Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Formannskapet 31.01.2018 005/18 Kommunestyret 15.02.2018 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Turid Kristine Brekke K2 - L12 18/80 Områderegulering Vikja - Seimsvegen Rådmannen si tilråding Områderegulering Vikja Seimsvegen vert godkjent med dei endringar som er gjort i revidert plankart av 11.12.2017, revidert 23.01.2018, planføresegner av 23.01.2018, planomtale av 23.10.2018 og illustrasjonsplan revidert 13.12.2017. Formannskapet - 003/18 Morten Holmberg er som grunneigar i reguleringsområdet part i saka. Han vart samrøystes sagt ugild i saka. Heimel forv.l. 6 første ledd. FS - vedtak: Saka blir lagt fram for kommunestyret med fylgjande framlegg til vedtak: Områderegulering Vikja Seimsvegen vert godkjent med dei endringar som er gjort i revidert plankart av 11.12.2017, revidert 23.01.2018, planføresegner av 23.01.2018, planomtale av 23.01.2018 og illustrasjonsplan revidert 13.12.2017. Samrøystes. Kommunestyret - 005/18 Morten Holmberg V er grunneigar i reguleringsområdet og såleis part i saka. Holmberg gjekk frå under handsaminga av spørsmålet om habilitet. Han vart samrøystes sagt ugild i saka. Heimel er forvaltningslova 6 første ledd. Plansjef Turid K. Brekke deltok under handsaminga av saka. Ho orienterte om hovudtrekka i Postboks 134, 6891 Vik i Sogn tel: 57 69 82 00 post@vik.kommune.no vik.kommune.no Bankgiro: 4202.38.41511 Org. nr 937 498 764
planen og gjekk gjennom alle innkomne merknader. KS - vedtak: Områderegulering Vikja Seimsvegen vert godkjent med dei endringar som er gjort i revidert plankart av 11.12.2017, revidert 23.01.2018, planføresegner av 23.01.2018, planomtale av 23.01.2018 og illustrasjonsplan revidert 13.12.2017. Samrøystes. Vedlegg Dokument dato Tittel DokID 25.01.2018 Planomtale rev.23.01.18 165859 25.01.2018 Områderegulering Vikja-Seimsvegen plankart 165858 25.01.2018 Føresegner rev. 23.01.18 165854 25.01.2018 Illustrasjonsplan Vikja-Seimsvegen 165855 25.01.2018 ROS-analyse 165860 25.01.2018 Flomsonekartlegging for Vikøyri 165853 02.05.2017 Reguleringsplan Vikja - Seimsvegen - planframlegg 156360 til høyring 25.01.2018 Merknader til høyring 1 165856 05.01.2018 Områderegulering Vikja - Seimsvegen - avgrensa 165002 høyring 05.01.2018 Merknadskjema - avgrensa høyring 165026 25.01.2018 Merknader til høyring 2 165857 Kort samandrag Planen avklarar rammene for utbygging og bruk av næringsareal aust for elva Vikja. Framlegg til områderegulering for Vikja Seimsvegen vart sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 02.05. - 20.06.2017. På grunnlag av merknadane frå Vik Ørsta as, Erling Vangsnes, Fosse Maskin og Transport as og Vidar Lundeland as vart det jobba fram eit revidert planforslag i samråd med dei berørte partane og Statens vegvesen og Simas. I januar 2018 vart det reviderte planforslaget sendt på ei avgrensa høyring med høyringsfrist 22.01.2018. Berre Statens vegvesen kom med merknad der dei stadfesta at endringane er i samsvar med deira innspel og har ikkje merknader til planforslaget. Rådmannen rår til å godkjenna revidert plan. Kommunestyret har mynde til godkjenning. Side 2 av 8
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Plan og Bygningslova Saksopplysningar Tiltakshavar for planarbeidet er Vik kommune. Planforslaget er utarbeidd av Asplan Viak as. Høyring og offentleg ettersyn av framlegg til områdeplan vart kunngjort med fylgjande annonsetekst i Sogn Avis mai 2017: «Områderegulering for Vikja-Seimsvegen til offentleg ettersyn. Framlegg til reguleringsplan for Vikja-Seimsvegen vert med dette lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova 12-10. Planområdet er på om lag 80 daa og ligg sør for Vik Ørsta as. Området strekkjer seg frå midt i elva Vikja til og med Seimsvegen i aust. Noverande arealbruk er i hovudsak næring, bustader og landbruk. Det er 6 eksisterande bustader på frådelte tomter. Planen legg til rette for om lag 30 daa næringsareal(nytt og eksisterande) med høg arealutnytting, fortau/gangveg langs Elvagata og ivaretaking av eksisterande bustadområde (ca 8 daa) med skjerming mot næringsareala. Planlagt arealbruk er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Høyringsinstansar og partar i planområdet får plandokumenta tilsende. Plandokumenta vert lagde ut på kommunehuset og på Vik Kommune si heimeside. Merknader må sendast til Vik kommune, boks 134, 6891 Vik i Sogn, innan 20.06.2017. Merknad kan sendast på E-post: Postmottak@vik.kommune.no» Fylgjande plandokument vart lagt ut til offentleg ettersyn: Planomtale datert 04.04.2017 Planføresegner datert 04.04.2017 Plankart nedskalert til A3-format datert 04.04.2017 Illustrasjonsplan nedskalert til A3-format datert 04.04.2017 ROS-analyse (berre til høyringsinstansar) datert 04.04.2017 Det kom inn 9 merknader (sjå vedlegg). Desse er omtalte og vurderte under. Rådmannen (R) si vurdering og tilråding i kursiv: Fylkesmannen(FM) i Sogn og Fjordane. Datert 22.06.2017 Side 3 av 8
Landbruk: Merkar seg at det er sett av eit område til matjord-deponi (BSM/BN) sør i planområdet. Rår til at det vert teke inn eit punkt om handtering og forsvarleg etterbruk av matjord frå området. Samfunnstryggleik og beredskap: Viser til ROS-analysen: I samband med skredfarekartlegginga av planområdet er det tilrådd at det ikkje vert gjort flatehogst i fjellsida over planområdet. Rår kommunen til å utvide planområdet slik at det inkluderer den aktuelle fjellsida og innarbeider føresegner som hindrar flatehogst. Rår til at føresegnene stiller krav til dimensjonering av overvassanlegg vert gjort med omsyn til framtidige klimaendringar. Viser til at det ikkje går fram av ROS-analysen om brannsjef har vore konsultert i vurderingane. Vurdering: Handtering av matjord og dimensjonering av overvassanlegg er teke med som eigen føresegner, pkt 2.9 og 2.10. Når det gjeld flatehogst i fjellsida over planområdet bør dette styrast gjennom å legge inn ei omsynssone i lia over planområdet ved første revisjon av arealdelen. R viser til at Sogn brann og redning IKS har gjeve uttale til planen og har ingen merknader. Sogn brann og redning IKS (SBR). Datert 22.06.2017 SBR meiner planen er i samsvar med dei reglar og retningslinjer dei skal forvalte. Vurdering: Merknaden tilseier ingen endring i planforslaget. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Datert 20.06.2017 NVE føreslår endring av føresegn 8.2 til «planområdet tilfredsstiller tiltak i sikkerheitsklasse Side 4 av 8
S1 og S2, men innanfor omsynssone H_310 er det forbod mot tiltak i S3 jf. TEK17». Vurdering: Føresegn 8.2 er endra i tråd med merknaden. Statens vegvesen. Datert 24.05.2017 Ser positivt på at det er lagt inn fortau langs kommunal veg. Viser til vedtak i Fylkesutvalet 05.11.2014 (sak 14/6911-3). Elvagata vert fylkesveg og Vange bru og eksisterande fylkesveg 121 vert kommunal. Ber om at det må søkjast om fråvik frå vegnormalen for vegkurvatur ved Vange bru og sørover langs fylkesvege 121. Vurdering: Vik kommune har søkt om fråvik frå vegnormalen. 22.08.2017 kom brev frå Statens vegvesen med vidaresending av vedtak frå Sogn og Fjordane fylkeskommune (Sak 16/6951-9) der dei konkluderer med at søknad om fråvik er godkjent. Sogn Bygg og Montasje AS. Datert 20.06.2017 Meiner det er nødvendig å gi rom for utleigeareal og type verksemder ut over dei føringar som ligg i TEK10 (no erstatta med TEK17) når det gjeld tryggleiksklassar. Vurdering: R peikar på at det ikkje er mogeleg å sjå bort frå eller dispensera frå TEK10/TEK17. Felles fråsegn frå bebuarar i planområdet. Datert 19.06.2017 Agnar Fosse, Aud og Arne Helland, Berit Berglund, Ivar Mårdalen, Ragnhild Fjærestad. Viser til at vestleg del av eigedomane deira er bratt og ulendt. Treng tilkomst frå Elvagata for å køyra bort gras, tilkomst for maskiner m.m. Vurdering: Føresegne 5.1 er endra med fylgjande: «I G1 og G2 kan det opparbeidast liten sti med Side 5 av 8
tilkomst til SGS1 og/eller SV1 for transport av hageavfall». Erling Vangsnes. Datert 20.06.2017 Ynskjer avkøyrsle lagt til ny eigedomsgrense mellom Vik Ørsta og Erling Vangsnes sin eigedom. Ynskjer rotering av parkeringsplass SV2 og smalare område for gang- og sykkelveg (SGG1). Vurdering: I samråd med Statens Vegvesen er det lagt inn ei ny avkøyrsle til området BN 1. Områda SV2 og SGG1 er gjort smalare for å gi mest mogeleg areal til BN1. Vik Ørsta AS. Datert 19.06.2017 Ynskjer avkøyrsle i ny eigedomsgrense mellom Vik Ørsta og Erling Vangsnes sin eigedom. Informerer om at det i dag er etablert ei lastesone for trailerar langs med Elvagata. Ynskjer at planen legg til rette for ei vidareføring av denne lastesona. Vurdering: I samråd med Statens Vegvesen er det lagt inn ei ny avkøyrsle til området BN1. Statens vegvesen vil sterkt råde i frå ei løysing med lastesone langs med Elvagata. Planen vert ikkje endra og lasting/lossing må etablerast innanfor næringsarealet BN1. Fosse Maskin og Transport AS (FM) og Vidar Lundeland AS (VL) Datert 19.06.2017 1. FM og VL treng det arealet dei disponerer i dag. Ynskjer at arealet fram til eksisterande gjerde i sør vert lagt til rette for dei. 2. Ber om at avstand mellom Industrihus III og Elvagata ikkje vert innsnevra. Føreslår at planlagt fortau kan leggjast vest for Vikja. 3. Er kritisk til utforminga av avkøyrsla til SIMAS sin miljøstasjon. Avkøyrsla Side 6 av 8
bandlegg mykje areal. Framfor verkstadhallen VL disponerer i dag må det kunne stå store køyretøy parkert utan å stenge avkøyrsla til SIMAS. 4. Viser til punkt 3.2.4 i føresegnene og ber om at det vert tillat å føra opp plasthallar av god kvalitet, tilpassa i kringliggjande bygningsmasse. 5. VL ynskjer lagring av massar sør for Industrihus III. Vurdering: 1. Arealet FM og VL disponerer i dag er regulert til næringsbebyggelse. 2. R meiner det er godt, framtidsretta grep å legge til rette for både trafikktrygg løysing med fortau langs Elvagata og grøn buffersone mellom næringsbebygglesen og Elvagata. Rekkefølgjekravet i føresegnene er endra: opparbeiding av grøn buffer vert knytt opp til bygging av fortau og ny vegbane. 3. Avkøyrsla til SIMAS er endra i samråd med både VL/FM og SIMAS. 4. Føresegna er ikkje endra. R meiner det er viktig at området får ein oppgradering både visuelt og funksjonelt. Området ligg sentralt i Vik og det er viktig at nye bygg får arkitektonisk uttrykk som permanente bygg og tilpassar seg eksisterande platekledde industribygg i området. 5. Planen opnar ikkje for å lagring av massar. Massedeponi er arealkrevjande og det er knytt både støv- og støyproblematikk til denne funksjonen. Konfliktfylt i forhold til tilgrensande bustadområde. VL får tilbod om å lagre massar på Hesjaslettet. Endringane var etter Vik kommune si vurdering av eit omfang som gjorde at berørte partar burde få høve til å sjå heilskapen og gi uttale i ein avgrensa høyringsrunde før politisk handsaming av planframlegget. Revidert planforslag vart sendt ut i brev med merknadsvedlegg, datert 05.01.2018 (sjå vedlegg). Innan høyringsfristen kom det inn 1 Side 7 av 8
merknad frå Statens vegvesen. Statens vegvesen. Datert 22.01.2018 Registrerar at deira innspel er teke til følgje i planforslaget og plankartet. Har ikkje merknader til planforslaget. Økonomiske konsekvensar Ingen Vurdering Merknader i samband med høyring og offentleg ettersyn, samt merknader etter avgrensa høyring, tilseier ikkje ytterlagre endringar i planforslaget. R rår til at revidert planforslag vert godkjent. Side 8 av 8