Lærdal kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Lærdal kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring Kyrkja var vallokale i Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i Parti frå Lærdal Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Lærdal kommune. Lærdal kommune i 1905 Det som i dag er Lærdal kommune omfatta i 1905 to kommunar: Lærdal og Borgund. I 1864 vart Borgund skild ut som eigen kommune, men heldt fram som eit sokn i Lærdal prestegjeld, som i tillegg hadde sokna Tønjum og Hauge. Dei to kommunane hadde og felles skule- og fattigstell. Tøger Ravn var ordførar i Lærdal i tre bolkar: , og Samla folketal for Lærdal og Borgund nådde eit høgdepunkt i 1855 med 3898 personar, av desse 1008 i Borgund. I 1900 var det samla folketalet kome ned i 2899, av desse 747 i Borgund. Dette var ein dramatisk nedgang som i hovudsak skuldast utvandringi til Amerika la ingen dempar på lysta til å utvandra. Dette året drog 43 personar frå Lærdal og Borgund til Amerika. Året etter (1906), drog 39 personar, medan 51 drog i Samla for desse tre åra: 133. (Emigrantlistene, Bergen). Dei fleste som drog var ungdomar mellom år. Desse hadde ikkje røysterett i Denne store folkeflukta må ha vore det store samtaleemnet i Lærdal og Borgund desse åra. Samla folketal for dei to kommunane heldt fram med å gå ned utetter 1900-talet, og var i 1930 nede i 2395 (Borgund 648). Lensmann Anders L. Nesse var ordførar i Borgund i åra 1902 til Både Lærdal og Borgund var jordbruksbygder i Kornavlinga stod sterkt tidleg på 1800-talet. Etter kvart tok dyrkinga av poteter over som hovudprodukt, serleg i Lærdal. Laksefiske og fruktdyrking var og viktige næringar. Året 1905 Året opnar dramatisk med eit stor posttjuveri nyttårsdagen: "Da Postføreren ved 6:Tiden om Morgenen kom i land fra Dampskibet "Lærdal", hvor han havde hentet den fra Bergen ankomne Post, opdagede han, at en Pose med Bankobreve var borte". "Af løse Bankbreve fandtes der et, der indeholdt

2 Side 2 av 6 ikke mindre end 2500 Kroner". Politiet hadde ein mistenkt i saka, og det var no opp til politimeisteren i Leikanger å avgjera om det skulle utskrivast arrestordre. (Sogningen, ). Sogns Tidende kan elles fortelja at ein "fæl storm" raste i Sogn den 30. januar. Lærdal var serleg ille ute: "Paa fleire stader fekk telegraflina skade, stolparne vart brotne i stykke. Baade på Æri og Tønjum gjorde han skade. Tønjumskyrkja slapp heller ikkje radt fri. Men paa Borgund ruska han daa verst - og helst paa Kyrkjevoll. Ein hestestall ved hotellet vart kasta burt, so der ikkje var ein pinne attende utan golvet". Skadane på garden vart rekna til 2000 kr. (Fjordenes Blad, ). Johan Ludvig Arnesen var sokneprest for Lærdal og Borgund i åra Frå 1899 var han prost i midtre Sogn prosti. Nye Tønjum skule vart bygd i Fleire nye skular vart bygde tidleg på 1900-talet. Dei politiske hendingane gjer 1905 til eit merkeår i norsk historie. Landet samla seg om å oppretta eit eige norsk konsulatvesen, vedteke av Stortinget i mai. Då kong Oscar II nekta å godkjenna vedtaket, samla Stortinget seg på nytt 7. juni og erklærte unionen med Sverige for oppløyst. Denne kunngjeringa vart prenta i alle aviser og opplesen i kyrkjene 1. pinsedag, 11. juni, eller seinare. Svenskane gjekk med på ei oppløysing av unionen på det vilkåret at det vart halde ei folkerøysting. Eit samrøystes Storting vedtok då å halde ei slik folkerøysting søndag 13. august, der folket svara eit rungande ja til oppløysing av unionen. Deretter kom dei vanskelege forhandlingane med svenskane i Karlstad om korleis oppløysinga skulle gjennomførast. Utfallet av desse tingingane sette sinna i kok mange stader, og det var ei reell frykt for krig med Sverige. Dette vart unngått og Karlstadtraktaten vart vedteken av Stortinget og den svenske Riksdagen i fyrstninga av oktober. Neste akt i dramaet dette året var spørsmålet om republikk eller kongedøme. Stortinget vedtok 31. oktober at det skulle haldast ei folkerøysting om dette spørsmålet alt 12. og 13. november. Eit stort fleirtal (78,9 %) røysta for kongedøme, og Prins Carl av Danmark vart vald til norsk konge med namnet Haakon 7. Det er gunn til å tru at desse store nasjonale hendingane vart følgde med stor interesse, engasjement og spaning i Lærdal, som i andre bygder. Ønsket om å lausrive seg frå Sverige hadde vakse seg alt sterkare gjennom mange år. På kort varsel vart folk mobiliserte til å delta i to viktige val, og frammøtet vitnar om stort engasjement. 17. mai 1905 På Frønningen samla ungdommen seg til fest og feiring denne dagen. Klokka 2 om ettermiddagen "samlast alle skuleborni med sine flagg saman med ein stor hop vaksne ved skulehuset. Der heldt lærar Johan Austbø tale for dagen tilmaata serleg aat borni. Me song fedralandssalmen av Blix, og Austbø las upp ei landsmaalspreik til dagen, av bispen Bergessen. So gjekk heile fylgjet med barnetoget i fyreenden under kraftfull song nedetter Sagabakkarne og stogga paa den runde haugen beint yver eimbaatsbryggja, der Johan Austbø tala for fedraheimen".(sogn Tidende, ).

3 Side 3 av 6 Det vert elles i dette avisstykket retta kritikk mot folk på Frønningen, då avisa tykkjer det var "svært faae som "hadde tid" aa vera med og halda fest 17de mai. Det er svært kor seint det kann ganga upp for folk, kor mykje denne dagen hev aa segja for oss. I aar skulde me tenkt, at 17de mai hadde samla folk meir enn nokon gong fyrr, som han visst gjorde i alle andre bygder. Men her gjekk mange folk til arbeid og slutta arbeid same bil som andre dagar: Kom ikkje ihug, at dette skulde vera ein stor helgedag for det norske folk. Det store sagbruket her, der mann er i arbeid, gjekk i sitt vanlege gjenge - dagen tilendes; ingen arbeidarar skofta. Men mange ungdomar her hev ogso aandelege hugmaal, og storparten av desse gjorde dagen til festdag for seg". 7. juni 1905 Dette er dagen då regjeringa Michelsen la ned embeta sine i Stortinget, og eit samrøystes vedtak innebar oppløysing av unionen. Melding om vedtaket vart sendt utover landet, gjennom aviser, prestane og på annan måte. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Lærdal valsokn omfatta både Lærdal og Borgund. Det var eit valstyre på 4 for kvart av dei tre sokna Tønjum, Hauge og Borgund. I Tønjum valstyre sat lensmann Claus Rumohr (formann), fanejunker Ole O. Wendelbo, gardbrukar Anders Anderssen Vold og gardbrukar Lars Anderssen Æri. I Borgund valstyre sat desse: Anders Næsset (ordførar i Borgund), Jakob Hofland, Lars Næsse og Knut Hegg. I Hauge valstyre: Tøger Ravn, (ordførar i Lærdal), Peder Stønjum, Anders Hauge og Anders A. Kvigne. Valet om unionsoppløysing vart halde søndag 13. august i dei tre soknekyrkjene. I alt var det i valsoknet 561 røysteføre. 525 røysta, og 511 røyster vart godkjende. Søndag 12. og måndag 13. november røysta folk for eller mot kongedøme. Same røystestader som ved fyrste valet. Til kongevalet var det registrert 578 menn med røysterett. 419 røysta, og 417 røyster vart godkjende. Det var berre menn som hadde allmenn røysterett ved stortingsval og folkerøystingar. Vilkåra var norsk statsborgarskap, minst 5 års opphald i landet og alder på minst 25 år. Folkerøystinga om unionsoppløysinga 13. august 1905 Av dei 561 røysteføre i Lærdal og Borgund røysta 511 ja til oppløysing av unionen, ingen røysta nei. 525 møtte til røysting, eller 93, 6 % (14 røyster vart forkasta). Denne frammøteprosenten er svært høg, og over gjennomsnittet for fylket. Av sognekommunane hadde Vik den høgste frammøteprosenten med 98,4, som også var høgst på landsbasis. Solund hadde det lågaste frammøtet, med 80,7 %. I heile Sogn og Fjordane var det berre 3 røyster for å halda på unionen med Sverige, sa nei til unionen.

4 Side 4 av 6 Folkerøystinga om kongedøme eller republikk 12. og 13. november 1905 Til røystinga om kongedøme i november var det i Lærdal og Borgund 578 røysteføre. 419 av desse møtte fram til røystinga, eller 72,5 %. Langt mindre frammøte enn til unionsvalet i august. 278 røyster for kongedøme, 139 sa nei (2 røyster vart forkasta). Av godkjende røyster gjev dette 66,7 % ja til kongedøme. Snittet i fylket var 80,4 % ja til kongedøme. Dette plasserer Lærdal/Borgund eit godt stykke nede på lista over "kongevenlege" kommunar i Sogn og Fjordane, og av sognekommunane er det berre Lavik, Leikanger og Jostedalen som har lægre oppslutnad om kongedøme. Mest "kongevenlege" var kommunane Hyllestad og Solund med 96 % ja-røyster. I Hornindal og Stryn var oppslutnaden nede i 53 %. Nøkkelpersonar Proprietær Tøger Ravn var ordførar i Lærdal i Kaptein og lensmann Anders L. Nesset var ordførar i Borgund. Johan Ludvig Arnesen var soknepsrest i Lærdal i 1905, tilsett i Claus Rumohr var lensmann i Alle desse hadde på ulike måtar mykje å gjera med hendingane i Andre saker og hendingar i kring 1905 Utbygging av skular var i Lærdal og Borgund ei viktig oppgåve. Alt i 1838 kom det fyrste skulehuset på Øyri. Dei fleste skulekrinsane fekk eigne skulehus i og 70 åri. Erdal fekk ny skulestove i Lærdalsøyri og Tønjum fekk nye skulehus i 1902 og Strendene og Vindedalen fekk eigne skulehus i 1905 og Striden om nynorsk i skulen var kvass i Lærdal og Borgund. Alt i 1898 hadde det lokale lærarlaget teke til ordet for nynorsk (eller landsmål som det heitte den gongen) i skulane. Også ungdomslaget på Lærdalsøyri arbeidde for dette. I 1899 kom Bjørnstjerne Bjørnson på vitjing for å halda foredrag mot landsmålet. Ungdomslaget hadde førebudd seg, og ungdomen reiste seg under møtet og song "Gud signe Norigs land", til Bjørnsons store harme. Formannen i laget, klokkar Olaus Dahle, hadde motinnlegg mot Bjørnson. Møtet vart omtala i avisene over heile landet, og bilete av Dahle kom på prent i hovudstadspressa. Etter mykje strid fekk dei foreldra som ville det la borna sine ha bibelsoge på nynorsk. Dette var i Etter kvart fekk nokre krinsar nynorsk, andre bokmål. Den nye rettskrivingi i 1907 førte til ny beisk strid. Kommunevalet i 1910 kom heilt til å handla om målstriden, der eit eige parti, "Riksmålspartiet" fekk mange representantar. Etter kvart vart det nynorsk i dei fleste krinsane, men det gjekk seint med å få nynorsk i Borgund. Arbeidet med å få Blix-salmane inn i kyrkja tok til i Det kan elles nemnast at ein lærar i småskulen i 1910 hadde ei vekesløn på kr 19, medan ein lærar i storskulen hadde kr 24.

5 Side 5 av 6 Johan Lindstrøm skriv i boka "Lærdal" (Mittet, Oslo, 1946, s. 54) at "I denne hølen [Bjørkum] fisket den senere kong Georg den V og Fridtjof Nansen i 1905". I kommunestyremøte i april 1905 kom følgjande sak opp: "Spørgsmaal om Anskaffelse af 2 Flag til Brug ved Heste og Kvægudstillingerne. Man besluttede at anskaffe et Flag af Ulddug til Kr 25 og ansøge Sparebanken om at anskaffe et lignende. Derhos valgte man Lars A Æri og Lasse L Hauge at foretage det Fornødne til Udstillingspladsens Udstyr baade til kommende Hesteudstilling og Ungkvægskuet". Jernbane i Sogn Heradstyret i Lærdal drøfta i april 1905 om det skulle løyvast pengar til jernbana Myrdal - Flåm. Det var snakk om eit tilskot på kr 5000,-. Heradstyret ville ikkje løyva pengar til dette tiltaket då det "er ligegyldigt ligeoverfor Spørsmaalet jernbane Myrdalen - Flom, i det man anser dens Betydning for Herredet og overhodet ogsaa for Amtet af liden eller ingen Værd". Heradstyret var meir interessert i ei forlenging av Valdresbana til Sogn, og ber amtmannen om å arbeida for ei slik line, og "bevilgede i denne anledning enstemming kroner". Dei andre bygdene i Sogn var ikkje så negative til jarnbana Myrdal - Flåm som Lærdal. På eit møte i februar 1905, som amtmannen hadde kalla inn til, var det utsendingar frå dei fleste bygdene i Sogn. Frå dette møtet kom det fråsegn om "at man ser det absolutt nødvendigt saavel for Bergensbanens trafik som for Sognefjordens benyttelse af Bergensbanen, at der snarest mulig sørges for bygning af sidelinje til Sognefjorden". (Sogns Tidende, ). R. Helland frå Lærdal røysta mot denne fråsegni. Lærdal sjukehus Arbeidet med å få eit sjukehus i Lærdal kom i gang tidleg på 1900-talet. I 1901 sende "sundhetskommisjonen" eit brev til heradsstyret og bad om at kommunen fekk råderett over det gamle skulehuset på Øyri "saa dette kan indrettes til et sygehus for distriktet". Den nystifta "Sygepleieforeningen" (1902) i Lærdal arbeidde og for å få eit sjukehus til bygda. Heradstyra i Lærdal og Borgund slutta seg til tanken, og tok opp saka med amtmannen. Det kom ikkje noko meir ut av dette før Lærdal i 1905 fekk ein ung energisk distriktslækjar, Dr. Einar Andersen. Han fekk fart i saka, saman med ordførar Ravn. Det gamle skulehuset vart sett i stand, og Lærdal Sjukehus kunne opna i januar 1906, utan at amtet hadde drøfta saki. På amtstinget same året kom det framlegg om å løyva kr 400 til sjukehuset, men framlegget fall mot 11 røyster. Lærdal Sjukehus var likevel i gang på heradet si rekning, med 8 sengeplassar. Fyrst i 1914 vart sjukehuset teke over av fylket, og no med nytt bygg på Mjelde, der sjukehuset framles ligg. Artikkelnummer: KAL/SFF

6 Side 6 av 6 Forfattar og datering: Oddvar Natvik, Prenta kjelder: Avisa Fjordenes Blad. Avisa Sogn Tidende. Avisa Sogningen. Laberg, Jon: Lærdal og Borgund. Bygd og ætter. Bergen, Hjermann, P. S.: Ungdomslaget på Lærdalsøyri 80 år. Lærdal, "Været dem til megen Hjelp". Lærdal Helselag 90 år. Lærdal Helselag, Lindstrøm, Johan: Lærdal. Oslo, Espe, Alfred: Skulesoge for Lærdal og Borgund. Lærdal, Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret til Lærdal valsokn. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

1905 - Årdal kommune

1905 - Årdal kommune Side 1 av 6 Årdalstangen ca. 1912. Midt på biletet er Årdal kyrkje der dei to vala i 1905 vart haldne. Ivar Offerdal var ordførar i Årdal i to bolkar, 1905 til 1907, og 1920 til 1922. 1905 - Årdal kommune

Detaljer

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane Gaularseminaret, 5.11.2013 Oddmund L. Hoel Tema 1763 1814 1837 1898 1901 1913 1763: Bergenhus amt delt Vik i Sogn 30. mars 1814 Kjelde: Fullmakter til Riksforsamlinga,

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnr.: Saksbehandlar Utval for Oppvekst og Helse 04.11.2008 037/08 MO Kommunestyret 13.11.2008 072/08 MO Saksansvarleg: Eirik Natvik

Detaljer

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009 Revisjon. 2009 LAGSNAMN Laget sitt fulle namn er Stord Idrettslag (Forkorta til S.I.L) 1 FØREMÅL LOVHEFTE FOR Laget er sjølveigande og firttståande med berre personlege medlemmer. Laget sitt føremål er

Detaljer

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR

BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Meløy kommune ordførar rådmann 8150 Ørnes 03.12.2014 BUDSJETT 2015 - OG SKULESTRUKTUR Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) arbeider med denne saka på oppdrag frå Foreldrerådet (FAU) ved Neverdal skule

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s.

1. Forord s. 2. 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 1 INNHALDSLISTE 1. Forord s. 2 2. Når eit barn døyr s. 3 2.1 Dødsulukke i skulen s. 3 2.2 Dødsulukke utanfor skulen s. 5 2.3 Dødsfall etter lang sjukdom s. 6 3. Ein av foreldra/føresette eller syskjen

Detaljer

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter. KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over

Detaljer

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest Landbruk Nordvest Hovsvegen 25, 6600 Sunndaløra Vedlegg 1 E-post rådgiving: nordvest@lr.no Org.nr:NO984 468 822MVA E-post tenester: tenester@lr.no Telefax 935 77 019 Bankgiro nr: 4202.20.16347 Sunndalsøra

Detaljer

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG Justert av årsmøtet 25. februar 2004 ( 11), 1. mars 2006 ( 11), 4. mars 2008 ( 10), 3. mars 2009 ( 10), 3. mars 2010 ( 12A), 23. februar 2011 ( 11 4. avsnitt) 1 1 Formål Volda

Detaljer

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale. Fra: asbjørn eikerol [aeikerol@hotmail.com] Til: Postmottak Sentraladm [Postmottak.Sentraladm@sfj.no] Kopi: Sendt: 06.06.2016 00:05:58 Emne: Tannhelsetenesta. Tannklinikkar kan bli lagde ned. Vedlegg:

Detaljer

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innspelsundersøking Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Status og mål... 3 1.2 Vurderingar av mål knytt til kommunesamanslåing... 4 1.3 Haldningar

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 Kulturmidlar 2015 TILRÅDING: Formannskapet vedtek slik tildeling av tilskot frå kommunale kulturmidlar 2015: Org. Tilskot2014:

Detaljer

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres

Detaljer

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden? Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 Emne nr. 88 MØTESTADEN 1. Kor mange møtehus eller møtesalar er det i Dykkar bygd? Vi vil gjerne at De skal nemna talet så nøgje De kan. De skal ikkje rekna

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST... 2 KVEN KAN SØKJE/BRUKE DET ELEKTRONISKE SØKNADSSKJEMAET?... 3 STARTSIDE...

Detaljer

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Nesset Fjellstyre Nesset Fjellstyre administrerer bruksretter og herligheter (lunnende) i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning (EVS). Statskog SF er hjemmelshaver og

Detaljer

Møteinnkalling for Valgstyre

Møteinnkalling for Valgstyre Vågsøy kommune Møteinnkalling for Valgstyre Møtedato: 10.03.2016 Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtetid: Kl. 18:00-18:30 Innkallingen sendes medlemmene og de første varamedlemmer i hver gruppe.

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Arne Gotteberg Arkivsak nr.: 2012/2026 Arkivkode: G00 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE

Detaljer

Forfattaren Lars Berg og arkivet etter han

Forfattaren Lars Berg og arkivet etter han HUGINS ØYE - oktober 1999 Universitetsbiblioteket i Tromsø Vårt universitetsemblem viser som kjent Odins to ravner. Hugin er navnet på den ene av disse ravner, som sammen med sin ledsager Munin hver morgen

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Frå dikt til teikneserie

Frå dikt til teikneserie Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt: Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Tenesteutvalet 26.10.2009 022/09 MGAK Kvam formannskap 27.10.2009 051/09 MGAK Kvam heradsstyre 10.11.2009 096/09 MGAK

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp KVAM HERAD KVAM ELDRERÅD MØTEPROTOKOLL Dato: 25.04.03 Kl.: 10.00-13.00 Stad: Jondal nye aldersheim Saknr.: 004/03-007/03 Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg

Detaljer

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte: Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,

Detaljer

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Høst 2013 Tid: Tirsdag 26. november kl. 9-13 (4 timer) Sted: Lesesal B + C Sophus Bugges hus Ingen hjelpemidler tillatt. Oppgavesettet er på 3 sider, forsiden

Detaljer

Om lokalaviser og lokalt engasjement

Om lokalaviser og lokalt engasjement Om lokalaviser og lokalt engasjement Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for Lokalaviser (LLA) Alta 13. juni 2008 Lokalavisene er grunnfjellet i den norske medieverda! Om lag 150 superlokale aviser

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 14.06.2011 039/11 HASO Kvam heradsstyre 20.06.2011 065/11 HASO Avgjerd av: Saksh.: Hans Atle Soldal Arkiv:

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2 Interkommunalt IKT-samarbeid Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal Vår ref 10/3794-29 Eining/avd/saksh. REGIKT//CARNYB Arkiv Dykkar ref Dato 28.11.2012 ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013 Innhald Kva har

Detaljer

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesrådmannen: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: * Tal uprenta vedlegg: * Riksregulativet for ferjetakstar - høyring Fylkesrådmannen

Detaljer

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE VOSS KOMMUNE ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE Vedtekne i kommunestyret 30. november 1995, sak 93. Endra i kommunestyret 26. august 1999, sak 49 20. juni 2001, sak 53 27. november 2007, sak 78 (kursiv) og 29.

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Vinje kommune Vinje helse og omsorg Arkiv saknr: 2014/516 Løpenr.: 8125/2014 Arkivkode: G10 Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Kari Dalen Friskliv i Vinje

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel Møtedato: 24.11.2008 Møtetid: Kl. 1015-1430 Møtestad: Svelgen Saksnr.: 036/08-048/08 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel Anne

Detaljer

VARSEL OM OPPSTART AV ARBEID MED DETALJREGULERINGSPLAN FOR HOVLAND BUSTADFELT, GBNR. 95/1 M.FL.- KAUPANGER I SOGNDAL KOMMUNE

VARSEL OM OPPSTART AV ARBEID MED DETALJREGULERINGSPLAN FOR HOVLAND BUSTADFELT, GBNR. 95/1 M.FL.- KAUPANGER I SOGNDAL KOMMUNE Jf adresseliste Deres ref.: Vår ref.: Dato: N:\500\76\5007643\5 Arbeidsdokument\varsel om oppstart av planarbeid VARSEL OM OPPSTART AV ARBEID MED DETALJREGULERINGSPLAN FOR HOVLAND BUSTADFELT, G. /1 M.FL.-

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298 OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 18.03.03 Tid: 08.30 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 12.03.2013 Kl.15:30 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding,

Detaljer

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN vedteke av kommunestyret 29.01.1998 1. HISTORISK BAKGRUNN Dei første skulekrinsane i Samnanger gjekk over til nynorsk («landsmål») i 1909. Sidan 1938 har nynorsk vore einerådande

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR Norsk etnologisk gransking Februar 1955 Emne nr. 48 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR Med denne lista vil vi freista å få greie på dei nemningane ( benevnelsene ) som bygdemålet frå gamalt nytta

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 10.03.2009 012/09 HIAN Avgjerd av: Kvam heradsstyre Saksh.: Sigrid Laupsa Arkiv: N-210 Objekt: Arkivsaknr

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Granvin herad Sakspapir

Granvin herad Sakspapir Granvin herad Sakspapir Styre, komite, utval Møtedato Saknr Sbh Formannskapet 23.11.2010 059/10 KJF Sakshandsamar: Kjersti Finne Arkivkode: K2-L12 Arkivsaknr: 10/79 Søknad om oppstart av detaljregulering

Detaljer

Tertialrapport 2 tertial 2015

Tertialrapport 2 tertial 2015 Tertialrapport 2 tertial 2015 for Balestrand kommune Rådmannen TERTIALRAPPORT 2. tertial 2015, periode 8/2015 1. Innleiing Det skal leggast fram rapport om rekneskapen i høve til budsjett og den kommunale

Detaljer

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651 SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651 EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING Ordføraren si innstilling: ::: Sett inn innstillingen under denne linja ::: Sett inn innstillingen

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben Planseksjonen her For kunngjering av planvedtak Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2007/865 2907/2007 L12 SAM/ PH 11.04.2007 _ E39 VOLDA

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

Evaluering av ordninga Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Susan Husabø, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 14/5244-2 Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring" Fylkesdirektøren rår hovudutval for opplæring

Detaljer

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14.

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate 34 4608 Kristiansand. Førde, 14. Partilovnemnda v/leiar Ørnulf Røhnebæk Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Postboks 14 6801 Førde Kontaktpersonar: Turid Digernes Eikås Tlf. 57 72 32 33 Sylvi Hjelmeland Lone Tlf. 57 72 32 52 E-post: olitiske

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 23.02.2009 Frå: 18.00 til 19.30

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 23.02.2009 Frå: 18.00 til 19.30 OS KOMMUNE Personalavdelinga MØTEPROTOKOLL Personalutvalet Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 23.02.2009 Frå: 18.00 til 19.30 Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Tilsette repr Tilsette repr Namn

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Detaljer

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200800701-29 Arkivnr. 800 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 05.06.2013 20.06.2013 ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Oppvekstutvalet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet Møtestad: Kommunehuset, kommunestyresalen Dato: 10.01.2012 Tid: 08:00

Detaljer

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007. Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare.

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007. Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare. 1 Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007 Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare. Eg skal på den korte tida eg har fått til disposisjon seie litt

Detaljer

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016

Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Rapport ungdomskurs i bridge på Os 27. 28. februar 2016 Os Bridgeklubb arrangerte helga 27. 28. februar 2016 bridgekurs for ungdom. Planlegginga av kurset starta hausten 2015, og etter at vi fekk innvilga

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant Av Anders Stub og Ottar Haugen Anders Stub og Ottar Haugen er begge prosjektleiarar og rådgjevarar på Landbruks avdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1.Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Vel nynorsk for barnet ditt!

Vel nynorsk for barnet ditt! Vel nynorsk for barnet ditt! 10 elevar er nok til å få ein eigen nynorskklasse på skulen til barnet ditt. Alle elevar skal lære bokmål og nynorsk. Lat barnet ditt få gjere det på den lettaste måten. Kva

Detaljer

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD Møteinnkalling Møtedato: 03.11.2010 Møtestad: Ungdomsbasen Møtetid: Kl. 09:00 Varamedlemmer møter etter nærare innkalling. Forfall skal meldast til Birte Brakestad på tlf. :

Detaljer

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET. Varsel: Kantklipping av kommunale vegar og plassar. Det vil foregå kantklipping frå 4. Juli og utover sommaren. VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

Detaljer

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Alderspensjonistar som bur i utlandet Alders som bur i utlandet Av: Od d b j ø r n Ha g a Samandrag Talet på alders som bur i utlandet har auka mykje dei siste åra. I 199 var dei færre enn 6, i 27 om lag 27. Talet veks jamt med knapt 1 5 i

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 72/12 12/1226 Endring av selskapsavtale for Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 72/12 12/1226 Endring av selskapsavtale for Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: 12.12.2012 Tid: 12.00 MØTEPROTOKOLL Kommunestyret SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 72/12 12/1226 Endring av selskapsavtale for Alarmsentralen Sogn og Fjordane

Detaljer

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål»)

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål») Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål») Innhald Punkta A, B og C i Altinn (A og B på papir)... 1 Om spm 1, 2, 3 og 4 Kva blir rekna med som

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer