker å forbedre utdanningssystemets evne til å møte den enkeltes behov gjennom å tilrettelegge opplæringen på en god måte. Tidlig innsats er en nøkkel i dette arbeidet. Tidlig innsats må forstås både som innsats på et tidlig tidspunkt i barns liv, og tidlig inngripen når problemer oppstår eller avdekkes i førskolealder, i løpet av grunnopplæringen eller i voksen alder. (s.10). Forskning viser at barn som har god språkutvikling før skolestart, har bedre sosial utvikling og bedre leseutvikling på barnetrinnet enn barn med forsinket språkutvikling». Politikarane ville flytta ei stilling frå PPT og over i skulen. Det har me gjort, men kanskje ikkje akkurat på den måte som dei hadde tenkt det. 100 % stilling frå PPT er ikkje flytta over i skulen for å driva med spesialundervisning på individnivå, men for å driva med pedagogisk/spesialpedagogisk arbeid på systemnivå, som organisasjonsutvikling og kompetanseheving. Berre på denne måten kan ein heva kompetansen i skulen og arbeida for betre opplæring som kan redusera spesialundervisninga Tidleg innsats i Kvam er eit ENDRINGSARBEID INNOVASJON. 2

I august/september var målet å forankra visjon, mål og metodar hjå leiinga. TIDLEG INNSATS er eit fellesprosjekt i barnehage og skule, det er viktig at dei sjølve får eit eigarforhold til at tidleg innsats skal gjennomsyra heile organisasjonen. Innlegg om Tidleg innsats, fellessamling for ALLE tilsette i oppvekst 16.08.13 v/prosjektleiar Informasjon og drøfting kring forankring i leiinga på Styrarmøte og rektormøte Infomasjon om Tidleg innstas på leiarmøta i Oppvekst-eininga (KFL) Oppstartsmøte med leiinga på alle barneskular Oppstartsmøte på ungdomsskulane Oppstartsmøte med alle «tidleg-innsats-lærarar» på alle barneskular i perioden Planleggingsmøte med avdelingsleiar/rektor på ungdomsskular Informasjonsmøte i regi av fagforbundet, for fagarbeidarar og assistentar i skulen 23/9-13 PPT-rådgjevarar som er aktive i endringsarbeidet Tidleg innsats: Bente Oma Tveiten. 30% av rådgjevarstillinga vert kvar veke brukt på Norheimsund, Strandebarm og Øystese skular 1-4.klasse. Karen Matthiessen. 30% av rådgjevarstillinga vert kvar veke brukt Tørvikbygd og Ålvik skular 1-7.klasse. Gunvor Ulltang. 50 % av rådgjevarstillinga har i august/september vore brukt på Kvam Ungdomsskule. I oktober/november vert innsatsen nytta på Strandebarm ungdomsskule. Åse Sandnes Fosse. Pedagogisk Fagteam barnehagar arbeider med lågterskeloppdrag frå barnehagane med tidleg innsats-fokus. Åse Sandnes Fosse 20%, Laila Torvik Dagstad 45 % og Hildegard Berge 60%. (Dei er ikkje ein del av PPT, men vert fagleg leia av PPT-leiar) Beate Gauden Lid. Leiar på PPT har i aug/sept nytta 30% av leiarstillinga på PPT til prosjektleiar og koordinator/administrasjon for TIDLEG INNSATS i Kvam. Sjølv politikarane vedtok at innsatsen skulle vera 100 %, har PPT vurdert at å auka denne i starten, har vore viktig for å halda fokus oppe, forankra det i leiinga og vera synlege ute i feltet. 3

STATUS BARNEHAGE: I BARNEHAGANE har følgjande 3 hovudfokus-område i 2013-14: 1. Dei yngste borna (1-2-åringane) 2. Fleirspråklege born 3. 1,2,3 eg er med! Prosjekt ÅRET FØR SKULESTART/overgang til skule Pedagogisk Fagteam bistår barnehagane i dette arbeidet. Me arbeider med å få oversikt over og kontakt med ressurspersonar innan dei 3 satsingsområda frå kvar barnehage, slik at me kan starta eit nettverk for kompetanseheving og systemarbeid leia av PPT/Pedagogisk fagteam. Pedagogisk fagteam (3 spesialpedagogar i totalt 1,6 stilling) arbeider systemtretta inn mot behov/bestillingar barnehagane har på lågterskeloppdrag. Tidleg innsats er tema inn i kvar sak både på individ-, gruppe-, og organisasjonsnivå. Målet med den hjelpa Fagteamet gjev, er alltid å bistå barnehagane på ein slik måte at dei vert sjølvhjelpne og i neste omgang kan handtera og arbeida systematisk med liknande utfordringar sjølve. 4

STATUS BARNESKULANE pr. 01.10.13: LESE-SKRIVE-SPRÅK er hovudtema i satsinga. PPT deltek heile faste dagar på kvar barneskule 2. eller 3.kvar veke. Dei deltek då i utvalde klassar på 1-4.trinn, jobbar saman med lærar og elev og rettleier lærarar etter behov. Gjennom å vera tett på kan ein då i tidleg fase bistå skulen i korleis elevane kan få hjelp. Gradvis skal det byggjast opp eit internt system for systematisk arbeid med korleis skulen hjelper elevar som strevar med lesing/skriving. Alt som vert gjort, prøvd ut og samtala om, vert sett i permar og systematisert slik at det er tilgjengeleg for alle på skulen. Avdelingsleiar organiserer tidsressursen til PPT etter behov for lærarane. Kva går bra? Skulane veldig forventningsfulle, opne og takknemlege for gode råd og konkrete tiltak frå PPT. Opplever at lærarar vil prøva ut nye konkrete, strukturerte tiltak med gruppe av elevar. PPT er blitt godt mottekne på skulane. Kva er utfordringane? Strever litt med organiseringa av tidleg innsats på enkelte skular Få ei god forståing hjå lærarar på skilnaden mellom Tidleg innsats og spesialundervisning Å få tid saman med kontaktlærarane, det er dei som har hovudansvaret for alle elevane Å få tid/ressursar til å kompetanseheve lærarar/fagarbeidarar/assistentar. Det er lite rom og ressursar til å prioritera satsinga som eit gjennomgåande tema i skulekvardagen. Å ENDRE gamle gode arbeidsmønster som er prega av «her og no»-tenking, løfte det fram og setje det inn i eit felles system som ivaretek kompetansen slik at skulen på sikt har nok tryggleik/kunnskap til å jobba systematisk med begrepslæring, lesing og skriving. Oppstarten hausten 2013 har vore svært tid- og ressurskrevande, både for PPT og skulane. Kva trengs for at me skal lukkast? At rektorane «eig» tidleg innsats-tenkinga, og set det i system på sin skule. Tidleg-innsats-nettverk i Kvam At «tidleg-innsats-timane» vert samla på færre lærarar, slik at dei kan nyttast meir fleksibelt At kontaktlærarane ser på seg sjølv som dei sentrale i TIDLEG INNSATS-tenkinga. At rektorane i neste runde i større grad tenkjer tidleg innsats ved fordeling av skulen sine oppgåver og i pedagogisk timeplanlegging. 5

STATUS UNGDOMSSKULANE: fokus på kompenserande tiltak/verktøy Visjonen vår er å redusera spesialundervisninga for elevar på ungdomsskulen med spesifikke leseskrivevanskar med 1/3 innan 3år. Med kompetanseheving og intensiv-opplæring sjølv, kan elevane få tilfredsstillande opplæring utan vedtak. Til no har PPT gjennomført 2 intensivkurs for totalt 16 elevar, aldersblanda grupper. At dei yngste elevane ser at store, tøffe 10.kl. er på kurs og treng same opplæring som dei, fører til ein verdifull tilleggseffekt i oppleving av meistring. Kvam Ungdomsskule har teke imot endringsrabeidet med opne armar og intensiv-opplæringa av elevar/lærarar har allereie gjeve ringverknader ut i klassane. Dette har vore gjennomgått på elevkurs: Kva er dysleksi? Skikkeleg informasjon om utfordringar, kva det er og kva det ikkje er. Lesestrategiar Textpilot. Å læra kva verktøy dette er og korleis dei sjølve kan bli «sjef» over programmet. Skriverammer: Korleis skapa gode tekstar når ein ikkje likar å skriva? Datakunnskap: malar, lagring, mapper. Lydbøker: Korleis bruka desse på ein god måte? Elevane har evaluert, og det er overraskande gode tilbakemeldingar. PPT-rådgjevar har hatt med seg ei 2-3 engasjerte lærarar som fort har gjort dette til eit prosjekt som dei vil eiga. I tillegg har det vore med lærarar på enkelte økter. Alle har vore positive og gjeve tilbakemeldingar om at dette var nyttig og dette skal dei ta med seg vidare i ordinær undervisning. Lærarane har vist stor grad av endringsvilje og engasjement. Det har vore 100% oppslutning på begge foreldrekurs-kveldane. Det er representant frå PPT som har gjennomført opplæringa, men lærarar har delteke. Tilbakemeldingane på foreldrekursa fortel oss om behov for systematisk opplæring kring tema allereie på barneskulen. Lærarkurs 3 timar på planlaggingsdag 12/9-13. PPT underviste i lese og skrivevanskar og tiltak med dokumentert effekt til både matematikklæraren og samfunnsfagfaglæraren. Alle lærarar skal vera lese- og skrivelærarar. Fokuset: korleis ein kan hjelpa i ordinær undervisning? Utfordringane på ungdomsskulen har vore på den tekniske sida og knytt opp til tid og ressursar. For at ein skal lukkast i eit endringsarbeid er det heilt avgjerande at at alle partar blir tekne med; elevar, heile kollegiet (ikkje berre spes.lærarar eller norsklærarar), og føresette. Alle må kjenna seg involvert. Ein bonuseffekt når ein kjører intensive kurs, er at ein ikkje får «fred». Spesialundervisninga bør organiserast annleis for mange av ungdomsskuleelevane. Erfaringane bør brukast inn i mot planlegging av neste år. Kompetanseheving, intensivkurs og meir fleksibel organisering av spesialundervisninga kan resultera i færre vedtak om spesialundervisning. Dette har ungdomsskulane i Kvam aldri gjennomført tidlegare, men det har allereie sett spor! 6