Sogndal kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Sogndal kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i Stedje kyrkje den 13. august Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga Sogndal kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Sogndal. Sogndal kommune i 1905 Sogndal kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Stedje, Norum og Kaupanger. Fjærland sokn høyrde til Balestrand, og garden Tingastad på sørsida av Sogndals-halvøya til Fresvik sokn i Leikanger. Ivar I. Gurvin (1845 til 1937). Han var ordførar i Sogndal frå 1894 til 1898, og 1905 til I 1900 var folketalet 3479, fordelt med 2067 i hovudsokna, 884 i Norum og 528 i Kaupanger. I tillegg kjem Fjærland sokn, då i Balestrand, med 757 innbyggjarar. Viktigaste næringa var jordbruk med m.a. produksjon av gamalost for sal. Fruktavl var viktig, særleg i Norum og Stedje sokner. På Foss i Sogndal var Sogns Uldspinderi og Farveri. Kommunen hadde bank (Sogndal Sparebank), oppretta i 1841 som den første i Sogn. Det var hotell i Fjærland (Mundal Hotell), i Fjøra (Danielsens Hotel) og på Stedje (Frk. Lems Hotel), fem postopneri (Slinde, Fardal, Kaupanger, Sogndal og Fjærland) og tre rikstelefonstasjonar (Amla, Sogndalsfjøra og Norum). Fylkesbaatane hadde stoppestad på Slinde, i Fardal, Sogndal, Jordal, Fjærland og Amla. Hovudvegen frå Sogndalsfjøra til Hafslo var nett omlagd frå Gildreskreda til andre sida av elva. Elles var det ein del bygdevegar. På Loftesnes budde kommunalt tilsett ferjemann som skyssa over Sundet. Sogndal Folkehøgskule - Helgheim - avslutta vinterkurset sitt 4. april med fest. Mellom talarane var lærar og redaktør Jens Kvåle som "heldt fram at skule og kundskap burde styrkja den nasjonale vokster i folket, so me vart eit sterkt folk". Underskriftsliste utsend av Landskvindestemmeretsforeningen. Lista har 48 underskrifter frå Kaupanger-sokna, og inneheld "i spændt Forventning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt"

2 Side 2 av 6 namna til kvinner frå alle samfunnslag, som gjev sin stønad til 7. juni-vedtaket. (Rekkjefølgja på namna indikerer at lista har gått kringom i bygda.) Mundal i Fjærland ein sommardag kring Dette var sentrum i Fjærland med hotell, butikkar, postopneri og dampskipsekspedisjon. Me ser båten i ferd med å bakka ut frå bryggja. når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Sogns Tidende kom ut i Sogndal frå 1903, eigd og driven av Jens Kvåle. I ei fråsegn ved oppstarten gjekk det tydeleg fram at avisa skulle vera talerøyr for oppløysing av unionen med Sverige. Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, om utviklinga i konsulatsaka utover våren, om unionsoppløysinga 7. juni, om folkerøystinga 13. august, forhandlingane i Karlstad, spørsmålet om kongedøme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvæntning nede ved Dampskibsanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Krigsfåren var aktuell, noko eit lite minne frå Fjærland skildrar: " I 1905 hugsar eg det sat ein flokk ungdomar like heimanfor huset her og prata, det kunne verta krig og at dei måtte i krigen. Då sa ein: Eg er sikkert ein av dei første som vert skoten, for eg er høg, og eg er ikkje flink til å gøyma meg." Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk - engasjerte mange. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det første toget gjennom Gravhalstunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet og bygging av sjukehus. Håkon VII. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Innføringa av Blix-salmane var eit av stridsemna i sokna, med opne møte, ordskifte og avrøysting i kyrkjene. I Fjærland vart det omval. I Sogndal var det innsamling til kyrkjeorgel. Loenulukka natt til 17. januar, då eit ras ved Lovatnet øydela fleire gardar og tok livet av 61 menneske, gjorde stort inntrykk. Det vart sett i gang innsamling til dei skadelidne i heile landet og halde ofring i kyrkjene. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og bonde Ivar Gurvin vart vald til ordførar. Ove Guldberg Arctander var sokneprest. Nils Landmark Lem var lensmann og han var medeigar i Sogns Uldspinderi og Farveri. Bonde Skak Lystrup Ormelseng, tidlegare ordførar, var 4. varamann til Stortinget frå Nordre Bergenhus amt Jens Kvåle var varaordførar, redaktør av Sogns Tidende (som kom ut i Sogndal), lærar ved Sogndal Folkehøgskule og venstrepolitikar. Lærarkollegaen Vilhelm Flugheim var målreisingsmann, lokalhistorikar, venstrepolitikar og republikanar (han skreiv under eit opprop mot kongedøme). Gert Falch Heiberg i Amla bygde på denne tida det første museumsbygget på

3 Side 3 av 6 garden, på det som skulle verta De Heibergske Samlingar - Sogn Folkemuseum. Amtsdyrlege Jonas S. Mossige budde i Sogndal, det same gjorde amtsgartnar Jon Valset. Lag og organisasjonar I Sogndal var det i 1905 eit politisk lag (Venstre) og fire ungdomslag, (i Sogndal og Kaupanger og to i Fjærland), eit songlag med utspring i Sogndal ungdomslag og eit aktivt mållag som tok opp arbeidet med innføring av Blix-salmane. Andre lag var Sogndal skilag skipa i 1895 og Sogndal sjukepleiarforening (seinare Sogndal helselag). Eit arbeidarlag hadde tilskipingar med foredrag "haldne utanum politisk og religiøs partistrid". Med basarar samla dei inn pengar til ein hjelpekasse til bruk ved sjukdomstilfelle til dokterhjelp og medisin. I 1905 var det 32 medlemer i laget, truleg helst arbeidarar ved ullvarefabrikken. Elles var her fleire misjonsforeiningar, fråhaldslag og barnelag. Då striden kring unionsspørsmålet kveste seg til, vart det skipa mange skyttarlag kringom i landet. I 1905 veit me om fire lag kring i sokna, Sogndal, Middalen, Loftesnes og Barsnes, og Fjærland, men det var truleg fleire. 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i I Sogndal samla folketoget seg 17. mai ved heradsbygningen og gjekk i tog til Prestadalen der folkehøgskulestyrar Olav Hauge heldt tale for dagen og Jens Kvåle for Stortinget. Om kvelden var det mange festar i hovudsokni, for folkeskulen i Trudvang, for folkehøgskulen på Helgheim, i Prestegarden for ungdomsforeningen, i heradshuset for ungdomslaget og hjå landhandlar Ølnes i Fjøra var det skipa til folkefest av venstrelaget, mållaget og arbeidarlaget. I Kaupanger vart 17. mai høgtida for 3. gong. Folk samla seg ved den nye dampskipsbryggja der høgskulelærar V. Flugeim og Jørgen Holen heldt kvar sin tale for dagen. Møtelyden gjekk i tog til skulehuset der det var fest om kvelden med barneleikar, servering, song og opplesing, framsyning av eit tablå med jenter i nasjonalbunad, folkeviseleik og tale for flagget og ungdomen. 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk rundt om i landet venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Fyrste pinsedag las sokneprest Arctander opp "Kundgjørelse fra Norges Storting til det norske folk!" frå preikestolen i Stedje-kyrkja. Etterpå skreiv han i kyrkjeboka:"oplæsning af Storthingets proklamation til det norske folk om den nye

4 Side 4 av 6 regjering." Den 13. juni 1905 vart det sendt eit telegram til regjeringa og Stortinget: "Sogndals herredsstyre og større del af bygdens folk, i dag samlet til møde, hilser regjering og storthing, idet vi udtaler som vort faste haab og vor sikre tro, at de tagne skridt vil blive til held og lykke for Norges land og folk. Gurvin, ordfører. Arctander, sogneprest. Lem, lensmand." Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedøme og republikk. Sogndal valsokn tilsvara dåverande Sogndal kommune. Valstyret for Stedje sokn var samansett av: lensmann Lem (formann), Nils T. Aaberge, Andreas K. Tylden, Jens Kvåle og Ingebrigt L. Ølnes, for Kaupanger sokn: N. Knagenhjelm, Erik O. Bjørk, Ivar Gurvin og for Norum: Anders L. Slinde, Elling N. Fimreite og Jens J. Ylvisager. For Fjærland sokn, då i Balestrand: Johannes Mundal og S. Bjaastad. I begge røystingane var røystestadene i kyrkjene. Oppteljinga for Sogndal valsokn gjekk føre seg i Stedje kyrkje. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Ein person som var til stades under folkerøystinga i Fjærland den 13. august sende eit stykke til avisa Sogningen om hendinga: "Større sogedag hev vel Fjærland aldri sett. Gamle og unge, norske og utlendingar gjekk med i ja-toget vaart. (..) Alle var i høgtidsstemning. Kyrkjeklokkorne kalla toget mot kyrkja, - skoti dundra sitt ja til 7de juni, og flagdi vifta yver eit lite, men frit folk." Ved hotellet heldt kyrkjesongar Dahle ein kort tale, og så gjekk dei til kyrkja der Ola Lidal heldt ei bøn og fedrelandssalmen vart sungen. "Inngongen til stemmestova var soleis tilstelt, at der var trongt for ein nei aa sleppa inn. (Ein maalar Johannesen og hans tyske kona hadde stræva mykje her). So kom det største: Eit reint ja som seint vil gløymast. Um kvelden song me og engelsmennene um kapp. Baal vart brent paa fjorden. Me slutta ikkje den 13de fyrr den 14de kom." Resultatet i Sogndal valsokn: Av 706 som hadde røysterett, røysta 677. Av desse vart 672 røyster godkjende, 670 jarøyster og 2 nei-røyster. Diverre har me ikkje tala for Fjærland. Sogndal hadde to av dei tre nei-røystene som vart avgjevne i heile amtet. Frammøteprosenten var på 95,9. I nabokommunen Leikanger var frammøteprosenten 96 og i Sogn og Fjordane 88,7. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905, men dei ynskte å gje sitt ja tilliks med mennene. Fleire

5 Side 5 av 6 kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. Underskrifts-innsamlinga vart ordna på ulike måtar, men måtte gjennomførast snøgt. Avisa Sogns Tidende fortel at dei har fått ei liste frå Landskvindestemmerettsforeningen, men at kvinner i Sogndal har ".. alt av seg sjølv teke til med arbeidet, som gjeng fort og godt." Me har kopi av Kaupangerlista, der den første til å skriva under var fru Magda Knagenhjelm og sidan kvinner i hennar heim. På lista finn me kondisjonerte fruer og jomfruer, tenestjenter og leiglendings- og husmannskoner. Folkerøysting i november - kongedøme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Sogndal valsokn: Av 717 med røysterett, røysta 614. Det gjev ein frammøteprosent på 85,6. Tre røyster vart forkasta. 463 røysta ja (for kongedøme), 148 røysta nei (for republikk). Me har diverre ikkje tala for Fjærland. Før valet i november var det aktiv valkamp frå begge sider. I Sogndal vart det halde foredrag av amtmann Utheim som var republikanar på sin hals. I Sogns Tidende skreiv Jens Kvåle etterpå at: "Dei maa vera underlegt laga dei som etter dette foredraget kann faa seg til aa røysta ja." Avisa Sogningen var høgre-avis og for kongedøme. Lensmann Lem ivra for dette og skreiv i denne om føremunene med eit slikt. "Vi ved alle, hvilken farlig Situation vi isommer var oppe i. Nu søger de, der ikke kan trives uden idelig Strid og Ufred, at forlede Folket til atter at kaste Landet ind i utrygge Forhold og Tilstande, for hvis Udgang ingen kan gjøre Rede." Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England, og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og sonen Alexander fekk namnet Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. I kommunestyret i Sogndal 20. november heldt ordførar Gurvin tale for fedrelandet og den nye norske kongen. Medlemane reiste seg i samla flokk og ropa eit trefaldig hurra for kongen. Det vart vedteke at ordføraren skulle senda ei telegrafisk helsing til kongeparet den dagen dei gjorde sitt inntog i hovudstaden. "Fest i anledning tilendebringelse av frigjørelsesværket" Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året I Sogndal var det takkegudsteneste i Stedje kyrkje om føremiddagen den 7. desember og i Kaupanger om ettermiddagen. Trass i ruskever møtte mykje folk fram og flagga var heiste som så ofte i det siste. Kyrkja var pynta med gran og småflagg. Sokneprest Arctander heldt preika

6 Side 6 av 6 etter den teksten kyrkjestatsråden hadde peika ut, den 118. Davidssalmen, og utanom vanlege salmar vart sunge dette verset av fedrelandssongen: "Norske mand i hus og hytte, takk din store Gud!" og fedrelandssalmen: "Gud signe vårt dyre fedraland!" Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Berit Selseng, Prenta kjelder: Avisa Sogns Tidende. Avisa Sogningen. Risnes, Kjerstin: Kvinneunderskriftsaksjonen i I Kjelda, nr. 3, Helland, Amund:Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del II. Kristiania Uprenta kjelder: Soknepresten i Sogndal: Dagsregister. Stortingsarkivet: Landskvinnerettsaksjonen. Faksimile av underskriftsliste. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Stryn kommune

Stryn kommune Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare

Detaljer

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. LEIESTJERNA Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. Han var med og omsette Bibelen til nynorsk, skreiv

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19 Vedlegg: 1. Brev frå advokat Louis Anda av 12.9.2008 2. Brev frå advokat Louis Anda av 21.11.2008 3. Brev til advokat Louis Anda av 19.11.2008 4. Brev til advokat Louis Anda av 5.12.2008 5. Brev frå advokat

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte No ser det endeleg ut til at våren og kanskje sommaren er her, og folk kan løysa sveitten både på byggjedugnader oppå Pustut (sjå baki avisa), og på Bygdelagsdagen/Bygdøystemna

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Eid kyrkje brukt som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv. Fotograf Isak Hellebust tok ein serie med bilete i kyrkja ved avrøystinga

Detaljer

Møteprotokoll (11/1877)

Møteprotokoll (11/1877) Sogndal kommune Møteprotokoll (11/1877) Utval: VALSTYRET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 01.06.2011 Tid: 10:00 10:30 Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 3/11 11/1359 Valstyremøte 01.06.2011 - kommunestyre-

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Føredrag på stadnamnmøte i Gaupne, 11.2.2015. Av Randi Melvær, Fylkesarkivet (1) Alle dei 26 kommunane i fylket får publisert nokre av namna sine

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim,

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Ukens tema: Norge Norges nasjonaldag Norsk: Vi arbeider med nivå 1 og 2 i «Norsk start 8-10». Vi øver på å skrive fritekster i Word (Kristiansand). Vi øver på 17. mai sanger.

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre. Til: Utsendingar til KS Sogn og Fjordane sitt konstituerande fylkesmøte 19. november 2015 Kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei politiske partia i Sogn og Fjordane Førde 29.09.2015 Vedrørande

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Formål med pasienthotelllet: Hovudoppgåva er å vere eit tilbod for at pasientane skal behandlast på beste

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas 1,6 Kristi himmelferd: Jesus reiste frå jorda og opp til himmelen. Han skal koma att på same måten som han reiste. 2,1 Anden kjem pinsedagen: Læresveinane vart fylte

Detaljer

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya? Velkomen til blåtur. Under køyreturen nå og litt utover kvelden skal de få ein Quiz å kose dykk med. De som er i denne bilen er ei gruppe. Gi gruppa eit namn og set igong. QUIZ GRUPPENAMN:. 1. Kva verdsdel

Detaljer

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015 Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015 Innhald: Oppsynsorganisering/miljøovervaking. Statistikk. Kommentarar frå jakta 2015. 1.0 Oppsynsorganisering Villreinjaktoppsynet

Detaljer

1905 - Årdal kommune

1905 - Årdal kommune Side 1 av 6 Årdalstangen ca. 1912. Midt på biletet er Årdal kyrkje der dei to vala i 1905 vart haldne. Ivar Offerdal var ordførar i Årdal i to bolkar, 1905 til 1907, og 1920 til 1922. 1905 - Årdal kommune

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 Kulturmidlar 2015 TILRÅDING: Formannskapet vedtek slik tildeling av tilskot frå kommunale kulturmidlar 2015: Org. Tilskot2014:

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Møteprotokoll (10/411)

Møteprotokoll (10/411) Sogndal kommune Møteprotokoll (10/411) Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 11.02.2010 Tid: 17:00 20.30 Kl. 17:00 18:30: TEMADEL: Folkehelse for alle. v/geir Kåre Resaland Sakliste

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer