Naustdal kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Naustdal kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel, dampskipsekspedisjon og post. Til høgre for dette kan vi sjå hotellet som vart bygd på slutten av 1800-talet. Det var helst engelske laksefiskarar som budde på hotellet Naustdal kommune I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Naustdal kommune Gunder B. Thune var ordførar i Naustdal kommune frå 1896 til Han var også skribent i avisa Nordre Bergenhus amtstidende. Garden Hove i Naustdal. I 1900 budde det 41 menneske på Hove. Tingneset i Vevring. Frå gammalt var garden Vevring med Tingneset eit sentrum i Ytre Førdefjorden. Der var kyrkje, skysskifte, handel og gjestgjeveri og i åra stad for kommunalt styre og stell i dåverande Vevring kommune. Naustdal kommune i 1905 Naustdal kommune var i 1905 eit av kyrkjesokna i Førde prestegjeld. Til Naustdal kommune høyrde og område på sørsida av Førdefjorden (overført til Førde kommune i 1964). Vevring var i 1905 eigen kommune med område på båe sider av Førdefjorden. (I 1964 var området nord for Førdefjorden lagt til Naustdal kommune.) Vevring kommune var også eit av kyrkjesokna i Førde prestegjeld. I 1900 var folketalet i Naustdal kommune 2598 og i Vevring kommune Jordbruket var den viktigaste næringa. Korn og potet var dei viktigaste åkerprodukta. Husdyrhald var også ei viktig næring. I Naustdal kommune er det fleire elver, og det har vore næringsverksemd knytt til elvane. I Ervik (som i dag ligg i Førde kommune) var det sagbruk og høvleri og i Naustdalsfossen mølle og trevarefabrikk. Kommunen hadde sin eigen bank; Naustdal sparebank skipa i Naustdal var sentrum for eit vidt omland og hadde eit godt utval av butikkar. I tillegg til Naustdal sentrum var det også handelsplass på Tingneset i Vevring kommune. Naustdal kommune hadde i 1905 tre postopneri (Helle, Ervik og Naustdal). Fylkesbåtane hadde stoppestad i Helle, Ervik og Naustdal. I den delen av Vevring som i dag høyrer til Naustdal, var det postopneri og stoppestad for fylkesbåtane i Vevring. I tillegg til fylkesbåtane var det fleire private båtruter på Førdefjorden. Lokalbåtane frakta folk og varer til og frå dei mindre stadene der fylkesbåtane ikkje la til kai. I 1905 var fjorden den viktigaste ferdsleåra. Heile Vevring kommune var i 1900 utan køyrbare vegar. I Naustdal kommune var det køyrevegar innover einskilde dalføre frå Førdefjorden. "i spændt Forventning"

2 Side 2 av 6 I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Frå 17. mai Her er 17. mai-toget i Naustdal på veg ned frå Naustdalsfossen. Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Noreg og Sverige, om utviklinga i konsulatsaka utover våren, om unionsoppløysinga 7. juni, om folkerøystinga 13. august, forhandlingane i Karlstad, spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Folk stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk, engasjerte mange, det same gjorde utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging, og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhalstunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet. Kongekort/patriotkort. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Det er ikkje mykje stoff om Naustdal i avisene kring 1905, men nokre nyhende er omtala i avisa Sogningen. 23. desember 1904 kunne dei fortelje at "i Naustdal har herredsstyret besluttet Oprettelse af en Kommunelægepost." Under overskrifta "Ein kommune, som stræber fremover" kunne Sogningen vidare fortelje at "i Naustdal har man, siden herredet i 1896 blev skilt fra Førde, bygget 3 store, pene Skolehuse, et stort Skole- og Kommunehus, bevilget Bidrag til Omlægging av Bygdeveie beregnet til kroner 125,000.00, oprettet egen Brandassuranceforening, faaet sin egen Sparebank og fra Nytaar 1905 sin egen Kommunelæge." I 1904 var det avstemning om innføring av Blix-salmane i Naustdal. Fleire kommunar i fylket tok i bruk Blix-salmane i åra rundt 1905, men i Naustdal vart salmane nedrøysta med stort fleirtal. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og i Naustdal vart Gunder B. Thune vald til ordførar. Jonas Rein Landmark var sokneprest i Førde prestegjeld og Ludvig Solheim residerande kapellan i Naustdal. A. Steen var lensmann. I Vevring vart Andreas Hegrenes vald til ordførar. L. Røiseth var konstituert lensmann for Vevring. Gunder B. Thune, ordførar i Naustdal frå var ein ivrig debattant, foredragshaldar og skribent. Det var først og fremst avisa Nordre Bergenhus Amtstidende Thune skreiv for. Lag og organisasjonar

3 Side 3 av 6 I det som i dag er Naustdal kommune var det i 1905 eit aktivt lagsliv. Kommunen hadde 5 ungdomslag; Vårbod (skipa 1897), Framsteg (1885), Kvellestad (1893), Midtreldalen ( 1893) og Åse (1900), 3 skyttarlag; Instedalen (1894), Midtredalen (1903) og Naustdal (1889), fråhaldslag, kvinneforeiningar, misjonsforeiningar, mannsforeining og sundagsskule. Det var også eit eige venstrelag i kommunen, skipa i Naustdal mållag vart skipa i Fleire av ungdomslaga i Naustdal var med i Sunnfjord ungdomslag som mellom anna arrangerte årlege ungdomsstemner. Om stemnet i 1905 (i Eikefjord) står det i Sunnfjord Ungdomslag 25 år at "dette var ei overlag gild stemna. Det var daa det store frigjeringsaaret og eldhugen laag i lufta. Det gjorde sitt baade paa talarar og lyden". Det første ungdomslaget i Naustdal, Framsteg, vart skipa i Jacob Slettemark skreiv i 1923 i Sunnfjord Ungdomslag 25 år (s ) om skipinga av ungdomslaget: "Men den tid det bar so til at kongen kravde absolut veto [1880-talet], daa var det ogso i Naustdal nokre unge menn som hadde slaatt seg til det folkepartiet Johan Sverdrup var førar for, og desse var inderleg samde med sin merkesmann i at no laut'n Oscar alt stogge paa. Det var nemleg grunnlova si meining, at det i grunnen var folket sjølv som skulde styre her i landet ved sine valde umbodsmenn, og ikkje ein dispotisk svensk-norsk konge." Vidare skriv Slettemark at "men skulde dette demokratiske syn faa framgong og verta til røyndom, so laut folket faa meir opplysning". Dette vart ungdomslaga si rolle. Ungdomslaga arrangerte diskusjonsmøte og engasjerte ungdommen "..i eit systematisk arbeid for alt som kunde adle og lyfte folket og gagne fedrelandet". 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i Rundt om i heile landet tok talarane føre seg Eidsvoll og Grunnlova og nasjonalt sjølvstende i større alvor og med større begeistring enn nokon gong. I Søndfjords Avis vart det 20. mai, referert til 17. mai feiringa i Naustdal: " Fyre middag talad skulelærar Øvrelid i kyrkja. Eit orgel var sett inn i kyrkja for dette høve. Den framifraa gjilde tala, salmesongen, orgelspelet og nasjonalklædi - alt gjorde sitt til at denne kyrkjeferdi vart sers høgtideleg. Etter møtet i kyrkja gjekk skuleborn og ungdomslag og andre i fylgje upp til Horstad skulehus. Der held lærar Emhjellen tala for dagen. Ei greid og eldfull tala. Sidan talad kykjesongar Erdal sandt og godt um fedrelandselsk, ikkje paa festar i tale og song berre, men ogso og framum alt i vaare tiltak i kvardagslivet." 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i

4 Side 4 av 6 kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Dei norske avisene heldt lesarane sine oppdaterte på den spente situasjonen mellom Noreg og Sverige gjennom heile året I Naustdal kunne lesarane av Søndfjords Avis 20. juni 1905 lese dette: "Den Mærkepæl i Noregs Historie som det norske Storthing satte ved 7de Juni-Beslutningen, har sat et imponerende Præg paa Nationen. (..) Nationen er gjenfødt. Dæmningen for de gjærende, ulmende Kræfter hos det norske Folk blev sprængt. Og den sprængtes ikke ved Revolution, ved Ødeleggelse; men ved Folkets Opvaagnen til kraftigere og mer udviklende Virke i Enighed og Frihet. Det er kun en Retfærdighedssag som er skeet fyldest." Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Søndag 13. august då folket skulle seie ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svare ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Førde valsokn tilsvara dåverande Førde, Naustdal og Vevring kommunar. Valstyret var samansett av: lensmann A. Steen (formann), L. Røiseth, O. M. Erdal, O. Schei. O. Eikeland, R. Gjerland, Olai Horstad, G. B. Thune, S. E. Horstad, R. Grimeland, A. G. Hegrenes, G. M. Holsen, Andr. Vefring, L. Botnen, Anders Sæle og L. T. Farsund. O. Schei, O. Horstad, G. B. Thune, S. E. Horstad og Anders Sæle var alle med i Naustdal kommunestyre mellom 1905 og I begge røystingane var det 4 røystestader: a) i Holsen kyrkje, b) i Førde kyrkje, c) i Naustal Kyrkje (ved folkerøystinga i november vart det halde avstemning i Naustdal kyrkje 12. november og i Naustdal kommunelokale 13. november) og d) i Vevring. Røystinga i august gjekk føre seg i Vevring skulehus, medan det i november var røysting i Vevring kyrkje. Oppteljinga føregjekk felles i Førde. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet i Førde valsokn: Av som hadde røysterett, røysta (89,3%). 3 røyster vart forkasta. Alle røysta ja. I Naustdal særskilte stemmemøte, leia av ordførar G. B. Thune, vart det motteke 387 stemmer og 47 forfaldsmeldingar. I Vevring særskilte stemmemøte, leia av konstituert lensmann L. Røiseth vart det motteke 208 stemmer og 32 forfaldsmeldingar. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett. Det vart avgjeve (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: hadde røysterett, godkjende røyster ( ja, 184 nei). I Naustdal var det folkerøysting i Naustdal kyrkje. Avstemninga tok til kl. 1 - etter den vanlege

5 Side 5 av 6 sundagsgudstenesta. I presten sitt dagsregister (dagbok) står dette om dagen 13. august i Naustdal: " Prædiken om ordet Ikke enhver som siger til mig: Herre, Herre etc. Mundkristendom - gjerningskristendom - hjertekristendom. Fra prædikestolen mindedes om den samme dag afholdendes folkeafstemning og indskjærpedes enhver stemmeberettiget borgers pligt mod fædrelandet. Kirken var festlig smykket. Gud velsigne alle dage Norges land og folk.". Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. I Søndfjords Avis vart det 10. august trykt ei oppmoding frå Landskvinnestemmerettsforeningen til kvinner om å skrive seg på lister: "Norske Kvinder! Landskvindestemmeretsforeningen har allerede gjennem Adresse til Storthing og Regjering udtalt sin Tak til Statsmagterne for hvad der af disse er gjort for at opretholde vort Lands Selvstændighed og Selvbestemmelsesret. Medlemmerne ønsker yderligere at føie sit Ja til de Mænds, der har Ret til at deltage i Folkeafstemningen den 13de August, idet de med dyb Overbevisning er med at slaa Ring om 7de Juni-Beslutningen. Samtidig retter Foreningen en Opfordring til alle Landets Kvinder om at slutte sig hertil ved at indsende sine Navne." Avisene var sentrale for å få ut informasjon om aksjonen, og sjølv om vi ikkje har opplysningar om kvinneaksjonen i Naustdal er det ikkje usannsynleg at også kvinner frå Naustdal og Vevring skreiv under på lister. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Førde valsokn: Av 1301 med røysterett, røysta 1078 (82,8%). 7 røyster vart forkasta. 981 (91,6%) røysta ja (for kongedømme), 90 (8,4%) røysta nei (for republikk). I Naustdal særskilte stemmemøte, leia av ordførar G. B. Thune, vart det motteke 368 stemmer og 34 forfaldsmeldingar. I Vevring særskilte stemmemøte, leia av konstituert lensmann L. Røiseth vart det motteke 191 stemmer og 21 forfaldsmeldingar. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett, (78,3 %) godkjende røyster (80,4%) røysta for kongedømme, (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: hadde røysterett, godkjende røyster (73,5%) (79,5%) røysta for kongedømme, (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Noregs konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England, og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og sonen Alexander fekk namnet Olav.

6 Side 6 av 6 Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. På vegne av folket i Sogn og Fjordane sendte Amtmann Utheim telegram til Kongen og Dronninga. Slik vart det attgjeve i Søndfjords Avis 8. desember 1905: "Amtmanden har paa Indtogsdagen 25. Nov. sendt Kongen og Dronninga saadant Telegram: "Paa egne og Folkets Vegne i Sogn og Fjordene sender jeg Deres Majestæt min ærbødigste Hilsen med Ønske om, at Gud vil signe denne Dag til Lykke for Kongehus, for Folk og Fædreland". Derpaa har han modtaget saadant Svar: "Amtmand Utheim, Leikanger. Dronningen og jeg sender Folket i Sogn og Fjordenes Bygder vor dybfølte Tak og vore varmeste Hilsener. Haakon." Nasjonal takkegudsteneste På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudstenester i heile landet. Vi veit det vart halde slik gudsteneste i Naustdal kyrkje. Kyrkjedepartementet hadde i rundskriv fastsett at dagens tekst skulle vera Salmane 118, vers 23-26, og rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland". Salmane 118, 23-24: Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no! Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Karianne Schmidt Vindenes, Prenta kjelder: Avisa Søndfjords Avis , , og Avisa Sogningen Naustdal kyrkje Naustdal sokneråd. Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Flora Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I Kjelda nr Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania Sunnfjord Ungdomslag 25 år Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Naustdal kommune Sunnfjord Ungdomslag: Sunnfjord Ungdomslag 25 år. Florø Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november. Statsarkivet i Bergen: Naustdal prestearkiv, dagsregister Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer

Stryn kommune

Stryn kommune Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare

Detaljer

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Møtedato: 23.02.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 - Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er,

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar TIDSUR Dei første norske byane vert grunnlagt Julius Cæsar 10 11 Svartedauden 12 Dei første menneske kjem til Noreg 1 2 9 8 Jordbruk vert innført i Noreg Pyramidane i Egypt vert bygd Skriftspråk vert 7

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

No sprett knuppane og sevja stig

No sprett knuppane og sevja stig No sprett knuppane og sevja stig Sein vår i år, men du verda for eit drivande ver når det no fyrst losna; med mildver og regn og ei rekkje kulturhendingar både i vårt lag og leikarringen og i nærskylde

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre. Til: Utsendingar til KS Sogn og Fjordane sitt konstituerande fylkesmøte 19. november 2015 Kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei politiske partia i Sogn og Fjordane Førde 29.09.2015 Vedrørande

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Gaular kommune www.gaular.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. LEIESTJERNA Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. Han var med og omsette Bibelen til nynorsk, skreiv

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon Sakshandsamar: Lill Mona Solberg Vår dato Vår referanse Telefon: 57643105 24.06.2013 2013/2729 - E-post: fmsflms@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse Lærdal kommune Postboks 83 6886 Lærdal Varsel

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007 Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken lisbeth.viken@hist.no 7355927

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

1905 - Årdal kommune

1905 - Årdal kommune Side 1 av 6 Årdalstangen ca. 1912. Midt på biletet er Årdal kyrkje der dei to vala i 1905 vart haldne. Ivar Offerdal var ordførar i Årdal i to bolkar, 1905 til 1907, og 1920 til 1922. 1905 - Årdal kommune

Detaljer

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad

Detaljer

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Rettleiing for revisor sin særattestasjon Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Eid kyrkje brukt som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv. Fotograf Isak Hellebust tok ein serie med bilete i kyrkja ved avrøystinga

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Styret har vore samansett slik i 2012 : Årsmelding for Volda Dykkerklubb 2012 Styret har vore samansett slik i 2012 : Formann : Roar Gjerde ( ikkje på val, 1 år att) Nestformann : Alf Henning Ervik ( på val 2013) Kasserar/IT ansvarleg : Rolf

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Hyllestad kommune www.hyllestad.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten

Detaljer

BIBELOMSETJAREN. «No tek du Bibelen, so greider eg Homer.» A. O. VINJE til Elias Blix 1869

BIBELOMSETJAREN. «No tek du Bibelen, so greider eg Homer.» A. O. VINJE til Elias Blix 1869 BIBELOMSETJAREN «No tek du Bibelen, so greider eg Homer.» A. O. VINJE til Elias Blix 1869 Frå 1881 fekk Det Norske Samlaget statstilskot til omsetjing av Bibelen til nynorsk. Elias Blix var no blitt professor

Detaljer

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Sokneråd FOK Tilstede: Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Til stades siste del av møtet

Detaljer

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon Høst 2013 Tid: Tirsdag 26. november kl. 9-13 (4 timer) Sted: Lesesal B + C Sophus Bugges hus Ingen hjelpemidler tillatt. Oppgavesettet er på 3 sider, forsiden

Detaljer

DIS- Sogn og Fjordane

DIS- Sogn og Fjordane DIS- Sogn og Fjordane ÅRSMELDING 2014 Årsmelding 2014: DIS-Sogn og Fjordane Årsmeldinga gjeld for perioden frå 01.01.14 og til og med 31.12.14, med unnatak av avsnittet som gjeld minneord over leiar Geir

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik (Basert på opplysningane i artikkelen nedanfor.) Brukt blåsesand inneheld komponentar av det som er sandblåst, og er å rekne

Detaljer

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Ukens tema: Norge Norges nasjonaldag Norsk: Vi arbeider med nivå 1 og 2 i «Norsk start 8-10». Vi øver på å skrive fritekster i Word (Kristiansand). Vi øver på 17. mai sanger.

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer