Solund kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Solund kommune"

Transkript

1 Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange og kveite var god butikk, men beinhardt slit sjølv i ei dekka seglskute som 'Anna', som nokre år seinare fekk innsett motor. Hardbakke var hovudsoknet i prestegjeldet, og kyrkja var røystelokale ved begge folkerøystingane. 13. august var kyrkja på Hardbakke den einaste røystestaden, og her var nok eit yrande liv med båtar og folk, finkledde, feststemde og høgtidssame, for dette var mest ein nasjonal høgtidsdag Solund kommune Folk budde spreidt, og handelsstadane vart viktige, både som treffplassar og omsetningssentralar for varer og tenester. Buskøy var lenge ein av dei viktigaste handelsstadane. Georg Balchen Hess, , dreiv handelsstaden med m.a. salteri, ishus og eksport av laks og hummar. Sonen Jan var fiskebåtreiar og dreiv med fiske og selfangst i stor stil. I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Solund. Solund kommune i 1905 Solund kommune var i 1905, som i dag, eit reint øyrike. Øya Losna, som no er ein del av Solund, tilhøyrde Gulen kommune. I 1923 endra kommunen namn til Solund, men namneskifte var ei gamal sak. Både i 1903 og i 1905 søkte kommunestyret regjeringa om å skifte namn til Solundir. Kommunen omfatta kyrkjesokna Husøy, Solund og Hersvik og var eige tinglag i Sogn fogderi. I 1900 budde det 1920 personar i kommunen. Den viktigaste levevegen var kombinasjonen fiskeri og jordbruk. Fiskehandel med fersk fisk og eksport av fisk, krabbe og hummar vaks også fram på denne tida. Viktig var også ulike sidenæringar knytte til fisket, slik som salting, tønnemakarar, produksjon av fiskegarn,garn/notbøteri osv. Dei viktigaste handelsstadane var Kolgrov, Steinsundholmen, Inderøy og Buskøy. I Solund var det korkje bank eller telefon enno. I 1900 var her fem postopneri; Solund, Tangenes, Nåra, Buskøy og Krakhella. Rasmus Haugsøen, sokneprest i Solund frå 1903 til Haugsøen var ein uredd talsmann for det nynorske kyrkjespråket. Han hadde røynsle frå arbeid blandt tøffe rallarar, og slik bakgrunn kunne vera god å ha når han skulle 'omvende' stride sulingar til nynorsk i kyrkja. Det var berre ein "køyreveg" i kommunen, frå Solund kyrkje til garden Hop. Sjøen var hovudferdselsåra, og framleis var det robåtar og opne seglbåtar som vart nytta. Motorbåten var ikkje blitt allemannseige enno. Utan vegar og omgitt av hav var Fylkesbaatane viktigare for sulingane enn for folk flest. I 1904 var her sju stoppestader, Buskøy, Krakhella, Lågøy, Nesefjord, Nåra, Steinsund og Tangenes. Solund var den kommunen i fylket som hadde flest stoppestader sett i høve til folketalet. Kommunen var inndelt i 14 skulekrinsar, med 318 born i skulepliktig alder og seks lærarar. Solund delte

2 Side 2 av 5 distriktslækjaren med Gulen, og legekontoret låg i Eivindvik. Kommunen hadde eigne jordmødre. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Ei anna viktig sak var helsestellet. Kyrkja var sentral i Ja-kampanjen i samband med folkerøystinga 13.august. Symbolbruken var sterk og bodskapen tydeleg. 26. november 1905 var ein stor dag for dei kongetrugne sulingane. Her stig kong Haakon i land som Norges konge for fyrste gong. Statsminister Michelsen tek i mot og helsar velkomen til Norge. Sjå video/lyd Klikk og lytt til eit utdrag av den fyrste talen til kong Haakon. Paul Johan Hansson Takle (1871 til 1947). Han sat i Solund kommunestyre frå 1898 til 1940 og frå 1945 til han døydde. Takle representerte Høgre. Han møtte også på Stortinget og var fast representant frå 1931 til Kommunestyreprotokollane gjev eit bilete av den kommunale kvardagen i Solund. Innføring av nynorske salmar (Blixsalmar) i kyrkjene var ei sak i tida, også i Solund. Kommunestyret bad soknepresten fremje sak i alle kyrkjelydane om å innføre " Nokre salmar" av Elias Blix. Men sulingane var ikkje modne for dette nye, fyrst i 1915 vart Blix innført i kyrkjene. Døme på andre saker var oppmudring og utdjuping av skipsleia Indre Steinsund, fleire fyrlykter, omn og nye benker i Solund kyrkje, tilsetjing av ny jordmor i Husøy distrikt, søknad om å frede eigedomen Gåsvær som egg- og dunvær, utbetring av Hardbakke skulehus, søknad om dispensasjon frå lakselova og søknad til telefonstyret om telefonline til Solund. Det kan nemnast at fyrst i 1910 kom den fyrste telefonlina til Solund. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og fiskar og bonde Johannes Kristofferson Laagø vart vald til ordførar. Rasmus Haugsøen var sokneprest. Han var frå Gulen, ein stor talar, målmann, folkeopplysar og ivrig grundtvigianar. Haugsøen var rekna som ein av dei fremste i kampen for nynorsk kyrkjemål på Vestlandet. Han heldt alle preikene på nynorsk, men kampen vart stri i Solund. Øyfolket ville ha bokmål til "søndags" og i kyrkja i Straumen vart det enda til demonstrert under ei gudsteneste. Johannes Mathiesen var lensmann fram til 1906, men sonen Magnus O. Mathiesen var godkjent som fullmektig og fungerte som lensmann i Få lag og organisasjonar Det ser ut til å vere få lag og organisasjonar i Solund kring Organisasjonsbygginga ser ut til å ha starta eit tiår seinare. Vi finn ikkje spor etter misjonskvinnelaga som tradisjonelt fanst i kvar ei bygd. Men den frivillige skyttarrørsla stod sterkt over heile landet, og Solund var ikkje noko unntak i så måte. Her var m.a. Hardbakke skyttarlag, skipa i 1896, og Domben og Austefjord Skyttarlag var stifta i Sistnemnde var tilslutta Bergen Skyttarsamlag. Ungdomslagsrørsla hadde også nådd Solund, og vart det fyrste ungdomslaget, Vårvon, skipa. Inspirasjonskjelda var her som så mange andre stader i fylket, Sogndal Folkehøgskule. Når dei skulle på stemne, nytta dei fiskedampbåten Solundir og med den songglade sokneprest Haugsøen ombord, vart det allsong og stor stemning. Kring 1900 gjekk det føre seg ei storstila skogplanting i Noreg, og sers viktig var det å skogkle den nakne kysten. I

3 Side 3 av 5 Solund var det mange gardbrukarar som gjorde avtalar med Bergen Skogselskap om å plante gran. Arbeidet vart i stor grad utført av lag og organisasjonar, og dei frilynte ungdomslaga i distriktet planta mykje skog. Kanskje var ungdomslaget på Gylta eit av desse. 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i Fleire stader vart det halde 17. mai- gudstenester med stort oppmøte. I Solund vart det halde gudsteneste i Hersvik kyrkje der emnet var: "Bøn og arbeid lukker op dørene til var folkelykke". Om ettermiddagen heldt presten tale i ungdomslaget på Gylta. Haugsøen hadde ordet i si makt og var ein svært populær talar i ungdomslaga. Der Haugsøen talte, var det alltid fullt hus. Med den stemninga som låg i lufta 17. mai dette året, sette han nok kveik i sulingane også. 7. juni 1905 og kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste mange flagget, og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Presten i Solund har ikkje notert i dagsregisteret sitt at han las opp kunngjeringa 1. pinsedag, men det kan koma av at kunngjeringa ikkje var komen han i hende, eller det kan skuldast ei rein forgløyming. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Valsoknet omfatta Solund prestegjeld som tilsvara dåverande Sulen kommune. Valstyret for august var samansett av: fungerande lensmann M. O. Mathiesen (formann), Bernt P. Kalgraf (i august), Bernt Kværhellen (i november), Elias Stensund, Paul Takle og J. Kr. Laagø. Det var valstyret som bestemte kvar det skulle haldast folkerøysting, og kven som skulle røyste kvar. Folkerøystinga 13. august gjekk føre seg i Solund hovudkyrkje på Hardbakke. Sjølv om det var tidleg på seinsommaren kunne det vere stridt å ta seg ut i open småbåt til Hardbakke. Jan Hess, driftig fiskebåtreiar, selfangar og fiskeeksportør frå Buskøy, eigde ein 81 fots dampbåt med namnet "Solundir" som han frakta veljarar med til røystelokalet på Hardbakke, av di han var uroleg for at dei ikkje skulle kome seg fram. Ved folkerøystinga 12.og 13. november var det to røystestader. Det vart røysta i Solund hovudkyrkje på Hardbakke for Hersvik og Solund sokn, og i Husøy kyrkje i

4 Side 4 av 5 Straumen for Husøy sokn. Formannen i valstyret, lensmann M.O. Mathiesen, leia røystinga for Solund og Hersvik, medan Bernt Kværhellen leia det særlege røystestyret for Husøy sokn. Etter at røystinga var over, overleverte formannen i Husøy sokn røystene til formannen i valstyret. Oppteljinga føregjekk også denne gongen i kyrkja på Hardbakke. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet i Solund valsokn: 405 hadde røysterett. Oppteljinga viste 326 godkjende røyster, medan ei røyst vart forkasta. Dette gav ein frammøteprosent på 80,7. Alle røysta ja. I Sogn og Fjordane fylke var det ein frammøteprosent på 92,5 og berre tre røysta nei. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. Underskriftsinnsamlinga vart ordna på ulike måtar. Gjennom opprop i avisene vart kvinnene oppmoda om å skrive seg på listene. På Leikanger skjedde det i kyrkja, der kvinnene fekk høve til å skriva namna sine på utlagde lister i sakristiet på sjølvaste valdagen. Andre stader vart det utlagt lister på butikkar og elles der folk ferdast. Vi har ikkje opplysningar om denne aksjonen frå Solund, men i Solund kan det óg ha vore lister i omløp. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Solund valsokn: Av 408 med røysterett, røysta 324. Alle røystene vart godkjende. 311 røysta ja (for kongedømme), medan 13 røysta nei (for republikk). Frammøteprosenten var om lag som ved augustrøystinga. Kanskje noko overraskande av di det i snitt var lægre deltaking ved denne folkerøystinga enn den førre, både på fylkes- og landsplan. Det var også vekslande oppslutnad i fylket om kongedøme, men sulingane var sers kongetrugne. Saman med nabokommunen Hyllestad toppa dei kommunelista med heile 96% for kongedøme. Snittet for fylket var elles 80,4% og frammøteprosenten var i snitt på 79%. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november. Tusenvis av feststemde menneske hadde møtt fram. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, og kommunestyret i Solund vedtok i sak 21 fylgjande: " Enst. besluttedes at sende hyldningstelegram med hilsen til storting, regjering og kongehuset."

5 Side 5 av 5 Folkefestar og takkegudsteneste med tende lys Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året Men også i kyrkjene vart dette året markert. I Straumen kyrkje vart det halde gudsteneste den 26.11, dagen etter at den nye kongefamilien var komen til landet. I dagsregisteret sitt har presten notert fylgjande frå preika:" Emne: Giv keiseren hvad keiserens er, og Gud hvad Guds er. - Derunder mindet om Sommerens begivenheder og om den nye dag over Norge: formanet til Tak til Gud og til lydighed mod landets love. - Fedrelandssalmen blev sunget til Udgang. Folk forlangte lysene tændte." Etter oppmoding frå styresmaktene vart det halde takkegudstenester over heile landet den 7. desember. Denne vart halden i Solund kyrkje på Hardbakke. Kyrkjebøna var denne dagen bytt ut med ei spesialskriven takkebøn. Kyrkjedepartementet bad også om at fedrelandsalmen "Gud signe vaart dyre fædreland" av Blix vart sungen. Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Kjerstin Risnes, Prenta kjelder: Gjerde, Anders. Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. II Kjelda, nr Bilete frå Solund. Posten Norge BA Strand, Alf og Lien, Odd Jan: Solund i fortid og notid. Bergen Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia. Selja forlag Lothe, Anders: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane Endal, Hans Erik. Rasmus Haugsøen, gamal kjenning i ungdomslaga. Jul Nordfjord Helland, Amund: Topografisk/statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Del 2. Kristiania Sogn Ungdomslag 50 år Sogn Ungdomslag Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane. Solund kommune, kommunearkivet: Møtebok for formannskapet , , sak 21. Statistisk sentralbyrå.folketeljingar NRK Sogn og Fjordane, Fylkesleksikon. Fylkesarkivet Sogn og Fjordane, møtebokregister, formannskapsprotokollar. Fylkesarkivet Sogn og Fjordane, lagsarkiv. Nasjonalbiblioteket. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B ORDNING FOR Vigsel Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

Stryn kommune

Stryn kommune Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Nesset Fjellstyre Nesset Fjellstyre administrerer bruksretter og herligheter (lunnende) i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning (EVS). Statskog SF er hjemmelshaver og

Detaljer

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7 Bønn «Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet: «I ein by var det ein dommar som ikkje hadde ærefrykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske.i same byen var det

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Årsmelding 2005. Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Årsmelding 2005. Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara. Årsmelding 2005 Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara. Hans Skutle, Voss Olav B.Aga, Aga og Vikebygd Vara. Ivar Dale, Ullensvang

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN Gjennomsnittleg årsfangst av laks i perioden 1969-2012 var 481 (snittvekt 5,1 kg). I 2012 vart det fanga 1075 laks (snittvekt 6,5 kg), eit av dei aller beste resultata

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres

Detaljer

Velkomen til Mork barnehage

Velkomen til Mork barnehage Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,

Detaljer

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Status og utfordringar Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen Tertialrapporten viser Eit forventa driftsunderskot på 7 millionar i 2009, om drifta held fram som i dag. Dette kjem på

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag. Tevling i Bygdekjennskap Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag. NORGES BYGDEUNGDOMSLAG 1992 Dette er ikkje nokon tevlingsregel, men heller ei rettesnor og eit hjelpemiddel for lokallag som ynskjer

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID I. samling 1 Førebuing Kyrkjerommet kan vera ope ei stund før gudstenesta, med høve til å tenna lys og sitja stille,

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vil du vera med å byggja ein ny kommune? Vil du vera med å byggja ein ny kommune? - Skal Fjell, Sund eller Øygarden halda fram som eigne kommunar, eller skal vi saman byggja Nye Øygarden kommune? Trygg framtid... Vi håpar at du opplever det godt

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

TEMA. Stryn 05.11.14

TEMA. Stryn 05.11.14 TEMA Erfaring frå beredskapsøving i Bømlo kommune vinteren 2014 Odd Petter Habbestad Bakgrunn for øvinga Bestilling av beredskapsøving frå rådmann i BK, der tema skulle vera straumløyse over lengre tid.

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar Kommunane Kommunane v/leiar i ungdomsråd Kommunane v/ungdomsarbeidar/kulturarbeidar Sakshandsamar: Bente Sønsthagen E-post: Bente.Sonsthagen@sfj.no Tlf: 57 65 61 53 Vår ref. Sak nr.: 10/538-1 Gje alltid

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste ORDNING FOR Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta) kallar og ordinerer

Detaljer

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE Veteranfiskebåten M/S Nybakk frå Raudeberg i Vågsøy kommune blir sendebod for Gulatinget Tusenårsstaden for Sogn

Detaljer

MEDLEMSINFO. august 2009

MEDLEMSINFO. august 2009 MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas 1,6 Kristi himmelferd: Jesus reiste frå jorda og opp til himmelen. Han skal koma att på same måten som han reiste. 2,1 Anden kjem pinsedagen: Læresveinane vart fylte

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer