Stryn kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Stryn kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare hovudvegen mellom Bergen og Trondheim, der det var båtsamband mellom Faleide og Utvik. Knut A. Taraldset ( ) Stryn kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Stryn kommune. Turistskip ved Visnes kring Ordførar i Innvik Rasmus Sindre ( ). Sindre var ordførar frå 1895 til Som representant for Venstre sat han på Stortinget i ein periode. Stryn kommune i 1905 Det som i dag er Stryn kommune besto i 1905 av kommunane Innvik og Stryn. Innvik kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Utvik, Innvik og Olden. Stryn kommune omfatta kyrkjesokna Loen, Nedstryn og Oppstryn. I 1900 var folketalet i Stryn kommune og i Innvik kommune innbyggjarar. Jordbruk var den viktigaste næringa. I 1905 var også turisme vorte ei viktig næring for kommunane, med hotelldrift og skyssteneste som sentrale næringsvegar. Det var fire postopneri i Stryn kommune (Stryn, Loen, Opstryn og Lodalen) og 7 i Innvik (Utvik, Hopland, Innvik, Faleidet, Blaksæter, Oldøren og Øvre Olden). Fylkesbaatane hadde stoppestad i Tisthammer, Utvik, Innvik, Blaksæter, Faleidet, Olden, Loen og Stryn. Båe kommunane hadde bank (Indvikens sparebank og Stryn sparebank). I Innvik kommune låg Indvikens uldvarefabrikk, Indvikens benmølle og Olden meieri. Det var telefonstasjon i Utvik, Olden, Innvik, Hopland og på Faleidet. I Stryn kommune hadde dei hatt telefon sidan Det var ikkje utbygde vegar mellom dei ulike bygdene i dei to kommunane, og transporten føregjekk i hovudsak på sjøen. Hovudvegen mellom Bergen og Trondheim gjekk gjennom Innvik kommune. Vegen kom over Utviksfjellet og ned til Utvik der det var sjøtransport over til Faleidet der vegen gjekk vidare nordover. I 1905 vart det gjort viktige vedtak om vegutbyggingar, mellom anna Utviksfjellet, Faleide - Røberg - Blaksæter og Innvik - Olden. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka

2 Side 2 av 6 - arbeidet for meir bruk av nynorsk - engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Ei anna viktig sak var helsestellet. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. I Stryn kommune fekk dei i 1905 to nye dampskip, eit på Loenvatnet og eit på Oppstrynvatnet. Gjennom to artiklar i Fjordenes blad kan vi sjå at også turisme var ei viktig sak for kommunen. Om den nye båten på Loenvatnet stod det 22. februar at "Skibet skal være færdig til Fart paa Loenvandet i de første Dage af Juni, da Turisttrafikken begynder". Denne båten var ein erstatning for den som vart øydelagt av flodbølgja 15. januar. Om den nye dampbåten på Oppstrynvatnet stod det 6. september at "Naar hotelmenn og skjussmenn legg tusenvis av kroner til ein ny baat her, so syner dette, at dei maa ha større vinning av "turisttrafikken", enn me andre trur". På Oppstrynvatnet vart det no to båtar som konkurrerte med kvarandre. I 1905 og 1906 vart det laga mange postkort med motiv frå dei store hendingane knytta til unionsoppløysinga. Ei av dei store sakene som opptok folk i Stryn i 1905 var Lodalsulukka 15. januar januar kunne Fjordenes Blad fortelje om ei "fryktelig ulykke i Loen. 59 mennesker omkomne. Gaardene nedre Bødal og ytre Næsdal bortskyllede". Lodalsulukka rysta heile landet og det vart engasjert ein innsamlingsaksjon til dei etterlatte etter ulukka. Målsaka opptok stryningane. Det kan vi sjå frå aktiviteten i mellom anna ungdomslaga. Eit mållag for Uppstryn vart skipa i mars 1905 etter eit møte i Uppstryn ungdomslag der Elias Melvær tala om Elias Blix. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og i Innvik vart Rasmus Sindre vald til ordførar, i Stryn vart Sigmund K. Aarnes vald. Oscar Schjøtt Revers var sokneprest i Innvik og Johan Norberg Bolstad sokneprest i Stryn. A. Lund var lensmann både for Stryn og Innvik. Patriotkort som viser Norges Konge omkransa av kongskrona, riksvåpenet og det norske orlogsflagget. Valurne frå Innvik kommune. Urna er laga i Båe ordførarane var aktive i fridomsrørsla. Om Sindre står det i bygdeboka (side 207) at han "uredd (..) var med i dei politiske folkemøta i bygdene.." Aarnes er omtala (side 216) som ".. ein velrøynd, dugande og djerv mann og vart snart den førande mann i bygd og fylke". Lensmann A. Lund fekk i 1905 "borgerdaadsmedalje i sølv". Ved tildelinga under amtstinget sa amtmann Utheim at "De har ladet komme tilsyne, at bag lovens strenghed er der en varm medfølelse. Deres virksomhet har været et smukt og lysende exempel paa, hvor langt man kan komme med lempe og lagelighet. De har været en mønster paa en offentlig tjenestemand af den gamle skole i dette ords allerbedste betydning. (..) Derfor kan man ogsaa med sandhed sige, at den medalje for borgerdaad, som indstiftedes for 86 aar siden og meget sjelden uddeles, med rette tilkommer Dem." A. Lund hadde vore lensmann i Stryn og Innvik sidan Ein av stortingsrepresentantane frå fylket i 1905 var frå Innvik. Fjordenes Blad skriv 9. august om då stortingsmann

3 Side 3 av og vart nytta ved folkerøystingane i Denne valurna er framleis i bruk, og vil verte nytta ved stortingsvalet hausten På bileta ser vi urna frå både sider. Valurne frå Innvik kommune. Taraldset kom heim til Innvik 4. august 1905: " I den anledning var hans hjembygd flagsmykket (..) Han [sokneprest Revers] vilde udtale en tak til ham som medlem af det norske storting for dettes trofaste og kraftige arbeide til værn om fædrelandets ret, ære og værdighed." Taraldset var i 1905 medlem av spesialkomiteen som førebudde konsulatlova. Taraldset fekk borgardådsmedaljen for langt og dugande arbeid for herad og fylke, 7. juni-medaljen og Haakon VIIs jubileumsmedalje. Lag og organisasjonar I Stryn og Innvik kommunar var det i ungdomslag og 9 skyttarlag. Elles var det fleire kvinneforeiningar, idrettslag og søndagsskule. Både ungdomslag og skyttarlag kan ha vore aktive og engasjerte i unionsoppløysinga. Faleide ungdomsforeining vart skipa i av Hans Christian Brodtkorb som var rekna som ein meister frå talarstolen. Føredraga hans var mellom anna om darwinisme, målsak og unionsstrid. I eit referat frå eit møte i Oppstryn ungdomslag, Fjordenes Blad, 11. november 1905, kan vi sjå korleis unionssaka opptok folket og kva slag rolle folket spelte i prosessen. " Først naar folket vart so norsk, at det ikkje tolde eit frammand maal her i landet, men brukte sitt eige baade i skrift og tale - fyrst daa var det tale um, at me kunne vinna fram til full fridom og heilt sjølvstende. Der hadde me unge ei stor uppgaava: Reisa det norske maal, auka fedrelandskjærleiken hjaa folket, saa ei kristeleg nasjonalaand utbreidt yver heile landet.." 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i I Innvik kommune var symbolikken kring 17. mai og unionsstriden tydeleg. Frå både Innvik og Utvik vart det arrangert tog som møttes omtrent midt mellom dei to bygdene. Her vart det halde tale for dagen og for fedrelandet. I referatet sitt frå feiringa skriv Fjordenes Blad at "derefter opløstes "unionen", og vi togede tilbage til hver vor bygd.." Også i Olden var dei den 17. mai opptekne av unionen. I Olden var det lærar A. Løken som hadde tale for dagen. Etter hans forslag vart det sendt telegram til Stortinget ".. hvori udtales tilslutning til, hvad der er gjort i konsulatspørgsmaalet, samt henstilling om at hævde Norges ret og ære, hvad der end maatte ske." 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Folkerøystingane - røysterett og valstyre

4 Side 4 av 6 Det var to folkerøystingar i 1905: Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Både Stryn og Innvik valsokner var identiske med dei dåverande kommunane. Innvik valstyre var samansett av: lensmann A. Lund (formann), ordførar R. Sindre (fungerte som formann under folkerøystingane då lensmann Lund deltok i folkerøystingane i Stryn kommune), Anders A. Dragesæter, Vilhelm A. Bergset, Nils P. Møklebust, Salomon O. Løken og Peder Solheim. Stryn valstyre var samansett av: lensmann A. Lund (formann), ordfører S. K. Aarnes, Rasmus L. Skaare, Peder L. Sunde, Jens R. Sætre og Hans S. Haugen. (For folkerøystinga for august møtte Rasmus J. Sæten d.y. som varamann for Hans S. Haugen.) I folkerøystinga i august var det for Innvik valsokn 2 røystestader: a) i Innvik kyrkje og b) i Olden kyrkje. Oppteljinga føregjekk samla i Innvik. I folkerøystinga i november var det for Innvik valsokn 3 røystestader: a) i Olden kyrkje, b) i Utvik kyrkje og c) på Faleide. Oppteljinga føregjekk samla på Faleide. I begge folkerøystingane var det for Stryn valsokn 3 røystestader: a) i Oppstryn kykje, b) i Nedstryn kyrkje og c) i Loen kyrkje. Oppteljinga føregjekk samla i kommunelokalet på Tonning. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet i Innvik valsokn: Av 640 som hadde røysterett, røysta 625 (97,65%). Alle røysta ja. Resultatet i Stryn valsokn: Av 515 som hadde røysterett, røysta 482 (93,59%) Alle røysta ja. I Sogn og Fjordane fylke var frammøteprosenten på 88,7 og berre tre røysta nei. Det var berre Vik kommune her i fylket som hadde høgare valdeltaking enn Innvik kommune. Fjordenes Blad kunne fortelje om stemninga under folkerøystinga. I referat frå Innvik kyrkje 16. august stod der at ".. sogneprest Revers talte varmt og gribende for fædrelandet og manede i kraftige ord vælgerne til ved sit ja at slaa ring om fædrelandet. Det var under dette afsnitt af prædiken neppe et tørt øie i kirken." 24. august kunne ein lese om røystinga i Oppstryn kyrkje. Dagen var "en sand festdag (..) alle flag [var] i top fra morgen til kvæld. (..) De unge stemmeberettigede, som før ikke var indførte i mandtallet, ilede afsted for at faa dette ordnet i lovlig tid. Ja endog gamle hvidhaarede mænd, som maatte benytte sine to krykker og som under andre omstændigheder vist havde foretrukket at være hjemme i ro og fred, reiste paa valgdagen til valgstedet for at lægge sit "ene" ord med i Norges store sag. (..) Efter gudstjenesten talte Fosnes [presten] fra kordøren klart og greit om, hvad fædrelandet nu

5 Side 5 av 6 krævede af en og hver. Og det viste sig ogsaa, at hans ord rammede, da mange sad med taarer i øinene." Det var viktig å få folk fram til valurnene, og den høge valdeltakinga kan vere eit resultat av at transporten var særs godt organisert. I referatet frå Innvik formannskap den 28. oktober 1905 står det at "i anledning "Lærdals" extrature paa herredets fjorde søndag den 13de August d.å. anmodes ordføreren enstemmig at udtale for dampskibs-direktionen herredets ærbødige tak for den af direktionen udviste velvilje og for det store ekstraarbeide og den velvilje, som særlig "Lærdal"s styremand og øvrige mandskab udviste nævne dag." Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. Fjordenes Blad tok fleire gonger opp kvinneunderskriftsaksjonen. Avisa støtta aksjonen og oppfordra kvinnene til å delta, og til å legge ut lister i alle bygdene. Karlstadforhandlingane I den svenske byen Karlstad starta 31. august 1905, forhandlingar om å avskaffe Riksakten, unionstraktaten som regulerte forholdet mellom Norge og Sverige. Eit av krava frå Sverige var ei demilitarisert sone langs grensa. Det ville innebere at grensefestningar innanfor denne sona skulle rivast. Kravet om å rive grensefestningane skapte strid, og opptok det norske folk. Fjordenes Blad refererte 12. august til at Bjørnstjerne Bjørnson meinte at ".. Sveriges krav om grænsefæstningernes sløifning er voldsomt". Same dag kunne avisa referere til amtmann Utheim sitt syn på saka: ".. er det nogen her som vil være med paa et saa ydmygende vilkaar.." I Stryn delte dei tydeligvis synet åt Bjørnson og Utheim og samla seg til eit folkemøte på Tonning. Det resulterte i eit telegram sendt til Stortinget. Det sa: "80 indvånere af Stryns herred forsamlede paa Tonning fremsender storthinget bestemteste protest mod grændsefæstningernes sløifing uden garanti for fredens opretholdelse og ærbødigste forlangende om ny rigsforsamling før folhandlingsresultat og forfatningsspørgsmålet afgjøres." Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Innvik valsokn: Av 642 med røysterett, røysta 516 (80,37%). 14 røyster vart forkasta. 402 røysta ja (for kongedømme), 100 røysta nei (for republikk). Resultatet av folkerøystinga i november for Stryn valsokn: Av 518 med røysterett, røysta 411 (79,34%). Ingen røyster vart forkasta. 218 røysta ja (for kongedømme), 193 røysta nei (for republikk).

6 Side 6 av 6 Stryn kommune var den kommunen i fylket med lågast oppslutnad om kongedømet med berre 53 %. I Innvik var oppslutnaden om kongedøme høgare med 80,1 %. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. Formanskapet i Innvik kommune sendte helsingstelegram til det nye kongeparet. Fjordenes Blad kunne også fortelje at "Kongen har svaret med takketelegram". Nasjonal takkedag 7. desember Torsdag 7. desember halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Mange stader skipa dei også til folkefestar for å markera det hendingsrike året I Nedstryn kyrkje heldt dei takkegudsteneste 7. desember. Vi veit ikkje noko nærare om innhaldet i gudstenesta, men etter Kyrkjedepartementet sitt rundskriv skulle dagens tekst vera Salmane 118, vers og det vart rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme. Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Karianne Schmidt Vindenes Fylkesarkivet, Prenta kjelder: Avisa Fjordens Blad. Avisa Nordfjord. Avisa Søndfjords Avis. Avisa Nordfjord. Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I Kjelda. Nr Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Stryn kommune Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn. Sandane Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november. Innvik kommune formannskapet, møtebok Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Eid kyrkje brukt som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv. Fotograf Isak Hellebust tok ein serie med bilete i kyrkja ved avrøystinga

Detaljer

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane Gaularseminaret, 5.11.2013 Oddmund L. Hoel Tema 1763 1814 1837 1898 1901 1913 1763: Bergenhus amt delt Vik i Sogn 30. mars 1814 Kjelde: Fullmakter til Riksforsamlinga,

Detaljer

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Møtedato: 23.02.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 - Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er,

Detaljer

1905 - Fjaler kommune

1905 - Fjaler kommune Side 1 av 6 'Dale i Søndfjord', Prospektkort frå Dale sentrum rundt århundreskiftet 1905 - Fjaler kommune Fjalerkarar som truleg var på nøytralitetsvakt i 1905. Frå venstre: Hans Sørebø (f.1881), Anton

Detaljer

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Høst 2013 Tid: Tirsdag 26. november kl. 9-13 (4 timer) Sted: Lesesal B + C Sophus Bugges hus Ingen hjelpemidler tillatt. Oppgavesettet er på 3 sider, forsiden

Detaljer

Last ned Året 1905 i Sogn og Fjordane. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Året 1905 i Sogn og Fjordane Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Året 1905 i Sogn og Fjordane. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Året 1905 i Sogn og Fjordane Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi Last ned Året 1905 i Sogn og Fjordane Last ned ISBN: 9788279590675 Antall sider: 285 Format: PDF Filstørrelse: 25.60 Mb 12. november er det 100 år sidan folkerøystinga der det norske folk (norske menn)

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Ruter for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe/Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

Ruter for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe/Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane Ruter for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe/Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane Oversynet omfattar 1) ruter som er oppbevarte i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 2) ruter som har kome inn til aksjonen Vil ha

Detaljer

Å bli gamal i eigen heim

Å bli gamal i eigen heim Å bli gamal i eigen heim Eldre sitt syn på og erfaring med å bu i eigen bustad Master i Samhandling innan helse- og sosialtenester Heidi M. Starheim Avdelingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter Oppgåva

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Gaular kommune www.gaular.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

1905 - Balestrand kommune

1905 - Balestrand kommune Side 1 av 9 Gamle Sagatun skule sett frå vegen mot hovudinngangen. Skulen vart opna i 1905 og var i bruk til ny skule kom på Kreklingen i 1983. Porten mot vegen og arkane i sveitserstil vart rivne ned

Detaljer

På skolen til Tatiana har historiedagar. Elevane på heile ungdomsskolen. samarbeide og lage historieprosjekt på tvers trinn og klassar.

På skolen til Tatiana har historiedagar. Elevane på heile ungdomsskolen. samarbeide og lage historieprosjekt på tvers trinn og klassar. KAPITTEL 16 MONARKI OG VELFERDSSTAT 1 FYLL UT MED ORD SOM PASSER Historieprosjekt På skolen til Tatiana har historiedagar. Elevane på heile ungdomsskolen samarbeide og lage historieprosjekt på tvers trinn

Detaljer

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? KOMMUNEREFORM KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? Resultat frå spørjegransking mellom innbyggjarane i bygdene 17. januar, 2016 Innbyggjarane i Norddal

Detaljer

Stortings- og sametingsvalet 2017

Stortings- og sametingsvalet 2017 INFORMASJON Stortings- og sametingsvalet 2017 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er 11. september. Hugs legitimasjon! Stortings- og sametingsvalet 2017 Stortinget er Noregs folkevalde

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00 MØTEINNKALLING Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset : 01.10.2015 Tid: 16:30-00:00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/15 15/739 Kommunestyre- og

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Hyllestad kommune www.hyllestad.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

1905 - Årdal kommune

1905 - Årdal kommune Side 1 av 6 Årdalstangen ca. 1912. Midt på biletet er Årdal kyrkje der dei to vala i 1905 vart haldne. Ivar Offerdal var ordførar i Årdal i to bolkar, 1905 til 1907, og 1920 til 1922. 1905 - Årdal kommune

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00 MØTEBOK Organ Møtestad Fylkesrådet for eldre Storehagen Atrium, Førde Møtedato 07.02.2017 Kl. 10:00 15:00 Faste medlemer til stades: Harald Ekroll, Aud Karin Netland, Anna Sofia Skaar, Henrik Oppen Forfall

Detaljer

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar Det er snart klart for Olsokstemnet i Markane. Etter at skytinga vart avbroten i fjor grunna 22. juli-hendingane, prøver Markane skyttarlag, med god hjelp

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur.

044/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak om kommunestruktur. Saksnummer Utval Vedtaksdato 044/16 Formannskapet 07.06.2016 034/16 Kommunestyret 16.06.2016 Saksbehandlar: Ole Vikse Sak - journalpost: 15/2387-16/14460 Kommunereform - Jæren kommune - Endeling vedtak

Detaljer

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers Dilemma ved ei folkerøysting Oddvar Flæte og Jan Øhlckers 29.10.2015 1. Bakgrunn Kommunane gjennomfører no opinionsmåling blant eit representativt utval innbyggjarar. For kvar av kommunane er det lista

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/ Kommunestyret 11/

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/ Kommunestyret 11/ Tingvoll kommune Økokommunen bedre løsninger for mennesker og miljø Arkiv: 002 Arkivsaksnr: 2014/639-52 Saksbehandler: Olaug Haugen Saksfremlegg Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/2016 08.03.2016

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island Ved ordførar Nils P Støyva 18.08.2010 Ordføraren i Stryn kommune 1 18.08.2010 Ordføraren i Stryn kommune 2 1 Kartet viser Nordisland,

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre. Til: Utsendingar til KS Sogn og Fjordane sitt konstituerande fylkesmøte 19. november 2015 Kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei politiske partia i Sogn og Fjordane Førde 29.09.2015 Vedrørande

Detaljer

1 Kva blei den fredsavtalen kalla som gjorde at Danmark måtte avstå Noreg til Sverige?

1 Kva blei den fredsavtalen kalla som gjorde at Danmark måtte avstå Noreg til Sverige? KVISS FRÅ ALLKUNNE Noreg etter 1814 25 spørsmål om Noreg etter 1814. 1 Kva blei den fredsavtalen kalla som gjorde at Danmark måtte avstå Noreg til Sverige? a Nordensfreden b Kielfreden c Versaillesfreden

Detaljer

Bruk av driftsmidlar Frifond

Bruk av driftsmidlar Frifond Bruk av driftsmidlar Frifond 2017-2018 Os Bridgeklubb fekk hausten 2017 tilsegn om 8436.- i driftsmidlar frå frifond. Støtten denne gongen har i sin heilhet blitt brukt til oppstart av Os juniorbridgeklubb.

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset : 27.10.2011 Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 11/794 VAL AV ADMINISTRASJONSUTVAL 2011-2015 2/11 11/795

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Ordførarens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 24.10.2017 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 11:40. Møtet var innkalla ved utsend sakliste

Detaljer

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018 Våren 2018 vedtok styret å utgreia stoda for medlemsmassen. Arbeidet var todelt; fyrst ein oppdatert medlemsstatistikk i mars og så gjennomføre ei spørjeundersøking for medlemmane i haust. Resultatet er

Detaljer

17. mai - tidslinje. Målet for undervisningsopplegget er at elevene skal: Mål for elevene: Slik skal du bruke undervisningsopplegget:

17. mai - tidslinje. Målet for undervisningsopplegget er at elevene skal: Mål for elevene: Slik skal du bruke undervisningsopplegget: 17. mai - tidslinje Målet for undervisningsopplegget er at elevene skal: - få en forståelse av Norges historie knyttet opp mot hvorfor vi feirer 17. mai - lære noen sentrale begreper knyttet til vår styreform

Detaljer

Kva vil det seie å vere buddhist?

Kva vil det seie å vere buddhist? KAPITTEL 2 Buddhismen 1 KORTTEKST Side 38 49 i grunnboka Kva vil det seie å vere buddhist? Ein verdsreligion som begynte i Nord-India Buddhismen begynte i Nord-India for nesten 2500 år sidan. På den tida

Detaljer

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Side 1 av 6 Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Møtestad: Bore kyrkjekontor Frå saksnummer: 42/17 Til saksnummer: 51/17 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte: Nicolai

Detaljer

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle. Gode landsmøte! Takk for eit år med mykje godt samarbeid og mange gode idear. Norsk Målungdom er i høgste grad ein tenkjande organisasjon, og denne perioden har me nytta mykje tid på å utfordra det etablerte.

Detaljer

Daguerrotypi og visittkortet sin funksjon og oppbygging Håvard Hvoslef Kvalnes, 13HBMEDa,

Daguerrotypi og visittkortet sin funksjon og oppbygging Håvard Hvoslef Kvalnes, 13HBMEDa, Innleiing Daguerrotypiet og visittkortet har spelt ei stor rolle i fotografiet si historie. Den store grad av realisme ein kunne finne i eit daguerrotypi skapte stor begeistring då det første daguerrotypiet

Detaljer

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret Masfjorden kommune Tilleggsinnkalling av Kommunestyret Møtedato: 30.04.2015 Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: 11:45 Formannskapet kl. 09.00 Valstyret kl. 11.00 Kommunestyret kl. 11.45 Kl. 13 kjem Museumsdirektør

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2018/2019 Innleiing Årsmøtet for 2017/18 vart avvikla i grendahuset 29.03.18. På dette årsmøtet vart det ikkje gjort endringar i styret. Styret har då vore samansett slik

Detaljer

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA Klepp kommune Postboks 25 4358 Kleppe SÆRUTSKRIFT Formannskapet AV MØTEBOK... Sak nr 37/06 Saksbehandler : Ivar Undheim Arkivsak : 06/590-5 Arkiv: D13 Møtedato : 04.09.2006 HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN

Detaljer

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN? VIL DU VERE MED PÅ Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN? VÅGSØY KOMMUNE Vågsøy kommune er saman med andre kommuner i Nordfjord i gang med å greie ut mulig ny kommunestruktur. Våren 2016 skal alle Nordfjord-kommunane

Detaljer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS /2016 Kommunestyret PS Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Svein Helge Hofslundsengen FE - 024, FE - 002 15/30 Saknr Utval Type Dato 027/2016 Formannskapet PS 16.02.2016 006/2016 Kommunestyret PS 24.02.2016 Val av høyringsform

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 Kulturmidlar 2015 TILRÅDING: Formannskapet vedtek slik tildeling av tilskot frå kommunale kulturmidlar 2015: Org. Tilskot2014:

Detaljer

HORDALANDD. Utarbeidd av

HORDALANDD. Utarbeidd av HORDALANDD FYLKESKOMMUNE Utflyttingar frå Hardanger Utarbeidd av Hordaland fylkeskommune Analyse, utgreiing og dokumentasjon August 28 INNLEIING: Analysen er utarbeidd som ein del av Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Vedlagt følgjer ein oversikt over planlagde arrangement i Lærdal i samband med Grunnlovsjubileet 2014.

Vedlagt følgjer ein oversikt over planlagde arrangement i Lærdal i samband med Grunnlovsjubileet 2014. DET OFFISIELLE PROGRAMMET TIL GRUNNLOVSJUBILEET 2014 I LÆRDAL Vedlagt følgjer ein oversikt over planlagde arrangement i Lærdal i samband med Grunnlovsjubileet 2014.. Me ser fram til å samarbeide med dykk

Detaljer

Nye reglar Kommunestyre- og fylkestingsvalet Informasjon

Nye reglar Kommunestyre- og fylkestingsvalet Informasjon Nye reglar Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2003 Informasjon Viktig informasjon om valet Nye reglar for korleis du røystar på valdagen Nye reglar for kvar du kan førehandsrøyste Nye reglar for korleis

Detaljer

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012 Innhold Om rapporten... 2 Forklaring til statistikken... 2 Resultat... 2 Nettsider... 2 Statistikk... 2 Korte tekstar 1 10 sider og tekstar over 10 sider...

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 09 Viktig informasjon til deg som skal røyste Valdagen er måndag 9. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 09 Ved valet vel vi kven

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Møteprotokoll Ålfotbreen verneområdestyre Utval: Møtestad: Hyen Samfunnshus, Hyen i Gloppen Dato: 07.04.2017 Tidspunkt: 10:00-14:00 Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Hege Lothe

Detaljer

KULTURMINNE I INSTEDALEN.

KULTURMINNE I INSTEDALEN. KULTURMINNE I INSTEDALEN. Innhold Oppgangssag i Styggelifossen... 3 Strengebru ved Jubrauta... 3 Posthuset på Fimland... 4 Gamleskulen på Fimland skulemuseum... 5 Bautastein på Antonshogen... 5 Gamle løer...

Detaljer

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/ Hjelmeland kommune Deltakarkommunar v/ ordførar og rådmann Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/8992 026 23.06.2014 REFERAT FRÅ MØTE OM PROSESS KRING KOMMUNEREFORM Strand rådhus, 20. juni

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Solund kommune www.solund.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ Kommunereforma - eit val mellom to alternativ Stortinget har vedteke at kommunane innan 30. juni skal vedta om dei vil etablera ein ny større kommune i lag med nabokommunar. Regjeringa sitt mål for ny

Detaljer

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Leikanger kommune OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd Møtestad: Gamlekantina Møtedato: 22.04.2016 Tid: 08:30-10:30 SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 5/16 16/25 Ungdomsmedverknad i kommunereforma

Detaljer

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget

Detaljer

Journalføring av epostrekkjer

Journalføring av epostrekkjer Journalføring av epostrekkjer Fungerande lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Oslo, 23. Oktober 2013 Journalføring utgangspunkt Journalføringsplikt etter arkivforskrifta 2-6 fyrste ledd andre punktum for inngåande

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Søknad Søknadsnr. 2015-0196 Søknadsår 2015 Arkivsak Støtteordning Prosjektnavn Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016 Kort b eskrivelse Framtidsfylket vil i 2016

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

Last ned Årboka for Sogn og Fjordane Last ned

Last ned Årboka for Sogn og Fjordane Last ned Last ned Årboka for Sogn og Fjordane 2016 Last ned ISBN: 9788282401142 Antall sider: 264 Format: PDF Filstørrelse: 16.39 Mb Årboka gjev deg eit tilbakeblikk på nyhenda og reportasjane som prega avisene

Detaljer

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018. Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen 2018-2019 Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018 Samanfatning Tala for val av framandspråk blei publiserte av Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer