Høyanger kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Høyanger kommune"

Transkript

1 Side 1 av 5 Lavik kring Lasse Trædal ( ), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til Lasse Trædal var ein av stridsmennene for norsk målreising og aktivt med i skyttarrørsla. Stortinget 7. juni Kommunestyret i Lavik sende 20. juni helsing til Stortinget på fyrste møtet sitt "i eit heilt sjølvstendig Norig" Høyanger kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Høyanger kommune. Høyanger kommune i 1905 Høyanger kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Kyrkjebø og Lavik. Kvart sokn var den gongen eigen kommune. Den tidlegare Brekke og Lavik kommune vart frå 1. januar 1905 delt i Brekke kommune og Lavik kommune. I 1964 vart Lavik og Kyrkjebø samanslegne til den nye Høyanger kommune. I 1900 hadde Kyrkjebø kommune 1699 innbyggjarar og Lavik og Brekke kommune Jordbruk og fiske var dei viktigaste næringsvegane i begge kommunane. Den 18. mai 1905 skipa fylket til husdyrutstilling i Lavik. Kyrkjebø hadde tre særs gode lakseverp. Galdeverpet i Ortnevik var eitt av dei. Kyrkjebø kommune hadde postopneri i Bjordal, Vadheim, Måren og Kyrkjebø; Lavik kommune i Tredal, Lavik og Torvund. I Lavik var det to bankar, Lavik Sparebank oppretta 1882, og A/S Lavik Privatbank, oppretta Kopi av helsinga frå kommunestyret i Lavik til Stortinget i juni Sjøvegen batt bygdene saman. Fylkesbaatane hadde i Lavik kommune stoppestad i Trædal på sørsida, og Lavik og Torvund på nordsida, - og i Kyrkjebø kommune i Åkre, Bjordal og Ortnevik på sørsida, og Vadheim, Kyrkjebø, Norevik og Måren på nordsida. " i spændt Forventning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Gjennom heile året 1905 venta folk her - som elles i landet -

2 Side 2 av 5 spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige; om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og - det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Ein dag i juni fekk lærar Andreas Vamraak på Kyrkjebø brev frå Edvard Liljedahl i Vik. Liljedahl fortalde om 7. juni. Han hadde heist flagget straks han hadde fått vita om unionsoppløysinga. Han gledde seg og vona det ikkje ville verta krig. Postkort frå 1905 med flagget, namna på 7. juniregjeringa, Per Sivle sitt dikt "Vi vil oss et land.." og Bjørnson sitt sigersdikt der dei siste linene i verset spelar på orda hjå Sivle. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange. På Kyrkjebø skipa dei mållag den 22. januar Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging, og i 1905 var det gjennomslag i Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet, - å byggja sjukehus i fylket og å kjempa mot smittsame sjukdomar, fyrst og fremst tuberkulosen. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. På ettervinteren klaga til dømes folk over kaldt og ufyse ver, og mange var plaga av influensa. I mars kom det bort ein mann i Fuglsetfjorden som dei ikkje fann att. Om hausten gav regjeringa løyve til å byggja kapell i Bjordal. Mykje større oppslag fekk Loenulukka natt til 16. januar då flodbylgja etter eit fælsleg ras øydela fleire gardar og kosta 61 menneske livet. Ved ofring i kyrkjene på Kyrkjebø og i Lavik kom det inn kr. 245,79 til dei skadelidne. I Ortnevik står ein minnestein om unionsoppløysinga i 1905, den einaste i sitt slag i heile fylket. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i Bonde Gunnar Mjølsvik vart vald til ordførar i Kyrkjebø kommune; og bonde Lasse Trædal i Lavik. P.H.B. Borch var sokneprest i Lavik prestegjeld. Lærar og kyrkjesongar Andreas Vamraak i Kyrkjebø var eldsjel og stor arbeidskraft i ungdomslagsrørsla og målrørsla. Han var og mykje med i kommunalt styre og stell, mellom anna ordførar i Kyrkjebø i perioden , og han var den fyrste ordføraren som førde møteboka på nynorsk. Lag og organisasjonar Fleire idealistiske lag var aktive rundt om i bygdene. Lavik Ungdomslag vart skipa 15. september Det var ungdomslag på Vadheim (skipa 1886), Kyrkjebø (1889), Austerheim (1902), Berge (1895), Høyanger (1893), og Ortnevik (1904). Dei skipa mållag på Kyrkjebø vinteren Elles var det fleire skyttarlag, fråhaldslag, og misjonslag.

3 Side 3 av mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i I Lavik kommune vart dagen feira i mange grender. "Dagen var ovfager" skreiv ein innsendar til Sogns Tidende. I Lavik samlast folk frå dei to skulekrinsane Lavik og Rå på dampskipsbryggja og gjekk i tog utover til kyrkja og prestegarden og attende. Frå altanen på huset til Ivar Kvammen heldt klokkar Andreas Kvåle tale for dagen, og då "dampen" kom, møtte heile flokken fram og vart helsa med salutt frå skipet. Om kvelden var folk samla til fest med allsidig program hjå Ivar Kvammen. Mellom anna synte medlemmer av ungdomslaget fram spelestykket "Folk" av Sigurd Nesse. I Vadheim gjekk toget frå "Holdeplassen" innover forbi Vadheimsgardane og Hovland og attende til skulehuset. Distriktslækjar R. Bergh heldt tale for dagen. Han skildra "stemningsfullt og vakkert" Norges framgang frå 1814 og understreka sterkt dei norske krava for rett [truleg til eige konsulatstell] og sjølvstende. Lærar M. Hovland tala for fedrelandet, og medlemmer av ungdomslaget framførte spelstykket "Til sæters." 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste mange flagget og nokre stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Kommunestyret i Lavik sende på fyrste møtet sitt etter 7. juni helsing til Stortinget. I telegrammet stod: "Lavik heradstyre samlad fyrste gong til møte i eit heilt sjølvstendig Norig sender med største høgvyrdnad stortinget sin takk for godt arbeid. Vanskarne vil nok melda seg, allvist no i fyrstningi, men eit folk, som vil sin fridom skal nok i stødug samhelde rygg mot rygg vinna over dei. Gud signe vaart frigjorde, kjære fedreland. 20/6-05. For heradsstyret Lasse Trædal. Ordf." Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1). Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2). Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle velja prins Carl av Danmark til konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Lavik valsokn tilsvara kommunane Kyrkjebø, Lavik og Brekke. Desse skreiv under valstyret sin valprotokoll ved folkerøystinga 13. august: Lasse Trædal, Johannes B. Mølmesdal, Gunnar Mjelsvik, I.P. Haugland, Sjur Dale, L. Aven, Ramsli, Johs. Vergeland,

4 Side 4 av 5 Ivar O. Asheim, J. Breivik, Bjørnethun (konstituert lensmann), Berge Instefjord, Johan Kirkebø og Ole Føsund. Desse skreiv under valstyret sin valprotokoll ved folkerøystinga 12. og 13. november: Lasse Trædal, Bjørnethun (konst. Lensmann), Johs. Vergeland, J. Breivik, L. Austreim, A.O. Haaland. Ivar Asheim, J.B. Mølmesdal, Sjur P. Dale, Ramsli, I.S. Haugland, Isak Tynning, Johan Kirkebø og L. Aven. I begge røystingane var det tre røystestader: I Lavik kyrkje, i Kyrkjebø kyrkje og i Brekke kyrkje. Oppteljinga i august føregjekk i Lavik om kvelden klokka kl I november vart oppteljinga forseinka grunna uver. Det særskilde røystestyret for Kyrkjebø kom seg ikkje til Lavik den 13. I staden reiste valstyret og det særskilde røystestyret for Brekke med dampskip til Kyrkjebø den 15. Oppteljinga føregjekk i "Johan Kirkebøs hus". Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Lavik valsokn: 833 hadde røysterett. Det vart avgjeve 745 godkjende røyster (89,4 %) Alle røysta ja. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett. Det vart avgjeve (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: hadde røysterett, godkjende røyster ( ja, 184 nei.) Folkerøystinga 13. august på Kyrkjebø "I Kyrkjebø møtte omtrent kvar mann paa avrøystingsdagen", skreiv Sogns Tidende. Jamvel gamle menn som ikkje hadde vore på valting dei siste 20 åra møtte no fram. Folk gjekk i festfylgje med flagg i spissen til kyrkja, som var pynta med grønt og to flagg over kordøra. Dei song fedrelandssalma og det var korsang. Kyrkjesongar Vamråk heldt ein kort tale og las opp ei bøn for fedrelandet. Etter røystinga samla folk seg ute på vegen, der formannen i valstyret, lensmann Ramsli ba folket vera med i eit hurra for fedrelandet. "Leve fedrelandet!" Alle tok hattane av og ropa kraftig 3 x 3 hurra." Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. Kvinneunderskrifter frå Lavik innsende til amtmannen! Innsamlinga av underskrifter vart ordna på ulike måtar kringom i landet, men vi veit lite om korleis det vart gjort i Sogn og Fjordane. Det vi veit er at det i Lavik vart samla inn 59 underskrifter og at desse vart overlevert til valstyret. Valstyret tok i mot og vedtok å senda dei til amtmannen saman med utskrifta av valprotokollen. Vi kjenner ikkje til at tilsvarande vart gjort nokon annan stad i fylket eller landet. Folkerøystinga i november - kongedømme eller republikk

5 Side 5 av 5 Resultatet av folkerøystinga i november for Lavik valsokn: 809 hadde røysterett. Det vart avgjeve 487 godkjende røyster (60,2 %). 290 (59,5%) røysta ja (for kongedømme), 197 (40,5%) røysta nei (for republikk). Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett, (78,3 %) godkjende røyster (80,4%) røysta for kongedømme, (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: hadde røysterett, godkjende røyster (73,5%) (79,5%) røysta for kongedømme, (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november. Tusenvis av feststemde menneske var møtte fram. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, kan henda frå Høyanger også, men det veit vi ikkje noko om. Nasjonal takkegudsteneste På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudstenester i heile landet. Vi veit det vart halde slik gudsteneste i Lavik kyrkje. Kyrkjedepartementet hadde i rundskriv fastsett at dagens tekst skulle vera Salmane 118, vers 23-26, og rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland". Salmane 118, 23-24: Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no! Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Hermund Kleppa, Prenta kjelder: Sogns Tidende , 30.05, 18.08, o.fl. Sogningen , 24.05, Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret i Lavik valsokn. Stortingsarkivet: Kopi av helsingstelegram frå kommunestyret i Lavik. Litteratur: 100 år for nynorsk språk. Ytre Sogn Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Ukens tema: Norge Norges nasjonaldag Norsk: Vi arbeider med nivå 1 og 2 i «Norsk start 8-10». Vi øver på å skrive fritekster i Word (Kristiansand). Vi øver på 17. mai sanger.

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre. Til: Utsendingar til KS Sogn og Fjordane sitt konstituerande fylkesmøte 19. november 2015 Kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei politiske partia i Sogn og Fjordane Førde 29.09.2015 Vedrørande

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... 2 KVEN KAN SØKJE/BRUKE DET ELEKTRONISKE SØKNADSSKJEMAET?... 3 STARTSIDE...

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Føredrag på stadnamnmøte i Gaupne, 11.2.2015. Av Randi Melvær, Fylkesarkivet (1) Alle dei 26 kommunane i fylket får publisert nokre av namna sine

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. LEIESTJERNA Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. Han var med og omsette Bibelen til nynorsk, skreiv

Detaljer

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim,

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310 OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS KOMMUNESTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 13.02.2007 Tid: 17.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal Velkomen til kulturbygda Lærdal Ein tur i Hans Gjesme sine motiv Den lokale kunstnaren Hans Gjesme gav ved sin død i 1994 Lærdal kommune ei kunstgåve på vel 1500 kunstverk som omfattar måleri, grafikk,

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Stryn kommune

Stryn kommune Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Møtedato: 23.02.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 - Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er,

Detaljer

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94 Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus KVA ER DETTE? Ein analyse av medlemskapsforhandlingane EU/Norge på landbruksområdet 1993/94 Basert på

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B ORDNING FOR Vigsel Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer