Gaular kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Gaular kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser vi tønnefabrikken til Johan Bjørvik. Framme i biletet ser vi Sivertsens hotell. Lyder Sivertsen eigde og dreiv hotellet i Her var både landhandel og skysstasjon og postopneri i tillegg til hotelldrifta. Lenger bak ser vi Sande kyrkje, bygd i 1864 av byggmeister John Saftland, arkitekt: J. Lindstrøm Gaular kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Gaular kommune. Gaular kommune i 1905 Indre Holmedal var namnet på kommunen i Det var 3 kyrkjesokn i kommunen: Bygstad, Sande og Vik Ved kongelig resolusjon 6. oktober 1911 vart kommunenamnet endra til Gaular. Sersjant Anders Ousen ( ). Ordførar i Gaular Han var sersjant og hadde ei rekkje offentlege verv. Sokneprest i Gaular , Gunnar I 1900 var folketalet Den viktigaste næringa var landbruk, men her var og andre næringsvegar. Det var småindustri med utgangspunkt i handverkstradisjonar, som farging, garving, og ikkje minst bøkring (tønneproduksjon). I 1905 var det 2 tønnefabrikkar. Det var O.A. Lundes tønnefabrikk i Eidevik og brørne Berge sin fabrikk på Kviteneset. Mange bønder dreiv og med bøkring heime og fekk viktige ekstrainntekter frå det. Gaular hadde 5 meieri i 1905: Bygstad Meieri, Hjelmeland Meieri, Lunde Meieri, Nes Meieri og Birkeland Meieri. Gaular fekk sparebank i 1895 under namnet Indre Holmedal Sparebank. I Bygstad dreiv Mons Johnsen eit fargeri. Det var postopneri i Bygstad, Sande og i Viksdalen. I tillegg opna eit nytt brevhus i Horsevik 1. oktober Kommunen hadde 3 rikstelefonstasjonar: Langeland, Viksdalen og Bygstad. Kommunikasjonar i Gaular 1905 Fylkesbaatane hadde stoppestad i Bygstad og Sunde. Det var om lag 10 landhandlarar i kommunen: i Bygstad, Eidevik, Osen, Sveen, Sygna, Sande (2), Eldalsosen, Horsevik, og Viksdalen. I høve til mange av nabokommunane var vegnettet etter måten bra utbygd for si tid. Hovudvegen nord-sør i fylket gjekk gjennom kommunen. Dette var sambansdvegen

2 Side 2 av 6 Abelsen Gloppestad ( ). Gloppestad var ein omstridd prest, som kom på kant med misjonsfolket i Gaular. I Bygstad voks det på 1890-talet fram ei rekkje forretningsverksemder: Landhandlarar, bakeri, meieri, tønnefabrikkar og hotell. I framgrunnnen til venstre ser vi Bygstad hotell på Kviteneset, oppsett av brørne Knut og Ivar Berge kring mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg gjekk det m.a. kommuneveg mellom Osen og Viksdalsvatnet. Kommunen hadde 4 skysstasjonar: Horsevik, Sande, Eidevik og Langeland. Kommunen hadde 3 hotell: Bygstad Hotell, Lundes Hotell og Sivertsens Hotell. Gaular hadde felles doktor med Kyrkjebø kommune. Doktoren heldt til i Vadheim. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet. Mange var opptekne av det dei oppfatta som den dårlege legedekninga i Gaular. Folk måtte heilt til Vadheim for å få legehjelp. Der hadde distriktslegen sin kontorstad. Det vart arbeidd for å få ei telefonline frå Vadheim til Sande, slik at folk hadde høve til å kontakte doktoren frå Sande. Dette kom i Ein privatpraktiserande lege heldt til i Bygstad. Doktor Alf Harlem dreiv privatpraksis i Bygstad i åra Men han var dyr å konsultere vart Gaular eige legedistrikt, og i 1915 kom den første doktoren med kontorstad Sande. Sivertsens hotell vart omgjord til doktorbustad. I 1905 var telefon eit nytt fenomen i Gaular. Televerket hadde i 1902 bygd ut rikstelefonnettet i Indre Sunnfjord. Viksdalen fekk rikstelefonstasjon , Bygstad 2 dagar seinare, og Langeland 2 dagar deretter, den Først i 1908 fekk Sande rikstelefonstasjon. Den nye kongefamilien, Haakon VII, dronning Maud og kronprins Olav, kom til Norge 24. november Strid mellom leg og lærd Det var og mykje snakk om dei sterke motsetningane mellom prest og lekfolk i Gaular. Fleire av prestane i Gaular hadde eit anstrengt forhold til den sterke lekmannsrørsla i Gaular. Sokneprest Gunnar A. Gloppestad - prest i Gaular frå 1903 til var ein av dei. Han kom raskt på kant med indremisjonsfolket. Det gjalt først og fremst lærespørsmål. Det var ein utbreidd skepsis til Gloppestad si bibeltolking i mange misjonsforeiningar. Men og det at Gloppestad var motstandar av målsak og fråhaldssak auka skepsisen. Turismen var ei næring i vekst. Kommunen hadde 3 hotell og fleire skysstasjonar som tok overnattingsgjester. Mange engelske laksefiskarar kom for å prøve fisket i Gaula. Samvirketanken var etter måten sterk i Gaular. Her var som nemnt 5 meieri. I tillegg var det smørlag i kommunen. Året før vart det etablert eit kjøpelag for bøndene i Bygstad: - Bygstad Landboforening. Foreininga fekk raskt over 100 medlemer. Gjennom felles innkjøp av maskinar, såfrø, gjødsel o.l. fekk medlemane betre rabattar enn viss dei stod åleine. Tønneproduksjon

3 Side 3 av 6 Svært mange i Gaular var involverte i tønneproduksjon. Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundrskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Ikkje berre var det etablert fleire fabrikkar, men mange gardbrukarar held fram med å produsere tønner heime på gardane. Sjølv om det gav sårt tiltrengte inntekter, var dette og ei kontroversiell næring. Fleire hevda at tønneproduksjonen gjekk ut over landbruket, som A. Øen i bladet "Bondevennen": "Det er neppe formeget naar jeg sier, at der i herredet aar om andet tilvirkes omkring tønner, halvtønder, fjerdinger og dunker. At dette indbringer en større sum penge er selvsagt; men jeg tror neppe, det vil formaa i større udstrekning at bygge op varig velstand i bygden. Avsetningen sker til handelsmændene og for det meste mot varebytte. Folk kjøber paa denne maade ogsaa meget, som de burde avle på sine bruk." Nokre nøkkelpersonar Anders Ousen ( ) var ordførar i kommunen Han var sersjant og hadde ei rekkje andre verv. Ousen var m.a. med i styret for Gaular Sparebank. Der var han og kasserar i ein periode. Vidare vart Ousen hausten 1905 konstituert som lensmann i Gaular, pga lensmann Wollert Hermann Foss Meidell ( ) sin bortgang 18. august same år. Gunnar Abelsen Gloppestad ( ) var sokneprest i prestegjeldet frå 1903 og til han døydde i Andre nøkkelpersonar i kommunen var Ola Andersson Lunde. Han vart fødd 1848 på garden Lunde. Gifta seg 1870 med Synneva Birkeland. 8 born. Lunde døde 1908 i Eidevik. Han var ein av sin tids fremste forretningsgründarar. Har starta opp med landhandel på Lunde i Seinare flytta han til Eidevik i Bygstad, og etablerte landhandel og postopneri der. Han bygde "Lundes Hotel" og dreiv bakeri og jektefart og mykje anna. I 1903 Bygde O. A. Lunde tønnefabrikk i Eidevik. Brørne Knut Berge ( ) og Ivar Berge ( ) etablerte og ny verksemd i Bygstadområdet. I 1897 kjøpte brørne eigedomen Kviteneset frå garden Leirvik. Dei starta og tønneproduksjon og hotelldrift. Jens Olai Larsson Njøsen ( ) var og ein av forretningsgründarane i Bygstad. Han starta opp i 1898 med landhandel på Reita. I 1905 bygde han nytt forretningslokale på garden. Verksemda på Reita var starten på ei karriere som inkluderte etablering av tønnefabrikk (1916), meieri (1925) og margarinfabrikk (1931). Lag og organisasjonar Gaular hadde eit rikt lags- og organisasjonsliv i Foreiningane spreidde seg over eitt vidt felt. Men dominerande både i tal foreiningar og medlemer var dei ulike misjonsforeiningane. Om lag 20 misjonsforeiningar eksisterte i 1905, med til saman fleire hundre medlemer, mange av dei kvinner. Gaular var truleg ein av kommunane i fylket med flest foreiningar i høve innbyggjartal.

4 Side 4 av 6 Fleire av dei frivillige organisasjonane engasjerte seg sterkt i unionssaka, særleg ungdomslag og skyttarlag. Og i Gaular var det mange slike. Vi veit i alle fall om 8 ungdomslag som var aktive i 1905: Fjorden Ungdomslag, Heimdal Ungdomslag, Bygstad Ungdomslag, Ungdomslaget Breidablikk, Skudal Ungdomslag, Varden Ungdomslag, Bjørvikstranda frilynde Ungdomslag og eit frilynd ungdomslag i Eldal. Skyttarrørsla stod og sterk i kommunen. Det var 5 skyttarlag i 1905: Standnes Skyttarlag, Birkeland Skyttarlag, Skyttarlaget "Bjørnen", Bygstad Skyttarlag og Gaular Skyttarlag. I tillegg fanst det ei rekkje kristelege barne- og ungdomslag, fråhaldslag/-losjer mm. Her var og aktive partilag for både Venstre og Høgre. Kyrkja si rolle i Gaular 1905 Kyrkja hadde fleire viktige funksjonar i unionsåret Kyrkja var ein offentlege arena i ein heilt annan grad enn tilfellet er i dag. I Gaular las sokneprest Gloppestad opp Stortinget si kunngjering til det norske folk under ei gudsteneste i Viksdalen kyrkje den 12. juni. Av presten si dagbok kan vi og sjå at han søndag 13. august i Sande kyrkje på røystedagen for ja/nei til unionen, hadde ein "Redegjørelse for folkeafstemingens betydning". Det same hadde Gloppestad på valdagen 12. november. Då skulle ein røyste om republikk eller monarki. I kyrkja vart det og lese opp kunngjeringar frå valstyret om sjølve valavviklinga i Gaular. Vala vart haldne i kyrkjene i Gaular. 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Indre Holmedal valsokn tilsvara dåverande Indre Holmedal kommune. Den 3. august 1905 innkalte mantalsføraren for Gaular lensmann W. Meidell formannskapet til møte. Her vart det Indre Holmedal valstyre utnemnd. Valstyret var samansett slik: lensmann W. Meidell (formann), Anders Ousen, S. O. Næs, Henrik Lunde, Nils I. Hestad, O. O. Døskeland, Halvor Lervig og Oluf Hjelmeland. Stemmestyret for Vik og Bygstad var høvesvis Nils I. Hestad og Oluf Hjelmeland. Ved folkerøystinga 12. og 13. november kom Anders Ousen inn som ny formann i valstyret, då W. Meidell var gått bort tidlegare på hausten.

5 Side 5 av 6 Ved begge røystingane var det 3 røystestader: a) For røysteføre i Sande hovudsokn: Sande hovudkyrkje, b) for røysteføre i Vik sokn: Vik annekskyrkje, c) for røysteføre i Bygstad sokn: Bygstad annekskyrkje. Oppteljinga føregjekk i Sande kyrkje. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Gaular valsokn: Av dei 698 som hadde røysterett, vart det avgjeve 660 godkjende røyster ( 94,5%). 7 røyster vart forkasta. Alle røysta ja. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett. Det vart avgjeve (88,7%) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: hadde røysterett, godkjende røyster ( ja, 184 nei. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. Truleg var det og kvinner frå Gaular på listene som vart sendt inn til Stortinget. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Gaular valsokn: Av dei 704 som hadde røysterett, vart det avgjeve 632 (89, 8 %) godkjende røystar. 8 vart forkasta. 587 røysta ja (for kongedømme), 45 røysta nei (for republikk). I Gaular røysta 92, 9 % for kongedøme Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett, (78,3 %) godkjende røyster (80,4%) røysta for kongedømme, (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: hadde røysterett, godkjende røyster (73,5%) (79,5%) røysta for kongedømme, (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. "Fest i anledning... tilendebringelse av frigjørelsesværket" Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året Ofte var det ungdomslaga som skipa til slike festar. Slik var det vel i Gaular og, utan at vi har eksakte opplysningar om det. Det vi veit er at i sokneprest Gloppestad si dagbok for 1905 står det at han den 7. desember heldt takkegudsteneste i Sande Kyrkje. Tema for preika var "Takker Herren".

6 Side 6 av 6 Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Snorre D. Øverbø, Prenta kjelder: Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania Gjerde, Anders: "Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene". I: Kjelda nr Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Gaular kommune Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular.Band III Hjelmeland, Olaf: Gaularsoga, band II Hjelmeland, Olaf: Gaularsoga, band III Hjelmeland, Olaf: Gaular Sparebank 60 år, Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november. Statsarkivet i Bergen: Gaular prestearkiv, dagsregister Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Eid kyrkje brukt som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv. Fotograf Isak Hellebust tok ein serie med bilete i kyrkja ved avrøystinga

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Ukens tema: Norge Norges nasjonaldag Norsk: Vi arbeider med nivå 1 og 2 i «Norsk start 8-10». Vi øver på å skrive fritekster i Word (Kristiansand). Vi øver på 17. mai sanger.

Detaljer

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side 395 397)

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side 395 397) RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side 395 397) Baltzer Ivarson Sande, som var lensmann, hadde ein del av Randa på slutten av 1600-talet. Han var fosterson til lensmann Anders Sivertsson.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Stryn kommune

Stryn kommune Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal Velkomen til kulturbygda Lærdal Ein tur i Hans Gjesme sine motiv Den lokale kunstnaren Hans Gjesme gav ved sin død i 1994 Lærdal kommune ei kunstgåve på vel 1500 kunstverk som omfattar måleri, grafikk,

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest Landbruk Nordvest Hovsvegen 25, 6600 Sunndaløra Vedlegg 1 E-post rådgiving: nordvest@lr.no Org.nr:NO984 468 822MVA E-post tenester: tenester@lr.no Telefax 935 77 019 Bankgiro nr: 4202.20.16347 Sunndalsøra

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... 2 KVEN KAN SØKJE/BRUKE DET ELEKTRONISKE SØKNADSSKJEMAET?... 3 STARTSIDE...

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015) LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015) 1 LAGSFØREMÅLET Laget vil samla norsklyndt bondeungdom til samvære på heimleg grunn og gjeva landsungdom i hovudstaden

Detaljer

No sprett knuppane og sevja stig

No sprett knuppane og sevja stig No sprett knuppane og sevja stig Sein vår i år, men du verda for eit drivande ver når det no fyrst losna; med mildver og regn og ei rekkje kulturhendingar både i vårt lag og leikarringen og i nærskylde

Detaljer

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Møtedato: 23.02.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 - Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er,

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

1905 - Fjaler kommune

1905 - Fjaler kommune Side 1 av 6 'Dale i Søndfjord', Prospektkort frå Dale sentrum rundt århundreskiftet 1905 - Fjaler kommune Fjalerkarar som truleg var på nøytralitetsvakt i 1905. Frå venstre: Hans Sørebø (f.1881), Anton

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Årsmelding 2005. Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Årsmelding 2005. Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara. Årsmelding 2005 Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara. Hans Skutle, Voss Olav B.Aga, Aga og Vikebygd Vara. Ivar Dale, Ullensvang

Detaljer

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island Ved ordførar Nils P Støyva 18.08.2010 Ordføraren i Stryn kommune 1 18.08.2010 Ordføraren i Stryn kommune 2 1 Kartet viser Nordisland,

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19 Vedlegg: 1. Brev frå advokat Louis Anda av 12.9.2008 2. Brev frå advokat Louis Anda av 21.11.2008 3. Brev til advokat Louis Anda av 19.11.2008 4. Brev til advokat Louis Anda av 5.12.2008 5. Brev frå advokat

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

1905 - Balestrand kommune

1905 - Balestrand kommune Side 1 av 9 Gamle Sagatun skule sett frå vegen mot hovudinngangen. Skulen vart opna i 1905 og var i bruk til ny skule kom på Kreklingen i 1983. Porten mot vegen og arkane i sveitserstil vart rivne ned

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

Stortings- og sametingsvalet 2017

Stortings- og sametingsvalet 2017 INFORMASJON Stortings- og sametingsvalet 2017 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er 11. september. Hugs legitimasjon! Stortings- og sametingsvalet 2017 Stortinget er Noregs folkevalde

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Føredrag på stadnamnmøte i Gaupne, 11.2.2015. Av Randi Melvær, Fylkesarkivet (1) Alle dei 26 kommunane i fylket får publisert nokre av namna sine

Detaljer

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT: KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE Prosjektet starta opp i 2012 som eit samarbeidsprosjekt mellom Hjeltnes vgs, Sogn jord og hagebruksskule, Norsk fruktrådgiving Hardanger

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Last ned Året 1905 i Sogn og Fjordane. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Året 1905 i Sogn og Fjordane Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Året 1905 i Sogn og Fjordane. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Året 1905 i Sogn og Fjordane Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi Last ned Året 1905 i Sogn og Fjordane Last ned ISBN: 9788279590675 Antall sider: 285 Format: PDF Filstørrelse: 25.60 Mb 12. november er det 100 år sidan folkerøystinga der det norske folk (norske menn)

Detaljer

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre. Til: Utsendingar til KS Sogn og Fjordane sitt konstituerande fylkesmøte 19. november 2015 Kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei politiske partia i Sogn og Fjordane Førde 29.09.2015 Vedrørande

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen. Endringar i talet på bedrifter i Hordaland Fleire bedrifter med tilsette Talet på bedrifter i Hordaland auka 2002-2005 med 7 %. I same periode har talet på bedrifter med tilsette auka med 4,5 %. Auken

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19 Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19 Til stades på møtet: 15, alle med røysterett Sak 1 Opning av møtet 1.1 Godkjenning

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste I dette dokumentet finn du informasjon om Innlogging og tilgang til Datafangsportalen Liste over dokument som skal følgje

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkestinget Side 1 av 5 Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget

Detaljer

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar Det er snart klart for Olsokstemnet i Markane. Etter at skytinga vart avbroten i fjor grunna 22. juli-hendingane, prøver Markane skyttarlag, med god hjelp

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Førde, 24.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av 19.11.2014

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Gaular kommune www.gaular.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane Gaularseminaret, 5.11.2013 Oddmund L. Hoel Tema 1763 1814 1837 1898 1901 1913 1763: Bergenhus amt delt Vik i Sogn 30. mars 1814 Kjelde: Fullmakter til Riksforsamlinga,

Detaljer

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte. Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte. Smittevernkonferanse Skei 01.10.2013 Mattilsynet v. T.Hellan og G.M. Breisnes Tilfelle fra Luster august 2010. Telefon

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

KULTURMINNE I INSTEDALEN.

KULTURMINNE I INSTEDALEN. KULTURMINNE I INSTEDALEN. Innhold Oppgangssag i Styggelifossen... 3 Strengebru ved Jubrauta... 3 Posthuset på Fimland... 4 Gamleskulen på Fimland skulemuseum... 5 Bautastein på Antonshogen... 5 Gamle løer...

Detaljer