Fjaler kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Fjaler kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 'Dale i Søndfjord', Prospektkort frå Dale sentrum rundt århundreskiftet Fjaler kommune Fjalerkarar som truleg var på nøytralitetsvakt i Frå venstre: Hans Sørebø (f.1881), Anton Gallefoss (f.1881) og Torsten Gallefoss (f. 1881) Interiør og eksteriør i Guddal kyrkje, ein av stemmestadane i Bileta over viser prestane frå 1852 til Frå venstre: Peter- Lorentz de Ferry Smith ( ), Edvard Michelsen ( ) og Hilmar Vasstrand (f.1862). I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Fjaler. Fjaler kommune i 1905 Fram til 1911 heitte Fjaler kommune Ytre Holmedal og omfatta Dale, Guddal og Holmedal sokn. Også grensene var annleis enn i dag: Før 1990 høyrde den delen av Holmedal sokn som låg på nordsida av fjorden (områda frå Rivedal til Helle), Fossedal og områda frå Laukeland til Kleppe (i noverande Gaular) til Fjaler. Bygdene på sørsida av fjorden frå Fure og ut til Folkestad høyrde til Askvoll. Gardane Skitnevik og Byrkjosen (i noverande Høyanger), aust i Guddalen høyrde fram til 1942 til Fjaler. Folketeljinga i 1900 viser at det budde 3776 personar i Ytre Holmedal kommune. Jordbruk var den viktigaste næringa, gjerne i kombinasjon med fiske. Industri Det var industri rundt Dalsfjorden alt i I Holmedal var Troldefos Uldvarefabrik, Firda Brusfabrikk og teglverk både på Helle og i Vårdal. I Dale var det bakeri, salteri og kloggfabrikk. Dale vart kopla til rikstelefonnettet i 1902, og aktiviteten med å kople seg til telefonnettet var stor i bygdene i Fjaler både i privat og offentleg regi. Ytre Holmedal Sparebank (skipa 1873) heldt hus i kommunehuset i Dale. David Olson Bakke (f.1857) frå Bakke i Holmedal. Stortingsmann frå og i Han var ordførar i Fjaler i ni år og lensmann frå Stoppestadar Dalsfjorden var hovudfartsåre og bindeledd til verda og mellom bygdene på begge sider av fjorden. Om du kom sjøvegen med Fylkesbaatane si rute frå Bergen til Bygstad i 1905, var fyrste stoppestad Korssund. Forutan stoppestadane i det som i dag høyrer under Askvoll kommune tok "Dampen" deg vidare til Grytøyra, Hellevik, Gjølanger, Straumsnes, Fagervik (Jensbua), Flekke og Dale. Alle desse bygdene hadde postopneri. Vegane i Fjaler i 1905

2 Side 2 av 6 Sjå video/lyd Skal Norge bli republikk eller monarki? Høyr D. O. Bakke sitt innlegg i debatten slik det kom på trykk i Sogns Tidende (Windows Media Player) Vegane var få og skrale og det raskaste framkomstmiddelet på land var hesten. Ei skildring av ei reise til Sørebø i Guddalen som distriktslege Dahl i Askvoll gjorde i 1905 høver godt som døme på samferdsletilhøva langs vegene: «Paa Thuland maatte baade hest, medicinkiste og reisehyre lades tilbage, sneen blev saa dyb og rokket saa tæt, at hver mand fik nok med sig selv; 2 mand maatte skiftes med at braute veien, og vi maatte nøiagtig følge i hinandens spor. Alle broer var revet væk af flommen, saa dels maatte der hentes stiger, for at vi paa disse kunde klavre oss over, dels maatte vi klyve i fjeldet langs elvekanten, udsat for med den løse sne at glide ned langs skraaningerne; en af elvene passeredes paa hesteryggen, men det var heller ikke behageligt i den stride strøm og paa glatte stene. Visselig er ikke min reise omtale værd i sammenligning med, hvad mange læger under haardere naturforhold maa kjæmpe med, men jeg forstaar ikke, hvorfra jeg ved fremkomsten, om der havde foreligget et barseltilfælde eller lign. operativt indgreb, skulde hentet kræfter»...tung og daarlig.. Amund Helland si utgreiing om Nordre Bergenhus amt i serien "Norges land og folk" frå 1901 gjev oss eit godt innsyn i vegnettet ved hundreårsskiftet. Der går det fram at den lengste samanhengande vegstrekninga kom inn i kommunen ved Nautsunddalen. Vegen nordover tilsvarar noverande riksveg 50 via Rennestraum, Flekke, Stav, Sletteland og Dale. Vegen vert av Helland omtala som 3.7 meter brei, og er visst nok frå Rennestraum til Dale "tung og daarlig". Av andre "kjørbare veie" nemner han ein vegstubb frå Leitet til Tyssedal. Frå Hellevik fører ein "bedre ridevei" til Lone og Holt. Vegen deler seg så i to, der ein veg fører til Langesjøen med båtskyss til Hyllestad kommune. Den andre vegen (noverande riksveg 607) går aust for Loneelva til Horne i Hyllestad...en daarlig ridevei.. Frå bygdevegen ved Stav tek ein rideveg av sørover øst for "Klibberen" (Klibberdalsfjellet). Vegen deler seg deretter i to: ein veg fører langs Bjørndalselva (Bjordalen) til Nautsundvatn og ein veg fører forbi "Svartvatn" (Svartetjørna) til Guddal, og derfrå vidare over Tuland, Gallefoss, Heggheim og vidare til Årberg i Gaular. Frå Dingsøyr går ein rideveg sørover langs austsida av Skilbreidvatnet og inn i Lavik kommune. Frå Seljebakken (ved Steinsetvatnet) går det ein rideveg til Myklebust og opp gjennom Vassdalen til Steiestøl. Frå Sunndalen går den same vegen vidare til Norddalsvatnet og vidare til Strandenes. Ved Dale går det ein veg frå "Haugsbakke" austover til Skadal og vidare til Norddal, medan det på nordsida av Dalsfjorden går "en daarlig ridevei" frå Fossevik til Fossedalsgardane. Tok ein båt over Fossedalsvatnet og Krokvatn, kom ein seg vidare over fjellet til Førdefjorden.

3 Side 3 av 6 "Denne forbindelse er vistnok daarlig, men passeres af og til af fodgjængere" kommenterer Helland. Fjaler - ein nynorskkommune Målsaka var ei varm potet i Fjaler i Sokneprest i Solund, Rasmus Haugsøen, var aktiv målmann i Sunnfjord. Han kjempa hardt for nynorsk som kyrkjespråk og heldt gudsteneste på nynorsk i Dale kyrkje i "Kyrkja vart full og det gjekk bra" minnes han i Sunnfjord Ungdomslag sitt jubileumsskrift frå Men målstriden var eit svært brennbart tema også i Dale. Under kveldsmaten saman med verten sin, misjonsprest Egenes, gjekk det nesten over styr: "Me rauk ihop ved kveldsbordet um maalsaki, so den milde og gilde frua hans laut avstyra oss. Men so var me kan henda enno betre vener baketter, daa me skyna, at det var krutt i oss baae. Me leika ikkje meir med kruttet." Heradsstyret held fest Etter kommunevalet i 1904 vart det David Olson Bakke ( ) frå Venstre som overtok vervet som ordførar i Fjaler. Søndfjords Avis ( ) gjev oss eit lite innblikk i livet på heradshuset ved inngangen til 1905: "Siste møte i Heradsstyre den 29de desember slutta med ein liten Fest. Traktementet var Kaffi og Smaabraud og talarne gjekk slag i slag". På den same festen vart gardbrukarane Johan T. Arstein og Ola T. Kleppe heidra av ordføraren for lang og tru teneste i heradsstyre. Heradskasserar J. Barsnæs sa fram dette diktet til dei to veteranane: "Naar Veteranen gjeng i fraa og legge ned sitt Yrkje daa vert det justsom alvorsfullt som sat me i ei Kyrkje. Me sit og sturar kvar for seg og ser den eine og den andre ganga burt sin Veg. Det er so rart naar Gamlefolket gjeng or Huset, det er som sit du att med tome Kruset. Det vert so tomt aa audslegt alt darinne; me siter att med berre Minne Men det kan ogso vera gott aa ha, og helst naar det er gildt og bra. Den Mann er sæl, som etterlæt eit fagert Minne han treng ei skjemmast kvar han gjeng, korkje ut' eld' inne. So vil me daa takka Gamlemennerne for deira Stræv, og ynskja at dei unge maa verta like gjæv' og læra av dei gamle som gjeng burt" Ein engasjert ordførar Ordførar D.O. Bakke var svært engasjert i den nasjonale, kulturelle og politiske fridomsstriden. Også målsaka opptok han i stor grad, og han var den første som nytta skriftleg nynorsk i Fylkestinget i Sogn og Fjordane (i 1896). Han sat i styret for Firda mållag og "Firda og Sygnafolket folkevæpningssamlag". Då Sunnfjord Sogelag vart skipa i 1910, var han ei kraft i arbeidet og ein sjølvskriven formann. Han såg også tidleg kva vegar og kommunikasjon hadde å seie for utviklinga i bygdene. Då fylket valde si første vegplannemnd i 1905, vart David O. Bakke vald til formann i nemnda. Han sat også i styret for Fylkesbaatane frå 1906 til 1921.

4 Side 4 av 6 Folkemøte i Dale og Holmedal Regjeringa Hagerup søkte avskjed 1. mars Fem dagar etterpå kunngjorde spesialkomiteen i Stortinget at dei i sitt vidare arbeid ville gå inn for å oppretta eige norsk konsulatstell i inneverande stortingsperiode ved lov. Lova skulle iverksetjast 1. april 1906, og frå same dato skulle det felles konsulatstellet seiast opp. Denne radikale kunngjeringa danna grunnlaget for utnemninga av regjeringa Michelsen laurdag 11. mars. Alt dagen etter vart det halde folkemøte i Dale og Holmedal med til saman "vel 100 møtande". Dei to møta slutta seg til spesialkomiteen ("sernemdi") si kunngjering og vedtok denne kunngjeringa: "Møtet uttala tilslutning til sernemdi, men vonar, at um kgl. Sanktion ikkje fåast no, so vil Storting og riksstyre ikkje nøla, men handla fort og kraftigt." Dei heile kom på trykk i Søndfjords Avis måndag 13. mars, signert innbydaren sjølv: D.O. Bakke. Liknande støtteerklæringar kom også frå andre kantar av landet, men få ordførarar reagerte like kjapt som Bakke. 17. mai 1905 I Dale var det i fylgje Søndfjords Avis ( ) "ualmindelig stor Tilslutning vid Festligholdelser av 17de Mai". I den stutte meldinga i avisa går det også fram at ordføraren heldt tale. 7. juni 1905 Onsdag 7. juni 1905 vart unionen med Sverige oppløyst. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga, og kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Frå nabokommunen Askvoll veit vi at soknepresten las opp kunngjeringa frå preikestolen i Askvoll kyrkje søndag 25. juni. Kyrkjelyden reiste seg og etterpå song dei "Vår Gud han er så fast ei borg." Folkerøystinga 13. august 1905 Som elles i landet var det folkerøysting i Ytre Holmedal valsokn 13. august Innbyggjarane i kommunen skulle no seie si meining om unionen med Sverige. Det var høve til å røyste på tre stader i valsoknet: I kyrkjene i Holmedal og Guddal og i kommunelokalet i Dale. Dagsregisteret til Ytre Holmedal prestegjeld viser at hjelpeprest L.R. Landmark heldt gudsteneste med temaet "Vogter Eder for de falske Profeter". På grunn av at Dale kyrkje var under oppussing, var gudstenesta i kommunehuset. I Dale vart valurna forsegla og "hensattes i Ytre Holmedal sparebanks aflaasede kontor i kommunelokalet". Stemmene frå kyrkjene i Holmedal og Guddal vart frakta til Dale om kvelden den 13. Neste morgon klokka 9 var alle medlemmene i valkomiteen for Ytre Holmedal samla for å telje opp stemmer. Leiaren for møtet, lensmann O.B. Steen, kunne saman med komitémedlemmene Christian Jensen, Søren K. Sletteland, Andreas Sande, Torgeir Hellevik, O.J. Espedal, Øystein Sørebø, Knut Bakkebø, Peder Svartefoss,

5 Side 5 av 6 ordførar D.O. Bakke og referent A. Faleide, konkludere med at fjalerbuene ikkje hadde vore mykje i tvil. Av dei 805 innbyggjarane som hadde røysterett, var det ingen som røysta nei til skilsmålet. I alt hadde 762 menn røysta ja, noko som gav ei valdeltaking på over 94 prosent, trass i at valet kom midt i håslåtten. I tillegg kan det nemnast at 12 av i alt 101 såkalla "forfaldsanmeldelser" (stemmer gitt via tredjeperson) og tre ordinære stemmer vart forkasta av stemmemøtet. Fjalerbuene var ikkje noko særsyn i denne samanhengen. Over heile landet var valdeltakinga høg, trass i at vedtaket i Stortinget om at valet skulle finne stad kom berre 2 veker før avstemmingsdagen (28. juli). Resultatet av eintydig over heile landet: berre 184 nordmenn røysta nei til oppløysinga av unionen. Ordføraren vil ha ny folkeavrøysting Det neste slaget sto no om kven som skulle få siste ord i val av statsform for landet. D.O. Bakke kasta seg inn i diskusjonen og gjekk hardt inn for at også dette spørsmålet måtte avgjerast ved folkeavrøysting. Den 22. oktober sende eit folkemøte i Holmedal ut eit telegram til Stortinget der dei gjorde det klart at dei forventa at folket vart spurde. Telegrammet var signert "Bakke, Helgerud og Skarstein". Dei tre karane skulle få det som dei ville. Den 12. november var det på nytt folkeavrøysting i Dale, Holmedal og Guddal. "det vert ein kreftskade" I forkant av valet var D.O. Bakke aktiv i valkampen. Den 10. november 1905 dukkar det til dømes opp eit lengre innlegg i Sogns Tidende der han luftar sine meiningar om monarkiet som statsform. Han skriv mellom anna: " Me talar um ein million: - det vert millionar; det vert ein kreftskade, som ikkje kann setjast i tal. Me hev sidan 1814 havt litt av kongedøme. Eg hev sjølv set ein snipp av det, - men naar du daa tenkjer paa vaare kaar her i landet, korleis ein maa stræva for livet og for skattarne, daa gjeng du derifraa med redsla og med avsky, og du ser, at eit kongedøme her høver til vaart demokratiske men fatige folk som knytte neven til det blaa auga. Eg er viss um, at fekk folk aalment høve til personlegt aa sjaa og kjenna kongedømet, so vilde deira "nei" koma over det som ein stormvind og jaga dei dit, der dei kom ifraa." Han trekkjer vidare fram Sveits som eit framifrå føredøme: "Um nokon kom til dei og baud dei ein konge: dei vilde tru dei høyrde heime i galehuset. Dei betalar præsidenten sin, som er vald av stortinget kr for aaret. Og dei hev justsom litt betre raad enn me." Folkeavrøystinga 12. og 13. november 1905 Oppslutninga om kongedømet vart likevel på 74,9 prosent i Fjaler. I alt 481 personar ville ha prins Carl som norsk konge medan 161 stemde nei til monarkiet. Dette var likevel noko lågare oppslutnad enn nabokommunane Askvoll (90,7), Hyllestad (96), og Gaular (92,9). Noko av forklaringa på dette må nok tilskrivast ordførar D.O. Bakke sin aktive innsats.

6 Side 6 av 6 Fleirtalet i Fjaler fekk viljen sin då prins Carl av Danmark vart krona til konge i Norge 22. juni 1906 og tok namnet Håkon den 7. Takkegudsteneste 7. desember Torsdag 7. desember halvtårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. I Ytre Holmedal var det takkegudstenester i Dale ved Prost Michelsen og i Holmedal ved Pastor Landmark. Etter oppmoding frå kyrkjedepartementet vart dagens tekst henta frå salme 118 vers 23: "Lad os glæde os og give Gud Æren! Thi Folkelykken vi har faaet, er fra ham; Fremtidens Opgave vil vi trygt bede ham velsigne" Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Øystein Åsnes, Prenta kjelder: Søndfjords Avis: , , Sogns Tidende: Seip, H. : Sogn og Fjordane fylke, Eit tilskot til kommunalsoga (Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958) Thingvold, Georg H.: Televerket i Sogn og Fjordane (Televerket 1984) Sunnfjord Ungdomslag 25 aar (Sunnfjord Ungdomslag 1923) Kjelda nr. 1, 2005 (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005) Jul i Sunnfjord 1958 (Sunnfjord Sogelag 1958) Målreisingssoga i Sogn og Fjordane 1950 Helland, Amund: Norges Land og Folk, typografisk statistisk beskrevet (Aschehoug 1901) Uprenta kjelder: NRK Sogn og Fjordane: Fylkesleksikon (Internett) Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. LEIESTJERNA Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. Han var med og omsette Bibelen til nynorsk, skreiv

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Gaular kommune www.gaular.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Hyllestad kommune www.hyllestad.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten

Detaljer

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas 1,6 Kristi himmelferd: Jesus reiste frå jorda og opp til himmelen. Han skal koma att på same måten som han reiste. 2,1 Anden kjem pinsedagen: Læresveinane vart fylte

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 29.01.2015 022/15 Kommunestyret 02.02.2015 010/15 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Meløy kommune ordførar rådmann 8150 Ørnes 03.12.2014 BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider med denne saka på oppdrag frå Foreldrerådet (FAU) ved Neverdal skule

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

No sprett knuppane og sevja stig

No sprett knuppane og sevja stig No sprett knuppane og sevja stig Sein vår i år, men du verda for eit drivande ver når det no fyrst losna; med mildver og regn og ei rekkje kulturhendingar både i vårt lag og leikarringen og i nærskylde

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning). A: Så seier Herren: Det folk som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos. Over dei som bur i skuggelandet skal ljoset stråla

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

Ytre Sogn prost Prostinndelinga i Sogn gjennom historia

Ytre Sogn prost Prostinndelinga i Sogn gjennom historia Ytre Sogn prost Prostinndelinga i Sogn gjennom historia Prostinndelinga i Sogn har veksla gjennom tidene. Oversikt over prostiinndelinga i 1665, viser at då var heile Sogn eitt prosti som tilsvarer dagens

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal Velkomen til kulturbygda Lærdal Ein tur i Hans Gjesme sine motiv Den lokale kunstnaren Hans Gjesme gav ved sin død i 1994 Lærdal kommune ei kunstgåve på vel 1500 kunstverk som omfattar måleri, grafikk,

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera stille

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kommunestyret 31.08.2015 051/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 002 Arkivsaknr.: 14/821-75

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. ORDNING FOR Gravferd frå kyrkje eller krematorium 1 Klokkeringing Medan det vert ringt saman, tek liturgen plass i koret. 2 Preludium Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong

Detaljer