Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005"

Transkript

1 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer frå 1 frå høgre, andre rekkja.) Vik kommune Anfinn Refsdal ( ), stortingsmann 1905, lærar og klokkar, venstremann og målmann. Refsdal var i Danmark den 13. august. Han sende eit ope brev til veljarfolket i Vik som stod i Sogningen 1. september. I brevet står m.a.: 'Jeg havde ikkje den glæde at være hjemme og se den begeistring, som valgdagen frembød; men dagen derpaa fik jeg opleve begeistringen, da den kom til Danmark. Da jeg om morgenen den 14de kom ud fra mit værelse, kom en pen ung danske til mig og gratulerede hjertelig med udfaldet saa langt, som det da var kjendt.' I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Vik kommune. Vik kommune 2005 større enn i 1905 I 1905 var Vik kommune var geografisk annleis enn Vik kommune hundre år seinare. Kommunen var identisk med Vik prestegjeld og omfatta kyrkjesokna Vik, Arnafjord og Kvamsøy. 1. januar 1964 vart Kvamsøy på nordsida av Sognefjorden overført til Balestrand samstundes med at Vangsnes sokn vart overført frå Balestrand til Vik. 1. januar 1992 vart Fresvik (med unnatak av Frønningen) og Feios kyrkjesokn overførde til Vik frå Leikanger. "i sterk Spaning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Dessutan hadde nokre få telefon. Kyrkjesongar Nils Tjønn, Feios, fyrste formannen i Feios Ungdomslag. Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Ein mann i Undredal i nabokommunen Aurland fortalde i eit lesarbrev til ei avis korleis det hadde vore der i bygda: "Um den aalmene Meining i vaart Fridomsarbeid er det nokolunde det same aa melda her som paa ymse andre Stader i Landet. Folket her hev mest samstødt stade i sterk

2 Side 2 av 7 Spaning etter aa faa vita Meldingar um "Situationen". Dei hev fylgt noko godt med det som hev hendt, og Avisor hev det helder ikkje skorta paa, korkje store elder smaa, Høgreblad elder Vinstreblad." Det var tre faner i 17. maitoget i Vik i Vikørens folkefane var ny av året og hadde ein sterkt nasjonal bodskap. I avisnotisen står: Vikørens nye Fane er nu færdig og vil i dag for første Gang vaie i Folketoget. Fanen er af blaa Uldsatin og bærer Indskripsjonen: Vi vil os et Land, som er frelst og frit. 17de Mai Den norske Rigstelegraf. Telegram fra Vik i Sogn '7/6': gud signe faedrelandet og dets nye styre! her flager vi af glaede over dagens store beslutning. tusen tak! edv. liljedahl. Avisa Sogningen - eit "Høgreblad" kom ut i Vik Det kom ut to aviser i Sogn i 1905, eit "Høgreblad" og eit "Vinstreblad", Sogningen og Sogns Tidende. Sogningen kom ut i Vik frå 1897 med stavangermannen Rasmus Thorsen som redaktør. Han kom frå Sandane i Gloppen der han hadde starta opp høgreavisa Nordfjord. Den både større og eldre avisa Sogns Tidende kom ut i Sogndal med Jens Kvåle som redaktør. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, likeeins utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet, og då særleg bygging av sjukehus i Lærdal. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. "Ny Mølle i Vik" var oppslag i Sogningen 1. mai. Svein A. Aase hadde bygd mølle etter "allernyeste Modell" på Hove, visstnok ein god del større enn noko anna i heile Sogn. Sogns Tidende melde i april at ungdomslaget i Feios skipa til basar 3. påskedag til inntekt til orgel i kyrkja (På plass 1913). I same stykket vart opplyst at medan bygda året før hadde vore oppskremd av difteri, hadde helsetilhøva vore gode den siste vinteren, bortsett frå at kikhoste hadde vore til plage for småborn. Eit barn døydde like før påske. (Den fem år gamle Andrina Andersdotter Solheim døydde 18. mars 1905.) Større oppslag fekk Loenulukka natt til 17. januar då eit fælsleg ras ved Lovatnet øydela fleire gardar og tok livet av 61 menneske. Det vart sett i gang innsamling til dei skadelidne i heile landet og halde ofring i kyrkjene. Resultatet av folkerøystinga 13. august vart forma som ein plakat til innramming. Folk kunne kjøpa plakaten og hengja han opp på veggen. Plakaten er både til pryd og folkeopplysning. Under bileta av statsminister Michelsen og stortingspresident Berner står resultata for byane og amta (fylka). I ei fotnote står at Lillehammer var nummer 1 av byane, og: Vik i N. Bergenhus no. 1 af Landskredserne. Af 703 Stemmeberettigede stemte 692: Alle Ja. Fleire ungdomslag Den frilynde ungdomslagsrørsla stod sterkt. Vi kjenner til ungdomslag på Sylvarnes (skipa 1902), Arnafjord (1895), Vik (1898), Feios (1886) og Fresvik (1888). Alle arbeidde meir eller mindre på same måten. Dei hadde møte med foredrag og ordskifte, handskrivne lagsblad og opplesing. Dei var opptekne av "det nasjonale og norske". Flaggsaka, røysteretten, unionsspørsmålet og målsaka var emne dei hadde oppe på møta sine i Fresvik dei fyrste åra. Nokre stader fekk ungdomslaget i gang andre lag: mållag (Vik), skyttarlag og songlag (Feios) og skoglag (Arnafjord). Storstemne i 1905 Sogn Ungdomslag, skipa 1896, heldt årvisst eit to dagars sommarstemne for dei tilslutta laga. I 1905 var stemna i Vik.

3 Side 3 av 7 Dei rekna at kring 3500 var tilstades. På programmet stod ikkje mindre enn åtte foredrag. Amtmann John Utheim heldt foredrag om sjølvstendekampen sidan 1814 og kyrkjesongar Andreas Vamraak tala om "Norsk skule i eit norskt land." Søndag "holdt sogneprest Solheim [tilreisande] fuld Gudstjeneste paa Landsmaal", og som punktum på stemna sende dei telegram til "Regjering og Storting i anledning den politiske situation." Det nye kongeparet, kong Haakon 7. og dronning Maud. Årsmøte i Vik mållag Mållaget i Vik heldt årsmøte og Blix-fest i slutten av april. På årsmøtet bad ein eldre mann mållaget om å gjera noko for å få Blix sine salmar på nynorsk med i kyrkjesongen. Dei samla inn pengar til minnestein over salmediktaren og dei sende helsingstelegram til forfattaren Sigurd Nesse, fødd på Nessane i Kvamsøy, då busett på Eidsvoll. Dei gratulerte med forteljinga hans "Vaaronn" som kom ut året før. Telegrammet hadde denne ordlyden: "Viks maallag - samla til aarsmøte og minnefest for Blix - sender deg si hjartelige takk for di gode "Vaaronn" og det gode sæd du sådde for heilnorsk kulturliv i Vik." 17. mai 1905 Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905, ein onsdag. I Vik byrja dagen med salutt frå den gamle eksisplassen. 17- maitoget - med tilslutning "som aldrig før" -, gjekk om ettermiddagen frå kommunelokalet, ned Rulsen til Vikøyri, rundt denne og Vetleøyri til Vangsbrua og til skulen. Militærmusikken var med i toget, og tre faner, - Ungdomslaget si, Skyttarlaget si og den splitter nye Vikørens Folkefane. Så og seia alle borna hadde flagg. Sogningen, Edvard Liljedahl heldt ein "formfuldendt, tankerig og mandig Tale for Dagen." (Liljedahl var utflytta vikje, utdanna lærar, stortingsmann i fleire periodar, statsråd 1889, postmeister i Ålesund frå 1891 og Bergen frå 1901 og i 1905 stortingsrepresentant for Ålesund og Molde. Kjøpte i 1905 eigedomen Havnen i Vik.) D/S "Sogn" var oppom klokka halv seks. Bryggja var "propfuld af mennesker" med faner og militærmusikk. Seks kraftige skot "drønnede (..) fra Havnen" då skipet stod mot land, - som skipet kvitterte for ved avgang. Seinare på kvelden var D/S "Firda" også oppom. Klokka åtte skipa ungdomslaget til folkefest i Kommunelokalet. Av eit detaljert referat i Sogningen går det fram at ordførar Svein S. Aase ga løyve til å ta ein svingom, og at klokka elleve "afbrændtes der i Redaktør Thorsens Have et lidet pent Fyrværkeri." 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var óg ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare.

4 Side 4 av 7 Edvard Liljedahl sende straks gratulasjonstelegram til Stortinget og eit par dagar seinare brev til lærar Andreas Vamraak på Kyrkjebø. Om 7. juni skreiv han: "Leve et fuldt frit Norge! Jeg er med med Liv og Sjæl, heiste mit Flag 7de Juni og sendte telegram til Thinget. Saa skal det vere, Gut. Lad os nu haabe den bedste Udgang - jeg tror paa Fred. Aa, hvor det er deiligt, at Svenskeriet er dødt og dødt, fordi det gjorde sig selv umuligt. Mer, naar vi træffes. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Edvard Liljedahl vona det beste og trudde på "Fred". Etter 7. juni fylgde alvorlege og spanande dagar. Korleis ville Sverige stilla seg til unionsbrotet? Fram til månadsskiftet november/desember fylgde fleire dramatiske hendingar og avgjerder. Det var to folkerøystingar i 1905: 1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Vik valsokn tilsvara dåverande Vik kommune. Valstyret på 10 medlemmer var sett saman av lensmannen og formannskapsmedlemmene. I begge røystingane møtte varamenn for medlemmer som hadde fråvære. Ved røystinga i august hadde tre medlemmer fråvære: 1) kyrkjesongar Anfin Refsdal (på reise i Danmark), fanejunker N. Erdal (i militærteneste), Olav G. Tryti (dødsfall i familien). For desse møtte to varamenn: Elling H. Stadheim og Anders J. Sæbø. Dei andre i valstyret var: lensmann A. Øen, Svein Aase, Ole H. Refsdal, B. Straume, N. Livden, B.K. Gjeithus og Johannes Løsne. Ved røystinga i november var desse med: lensmann A. Øen, N. Erdal, Olav G. Tryti, Svein S. Aase, Ole H. Refsdal, Johannes Lønne og B. Straume, N. Livden, og varamennene Anbjørn S. Kvamme, Elling Stadheim og Endre L. Vold. I begge røystingane var det i Vik valsokn ein røystestad, Vik kyrkje, der oppteljinga også føregjekk. I Fresvik og Feios, som høyrde til Leikanger kommune og Leikanger valsokn, var kyrkjene røystelokale i begge røystingane. Dei særskilde røystestyra tok med seg valurnene til Leikanger der oppteljinga føregjekk samla for heile valsoknet. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Vik valsokn: 703 hadde røysterett. Det vart avgjeve 692 (98,4%) godkjende røyster. Alle røysta ja. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett. Det vart avgjeve (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: hadde røysterett, godkjende røyster ( ja, 184 nei. Vik på landstoppen Frammøtet i Vik vart lagt merke til: "Ca 99 %. Nummer 1 i

5 Side 5 av 7 Amtet!" var ein del av overskrifta på eit langt stykke i Sogningen om røystedagen i Vik, "en Dag som aldrig vil glemmes i Bygdens Historie". Det redaktøren i Sogningen ikkje visste då, var at Vik ikkje berre var best i fylket, men nummer ein i heile landet. Ikkje noko anna valsokn i landdistrikta hadde høgare frammøteprosent. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. Underskrifts-innsamlinga vart ordna på ulike måtar. Det vart sendt lister til avisredaksjonane, og vi kjenner til at folk skreiv seg på lister hjå Fjordenes Blad, Nordfjordeid, og Sogns Tidende. I kyrkja på Leikanger fekk kvinner over 25 år høve til å skriva namna sine på lister i sakristiet før røystinga. Vi kjenner ikkje til underskriftslister i noverande Vik ommune. 13. august "den største dagen me hev havt." Fylkesbaatane frakta veljarar gratis den 13. august, la om rutene sine og gjekk ekstraturar. I Vik gjekk D/S "Fjalir" ekstratur. Søndag morgon la skipet flaggsmykka frå kai i Balestrand, med militærorkesteret frå Viksmoen på dekk, - ut fjorden og innom stoppestadene i Kvamsøy, kryssa så over fjorden til Sylvarnes og var vidare innom Framfjorden før ankomst til Vik i 10-tida. Veljarfolket og ei mengd andre gjekk i tog til kyrkja under faner og flagg og med musikk i spissen, - til gudsteneste, røysting og ventetid på resultatet. Då det heile var over, og valstyret hadde kunngjort eit samrøystes ja, var det å ta på heimvegen. "Fra Kirken Marcherede man under fuld Musikk nedover til Dampskibsbryggen," skreiv avisa Sogningen. Aldri hadde nokon sett maken til noko liknande i Vik. Mellom 1500 og 2000 var med. Og då "Fjalir" la frå bryggja på returreisa, drønna det sju skot frå land, som "Fjalir" svara på med fire skot. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Vik valsokn: 703 hadde røysterett, 556 (79,0%) godkjende røyster. 524 (94,2%) røysta ja (for kongedømme), 32 (5,8%) røysta nei (for republikk). Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett, (78,3 %) godkjende røyster (80,4%) røysta for kongedømme, (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: hadde røysterett, godkjende røyster (73,5%) (79,5%) røysta for kongedømme, (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der

6 Side 6 av 7 tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. I Vik feira dei stort. Søndag 26. november var det stort folketog gjennom bygda, og folkefest i kommunelokalet, der "Bygdens Damer" hadde gjort eit storarbeid: "En mere stilfuld, værdig og samtidig belivet Fest er neppe holdt i Vik. Salen var enestaaende vakkert dekoreret med Grønt, Blomster, Flag, Vimpler, nationale Tepper og kulørte Lygter, ligesom Vægge og Talerstol ogsaa var prydet med Billeder af Kongepar, Regjering og Storthing. "Alt for Norge" i kjæmpestore Bogstaver var anbragt over Døren saavel uden- som indenfor Lokalet. Snart fyldtes Salen af festklædt Publikum." Mange heldt tale. Overettssakførar Riisnæs opna med tale for kongeparet, gardbrukar Olav G. Tryti for fedrelandet, soknepresten for Stortinget, distriktslege Helsing for Regjeringa, hotelleigar Hopstock for dronninga og lensmann Øen, for "Damerne". Det vart sendt ikkje mindre enn tre telegram, - til Kongen, statsminister Michelsen og Stortinget. Ordlyden i telegrammet til Michelsen var denne: "Kvinder og Mænd forsamlede til Folkefest i Vik i Sogn sender Dem og de øvrige Medlemmer af Regjeringa vor dybfølte Tak for vel udført Arbeide i Fædrelandets Tjeneste. Festkomiteen." Nasjonal takkegudsteneste 7. desember. På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudsteneste i mange kyrkjer rundt om i landet. I Vik noterte presten i dagsregisteret sitt: " Takkefest i Anledning af Norges Frigjørelse: Text Ps. [Salmane] 118, 23-26: Hvad vi har at takke for og hvem vi skal takke." I ein takkefest same dag, på Bedehuset om ettermiddagen, tala han over salme 145. Folkefest 29. desember Mange stader var det også skipa til folkefestar i desember for å markera det hendingsrike året Laurdag 29. desember hadde Sogningen ei kunngjering om "Folkefest" i Vik. Medlemmer av kommunestyret og andre ba inn til "en festlig sammenkomst" på Kommunelokalet i høve "Noregs Frigjørelse." Folk kunne kjøpa bilettar a 50 øre i Viks Forbrugsforening. Stortingsmennene Refsdal og Liljedahl vart bedne inn som heidersgjester. Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Hermund Kleppa, Prenta kjelder: Sogn Ungdomslag 50 år Avisa Sogningen Sogns Tidende Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret i Vik valsokn.

7 Side 7 av 7 Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Ukens tema: Norge Norges nasjonaldag Norsk: Vi arbeider med nivå 1 og 2 i «Norsk start 8-10». Vi øver på å skrive fritekster i Word (Kristiansand). Vi øver på 17. mai sanger.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

Stryn kommune

Stryn kommune Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

BIBELOMSETJAREN. «No tek du Bibelen, so greider eg Homer.» A. O. VINJE til Elias Blix 1869

BIBELOMSETJAREN. «No tek du Bibelen, so greider eg Homer.» A. O. VINJE til Elias Blix 1869 BIBELOMSETJAREN «No tek du Bibelen, so greider eg Homer.» A. O. VINJE til Elias Blix 1869 Frå 1881 fekk Det Norske Samlaget statstilskot til omsetjing av Bibelen til nynorsk. Elias Blix var no blitt professor

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. LEIESTJERNA Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. Han var med og omsette Bibelen til nynorsk, skreiv

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Høst 2013 Tid: Tirsdag 26. november kl. 9-13 (4 timer) Sted: Lesesal B + C Sophus Bugges hus Ingen hjelpemidler tillatt. Oppgavesettet er på 3 sider, forsiden

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Føredrag på stadnamnmøte i Gaupne, 11.2.2015. Av Randi Melvær, Fylkesarkivet (1) Alle dei 26 kommunane i fylket får publisert nokre av namna sine

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

No sprett knuppane og sevja stig

No sprett knuppane og sevja stig No sprett knuppane og sevja stig Sein vår i år, men du verda for eit drivande ver når det no fyrst losna; med mildver og regn og ei rekkje kulturhendingar både i vårt lag og leikarringen og i nærskylde

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Eid kyrkje brukt som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv. Fotograf Isak Hellebust tok ein serie med bilete i kyrkja ved avrøystinga

Detaljer

Saksbehandling kva er no det?

Saksbehandling kva er no det? Saksbehandling kva er no det? Rådgjevar Ole Knut Løstegaard Eforvaltningskonferansen 2012, Oslo, 16/2-2012 Innleiing «Saksbehandling»: ubestemt omgrep Brukt ei rekkje stader i lov- og forskriftsverket

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

11. Bøker og bokomsetning

11. Bøker og bokomsetning Kulturstatistikk Gro Kamfjord. og bokomsetning I blei det avlevert over 0 000 nye boktitlar til Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket registrerte også blant anna om lag 300 millionar vevdokument i.

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar Kollektivtransport i Suldal og Sauda frå 1.1.2016 Den nye brua over Sandsfjorden fører til at ferja blir nedlagd 1. januar 2016 og at buss og båtrutene blir endra. I dette heftet finn du rutetabellar og

Detaljer

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal Velkomen til kulturbygda Lærdal Ein tur i Hans Gjesme sine motiv Den lokale kunstnaren Hans Gjesme gav ved sin død i 1994 Lærdal kommune ei kunstgåve på vel 1500 kunstverk som omfattar måleri, grafikk,

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19 Vedlegg: 1. Brev frå advokat Louis Anda av 12.9.2008 2. Brev frå advokat Louis Anda av 21.11.2008 3. Brev til advokat Louis Anda av 19.11.2008 4. Brev til advokat Louis Anda av 5.12.2008 5. Brev frå advokat

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Sommartur til Sverige,

Sommartur til Sverige, Sommartur til Sverige, 7 dagarstur med avreise 30. juni 2015, Storby, «glasriket» i Småland og grensehandel På denne turen skal vi i tillegg til Stockholm og Gøteborg, mellom anna innom salmediktaren Lina

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje 1 Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje Tidleg morgon i mai. Sol over messeområdet i Örebro, Sverige. Ti Bergen CK- veteranar klare til start, pent oppstilte på to linjer, alle i oppdaterte

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 15. april 2015

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 15. april 2015 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 15. april 2015 Frå saksnummer: 20/ 15 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 30/ 15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

DIS- Sogn og Fjordane

DIS- Sogn og Fjordane DIS- Sogn og Fjordane ÅRSMELDING 2014 Årsmelding 2014: DIS-Sogn og Fjordane Årsmeldinga gjeld for perioden frå 01.01.14 og til og med 31.12.14, med unnatak av avsnittet som gjeld minneord over leiar Geir

Detaljer

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon VOLDA KOMMUNE Utvalg: Valstyret Møtestad: Voldsfjorden, Volda rådhus Dato: 05.04.2016 Tid: 12:00 MØTEINNKALLING Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Møtedato: 23.02.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 - Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er,

Detaljer