Luster kommune - gamle Hafslo kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune"

Transkript

1 Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien og skimtar Walaker hotell i klyngja i sentrum. Postkort frå Marifjøra i Marifjøra var knutepunkt for trafikk til og frå Jostedalen med dampskipskai, skysstasjon, hotell og anna overnatting. Her var også legekontor for kommunane Luster, Jostedal og Hafslo Luster kommune - gamle Hafslo kommune Hafslo sentrum omlag slik det såg ut i Motoren og ei mengd robåtar ligg ved bryggja på Nes og er søkklasta av festkledde folk. Ein festdag, kanskje det er bryllaupsgjester. Hafslo ungdomslag på tur til Veitastrond i Mannen med paraply og lys hatt, fremste rekkje, er leiaren Kristoffer Alme. Han leia laget i over 30 år. Her ser vi rikstelefonstasjonen på Hafslo i Stasjonen heldt hus hos Andreas Mo og kona I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om tida kring 1905 i Hafslo kommune. Hafslo kommune i 1905 Hafslo kommune, som i dag er ein del av storkommunen Luster, var eigen kommune i januar 1963 vart kommunen slegen saman med nabokommunane Jostedal og Luster. Hafslo kommune omfatta då kyrkjesokna Hafslo, Solvorn (med Urnes), Fet og Jordanger. Bygda Veitastrond var og ein del av Hafslo kyrkjesokn. Dei hadde eigen gravplass, men ikkje kyrkje eller kapell. I 1900 var folketalet Kommunen låg på begge sider av Lustrafjorden ( Ytre Kroken, Urnes og Kinsedal på austsida ), på begge sider av Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet med omkringliggjande dalområde. Kommunen strekte seg ned til fjorden til strandstadane Solvorn og Marifjøra. Kommunen var eige prestegjeld og lensmannsdistrikt, samt eige tinglag i Sogn fogderi. Kommunane Hafslo, Luster og Jostedalen hadde felles distriktslege med kontor i Marifjøra, og jordmora for Veitastrond heitte Berta Nes. Kommunen var (1895) inndelt i 17 skulekrinsar med 486 born i skulealder, ein kvinneleg og ni mannlege lærarar. I Ytre Kroken dreiv fylket jenteskule/husstellskule, no Luster vidaregåande skule på Hafslo. Næringsliv, busetnad og kommunikasjonar Dei viktigaste "tettstadane" var Marifjøra i Jordanger, Solvorn i Solvorn og Mo i Hafslo sokn. I tillegg til handlande, var her postopneri, rikstelefonstasjonar, skysstasjonar og tre hotell, Hillestad på Hafslo, Walaker i Solvorn og Tørvis i Marifjøra. Her fekk dei også seks-liners sentralbord dette året med handelsmann Tørvi som fyrste abonnent. Det var stoppestad for dampskip i Solvorn, Marifjøra og Kroken. På Veitastrond

2 Side 2 av 6 Ranveig. Andreas Mo var smed og Ragnhild styrde telefonstasjonen. var det to som dreiv handel, Peder Pedersen og Ole Pedersen. Bygda hadde fått eige postopneri i Hovudvegen frå Sogndal kom inn i Hafslo ved garden Oklevik, gjekk vidare langs Hafslovatnet, forbi Hillestad og Kjørlaug og vidare til Luster, med ein avstikkar ned til Marifjøra. Det var også andre køyrevegar i kommunen, m.a. til Solvorn og frå Hafslo kyrkje til Veitastrondsvatnet. Ferdsla på Veitastrondsvatnet Strendingane hadde ein svært lang og strabasiøs veg når dei skulle ut av bygda. Vatnet var vegen, men ikkje alltid trygt å fare. Ein strending skildrar "vegen" slik i eit innlegg i Sogningen denne våren "... Vatnet hev i vinter vore sers lagelegt med god " før". Isen hev lange tider lege haal og blank som ein spegil. Men det er ikkje altid, at veitestrendingen hev so lett framkoma til nabobygdi Hafslo. Haust og vaar, medan isen leggjest og bryt upp, kan det gaa fleire vikor, fyrr einkan ferdast millom igjen, og summarstid tek det no og ei tid å ro det 17 km. lange vatnet." Samuel O. Mo var ordførar dette hendingsrike året. Her er han fotografert i Solvorn med ein blid smårolling på armen, saman med kona. "Motoren" Sommaren 1905 kom motorbåten "Strendingen" eller "Motoren" i trafikk på Veitastrondsvatnet. Dei hadde hatt ein liten dampdriven båt i nokre år, men han fungerte dårleg. No kunne dei endeleg sjå føre seg ein noko mindre strabasiøs tur over vatnet. Vi les vidare i Sogningen: " Men her etter slepp ein turka mykje sveitte paa tofta. Ein motorbaat skal i sumar for fyrste gong uroa Veitrastrandsvatnet. Baaten er kjøpt i Kristianaia for umlag 5000 kr., og so snart vatnet opnast i vaar, skal han koma upp." Båten klappa til kai i Solvorn etter å ha brukt 28 timar frå Bergen. "Motoren" var eit stort framsteg med god plass til varer, post og passasjerar, enda til under tak. "i sterk Spaning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, - om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Slik såg oppropet til kvinnene ut. Aksjonen samla mest stemmer og vart gjennomført på rekordtid. Både i Marifjøra og Solvorn var det eit yrande liv når båten kom med post, passasjerar og varer. Folk kom frå dei indre delane av kommunen, og når dei endeleg møtte grannar, gjekk nok praten og diskusjonane høgt om utviklinga om dei ulike unionsspørsmåla. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange,

3 Side 3 av 6 likeeins utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 sprengde dei siste salva i Gravhalstunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet, og då særleg bygging av sjukehus i Lærdal. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Sogns Tidende melder om eit stort avhaldsmøte på Hafslo. Omlag 100 personar var samla i Heradshuset. Dei melde vidare om resultata frå vinterløpet på Hafslo-isen som "Sogn Travkjørerselkab" arrangerte og at det vart drive oppreinsking ved elveosen ved Hafslovatnet etter sprenginga i fjor, i samband med den nye vegtraseen. Avisa melde også at lensmann Falck fylte 75 år i desse dagar. Folk var også opptekne av den fæle skredulukka i Loen, som vart omtala i aviser landet over. I Hafslo kommune var skulesamanslåing og nybygg av skulehus ei viktig sak både i skulestyret og kommunestyret. Dette året vart det vedteke å byggje nytt skulehus på Ytre Hafslo. I kommunen vart det også planar om å gjere Sogelva til kanal mellom Hafslovatnet og Veitastrondsvatnet, slik at den nye motorbåten kunne gå i rute mellom dei to vatna. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og handelsmann Samuel O. Moe vart vald til ordførar. N. C Brøgger var sokneprest med bustad på Hafslo. Fredrik E. Falck var lensmann og budde i Solvorn. Der budde også sorenskrivaren for Indre Sogn, O. A. T. Eeg. Likeins dåverande stortingsmann Fredrik Fraas. Kristoffer Alme, postmann og bonde, var ei drivkraft innan mykje av lagslivet i Hafslo, m.a. leiar i Hafslo ungdomslag, målmann, foredragshaldar og forfattar. Per Tang frå Hafslo var offiser, karteograf, forfattar og organisasjonsmann. Han gjekk på offiserskulen i hovudstaden dette hendingsrike året og opplevde dramatikken på nært hald. Lag og organisasjonar Kommunen var sterkt prega av dei store religiøse vekkingane, m.a. Hans Nielsen Hauge, og her var ei mengd religiøse lag og organisasjonar. Men her var også to skyttarlag, Indre- og Ytre Hafslo, og dei frilynte laga Hafslo ungdomslag ( 43 medlemer) og Indre Hafslo Ungdomslag. Landbruksnæringa var også representert i lagsfloraen med Hafslo Landbodforening og Fet og Joranger Feavlsslag. 17. mai 1905 Rundt om i heile landet var det ekstra stor oppslutning om 17. mai i Dagen etter skulle innstillinga til lov om norsk konsulatstell handsamast i Stortinget. Dagen vart feira med stort engasjement og alvor. Sogns Tidende melder at i Hafslo heldt soknepresten gudsteneste og ".. at klokkarane Mundal og Vigdal tala for dagen og fedralandet ute, der dei gjorde seg til talsmenn for den reine og beine vegen i vaar unionsstrid." 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag

4 Side 4 av 6 og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Hafslopresten hadde ikkje fått kunngjeringa i hende til fyrste pinsedag då han hadde gudsteneste i Hafslo, men han løyste det ved å be ei " Bøn for Fedrelandet", som han skriv i Dagsregisteret. Det same gjorde han dagen etter i Jordanger kyrkje, men dei to påfølgjande søndagane kunne han lese oppropet frå preikestolen, både i Solvorn og Hafslo kyrkje. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Den andre var søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Hafslo valsokn tilsvara dåverande Hafslo kommune. Valstyret var slik samansett: lensmann Falck (formann), ordførar Samuel O. Moe, Nils Kroken, Johannes Marheim, Johs P. Kvam, Lars M. Opheimshaug, Einar Venjum og Peder C. Moe. (Han skreiv seg også som P.C.Tang.) I november møtte ikkje Nils Kroken. Valstader Det var valstyret som bestemte kvar det skulle haldast folkerøysting, og kven som skulle røyste kvar. I begge røystingane vart det røysta i Hafslo hovudkyrkje og Fet annekskyrkje. Dei som sokna til Jordanger kyrkje, stemde i Fet kyrkje. I august måtte strendingane til Hafslo og stemme, medan dei stemde i Heggestad skulehus i november. Oppteljinga føregjekk i hovudkyrkja i Hafslo ved begge røystingane. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga 13.august var ein fest- og høgtidsdag, og mange stader vart han feira som sjølvaste 17.mai med gudsteneste, talar, flagg, folketog og moro. I Hafslo var det også feiring;" Fraa Solvorn og Ornes kom dei i festtog med fleire flag, liksom ogso Hafslo var pryda med mange væne flag. Det var ei høgtid som aldri gløymast." Sogns Tidende Før røystinga var det også gudsteneste i Hafslo kyrkje. Resultatet av folkerøystinga for Hafslo valsokn: 603 menn hadde røysterett. Det vart avgjeve 512 godkjende røyster. Under gjennomgangen av røystene fann stemmestyret eit ja med utropsteikn etter og forkasta røysta. Alle røysta ja. Det var enda til ein svenske som stemde i Hafslo denne dagen og i følgje avisa Sogn Tidende tok han høgt til ordet om at no skulle " Norig faa skilja seg från Sverige." Frammøteprosenten for Hafslo var nest legst i fylket med 85,2 prosent. I fylgje den same avisa var dei fleste fråverande frå Veitastrond, og årsaka var at ".. Eimbåten

5 Side 5 av 6 hadde fenge propellskade og mange kunde ikkje koma." Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett. Det vart avgjeve (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: hadde røysterett, godkjende røyster ( ja, 184 nei. "...Og eit under at det skulle ganga so godt" Avisa Sogns Tidende melde frå røystinga i Hafslo og skribenten var tydelegvis ikkje heilt trygg på resultatet på førehand: "... I Kristiania var dei i otte for at hafsloingarne og daa sers veitastrendingarne er so politisk formyrka og skakkjøyrde at dei mannjamt vilde røysta nei. Det var særlig ein politikar fraa eldre tider, og ei konservativ avisa som hev skræmt fælt med krig og lovprist svenskarne, som har skuldi. Og eit under var det at det kom til aa ganga so godt. Sundag den 6te august var der stort folkemøte paa Soget. Daa tala fleire um den vigtige avrøystingi, og daa fall der skjel fraa deira augo som fyrst var heilt formyrka. Skodda dreiv burt fraa grend etter grend, og daa den 13de kom, saag kvar mann, at det var naudlegt aa svara ja, um enn kongen og krunprinsen ikkje tykte vel um deira avgjerd." Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget. Innsamlinga av underskrifter vart ordna på ulike måtar, men måtte gjennomførast snøgt. I Sogndal hadde avisa Sogns Tidende fått ei liste frå Landskvindestemmerettsforeningen, men dei kunde fortelje at kvinner i Sogndal har ".. alt av seg sjølv teke til med arbeidet, som gjeng fort og godt." Også i Solvorn gjekk det rundt liste, og den fyrste til å skrive under var fru sorenskrivar Eeg. Det kan tyde på at det var fru Eeg som hadde motteke lista, men det veit vi ikkje sikkert. Om det har versert slike lister i andre delar av kommunen, veit vi ikkje. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Hafslo valsokn: 628 hadde røysterett. 415 menn røysta og av desse røysta 335 ja (for kongedømme), medan 80 røysta nei (for republikk). To ja-røyster var forkasta av di dei var skrivne på linjert papir og tre nei-røyster av same grunn. I Hafslo var dei kongetrugne og 81,1 prosent sa ja til kongehus. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett, (78,3 %) godkjende røyster røysta for kongedømme, røysta for republikk. Resultatet for landet: hadde røysterett, godkjende røyster (73,5%) (79,5%) røysta for kongedømme, (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England

6 Side 6 av 6 og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, men vi er ikkje kjende med at det vart sendt slike telegram frå Hafslo kommune. Det kan det likevel ha vore. Fest og glede ved utgangen av året Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året Sjølv om ikkje alle var like nøgde med resultatet av Karlstadsforhandlingane eller at det vart kongehus og ikkje republikk, var det likevel ei lette at det heile gjekk bra og at dramatikken no var over. Torsdag 7. desember halvårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. Kyrkjedepartementet fastsette i rundskriv at dagens tekst skulle vere Salmane 118, og rådde til å syngje Blix si fedrelandssalme " Gud signe vårt dyre ferdreland". Presten i Hafslo prestegjeld har notert fylgjande i Dagsregisteret; " Folkefest for Guds store Naade mod vaart Folk og Land i Meget stor forsamling." Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering: Kjerstin Risnes, Prenta kjelder: Feilmelding: A name was started with an invalid character. Denne feilmeldinga kjem av at tekstfeltet for artikkelen ikkje er eit rett XML-dokument. Mest sannsynleg kjem feilen av at ein start HTML tagg ikkje er lik ein slutt HTML tagg. T.d. <p>...</b>. Eller at ein HTML tagg er skiven feil, t.d. <p />. Sjå nøye gjennom tekstfeltet i databasen, og rett eventuelle feil! Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. lagsarkiv NRK Sogn og Fjordane Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

1905 - Gloppen kommune

1905 - Gloppen kommune Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring 1910. Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i 1905. Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var

Detaljer

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre. Til: Utsendingar til KS Sogn og Fjordane sitt konstituerande fylkesmøte 19. november 2015 Kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei politiske partia i Sogn og Fjordane Førde 29.09.2015 Vedrørande

Detaljer

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune) Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune) Bergen 10 11 april 2013 Moment Status/bakgrunnen for at denne saka kom opp Gjeldande lovverk på området

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!! Side 1 Helsing frå Lyngmo Det er siste tysdag i august og strålande sol ute. Hafslovatnet

Detaljer

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett Føredrag på stadnamnmøte i Gaupne, 11.2.2015. Av Randi Melvær, Fylkesarkivet (1) Alle dei 26 kommunane i fylket får publisert nokre av namna sine

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 30.11.2015 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.25 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kåre Høyheim,

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

Frå tre små til ein stor.

Frå tre små til ein stor. Frå tre små til ein stor. TO PARALLELLE PROSESSAR: SKULESAMANSLÅING OG PALS. PALS - kon nferansen 2010 FRÅ FLEIRE PERSPEKTIV Skuleeigar Leiinga ved skulen Tilsette og PALS-teamet sine erfaringar Tilbakemeldingar

Detaljer

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere! SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE Å R G A N G 2 0 1 3 N R. 3 2 5. 1 0. 2 0 1 3 ningslaust å gjere masse arbeid for å få l noko som vi meinar er eit bra opplegg dersom dei vi lagar det for ikkje bryr seg/prioriterar

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

TEMA. Stryn 05.11.14

TEMA. Stryn 05.11.14 TEMA Erfaring frå beredskapsøving i Bømlo kommune vinteren 2014 Odd Petter Habbestad Bakgrunn for øvinga Bestilling av beredskapsøving frå rådmann i BK, der tema skulle vera straumløyse over lengre tid.

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

Her er eit flott bilete av Gamleskulen i Øvre Årdal. Det er teke rett etter opninga av skulen i 1918. Til høgre skimtar ein Offerdals Landhandel.

Her er eit flott bilete av Gamleskulen i Øvre Årdal. Det er teke rett etter opninga av skulen i 1918. Til høgre skimtar ein Offerdals Landhandel. Historie 27.09.2005 15:39:26 Dei første skulane i Årdal Tekstene og bileta er brukt med løyve frå Steinar Lægreid. Her er eit flott bilete av Gamleskulen i Øvre Årdal. Det er teke rett etter opninga av

Detaljer

www.holene.no th@holene.no 97558888

www.holene.no th@holene.no 97558888 Har du behov for å transportere noko frå ein plass til ein annan som for eksempel Oslo-Gaupne, Flåm-Skei eller andre destinasjonar? Skulle du ha løfta takstein på taket eller båten på land? Skulle du ha

Detaljer

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN Mai 2012 Medlemsblad GLYTTEN...med sommar og sol, og tærne i sanden ønsker me Velkommen til sommarleir 2012!!! Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23 Kulturmidlar 2015 TILRÅDING: Formannskapet vedtek slik tildeling av tilskot frå kommunale kulturmidlar 2015: Org. Tilskot2014:

Detaljer

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Heilårsbruk av hus på gard og i grend Heilårsbruk av hus på gard og i grend Historikk 1999: Gardsformidlingsprosjektet. Samarbeid med bondeorganisasjonane. Kartlegging av ledige gardsbruk. Kr.150 000 til seljar. På 1,5 år vart denne ordninga

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Nesset Fjellstyre Nesset Fjellstyre administrerer bruksretter og herligheter (lunnende) i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning (EVS). Statskog SF er hjemmelshaver og

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE Vedtatt av kommunestyret den 02.02.2017 For sakshandsaming i folkevalte organ gjeld reglane i kommunelova (KL) med følgjande utfyllande føresegner

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Stryn kommune

Stryn kommune Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968 Kommunale utleigebustader - Status Gaupne og bygging Indre Hafslo og Veitastrond. Rådmannen si tilråding: 1)Kommunestyret har ikkje

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Møteinnkalling for Valgstyre

Møteinnkalling for Valgstyre Vågsøy kommune Møteinnkalling for Valgstyre Møtedato: 10.03.2016 Møtested: Formannskapssalen, 3.etg. Rådhuset Møtetid: Kl. 18:00-18:30 Innkallingen sendes medlemmene og de første varamedlemmer i hver gruppe.

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SUNDAG Morgonbøn (Laudes) SUNDAG Morgonbøn (Laudes) Inngang L Herre, lat opp mine lepper! A Så min munn kan lovprisa deg. A no og alltid og i alle Song Sal 93 I Herren råder, * han har kledd seg i høgd. II Herren har kledd seg

Detaljer

1905 - Lærdal kommune

1905 - Lærdal kommune Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit

Detaljer