Årdal kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Årdal kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 Årdalstangen ca Midt på biletet er Årdal kyrkje der dei to vala i 1905 vart haldne. Ivar Offerdal var ordførar i Årdal i to bolkar, 1905 til 1907, og 1920 til Årdal kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Årdal kommune. Årdal kommune i 1905 Årdal var i 1905 ei jordbruksbygd. I 1907 vart det i bygda registrert 87 hestar, 735 storfe, 1783 sauer, 4622 geiter og 460 grisar. Eigen kommune hadde bygda vore sidan 1860 og prestegjeld sidan Busetnaden var spreidd, og dei sju dalane var sjølvstendige skulekrinsar. Bygda hadde lite å rutte med i 1905, og i eit kommunestyrevedtak dette året heiter det, i samband med framlegg om takstauke på "Dampen" på Årdalsvatnet: "Under så små og tarvelige forhold hvor folk har vanskelig for at slå sig i gjennom, sees meget på nogen få ører". Årdal kyrkje, Årdalstangen, var vallokale for vala i Årdal i Det var lite kapital i bygda, og som ein av dei siste kommunane i Nordre Bergenhus amt fekk Årdal eigen sparebank i Opptakten vart gjort av bonde, og seinare stortingsmann, P. K. Hestetun ( ) i april 1905 med forslag "om oppnevnelse af en Komité til udarbeidelse af plan og indkomme med forslag til opprettelse af en Sparebank". Årdal kommune hadde eit budsjett på kr 5 800,- i 1905, og opp til då hatt lite bruk for bank. Fram til midten av 1902 hadde kommunen nytta seg av Lærdal Sparebank. Folketalet hadde mot slutten av 1800-talet gått kraftig attende, mest på grunn av utvandringa til Amerika. Frå ein topp i 1865 med 1791 personar var talet i 1900 redusert til I 1910 var folketalet kome opp i I 1905 utvandra sju ungdomar frå Årdal, alle i alderen 17 til 21 år. Med eitt unntak drog alle i mars månad. Dei var gardsarbeidarar og tenestefolk. Alle ugifte. Året etter drog fem personar, også i alderen 17 til 20. Årdal herad tok nynorsken i bruk i 1908, men alt året før vart nynorsken innførd i alle skulekrinsane. Blix-salmane vart i 1903 røysta inn i kyrkja, under sterk påverknad av sokneprest Samuel Sandved..

2 Side 2 av 6 Samferdsle og vasskraft Frå 1880-åra hadde turistferdsla teke seg opp i Årdal, noko gjesteboka i Vetti kan stadfesta. Bygda tok til å bli kjend i utlandet, og det var serleg engelskmenn som kom på vitjing. Med A/S Tyinfaldene kom ei ny tid til Årdal, då utbygginga av vasskrafta tok til. I september 1908 fekk det tyskdominerte selskapet konsesjon til utbygging, og Årdal gjekk inn i ei anleggstid som skulle vara heilt til tyskarane tok over under siste verdskrigen.. Samuel Sandved var prest i Årdal frå 1893 til Det heiter om Sandved at han var ein aktiv og vidsynt prest. Blix-salmane vart innrøysta i kyrkja i Opptakten til skiping av ein sparebank i Årdal vart gjort i Her er fyrste lokalet til banken (1908 til 1927). Båttransport på Årdalsvatnet var komen i gang i mai 1898, med båten "Årdal" (tidlegare "Nancy"). "Etter søknad frå presten Sandved vart billettprisen på kyrkjesundagane sett til 20 øre tur-retur. Men då vassbyggjene den 13. august 1905 skulle til kyrkja og gje til kjenne om dei ville ha prins Carl eller ikkje, fekk dei reisa ned og opp for 15 øre. Båten måtte den dagen gå to turar med folk". (BFÅ, bnd. 1, s. 771). Året 1905 Året starta med storm og uver i Sogn. Den 30. januar rasa ein "fæl storm" i Årdal, og i Øvre Årdal vart eit stabbur kasta overende. Men langt større skade gjorde stormen i nabokommunen Lærdal.. Dei politiske hendingane gjer 1905 til eit merkeår i norsk historie. Landet samla seg om å oppretta eit eige norsk konsulatvesen, vedteke av Stortinget i mai. Då kong Oscar II nekta å godkjenna vedtaket, samla Stortinget seg på nytt 7. juni og erklærte unionen med Sverige for oppløyst. Denne kunngjeringa vart prenta i alle aviser og opplesen i kyrkjene 1. pinsedag (11. juni), eller seinare. Svenskane gjekk med på ei oppløysing av unionen på det vilkåret at det vart halde ei folkerøysting. Eit samrøystes Storting vedtok då å halde ei slik folkerøysting søndag 13. august, og folket svara eit rungande ja til oppløysing av unionen. Deretter kom dei vanskelege forhandlingane med svenskane i Karlstad om korleis oppløysinga skulle gjennomførast. Utfallet av desse tingingane sette sinna i kok mange stader, og det var ei reell frykt for krig med Sverige. Dette vart unngått, og Karlstadtraktaten vart vedteken av Stortinget og den svenske Riksdagen i fyrstninga av oktober. Neste akt i dramaet dette året var spørsmålet om republikk eller kongedøme. Stortinget vedtok 31. oktober at det skulle haldast ei folkerøysting om dette spørsmålet alt 12. og 13. november. Eit stort fleirtal (78,9 %) røysta for kongedøme, og Prins Carl av Danmark vart vald til norsk konge med namnet Haakon 7. Det er grunn til å tru at desse store nasjonale hendingane vart følgde med stor interesse, engasjement og spaning i Årdal, som i andre bygder. Ønsket om å lausrive seg frå Sverige hadde vakse seg alt sterkare gjennom mange år. På kort varsel vart folk mobiliserte til å delta i to viktige val, og frammøtet vitnar om stort engasjement. 17. mai 1905 Sogns Tidend hadde den 27. mai eit oppslag om 17. mai-

3 Side 3 av 6 feiringa i Årdal. Her heiter det at det fyrst på dagen var preik i kyrkja, og at sokneprest Sandved "med djupt og friskt syn la dagsens høge nasjonale verd fram for kyrkjelyden". På Tangen samla det seg sidan ei heil folkemengd til fest "um mylsa og annan nasjonal kost". Lærar Midtun heldt tale for dagen og lærar Slagstad tala om dei nasjonale minna. Politimeister Aafedt, som var til stades, "tala for fedralandet". 7. juni 1905 Dette er dagen då regjeringa Michelsen la ned embeta sine i Stortinget, og eit samrøystes vedtak innebar oppløysing av unionen. Melding om vedtaket vart sendt utover landet, gjennom aviser, prestane og på annan måte. Mange valte å markera dagen med å heisa det reine norske flagget. Gamleordføraren i Årdal, Endre Offerdal, er omtala i eit oppslag i Sogns Tidend Her fortel han korleis det reine norske flagget kom til topps 7. juni Det heiter: "Straks unionen den 7. juni var løyst, kom han til ei dotter med flagget og sa at no skulde den gulfarga ruta klippast ut og den raude setjast inn. Då ho sa at ho var i ansamt arbeid og at det fekk vera til dagen etter, svara han: Dette arbeidet med flagget skal gjerast straks. Det toler ikkje utsetjing. Og få minuttar etter var det reine norske flagget kome til topps på flaggstongi i Ofredalen". Folkerøystingane - røysterett og valstyre Årdal hadde eit valstyre på fire medlemer som tilrettela dei to vala i Dei fire medlemene var: lensmann Erik Seim (formann), ordførar Ivar Offerdal, gardbrukar Ole T. Lægreid og gardbrukar Th. Holsæther. Valet om unionsoppløysinga vart halde søndag 13. august i Årdal kyrkje på Årdalstangen. Frå Øvre Årdal kom to båtlaster med røysteføre. I følgje manntalet hadde Årdal i alt 236 menn med røysterett. Søndag 12. og måndag 13. november skulle folk røysta for eller mot kongedøme. Same røystestad som ved fyrste valet. Til dette valet var det registrert 238 menn med røysterett. Det var berre menn som hadde allmenn røystrett ved stortingsval og folkerøystingar. Vilkåra var norsk statsborgarskap, minst 5 års opphald i landet og alder på minst 25 år. Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men dei ønskte å vera med tilliks med mennene ved røystinga om union eller lausriving frå Sverige. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og 22. august vart det overlevert underskrifter til Stortinget. Me kjenner ikkje til om kvinnene i Årdal var med i denne underskriftsaksjonen. Folkerøystinga om unionsoppløysinga 13. august 1905 Av dei 236 røysteføre i Årdal røysta 210 ja, ingen nei. Av dei 26 som ikkje røysta var nokon reiste til Amerika. Nokre utanbygds arbeidarar, som var medtekne i manntalet, var reiste frå bygda. Bygda hadde såleis ein frammøteprosent på

4 Side 4 av 6 89, som er litt under gjennomsnittet på 92,5 % for heile fylket. I Sogningen 18. august har ordførar Ivar Offerdal eit takkeskriv til veljarane i Årdal: "I anledning af afstemningen den 13de føler jeg trang til at sige mine sambygdinger tak. En tak for mandjevnt fremmøde og for det enstemmige "ja"! Her kom ingen mislyd ind. Alle var enige. En særlig tak fortjener de gamle. Naar disse oldinge, der snart er færdige med dette liv, føler ungt og møder frem for kanske at vise sit fædreland den sidste ære, er dette et egsempel for os unge til at holde ud og værne om vort fædreland til sidste stund. Blandt disse gamle kan nævnes 90-aaringen Guttorm Hovland. Han gjorde skam paa eder faa yngre, som sad hjemme paa denne dag. En tak til eder, der ufortrødent har virket for at brede oplysning og forstaaelse af dagens betydning blandt de tvilende. Særlig nævnes sognepresten for de varme fædrelandssindede ord, han udtalte fra prædikestolen samme dag. Skulde den dag komme, at vi paa anden maade blev kaldt til værn for vort land, da haaber jeg, at paa den dag kommer der heller ingen mislyd fra Aardal, men et traust "ja". Ofredal 15 August 1905 Ivar Offerdal Folkerøystinga om kongedøme eller republikk 12. og 13. november 1905 Det var 238 røysteføre til kongevalet i november. 152 møtte fram og røysta. Av desse vart ei røyst forkasta. Frammøteprosenten til dette valet var dermed 63,8, eller langt lågare enn oppslutninga om unionsvalet i august. 116 sa ja til kongdøme, 35 sa nei. Dette gjev ein ja-prosent på 76,8 for kongedøme. Snittet i fylket var 80,4 % ja til kongedøme. Kongefest i Viki Forfatterinna Kari Ørbech, som vaks opp på garden Viki i Vikadalen, skreiv i 1985 eit minnestykke om foreldra sine, og har følgjande minne om 1905: "Eg hugsar tydeleg hausten Det hadde vore avstemming om det skulle vere republikk eller kongdøme i landet vårt, som nå var vorte eit fritt og sjølvstendig rike. Det store kjøkenet var stappfullt av menneske, og Veslekari for og smatt ut og inn mellom alle desse armar og bein. Så tok far og løfte meg høgt opp så eg sat over akslene hans, og nå fortalde han eit eventyr om ein som var vorten konge i Norge. Da klappa alle husmennene, som var til stades, i hendene, for dei hadde stemt for konge, medan far aleine hadde stemt for president. Mor hadde valt konge og, for ho sa at ho hadde høyrt mangt gale om slike som hadde vore president i Amerika, ein norsk konge var sikkert meir å stole på, og det ville bli meir politisk fred i landet og - noko som ho sikkert hadde rett i. Eg kan sjå andletet hennar for meg den

5 Side 5 av 6 kvelden. Ho sat skinande og blid, rund og røsleg ved bordet inne i stova, medan dei store syskini mine og tenestejentene bar mat og kaffi inn til alle dei som skulle trakterast - det var kongefest i Viki."(Frå boki "Soga om Viki og Vikadalen", av Andreas Bjørkum, Side 371). Nøkkelpersonar Ordførar Ivar Offerdal var ein sentral person i bygda i Av brevet hans, referert ovanfor, ser me at han har engasjert seg sterkt i spørsmålet om union. Sokneprest Samuel Sandved var og ein påverkar for nasjonalt sjølvstende, jamfør preika i kyrkja 17. mai. Fleire av lærarane i bygda var aktive for den nasjonale lina. Gamleordførar Endre Offerdal veit me var ein aktiv pådrivar for norsk sjølvstende. Nynorsk på Nationaltheatret i januar 1905 er ein merkedag i norsk målsoge. Då synte Nationaltheatret for fyrste gong fram eit skodespel på nynorsk, Fossegrimen, skrive av årdølen Sigurd Eldegard. Per Tang frå Hafslo var på urpremieren. Han gjekk på krigsskulen på Fredriksvern i 1905, og han skreiv dagbok. Det står: "Søndag 29. jan. Premiere paa Eldegards skuespil "Fossegrimen". Første gang et skuespil paa Landsmaal opføres paa Nationalteatret. Huset udsolgt til sidste plads. Øredøvende bifald fra tag til gulv. Nydelige dekorationer. National musikk. Skuespillerne greier landsmaalet godt - naar undtages Garmann da! "Fossegrimen" vart ein braksuksess. Det gjekk 140 gonger i åra Mållaget i Vik sende helsingstelegram og takka. "Det gjev store voner for vaar norske sak, at me vann fram [i hovudstaden] paa ein so vyrdeleg og hugtakande maate," skreiv mållaget til Sogns Tidende. Les eigen artikkel om "Fossegrimen" på Nationaltheatret (link). Kongeval og målsak Sigurd Eldegard hadde og meiningar om kongevalet. I eit innlegg i SognsTidende heiter det mellom anna: " Vel er det mange, som ottast, at maalsaki under eit kongedøme, og daa iser med ein danskfødd konge, skal faa meir motburd; - men eg er ikkje millom dei som trur det. Landsmaalet vil gaa sin trygge, jamne gang under ein konge som under ein president. Soga hev fenge tak i maalrørsla, og sosandt vaart folkemaal er liv laga, tarv me ikkje syta i somaate. Tilmed trur eg, at ein konge, og ikkje mindst ein danskfødd, snart vil sjaa, at han maa stydja seg til det nationale hjaa nordmennerne og verna um det nationale paa alle umkverve. Elles vil hans kongedøme byggjast paa utrygg grunn". "Eg trur, at eit kongedøme i det heile vil gagna oss best,- i alle høve. So vidsveimt og gresgrendt og "sundkløyvt" som vaart land og folk er, treng me eit samlingsmerke, som ikkje skifter namn og farge rett som det er". Uver i 1905 og 1906

6 Side 6 av 6 Den 30. januar 1905 raste ein "fæl storm" i Sogn. I Øvre Årdal vart eit stabbur kasta overende. Natt til 23. november 1906 gjekk det skreder over "heile bygdi". Både i Seimsdal og på Tangen vart det gjort stor skade og mange hus vart øydelagde. Skredene vart lagde merke til i heile landet, og ingen ringare enn Bjørnstjerne Bjørnson engasjerte seg. Til Sogns Tidende seier han mellom anna: "Folket måtte redde sig som hver bedst kunde, mens husene førtes på fjorden, budskapen omkom, markene begravedes-- -. Det er ikke store jordflekkene der borte ved fjældfoten. Det måtte være overkommelig hvis vi slog os sammen at gi den så pass som de arvet efter fædrene. Så kunde de begynde igjen på et tryggere sted. Skulde vi ikke prøve på det?" Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Oddvar Natvik, Prenta kjelder: Avisa Sogns Tidende Avisa Fjordenes Blad Avisa Sogningen Bygdebok for Årdal, bnd 1, Årdal Sogelag, Laberg, Jon, Årdal i Sogn, Bygd og ætter. Bergen, Nytrykk Kramviken, Knut, Årdal kommune i dag, Årdal kommune, Hæreid, Tomas, Årdal sparebak 50 år, Årdal, Bjørkum, Andreas, Soga om Viki og Vikadalen, Garden, grendi og ætti. Eiga utgjeving, Kjelda nr Fylkesarkivet, Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen. Avskrifter av møteboka for valstyret. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen Å dyrke rettferd. Manden kommer gående mot nord. Han bærer en sæk, den første sæk, den indeholder niste og nogen redskaper. ( ) Hvad går han efter? Efter land, efter jord? ( ) Han kom en dag med sin tunge

Detaljer

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest Landbruk Nordvest Hovsvegen 25, 6600 Sunndaløra Vedlegg 1 E-post rådgiving: nordvest@lr.no Org.nr:NO984 468 822MVA E-post tenester: tenester@lr.no Telefax 935 77 019 Bankgiro nr: 4202.20.16347 Sunndalsøra

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Møteinnkalling for Valgstyre

Møteinnkalling for Valgstyre Vågsøy kommune Møteinnkalling for Valgstyre Møtedato: 10.03.2016 Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtetid: Kl. 18:00-18:30 Innkallingen sendes medlemmene og de første varamedlemmer i hver gruppe.

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar

Detaljer

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Eit lite julekorthefte! Eg gleder meg til jul. Kanskje er eg ikkje aleine om det. Famile, julefilmar, julebrus, kakemenn og ikkje minst julehefte. Eg har i ei årrekkje

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

I N N H O L D. Forord

I N N H O L D. Forord BOKVENNEN 2012 I N N H O L D Forord Annlaug Selstø «Aläng» Ero Karlsen «Slutten på nysgjerrighet» Kjersti Kollbotn «Rom null-trettiåtte: Trøyst» Kristian Bjørkelo «Spegelen» Siri Katinka Valdez «Alle er

Detaljer

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER SONGAR ALLSONG Blott en dag Bred dina vida vingar Deg være ære Eg veit ei hamn Ein fin liten blome Han er oppstanden Han tek ikkje glansen av livet Hjemme

Detaljer

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Høst 2013 Tid: Tirsdag 26. november kl. 9-13 (4 timer) Sted: Lesesal B + C Sophus Bugges hus Ingen hjelpemidler tillatt. Oppgavesettet er på 3 sider, forsiden

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Om lokalaviser og lokalt engasjement

Om lokalaviser og lokalt engasjement Om lokalaviser og lokalt engasjement Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for Lokalaviser (LLA) Alta 13. juni 2008 Lokalavisene er grunnfjellet i den norske medieverda! Om lag 150 superlokale aviser

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera stille

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii KoønnWEK v/sidgr.1- or 11(0I: iii &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. Opplysningar om søkjaren: Namn:Jorun Larsen Adresse: Seimsvegen 73 Postnr./stad: 5472 SEIMSFOSS Telefon: 91398512 Organisasjonsnr:

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

G A M A L E N G K U L T U R

G A M A L E N G K U L T U R Norsk etnologisk gransking Emne nr. 12 Oktober 1948 G A M A L E N G K U L T U R Den gjennomgripande utviklinga i jordbruket dei siste mannsaldrane har ført med seg store omskifte når det gjeld engkulturen.

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012 Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22) Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22) Dersom samlivet har vore brote i minst to år, kan kvar av dykk krevje skilsmisse ved å fylle ut dette skjemaet. Fylkesmannen har kun

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... 2 KVEN KAN SØKJE/BRUKE DET ELEKTRONISKE SØKNADSSKJEMAET?... 3 STARTSIDE...

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk

Halvårsplan i norsk 2. trinn HAUST Nynorsk Kunnskapsmål Zeppelin 2A Elevbok 2A Arbeidsbok 2A kunne fortelje kven og kva teksten handlar om kunne fortelje kva dei ulike elementa på sidene står for (plakaten på venstresida, marihøna på høgresida

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje Vinje kommune Næringskontoret Ånund Åkre Granåsen 66 B 1362 HOSLE Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato THORCH 2011/2495 6636/2015 64/15 26.03.2015 Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg 5. JANUAR 2016 Mors friluftsliv - nyttig og naturleg Friluftslivsseminar Sogndal 5. januar 2016 Inger Marie Vingdal, HIOA Livslangt liv i natur Kvinne født 1927 Gardbrukar og budeie til1994 Enke, pensjonist

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE Dok.dato: 27.09.2011 Vår Ref: 2011001929-1 Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE 1. SAKSFØREBUING TIL KOMMUNESTYRET Administrasjonssjefen skal sjå til at dei saker

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 www.stavanger-kulturhus.no Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016 Eksempel på eksamenssvar 2 1 LES NYNORSK I 30 MINUTT KVAR DAG DEN NESTE VEKA 2 SKRIV PÅ

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune 204 Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 24.08.10 Tid : 09.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 75/10 10/685 TOMTANE 3 OG 4 I ONARHEIM I PS 76/10 10/406 U Ofl 23

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya? Velkomen til blåtur. Under køyreturen nå og litt utover kvelden skal de få ein Quiz å kose dykk med. De som er i denne bilen er ei gruppe. Gi gruppa eit namn og set igong. QUIZ GRUPPENAMN:. 1. Kva verdsdel

Detaljer

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. ORDNING FOR Gravferd frå kyrkje eller krematorium 1 Klokkeringing Medan det vert ringt saman, tek liturgen plass i koret. 2 Preludium Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse KOMPETANSEMÅL Generelt om naturfag: Kunnskap om, forståelse av og opplevelser i naturen kan fremme viljen til å verne om naturressursene, bevare

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane Den regionale styredagen i Sogn og Fjordane Rica Sunnfjord Hotel, Førde torsdag den 16. mars 2006 Arrangør: StyreAkademiet Sogn og Fjordane Stryn Næringshage, Tinggata 3. 6783 Stryn www.styreakademiet.no

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Måndag 4 november 2013 kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Meldt forfall: Dorthe Huitfeldt Andre til stades

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer