Rekn med meg! Realfagsstrategi for Vestre Slidre kommune 2017/18
Innhald 1. Innleiing...2 2. Formål...2 3. Situasjonsbeskriving og tiltak....3 3.1 Barnehagane.3 3.2 Skulen 3 4. Hovudmål...6 5. Målgrupper....6 6. Innsatsområder...7 6.1 Kompetanseheving og auka matematikkglede hos barn og unge...7 6.1.1 Prosessmål...7 6.1.2 Resultatmål.....8 7. Organisering.. 8 8. Medspelarar...10 9. Evaluering og læring.....10 10. Rapportering 11 Vedlegg: Tiltaksplan 1
Rekn med meg! - Realfagstrategi Vestre Slidre kommune 1. INNLEIING Vestre Slidre kommune vedtok våren 2017 å søke om å bli med i realfagsatsinga. Søknaden vart innvilga og vi er frå hausten 2017 ei realfagskommune. Satsinga skal gå over tre semester, ut 2018. Det er i samband med prosjektet utvikla ein strategi for arbeid med realfag i barnehagane og skulen i kommunen. 2. FORMÅL Formålet med realfagstrategien i Vestre Slidre kommune er at barn og ungdom skal utvikle og betre sin matematiske kompetanse. Kompetanse vil ifølge ny overordna del av læreplanen seie «å tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innbærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning» (Overordnet del Verdier og prinsipper for grunnopplæringen, Udir, 2017, s. 11). Med matematisk kompetanse vel vi å legge til grunn Kilpatrick, Swafford, & Findells fem trådar (Matematikksenteret, 2014). Dei fem trådane er resonnering, anvending, forståing, engasjement og berekning. Desse trådane er avhengige av kvarandre og må utviklast samtidig for at kompetansen skal bli varig, fleksibel, nyttig og relevant, det er difor trådane er fletta saman til eit tau: 2
Elevane som går ut av Vestre Slidre skule skal altså ha ein solid matematisk kompetanse som dei kan bruke i vidare skulegang, privat- og samfunnsliv. 3. SITUASJONSBESKRIVELSE OG TILTAK 3.1 Barnehagane Barnehagane i Vestre Slidre har fleire med fordjuping i utefag. Personalet har ein bevisst praksis i bruk av rekning i det daglege gjennom fagområda mengd, rom og form- samt natur, miljø og teknologi. Barnehagane bruker prosjektarbeid og leik som metode, med utgangpunkt i barnas eigne interesser, utforskartrong og undring. Dette ynskjer vi å bruke meir systematisk, og heile personalet må involverast. Det er to barnehagar i Vestre Slidre, og vi har tidlegare hatt liten grad av delingskultur mellom barnehagane. Vi vil no ha eit større fokus på dette. Vi har hatt felles personalmøter, og er i gang med bevisst kollektiv tilnærming til realfaget, gjennom implementering av ny rammeplan. Barnehagane brukar i stor grad leik som pedagogisk metode, og tenkjer at leiken må vere sentral i arbeidet med matematikk i barnehagen. Barnehagane vektlegg som rammeplanen beskriv «leikande og undersøkjande arbeid» (Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver 2017,s 53.) der målet ikkje er eit rett svar, men undring, nysgjerrighet og motivasjon for problemløysing. Personalet har fokus på at alle barn skal kjenne at deira stemme teller, og at tankane dei har er verdfulle for omgjevnaden. Dei tek seg tid til undring og refleksjon, og oppmuntrar til å stille spørsmål, resonnere, argumentere og søkje løysingar. Vi ser at barnehagane kan bli betre på å bruke rette matematiske begrep i kvardagen, i tillegg til arbeid med samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering, former, mønster, tal, teljing og måling. Barnehagane har stort fokus på naturfag i kvardagen, og vil trekkje matematikk inn i dette. Personalet brukar ofte naturen for å inspirere barna til å tenkje matematisk, og kan i større grad «bruke bøker, spel, musikk, digitale verktøy, naturmateriale, leiker og utstyr for å inspirere barna til å tenkje matematisk» (Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver 2017, s 54). Barnehagane ynskjer å styrke den fagdidaktiske kompetansa med fokus på evna til å fange og følgje opp barns spørsmål og interesser. Arbeidsmåten må forankrast i det daglege arbeidet. 3
Barnehagane treng å finne eit system for observasjon av barnas matematiske ferdigheiter, slik at ein tidleg kan fange opp dei som treng hjelp. Per i dag er dei ikkje gode nok til å fange opp dei barna vi trur kan komme i ein slik situasjon i skulen. Barna som skal byrje på skulen visar ulike grad av matematiske ferdigheitar. For å jamne ut desse skilnadane er det viktig med ein god dialog og godt samarbeid mellom overgangen frå barnehagen til skulen. Skulen vil då i større grad ta imot barn med jamnare ferdigheitar innan matematikk. 3.2 Skulen Skulen opplever at det er stort sprik i den matematiske kompetansen borna kjem med til skulen. Det er difor viktig at ein får til ein god dialog og eit godt samarbeid mellom overgang frå barnehage til skule. Det er viktig at det blir danna ei nettverksgruppe på tvers av barnehage og skule som saman ser på barnehagen sin rammeplan og skulen sin læreplan og jobbar ut felles mål for arbeidet vidare. Her har vi eit stort forbetringspotensiale og har mykje å lære av kvarandre. Skulen treng mellom anna å lære seg korleis vi kan ivareta barns interesser, utforskartrong og undring blant anna ved fange opp og følgje opp barns spørsmål og interesser. Nasjonale prøver i rekning og eksamen viser at vi, samanlikna med landet og fylket, har fleire elevar som presterer på lågt nivå og færre på høgt nivå. Resultata varierer noko frå år til år. 4
5
Tal frå vidaregåande skule viser at vi ligg under fylkessnittet for fullføring av Vg1. Matematikk peiker seg ut som det faget flest ikkje består eller får karakter 2 i. Skulen må bestemme seg for kva for kartleggingar ein skal nytte for å måle matematisk kompetanse. På noverande tidspunkt er det ulik praksis ved skulen og kartleggingsresultata blir ikkje godt nok følgt opp. Dette gjeld både på det aktuelle trinnet og i overgangar mellom trinna. Vi må utvikle eit system der vi jobbar aktivt for å forbetre resultata av dei valde kartleggingane. Skulen er alt i eit samarbeid med StatPed som kan hjelpe oss i arbeidet med å finne gode kartleggingsverkty. Bakgrunnen for samarbeidet med StatPed er det såkalla Valdresprosjektet som igjen er eit samarbeid mellom skulen, StatPed, fylkesmannen og PPT. Prosjektet kom i gang grunna høg andel av spesialundervisning på u steget. Hovudmålet med dette prosjektet er å redusere andel elever med spesialundervisning. Tilbakemelding frå StatPed seier at det i skulen blir undervist tradisjonelt og at det er liten bruk av IKT i 6
undervisninga. Dei foreslo tiltak knytt til tilpassa opplæring, intensive kurs og bruk av digitale hjelpemiddel. Skulen har jobba med intensive kurs i lesing og ynskjer å utvide og utvikle dette vidare innanfor matematikk. Tidleg-innsats lærar vil involverast her. Skulen jobbar også med forståing av tilpassa opplæring i eit breitt perspektiv i personalmøtetid og vil ta med seg dette i det vidare arbeidet med realfagssatsinga. Ny læreplan vil legge føringar for korleis vi skal arbeide for å nå målet om å betre resultata i matematikk. Utforskande undervisning og djubdelæring vil vere sentrale tema framover. Når det gjeld digitale hjelpemiddel har StatPed alt kome med fleire kurs mellom anna i bruk av SmartNotebook. IKT-ansvarleg ved skulen bør involverast meir i realfagssatsinga i rolla som inspirator og pådrivar. Skulen har ikkje sett av middel til etter- og vidareutdanning i realfaga, men vi har mykje kompetanse i personalet og har tru på kollektiv utvikling med utgangspunkt i skulen som organisasjon, jamfør Hargreaves og Fullan (2014). Det er mellom anna viktig å ta med oss det vi har lært gjennom den nasjonale VFL-satsinga vi deltok i skuleåret 2016/2017. Vi er også med i UIU og skuleåret 2017/2018 er det rekning i alle fag som er temaet. Ved å fokusere på rekning i alle fag vil elevane nytte matematikk som reiskap for å lære i faga. På denne måten kan det å lære matematikk opplevast som nyttig og meiningsfullt, og vere med å gje eit større engasjement til faget. Dette krev eit system der lærarane får tid til å samarbeide om gode undervisningsopplegg, reflektere over og forbetre desse. Skulen nyttar alt personaltid til baklengs planlegging, og kjem til å utvide og utvikle dette. Evaluering og forbetring av undervisningsopplegg vil då vere ein naturleg del av det. 4. HOVEDMÅL Formålet med realfagsatsinga er at barn og ungdom etter satsinga skal ha betra si matematiske kompetanse. Målet er difor at elevane skal prestere på landsgjennomsnittet eller over i rekning på nasjonale prøver, dei skal betre standpunkt og eksamenskarakter i matematikk i 10. klasse og vi ynskjer å sjå ei betring i forhold til elevar som stryk i matematikk eller får karakteren to i vidaregåande skule. Vi set oss som mål at vi vil sjå denne betringa i løpet av ein fem års tid frå satsing er reelt i gang hos personalet, altså frå 2023. 5. MÅLGRUPPER Målgruppa er barn og ungdom i aldersgruppa 3-16 år. Vi skal ha spesielt fokus på barn og ungdom som av ulike årsaker ikkje presterer som forventa, eller som er i faresona for å kome dit. Desse borna må fangast opp så tidleg som mogleg og sikrast 7
gode overgangar mellom stega. Dei skal sikrast tilpassa opplæring gjennom tidleg innsats, men viktigast av alt gjennom eit læringsfellesskap. Sjølv om vi her ikkje har nemnt dei som presterer fagleg høgt i matematikk i denne strategien, meiner vi at prioritet av innsatsområde vil koma også desse elevane til gode, jamfør matematikksenterets tenking kring høgt presterande barn og ungdom. 6. INNSATSOMRÅDE I Vestre Slidre kommune er ein einige om at det er viktig å ha barn og ungdom i sentrum. Dei skal oppleve at dei er viktige i barnehage, skule og samfunn elles. Dei skal oppleve at det dei kan frå før er verdifullt, nyttig og relevant for eigen og andre si utvikling i barnehage og skule. Dei skal oppleve at ved at dei byr på seg sjølv i samarbeid med andre kjenner mestring, glede og engasjement. Det å meistre, glede seg og engasjere seg meiner vi er heilt essensielt for læring. Vi kjem difor til å ha ekstra fokus på kartlegging av elevanes bakgrunnskunnskap og tilpassa opplæring i eit breitt perspektiv der fellesskapet er den viktigaste læringsarenaen. Denne læringsarenaen skal bere preg av undring, utforsking, gode samtaler og glede over mestring i fellesskap. Vestre Slidre kommune har tidlegare delteke i eit samarbeid mellom barnehagane i Valdres og Vitensenteret på Gjøvik, i samband med fagområdet tal, rom og form. Det er utarbeida eit hefte som vi kan hente idear frå i kvardagen. Barnehagane vil og bruke tid på å få alle dei tilsette til å kjenne seg delaktige i satsinga, slik at dei har eit indre engasjement i arbeidet. 6.1 Kompetanseheving og auka matematikkglede hos barn og unge 6.1.1 PROSESSMÅL Skape ein delingskultur mellom barnehage og skule som er fordelaktig for borna begge vegar. Arbeide systematisk med å betre læringsopplegg gjennom planlegging, utprøving, refleksjon og erfaringsdeling i personalet og ved å lytte til barna/ungdommane. Systematisk observasjon/kartlegging og oppfølging av resultat, med særskilt vekt på overgangar. Skape ein læringsorientert kultur der prøving og feiling er ein naturleg del av kvardagen. 8
6.1.2 RESULTATMÅL Lage ein heilheitleg tiltaksplan for matematikk frå barnehage og skule, med vekt på målsettingar, observasjon/ kartlegging, oppfølging og arbeidsmetodar som fremmer undring, utforsking, engasjement og glede over mestring i fellesskap, oppstart hausten 2018. Elevane skal prestere på nivå med eller over gjennomsnittet i rekning på nasjonale prøver. Elevane skal betre standpunkt og eksamenskarakter i matematikk i 10. klasse samanlikna med resultat får 2017.11.08 Vi skal sjå ein betring i forhold til elevar som stryk i matematikk eller får karakteren to i matematikk ved vidaregåande skule. Skape ein læringskultur der prøving og feiling er naturleg Elevane gjer uttrykk for at dei gler seg til matematikktimane Aktuelle artiklar i samband med utforskande undervisning og samtaleteknikkar innanfor området matematikk: En oppsummering av status for forskning på hva som kjennetegner god læring og undervisning innenfor matematikk av Nosrati og Wæge. Gode oppgaver mange muligheter av Svorkmo. Hva spør lærere om? av Solem og Ulleberg. Lærere og elevers oppfatninger som skjult faktor i matematikkundervisningen av Pehkonen. Matematikkopplæring og begrepsforståelse av Petersen. Språk og matematikkvansker fellestrekk og forskjeller av Aigeltinger. The Tools of Classroom Talk av Chapin, O Connor og Anderson. Trenger en å spørre for å være spørrende? Av Johnsen-Høines og Alrø. Undersøkelseslandskap i matematikk av Alseth og Røsseland. 7. ORGANISERING Gruppe Medlemmar Oppgåver Leiar Monica K. Sæternes, rådgjevar oppvekst og Koordinere realfagssatsinga integrering. Styringsgruppa Leiar Møtast kvar månad. Gunn Britt Haugrud, styrar Røn Naturbarnehage. Edith Helle Hofseth, styrar Slidre barnehage. Janne Opheim, rektor Vestre Slidre skule. Mottek rapportering frå ressursgruppa om framdrift, etterspørje og kontrollere at tiltak blir gjennomført etter planen. 9
Ressursgruppa Barnehage Ressursgruppa skule Nettverksgruppe barnehage-småsteg Ressursgruppe for matematikklærarar 1.-10.klasse Nettverksgruppe VFL Hilde N Berg, pedagog Røn Naturbarnehage May Britt Gladhaug, pedagog Slidre barnehage Liv Arneng, adjunkt Vestre Slidre skule. Marianne B. Mikalsen, adjunkt Vestre Slidre skule. Pedagogisk leiar på Storegruppa og Rekrutten. Matematikklærarar småsteget Stegleiar småsteget. Matematikklærarar 1.-10. klasse Stegleiarar Tidleg innsatslærar Ressurslærar VFL Ressursgruppa skule Møtast ved behov. Planlegge og leie det løpande arbeidet i prosjektet og delta i den praktiske gjennomføringa av tiltaka. Møtast kvar veke. Planlegge og leie det løpande arbeidet i prosjektet og delta i den praktiske gjennomføringa av tiltaka. Møtast ein gong i halvåret. Planlegge og leie det løpande arbeidet i prosjektet og delta i den praktiske gjennomføringa av tiltaka. Møtes ein gong i halvåret. Samarbeide om kartleggingsresultat og oppfølging av tiltak. Møter ressursgruppa ved behov. Nettverksgruppe IKT IKT-ansvarleg Ressursgruppa skule Har i oppgåve å implementere og institusjonalisere VFL i realfagssatsinga. Møter ressursgruppa ved behov. Nettverksgruppe HIL Styringsgruppa Berit Dahl, prosjektleder SeLL Har i oppgåve å vere inspirator og pådrivar i forhold til bruk av IKT for å heve matematisk kompetanse og skape variasjon i læringssituasjon. Rettleiing, kompetanseheving, rigge lærande nettverk og oppgåver, leie inn 10
Gaute Rydland Nilsen, prosjektleder SeLL mattematikksenteret/ naturfagsenteret. Alle pedagogar i barnehage og skule skal delta i utviklingsarbeidet gjennom eige arbeid og ved bruk av personalmøtetid. Ressursgruppa er frikjøpt med prosjektmidlar for å planlegge arbeidet i realfagssatsinga og evaluere utviklinga av denne. Ressurspersonanes oppgåve handlar om å stille gode spørsmål i forhold til pedagogens praksis, bevisstgjering av ramme- og læreplan og synleggjere kva forsking seier er viktig for at eleven skal lære best mogeleg. Gjennom at pedagogane i fellesskap får tid til å planlegge og evaluere gode læringsopplegg, vil alle vere aktivt med! Det blir viktig å syne fram gode eksempel på læringsopplegg som er læringsfremmande for elevar innanfor matematikk. Tidlegare satsingsområde skal trekkast med i satsinga, slik at alle ser at realfagssatsinga ikkje er noko som kjem på toppen eller er i tillegg til, men ein del av det vi alt jobbar med frå før. Pedagogisk leiar ved dei ulike avdelingar og kontakt- og faglærarar har ansvar for at også assistentar og fagarbeidarar blir informert om utviklingsarbeidet der det er naudsynt, slik at alle er med på dra i same retning. Informasjon om observasjonsresultat og oppfølging av desse skal nå ut til alle. Alle skal bidra til at barnet/ungdommen får bruke det dei kan frå før, at dette er nyttig og verdifullt slik at de får tru på seg sjølv og lyst og engasjement til å lære meir. Alle skal oppleve mestring og glede over å lære. Dette gjeld også for pedagogane i satsinga og er då styrings- og ressursgruppa sitt ansvar at alle opplever. Arbeidet organiseres rundt følgende arenaer: Lærande nettverk for tilsette i skule og barnehage to per semester/ planleggingsdagar Mellomarbeid mellom nettverkssamlingane som gjennomførast som eit kollektivt utviklingsarbeid i skulen og barnehagane. Kursdagar/planleggingsdagar med bistand frå høgskulemiljø Høgskolen i Lillehammer, Matematikksenteret, Naturfagsenteret Samlingar for føresette Samarbeid med lokale ressursar 9.MEDSPELARAR HIL Ressurssenter som vitensenter, naturfagsenter, matematikksenter 10.EVALUERING OG LÆRING Barnehagane tek i bruk ståstadsanalysa som ligg på udir.no, for å få tydeleg fram nosituasjonen. Dette vil også vere med på å bevisstgjere den enkelte. Det gjennomførast ein 11
analyse i oppstarten, samt ei i desember/januar, for å få eit godt grunnlag for evalueringa. Skulen har nyleg gjennomført kartleggingar, og tek utgangspunkt i desse. Ansvar for dokumentasjon undervegs ligg hjå styararane og rektor. Dokumentasjon skal skje fortløpande gjennom heile prosjektperioden for å kartlegge utviklinga og eventuelle behov for justeringar. Barnehagane avklarar seg i mellom kva mal som skal brukast i dokumentasjonsarbeidet. Skulen nyttar OneNote og legg all dokumentasjon der. Tiltak evaluerast undervegs i barnehagane/ skulen med tilbakemelding til styringsgruppa. Styringsgruppa må jamleg evaluere arbeidet som blir gjort i dei ulike nettverka. Erfaringsdeling og involvering vil bli viktige faktorar for å sikre læring undervegs. Styrarar/rektor og ressurspersonane må sikre dette gjennom fordeling av ansvar og oppgåver ut til personalet, t.d på personalmøter. I tillegg blir det viktig med synlege ressurspersonar, både mot tilsette og foreldregruppa. 11. RAPPORTERING Frå avdelingane og nettverksgrupper til styrar/ rektor - jamleg Frå styringsgruppa til kommuneleiar på leiarmøter Til kommunestyret - i samband med årleg tilstandsrapportering Til Udir ( om bruk av økonomiske midlar) Styringsgruppa har ansvar for å lage ein samla sluttrapportering i tråd med føringar frå Udir. 12
REFERANSAR Hargreaves, A. & Fullan, M. (2014). Arbeidskultur for betre læring i alle skoler. Hva er nødvendig lærerkapital? Oslo: Kommuneforlaget. Matematikksenteret. (2014). Teoretisk bakgrunnsdokument for arbeid med regning på ungdomstrinnet (Rev.utg). Lokalisert på https://www.udir.no/upload/ungdomstrinnet/rammeverk/ungdomstrinnet_bakgrun nsdokument_regning_vedlegg_2.pdf Udir. (2017): Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Lokalisert på https://www.udir.no/globalassets/filer/barnehage/rammeplan/rammeplan-forbarnehagen-nynorsk2017.pdf Udir. (2017). Overordnet del Verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Lokalisert på https://www.regjeringen.no/contentassets/37f2f7e1850046a0a3f676fd45851384/ove rordnet-del---verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen.pdf 13