Askvoll kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Askvoll kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz ( ), sokneprest i Askvoll Arbeidarar og born i Stongfjorden kring Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk. Aluminiumsfabrikken kom i drift i Sommaren 1905 skjedde eit uhell ved Stangfjordens elektrochem. Fabriker. Ein arbeidar vart stygt forbrent i ansiktet då det sprakk hol i eit damprøyr. Han vart sendt til Bergen dagen etter Askvoll kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Askvoll kommune. Gamal valurne i Askvoll med årstalet 1900 på eine sida. Denne valurna vart truleg nytta under folkerøystingane i Askvoll kommune i 1905 Askvoll kommune var mindre i 1905 enn i Kommunen omfatta i 1905 dei to kyrkjesokna Askvoll og Vilnes. Frå 1964 vart kommunen utvida med området frå Stavestrand til Hestvik på sørsida av Førdefjorden, som tidlegare hadde høyrt til Vevring og Bru kommunar. I 1990 vart Holmedal sokn på nordsida av Dalsfjorden og garden Fossedal lagde til Askvoll. I 1900 var folketalet Jordbruk og fiske var dei viktigaste næringsvegane. Etter eit avbrot kom Grimeli kopargruver i drift att i Industriutbygginga i Stongfjorden var komen i gang med jodfabrikk og torvkolfabrikk. I 1906 kom engelske industrigründarar til Stongfjorden og Skandinavias fyrste aluminiumsfabrikk byrja produksjonen i Det var teglsteinfabrikkar i Vårdal og på Helle. Frå Vårdal vart det sommaren 1905 levert fire millionar murstein, mesteparten til Ålesund. Vilnæs og Sætre Hellebrud dreiv hellebrot på gardane Vilnes og Sætre. I 1905 og 1906 vart det laga mange postkort med motiv frå dei store hendingane knytta til unionsoppløysinga. Dei viktigaste handelsstadane var Nyborg (Askvoll), Sauesund, Korssund, Stavenes og Værøy. Det var postopneri i Korssund, på Stavenes, Atløy, Bulandet og Yndestad, og dampskipstoppestad desse stadene: Korssund, Grytøyra, Sauesund, Askvoll, Stavenes, Yndestad, Bulandet, og Atløy. Kommunen hadde eigen bank, Askvoll Sparebank, grunnlagd Holmedal og Kvammen Holmedal sokn høyrde som alt nemnt, til Ytre Holmedal

2 Side 2 av 6 (Fjaler) kommune. "Tettstaden" Holmedal hadde båtstoppestad, postopneri, landhandel og ullvarefabrikk (Trollefoss.) Kvammen var "sentrum" i den delen av Vevring kommune som låg på sørsida av Førdefjorden. Her var òg båtstoppestad og postopneri, likeeins på Flokenes. Vevring Sparebank, skipa i 1904, heldt til på Hegrenes. Notis i Søndfjords Avis om telegrammet folkemøtet i Holmedal sende til Stortinget. I 1905 kom det ut to lokalaviser i Florø: Søndfjords Avis og Nordre Bergenhus Amtstidende. " i sterk Spaning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på krambui, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Gjennom heile året 1905 venta folk alle stader i landet på siste nytt om "Situationen", det vil seia om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Underdal i Aurland fortalde i eit lesarbrev til ei avis korleis det hadde vore der i bygda: "Um den aalmene Meining i vaart Fridomsarbeid er det nokolunde det same aa melda her som paa ymse andre Stader i Landet. Folket her hev mest samstødt stade i sterk Spaning etter aa faa vita Meldingar um "Situationen". Dei hev fylgt noko godt med det som hev hendt, og Avisor hev det helder ikkje skorta paa, korkje store elder smaa, Høgreblad elder Vinstreblad." Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Haakon 7. - kåra til konge i Norge av Stortinget 18. november Haakon 7. avla eid til Grunnlova i Stortinget 27. november Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, både gjennom smånotisar og i større oppslag. I Høyvik fekk dei i oktober dette året 2000 makrell av prima kvalitet i eit kast. Noko vart selt som ferskvare til øre per stk., men mesteparten vart salta til husbruk. Større oppslag fekk utstillinga av sau og geit på Askvoll den 6. oktober. I januar 1905 snakka folk om rasulukka i Loen, natt til 16. januar, då over 60 menneske sette livet til. Døme på saker i kommunestyret var: utviding av vegen Askvoll kyrkje - Nyborg, nytt skulehus i Høyvik krins, innkjøp av bokskåp og bøker til Askvoll folkebibliotek, telefonanlegg Askvoll - Bulandet og nytt tårn på Askvoll kyrkje. (Sjå møtebokregister for Askvoll.) Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og Ole Sjurson Nordeide vart vald til ordførar. Han hadde vore ordførar sidan Karl Andreas Breyholtz var sokneprest og Reinhard Jørgenson

3 Side 3 av 6 Steen lensmann. Lag og organisasjonar Fleire idealistiske lag var aktive rundt om i bygdene, til dømes Askvoll Ungdomslag (skipa 1896), Holmedal fråhaldslag (1860), Ungdomslaget Vårvon (1901, Gjelsvik), fleire skyttarlag og mange misjonskvinneforeiningar. 17. mai 1905 I 1905 var det var ekstra stor oppslutning om 17. mai, som dette året var på ein onsdag. Fjordenes Blad hadde den 24. mai eit stykke om nasjonaldagen i Askvoll. Det var gudsteneste, folketog og samling hjå "Anders Askvold (Bøen) og datter Elisa", som hadde stilt plassen og huset til disposisjon for 17. mai-feiringa. Toget tok seg vakkert ut med tre store flagg, mange barneflagg og ikkje få kvinner i nasjonalbunad. På Atløy gjekk folk i tog og seinare var det fest i Leirvåg skulehus der kyrkjesongar Jens Askvold og redaktør David Leervaag m.fl. heldt talar. 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var óg ein onsdag og vanleg kvardag. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Sokneprest Breyholdtz las opp kunngjeringa frå preikestolen i Askvoll kyrkje søndag 25. juni. Kyrkjelyden reiste seg og etterpå song dei "Vår Gud han er så fast ei borg." Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1) Søndag 13. august skulle folket svara ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2) Søndag 12. og måndag 13. november skulle folket svara ja eller nei til om landet skulle utkåra ein konge. Begge røystingane vart haldne etter reglane for stortingsval og administrerte av lokale valstyre. Askvoll valsokn tilsvara dåverande Askvoll kommune. Holmedal kyrkjesokn høyrde til Ytre Holmedal (Fjaler) valsokn. Valstyret var samansett av lensmann R.J. Steen (formann), og formannskapet: ordførar O.S. Nordeide, sokneprest Breyholtz, sersjant H. Follevaag og gardbrukarane Mathias K. Stubseid, Johannes E. Vilnæs og Jakob M. Einen. I begge røystingane var det ein røystestad, i Askvoll kyrkje. I Holmedal kyrkjesokn røysta dei i Holmedal kyrkje. Røystene derifrå vart tekne til Dale og talde opp saman med dei andre røystene frå valsoknet. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet i Askvoll valsokn: Av 581 som hadde røysterett, vart det avgjeve 512 godkjende røyster. Det gjev ein frammøteprosent på 88,1%. Alle røysta ja.

4 Side 4 av 6 I Sogn og Fjordane fylke var frammøteprosenten 88,7 og berre tre røysta nei. Det føreligg ikkje særskilt taloppgåve frå Holmedal sokn. Om røystinga Ei melding Fjordenes Blad,12.08 fortel at i dagane før folkerøystinga dreiv folk på med å få høyet sitt i hus og at veret var noko ustadig. Det var stor interesse for den føreståande røystinga, og med ruteendringar av Fylkesbaatane, rekna dei med godt frammøte. Det rådde spenning om resultatet, om det ville koma neirøyster. "De kom dog ikke!", skreiv signaturen "M.G:" i eit avisstykke etterpå. Eit minne frå røystinga i Holmedal I femti år etter - fortalde Erling Vindheim om eit barneminne frå folkerøystingsdagen i Holmedal. Det var særleg to menn han hugsa. Om den eine, Jens Engebø, fortalde han: "Han kom med ein stor fletta lyng-krans forma som eit Ja og sette opp på veggen nær preikestolen. Frå den stund vart Jens Engebø "min" mann - og var det alltid sidan. Eg kan ikkje lesa om eller tenkja på 1905, ja, eg kan ikkje tenkja på holmedalskyrkja - og det gjer eg ofte - utan at han Jens Engebø stig fram denne merkedagen." Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. Aksjonen vart ordna på ulike måtar, mellom anna ved at listene låg ute i avisredaksjonane. I Leikanger kunne kvinnene skriva seg på utlagde lister i sakristiet under gudstenesta før røystinga. Vi har ikkje funne særskilde opplysningar om kvinneunderskriftsaksjonen i Askvoll. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Stortinget vedtok 31. oktober at det skulle haldast folkerøysting om Stortinget skulle velja prins Carl av Danmark til konge. I røynda var dette eit val om statsform, kongedømme eller republikk. I Fjaler (Ytre Holmedal) var folk opptekne av dette spørsmålet lenge før. Den 22. oktober sende eit folkemøte i Holmedal telegram til Stortinget med fylgjande oppmoding: "Til Stortinget. Folkemøte igaar i Holmedal uttalar: Til Trygd for roleg Utvikling for Framtidi og med rett som sjølvstyrt Folk, ventar me, at Folket vert spurde, ved Avrøysting eld Valg fyrr Avgjerdsla vert teki um Kongedøme eld Republikk." Telegrammet var underteikna av Bakke, Helgerud og Skarstein. Resultat Det vart folkerøysting, og resultatet av folkerøystinga i november for Askvoll valsokn var: Av 572 med røysterett,

5 Side 5 av 6 vart det avgjeve 451 godkjende røyster. Det gjev ein frammøteprosent på 78,8. To røyster vart forkasta. 409 røysta ja (90,7%) (for kongedømme), 42 (9,3%) røysta nei (for republikk). For heile fylket var tala (med røysterett) og (godkjende røyster), (80,4%) (for kongedømme) og (19,6%) for republikk. (Det føreligg ikkje særskilde taloppgåver for Holmedal kyrkjesokn) David O. Bakke - ruvande republikanar i Holmedal Fjaler (Ytre Holmedal) hadde prosentvis større oppslutning om republikk enn i Askvoll, 25,1% mot 19,6%. Kva kan grunnen vera til ein så stor skilnad? Noko av forklaringa er truleg Venstre-mannen og tidlegare stortingsmann D.O. Bakke som budde i Holmedal. Han var sterkt med i valkampen før avrøystinga. Bakke var med og skipa til folkemøte og skreiv artiklar i fleire aviser. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november. Tusenvis av feststemde menneske venta på dei. I Askvoll vart kongeinntoget markert med allmenn flagging og salutt. Dampskipa "Alden" og "Stavenes" - som denne dagen var framom Askvoll i rutene sine - hadde flagga oppe og helsa med salutt. Søndag 26. november salutterte dei fleire stader i Askvoll i høve dronning Maud sin fødselsdag. Takkegudsteneste 7. desember Torsdag 7. desember halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudsteneste rundt om i landet. I Askvoll var det takkegudstenester i kyrkja på Askvoll og i Holmedal; i Holmedal ved pastor Landmark. Vi veit ikkje noko nærare om innhaldet i gudstenestene, men etter Kyrkjedepartementet sitt rundskriv skulle dagens tekst vera Salmane 118, vers 23-26, og det vart rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland". Salmane 118, 23-24: Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no! Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Hermund Kleppa, Prenta kjelder: Fjordenes Blad , 01.07, 15.07, 12.08, Sogns Tidende Søndfjords Avis

6 Side 6 av 6 Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyra i Askvoll og Ytre Holmedal valsokn. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Møteinnkalling for Valgstyre

Møteinnkalling for Valgstyre Vågsøy kommune Møteinnkalling for Valgstyre Møtedato: 10.03.2016 Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtetid: Kl. 18:00-18:30 Innkallingen sendes medlemmene og de første varamedlemmer i hver gruppe.

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas 1,6 Kristi himmelferd: Jesus reiste frå jorda og opp til himmelen. Han skal koma att på same måten som han reiste. 2,1 Anden kjem pinsedagen: Læresveinane vart fylte

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Føredrag på stadnamnmøte i Gaupne, 11.2.2015. Av Randi Melvær, Fylkesarkivet (1) Alle dei 26 kommunane i fylket får publisert nokre av namna sine

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19 Vedlegg: 1. Brev frå advokat Louis Anda av 12.9.2008 2. Brev frå advokat Louis Anda av 21.11.2008 3. Brev til advokat Louis Anda av 19.11.2008 4. Brev til advokat Louis Anda av 5.12.2008 5. Brev frå advokat

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Ukens tema: Norge Norges nasjonaldag Norsk: Vi arbeider med nivå 1 og 2 i «Norsk start 8-10». Vi øver på å skrive fritekster i Word (Kristiansand). Vi øver på 17. mai sanger.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

1905 - Fjaler kommune

1905 - Fjaler kommune Side 1 av 6 'Dale i Søndfjord', Prospektkort frå Dale sentrum rundt århundreskiftet 1905 - Fjaler kommune Fjalerkarar som truleg var på nøytralitetsvakt i 1905. Frå venstre: Hans Sørebø (f.1881), Anton

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera stille

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille,

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

Møtebok for Bore sokneråd. Olaug Mestad Slettbakk, daglig leder Siri B. Lindtveit deltok på sak 08/14 11/14

Møtebok for Bore sokneråd. Olaug Mestad Slettbakk, daglig leder Siri B. Lindtveit deltok på sak 08/14 11/14 Side 1 av 5 DEN NORSKE KYRKJA Bore sokneråd Protokoll frå møte Frå saksnummer: 08/14 Til saksnummer: 16/14 Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 13. febr.2014 Møtestad: Kyrkjestova på Bore. Av soknerådet sine

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer