Gloppen kommune

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "1905 - Gloppen kommune"

Transkript

1 Side 1 av 7 Reed Skysstasjon kring Her var og landhandleri, postopneri og rikstelegrafstasjon i Jakob J. Myklebust var den første ordføraren i Breim kommune. Heilt frå 1886, då kommunen var skipa, og fram til i 27 år - sat han med ordførarklubba. Han var og stortingsrepresentant i ei årrekkje. Myklebust døde i Gloppen kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Gloppen. Gloppen kommune i 1905 Det som i dag er Gloppen kommune var to kommunar i 1905: Gloppen og Breim. Breim kommune var identisk med kyrkjesoknet Breim. Gloppen kommune omfatta kyrkjesokna Hyen, Gimmestad og Vereide i Gloppen prestegjeld omfatta dei fire kyrkjesokna Hyen, Gimmestad, Vereide og Breim. Gardane på strekninga Lote - Hennebygda tilhøyrde i 1905 Gloppen kommune. Furér J. J. Lothe var ordførar i Gloppen i Han var offiser ("Furér"), og sat i som ordførar i åra Mangesysleri I 1900 var folketalet (3153 i Gloppen og 1901 i Breim) Landbruk var den viktigaste næringa både i Gloppen og i Breim. Men i svært mange familiar - ja i nesten alle - var det ein eller fleire som hadde attåtnæringar av ulikt slag. Mange dreiv med fiske, anten fjordafiske eller deltaking i dei større fiskeria ute ved kysten, t.d. torske- og sildefiske. I 1900 er det registrert 36 personar som var involvert i båtbygging, anten som hovudyrke eller som attåtnæring. Vidare var det mange som dreiv med tilverking av reiskap, husgeråd, husbygging, skreddar-, smed- og skomakararbeid. Kvinnene dreiv med korgbinding, veving og spinning. Per Sandal reknar med at bygningsmenn og snikkarar er den største yrkesgruppa utanfor landbruket på denne tida. Sandane vert tettstad Det var sparebank i Gloppen - Gloppens Sparebank på Sandane. Det var fire postopneri i Gloppen: Ryssfjøra, Sandane, Hestenesøyra og Hyen. I Breim var det postopneri på Re og i Våtedalen. Det var rikstelefonstasjonar på Byrkjelo, Reed, Sandane og Lote. (Lote var i 1905 ein del av Gloppen kommune). På Sandane var det og telegrafstasjon. Den første telefonstasjonen i Gloppen var i dåverande Breim

2 Side 2 av 7 kommune, og låg på Bjørnarheim. Det var ein privat telefonstasjon som vart teken i bruk 1892/93. Fylkesbaatane hadde seks stoppestader i Gloppen. Det var Anda, Lote, Hestenesøyra, Hyen, Rygg, Sandane og Vereide. Men det var enno ikkje komen fast motorbåtrute på Breimsvatnet. Det kom først i I åra kring 1905 var Sandane i ferd med å vekse fram til ein tettstad. Konjunkturane var gode, og optimismen stor. Mange næringsdrivande starta opp eiga verksemd i desse åra. På Sandane var det i 1905 urmakar, fotograf, båtbyggjar, røyrleggjar, slaktar, boktrykkar, skomakarar, avis og fleire til. 17. mai-toget på Sandane kring Bygdebladet "Norfjord" rapporterte: "Toget havde en anselig størrelse og tok sig meget godt ud med alle de nationalklædte jenter, med smaagutternes flag og foreningernes faner." Stortinget 7. juni Næringsliv og samferdsle Det var fleire som dreiv med landhandleri i mindre omfang. Størst i 1905 var Gloppens og Bredheims Handelsforening på Sandane. Men det var og eit handelslag på Hestenesøyra - Gloppens Spare og forbrugsforening. Den viktigaste handelsstaden i Brem var på Re. Industriverksemda var lite utvikla i Gloppen og Breim i Dei største industrianlegga var Evebøfoss Mølle og Shoddyfabrikk med 11 tilsette. Elles var det på Sandane ein tønnefabrikk. Det var to større båtbyggjarar - Austreim Båtbyggjeri og Sande Båtbyggjeri. I Gloppen og Breim var det mange meieri i Dei fleste var relativt små: Sandane Meieri, Årdal Meieri, Nedre Breim Meieri, Eggedalen Meieri, Hjelledalen Meieri, Kandal Meieri. Dessutan var det ei rekkje mindre grendemeieri og ysteri, særleg rundt Breimsvatnet. Det klårt største meieriet i Gloppen var Breim Meieri på Byrkjelo. Det var og det største i fylket i 1905, målt etter mjølkemengd. Det var eit topp moderne meierianlegg for si tid, - eit mønsteranlegg. Det var fire hotell i Gloppen: Egge Hotel, Gordon Hotell (Re), Sivertsens Hotel (Sandane), Hotel Gloppen (Sandane). I 1905 starta Lars Klakegg opp kafe og pensjonat på Sandane. Vegbygginga hadde teke ny fart i 1890-åra. I 1905 kom vegsamband Våtedalen - Byrkjelo - Sandane. Dette var hovudvegen mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Dessutan var det hovudveg Byrkjelo - Utvikfjellet. I tillegg var det ei rekkje bygdevegar. ".. i spændt Forventning.." Unionsoppløysinga var den store politiske saka i 1905, og dominerte avisspaltene både lokalt og i riksavisene. På Sandane var det ei nystarta lokalavis. Bygdebladet "Nordfjord" vart skipa opp av ei gruppe som hadde ønskje om å gje ut ei "moderat, konservativ" avis. Ole Jensson Nyhagen var redaktør i Men her var stor konkurranse om avislesarane i Nordfjord på denne tida. Den radikale avisa "Fjordenes Blad" som kom ut på Nordfjordeid, hadde mykje stoff frå Gloppen. Etableringa av "Nordfjord" må sjåast som eit mottrekk mot den radikale avisa til Haakon Aasvejen ( ) på Nordfjordeid. Aasvejen var lærarutdanna, men han var og ein kjend målmann og republikanar. Harde diskusjonar om republikk eller monarki Debattane var mange og ofte intense. Det kan vi sjå av referat frå møte og tilskipingar i Gloppen og Breim for dette

3 Side 3 av 7 året. Første og fremst galt det spørsmålet om styreform, republikk eller monarki. I Gloppen var det eit stort mindretal av republikanarar. Den "republikanske" avisa "Fjordenes Blad" omtalte eit politisk møte på Breim den 8. november 1905 slik: "Søndag politisk møde i Breim. Intet hus kunde rumme tilhørerne, hvorfor mødet var i det fri. Hr. Movinckel holdt foredrag om kongedømme eller republik. Tal.[eren] forherligede kongedømmet. Foredraget fik ynkelig medfart. Livlig og skarp diskussion. Resultatet blev stor seier for republikanerne. Det blir antagelig ikke mange ja-stemmer" Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Lodalsulukka 17. januar gjorde eit særleg sterkt inntrykk i nabobygdene utover Nordfjorden. Avisene - "Nordfjord" og "Fjordenes Blad" melde om små og store hendingar rundt frå Gloppen og bygdene omkring. Men dei hadde og stoff frå fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. "Fjordenes Blad" - til dømes - rapporterte i august 1905 at det såg ut til å bli eit kronår, "laderne fyldes dog lidt etter lidt, og høets kvalitet er vistnok meget god. Kornet staar gjennomgaaende pent." "Underet i Gloppen" Mangt og mykje opptok folket i Gloppen og Breim i Ei sak som fekk mykje merksemd var "Underet i Gloppen". Hendinga vart omtalt i Dagbladet, med denne innleiinga: "Et veritabelt under eller overnaturligt syn er for en tid siden iagttatt af nogle veiarbeidere i Gloppen". I samband med legging av postveg langs Breimsvatnet, vart det lagd ei brakke for vegarbeidarane. Her var mest arbeidarar frå Breim, men det var og nokre svenskar med. Ein kveld oppunder jul 1904 mens dei prata og skåla, utvikla det seg heftige diskusjonar og "kvast munnhuggeri". Nokre trakk kniven og "svor, at de skulde få juling, nogen og hver." Så hendte det: "Midt på gulvet [...] stod en skikkelse som en mands, der var saa stor at hele overkroppen saaes ovenfor beten [beten er ein horisontal bjelke oppe på veggen som ein mann med hatt kunne gå under]. Han stod med korslagte arme og støttet albuerne paa beten idet han sa: "Nu ma de være stille gutter!" Vegarbeidarane fart fælne og forlit brakka same kveld, og ingen ville bu der meir. Kort tid etter brann dei brakka ned. "Hver mand i Gloppen ved, at dette er sant". Målstrev i kyrkjene Ingen kyrkjer i Gloppen hadde orgel i 1905, og Sandane Hornmusikk måtte ofte akkompagnere kyrkjesangen ved dei større høgtidene. I ei lesarbrev i "Nordfjord" den 10. mai 1905, vert det stilt spørsmål om ikkje musikkorpset bør få økonomisk stønad for å halde fram sin ueigennyttige innsats. Sandane Hornmusikk var det første amatørkorpset i Sogn og Fjordane. Som i mange andre kommunar var det kamp om skriftmålet. I fleire av kyrkjene vart det røysting om å gå over til å nytte Elias Blix sine salmar på nynorsk i kyrkjene i 1905.

4 Side 4 av 7 Nynorsken vann fleire viktige sigrar dette året. Både på Vereide og i Breim vann målsaka fram. Fjordenes blad meldte i august at turiststraumen var omtrent som i fjor. I tillegg til mange turistar frå utlandet, var det mange faste besøkande på hotella, særleg bergensarar. Sivertsens Hotel på Sandane hadde vore vertskap for to prinsar frå Siam og deira attachear. "Fjordenes Blad" skriv: "Alle - de kongelige - de fine, mindre fine og de simple har kun lovord om det herlige Gloppen og dets gode hoteller - med rette." Same avis rapporterte og om at 1905 såg ut til å bli eit kronår, "laderne fyldes dog lidt etter lidt, og høets kvalitet er vistnok meget god. Kornet staar gjennomgaaende pent." Nokre nøkkelpersonar I 1905 var kaptein Jakob J. Myklebust ( ) ordførar i Breim. Han hadde då vore ordførar sidan kommunen vart oppretta i 1996, dvs. 19 år. Myklebust hadde og ei rekkje andre offentlege verv. Han var m.a. amtsrevisor og sat på Stortinget i ei årrekkje. I Gloppen var Jakob M. Jakobson Lothe ordførar. Han var offiser ("Furér"), og sat som ordførar i åra Soknepresten i Gloppen i 1905 var Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz. Han var fødd i Alstadhaug i 1853, og kom til Gloppen som sokneprest Han sat i stillinga i 8 år. Lensmann var Peder J. Støve. Han sat i stillinga fram til Lensmannsdistriktet omfatta i 1905 både Breim og Gloppen. Anton Olson Skarstein ( ) var forretningsmann og gründer på Sandane. Han var styrar ved Gloppen og Bredheims Handelsforening. Saman med Elling Viken bygde han Evebøfoss Mølle og Shoddyfabrikk med 11 tilsette. Han bygde eit stort forretningsbygg på Sandane. Skarstein engasjerte seg mykje i offentleg styre og stell. Han var styremedlem i Fylkesbaatane, og sat i kommunestyret for Gloppen i Nemnast må og Ole Jensson Nyhagen ( ) Han var redaktør og disponent i Bygdebladet "Nordfjord" i Lag og organisasjonar Lag- og organisasjonslivet i Gloppen opplevde ein sterk vekst rundt hundreårsskiftet. Ungdomslagsrørsla stod sterkt både i Gloppen og Breim. Ei rekkje lag vart skipa i perioden Det er registrert heile 12 ungdomslag frå denne tida: Heimlid Ungdomslag (Breim), Nordstrand Ungdomslag, Sandane Ungdomslag, Indre Gloppen Ungdomslag, Årdal Ungdomslag, Eggedalen Ungdomslag, Bukta Ungdomslag, Hyen Ungdomslag, Sudstranda Ungdomslag, Straume Ungdomslag og Breim Ungdomslag. Mange av dei frilynde ungdomslaga engasjerte seg sterkt i spørsmålet om unionsoppløysinga, Ungdomslaga utgjorde på mange måtar eit radikalt og progressivt innslag i bygdesamfunna. Slik var det både i Gloppen og Breim. Medlemane deira var ofte agitatorar for norsk sjølvstende, målsak og andre profilerte venstresaker. 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905.

5 Side 5 av 7 Mange oppfatta 17-mai feiringa i 1905 som spesiell. Bygdebladet "Nordfjord" kom i 17. mai reportasjen sin inn på akkurat dette: "Det hvilte over hele høitideligheden et alvorspreg, man fik indtryk af at de tilstedeværende forstod, at frihedsdagen iaar var lidt andet, end det før har været." I Gloppen starta dagen med salutt frå Høgenausen kl Seinare heldt Sokneprest Prytz gudsteneste i Gimmestad kyrkje. Det var ein "meget høitidelig stund, som de tilstedeværende sent glemmer". Klokka 2 på ettermiddagen starta folketoget frå "Øikjeflaaden". Avisa refererer: "Toget havde en anselig størrelse og tok sig meget godt ud med alle de nationalklædte jenter, med smaagutternes flag og foreningernes faner." Etterpå var det talar og "idrætslege for børn og voksne". Oppslutnaden om fridomsdagen var ekstra stor også i Breim. "Fjordenes Blad" melde om at dei aldri hadde sett større oppslutnad. I kyrkja var det gudsteneste: "pastor Eckhoff, som er ein varm fedrelansven, heldt so ei god og tankjevekkande tale for dagen, som me som høyrde på lenge vil ha godt av." Seinare på dagen var det fest med talar, leik og matstell fleire stader, på Re, Flølo og i Kandal. 7. juni juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Svært truleg skjedde dette i Gloppen og. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Gloppen valsokn tilsvara dåverande Gloppen kommune og Breim kommune. Valstyret var samansett av: lensmann Peder J. Støve (formann), Jacob Lothe (ordførar i Gloppen), Jakob Myklebust (ordførar i Breim) og Anton Skarstein, Kristina Eikenæs, Jens Andenæs, Rasmus Løsæt, Rasmus Bogstad, Kristen Reed, Ivar Seime, Arne Hjemsæter og Ole Ryg. Alle medlemer i kommunestyret. Ved begge røystingane var det tre røystestader: a) i Vereide kyrkje, b) i skulehuset på Straume, Hyen, c) i kommunehuset på Reed. Oppteljinga føregjekk i Vereide kyrkje, med heile valstyret tilstades. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Gloppen valsokn: Av 1129 som hadde røysterett, røysta 1073 (95 % ). Alle røysta ja. 11 stemmer vart forkasta. Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett. Det vart avgjeve (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.

6 Side 6 av 7 Resultatet for heile landet: hadde røysterett, godkjende røyster ( ja, 184 nei). "Varme og sterke var Ordi som Pryz tala fyre Avrøystingi. " Den unge studenten Martin Birkeland fortel om sine inntrykk frå denne dagen i Gula Tidend 25. august. Han startar med å fortelje at sokneprest Prytz "gjorde sværande mykje til aa faa Folk til aa møta". Han rosar presten for sin gode innsats. Birkeland fortel at "det er eit venlegt syn aa sjaa desse fagre Strenderne med vene hus, store Aldehagar og Flagd på kvar gard.". Gudstenesta i Vereide kyrkje søndag 13. august gjorde eit sterkt inntrykk: "Varme og sterke var Ordi som Pryz tala fyre Avrøystingi. Og daa Hornmusikken spela og heile Lyden standande sang "Gud signe vaart dyre Fedreland" var alle gripne og mange Augo vaate." Frå sjølve avrøystinga fortel Birkeland at "Det var høgtidsamt og gildt aa sjaa heile denne Lyden - fraa unge 25-aaringar til gamle kvite Gubbar rusla fram og skulde røysta, leggja sitt "Ja" i Urna." Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over underskrifter til Stortinget.Truleg var kvinner i Gloppen og med på underskriftsaksjonen, utan av vi veit det sikkert. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Gloppen valsokn: Av dei 1134 som hadde røysterett, røysta 887 (78, 2%) 8 stemmer vart forkasta. 596 (67, 8 %) røysta ja (for kongedømme), 283 (32, 2 %) røysta nei (for republikk). Resultatet for Sogn og Fjordane: hadde røysterett, (78,3 %) godkjende røyster (80,4%) røysta for kongedømme, (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: hadde røysterett, godkjende røyster (73,5%) (79,5%) røysta for kongedømme, (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. I mange bygder vart det skipa til festar i høve Norges nye kongefamilie. Ofte var det ungdomslaga som arrangerte tilstelningane. Med så mange ungdomslag i Gloppen, er det svært truleg at det var slike tilskipingar her og. Artikkelnummer: KAL/SFF Forfattar og datering:

7 Side 7 av 7 Snorre D. Øverbø, Prenta kjelder: Avisa Fjordens Blad Avisa Bygdebladet "Nordfjord" Avisa Søndfjords Avis Avisa Gula Tidend Gjerde, Anders: "Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene". I: Kjelda nr Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Gloppen kommune Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania Aaland, Jacob: Gloppen - Breimn. Kommunesoga Sandane Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim.. Band II Sandane Hansen, Odd: Korps i Gloppen 100 år.sandane Vereide, Per Rune: "Posten i Gloppen", i: Ljøren. Sogeskrift for Gloppen.1999 NRK Sogn og Fjordane: Fylkesleksikon.2005 Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no

1905 - Hyllestad kommune

1905 - Hyllestad kommune Side 1 av 5 Gamle Leirvik sentrum truleg kring 1900. Huset til venstre, kalla Døscherhuset, vart nytta av Holck sine etterkomarar. I det store huset til høgre dreiv Johan Wolff handel og pensjonat. Han

Detaljer

1905 - Leikanger kommune

1905 - Leikanger kommune Side 1 av 5 Hermansverk kring 1908. Huset med ark ved sjøen, Knudsen-huset, står enno. Det kvite midt på gjekk under namnet Borch-huset og Torphuset, etter amtsingeniørar som budde der. Det stod der det

Detaljer

1905 - Gaular kommune

1905 - Gaular kommune Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser

Detaljer

1905 - Høyanger kommune

1905 - Høyanger kommune Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av

Detaljer

1905 - Solund kommune

1905 - Solund kommune Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange

Detaljer

1905 - Askvoll kommune

1905 - Askvoll kommune Side 1 av 6 Karl Andreas Breyholtz (1885-1907), sokneprest i Askvoll 1885-1906. Arbeidarar og born i Stongfjorden kring 1900. Industriutbygginga tok til like før århundreskiftet med torvkol- og jodfabrikk.

Detaljer

1905 - Jølster kommune

1905 - Jølster kommune Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte.

Detaljer

1905 - Førde kommune

1905 - Førde kommune Side 1 av 6 Det var dramatikk i Ervika måndag 6.mars 1905. Medan folk sat oppe i det store bustadhuset og åt kveldsmat, byrja det å brenne i sagbruksanlegget nede ved sjøen. Bustadhuset stod att, men resten

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune

1905 - Luster kommune - gamle Hafslo kommune Side 1 av 6 : Solvorn tidleg på 1900-talet. Til venstre ligg Sorenskrivargarden der sorenskrivar Eeg budde i 1905. Til venstre, mellom kyrkja og Sorenskrivargarden budde stortingsmann Fraas. Vi ser dampskipskaien

Detaljer

1905 - Hornindal kommune

1905 - Hornindal kommune Side 1 av 7 Minnekort med datotrykk frå den fyrste folkerøystinga. Postkort frå Grodåssanden, tettstaden i kommunen i 1905. 1905 - Hornindal kommune Kyrkja var sentral i arbeidet med unionsoppløysing og

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune

1905 - Luster kommune - gamle Jostedal kommune Side 1 av 7 Jostedal kyrkje med den gamle prestegarden. I 1905 vart det bygt ny prestegard. Kartet viser Jostedalen kommune slik han såg ut i 1905. Omlag slik såg det ut på Gjerde i 1905 då dei for gåande,

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

1905 - Aurland kommune

1905 - Aurland kommune Side 1 av 7 Frå Gudvangen kring 1907. Her var fleire hotell, dampskipsstoppestad, telefonstasjon og postopneri. Postopnar og lensmann Rognald Dræge i Nærøy lensmannsombod, budde på Gudvangen. Sokneprest

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 13.06.2016 073/16 Kommunestyret 17.06.2016 058/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

1905 - Flora kommune

1905 - Flora kommune Side 1 av 7 Stortingsmøtet 7. juni 1905: Statsminister Michelsen melder frå om at regjeringa legg ned embeta sine. Florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende hadde med nyhendet i avisa si same dag. 1905 -

Detaljer

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Frå Stortinget 7. juni 1905. Anfinn Refsdal frå Vik møtte som varamann for Gjert holsen som hadde sjukepermisjon. På originalbiletet har sonen, Ivar Refsdal, notert namnet 'Refsdal' (nummer

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G Ukens tema: Norge Norges nasjonaldag Norsk: Vi arbeider med nivå 1 og 2 i «Norsk start 8-10». Vi øver på å skrive fritekster i Word (Kristiansand). Vi øver på 17. mai sanger.

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Rundt 1000 var samla på Gulatinget for å feire Grunnlova. Foto: Anne Hovland Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg Anne Hopland http://www.firda.no/nyhende/article7453154.ece Publisert 01.07.2014

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

1905 - Bremanger kommune

1905 - Bremanger kommune Side 1 av 7 Kart som viser Davik kommune slik grensene var i 1905. Midtgulen kyrkje. Kyrkja var ferdigbygd i 1904, og vart nytta som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kart som viser Bremanger kommune

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

No sprett knuppane og sevja stig

No sprett knuppane og sevja stig No sprett knuppane og sevja stig Sein vår i år, men du verda for eit drivande ver når det no fyrst losna; med mildver og regn og ei rekkje kulturhendingar både i vårt lag og leikarringen og i nærskylde

Detaljer

1905 - Sogndal kommune

1905 - Sogndal kommune Side 1 av 6 Valurne nytta ved valet i Sogndal i 1905. Stedje kyrkje den 13. august 1905. Fotografen har samla den store folkemengda som var møtt fram denne dagen for å røysta ja eller nei til unionsoppløysinga.

Detaljer

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

1905 - Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005 Side 1 av 7 Eid kyrkje brukt som vallokale ved folkerøystingane i 1905. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv. Fotograf Isak Hellebust tok ein serie med bilete i kyrkja ved avrøystinga

Detaljer

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG STYRET: Tove Aurdal Hjellnes, leiar Ståle Mek, nestleiar Heidi Thöni Sletten, kasserar Frode Pilskog, styremedlem Ann-Elin H. Bjørkedal, styremedlem Ottar Bjørneset,

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. LEIESTJERNA Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje. Han var med og omsette Bibelen til nynorsk, skreiv

Detaljer

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal Velkomen til kulturbygda Lærdal Ein tur i Hans Gjesme sine motiv Den lokale kunstnaren Hans Gjesme gav ved sin død i 1994 Lærdal kommune ei kunstgåve på vel 1500 kunstverk som omfattar måleri, grafikk,

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Hovudutval for plan og næring Side 1 av 5 Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing Fylkesdirektøren rår Hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkeskommunen vil ikkje engasjere

Detaljer

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN Lov for Jotun, skipa 30.03.1923. Vedteken den 10.06.1945, med seinare endringar seinast av 29.06.2000. Revidert etter årsmøte i 2007 og 2011. Godkjend av Idrettsstyret: 18.02.02

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 15.02.2016 016/16 Kommunestyret 22.02.2016 009/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt:

Detaljer

Gulen kommune

Gulen kommune Side 1 av 6 Utsnitt av fylkeskartet over Sogn og Fjordane frå 1877. Postkort: 'Eivindvik i Sogn. Eneret P.R.Sandal'. Vi ser Gulen kyrkje med prestegarden bakom, 'Presteneset' i midten og doktorhuset (bygd

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

1905 - Naustdal kommune

1905 - Naustdal kommune Side 1 av 6 Naustdal sentrum tidleg på 1900-talet. Til venstre kan vi sjå det nybygde kommune- og skulehuset der sparebanken også heldt til. Det lyse huset til venstre er Friishuset der det var landhandel,

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde

Detaljer

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Kort om føresetnadene for folketalsprognosen Folketalsutviklinga i PANDA vert bestemt av fødselsoverskotet (fødde minus døde) + nettoflyttinga (innflytting minus utflytting). Fødselsfrekvensar og dødsratar

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres

Detaljer

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune Flaggreglement for Fjell kommune 1 INNHALD 1 Innleiing... 3 2 Flaggreglar... 3 2.1 Lover og forskrifter om bruk av det norske flagget... 3 2.2 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget... 3

Detaljer

Stryn kommune

Stryn kommune Side 1 av 6 Faleide var lenge sentrum i tidlegare Innvik kommune, med skysstasjon, dampskipstoppestad, tingstad, lensmann, bank, post og kommunale kontor. Faleide var ein sentral plass langs den tidlegare

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

1905 - Fjaler kommune

1905 - Fjaler kommune Side 1 av 6 'Dale i Søndfjord', Prospektkort frå Dale sentrum rundt århundreskiftet 1905 - Fjaler kommune Fjalerkarar som truleg var på nøytralitetsvakt i 1905. Frå venstre: Hans Sørebø (f.1881), Anton

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje 1 Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje Tidleg morgon i mai. Sol over messeområdet i Örebro, Sverige. Ti Bergen CK- veteranar klare til start, pent oppstilte på to linjer, alle i oppdaterte

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK/LANDBRUK

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK/LANDBRUK GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK/LANDBRUK Bremanger kommune Postboks 104 6721 SVELGEN Att: Dykkar ref Vår ref (oppgje ved svar) Arkivopplysningar Dato 11/1356 10/1199-7 / / K54 / 16.02.2011 Innkalling til møte

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015 Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015 Sluttrapport Utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkeskommune www.sfj.no 1. Innleiing Prosjektnamn: Kartlegging

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte. Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte. Smittevernkonferanse Skei 01.10.2013 Mattilsynet v. T.Hellan og G.M. Breisnes Tilfelle fra Luster august 2010. Telefon

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Flora kommune www.flora.kommune.no Informasjonsbrosyre om kommunereforma NO SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA! Dei ulike kommunealternativa: Politikarane i 10 kommunar vedtok hausten 2015 fire

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: 21.05.03 Tid: 12.30-18.30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre. Til: Utsendingar til KS Sogn og Fjordane sitt konstituerande fylkesmøte 19. november 2015 Kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei politiske partia i Sogn og Fjordane Førde 29.09.2015 Vedrørande

Detaljer

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013 Sokneråd FOK Tilstede: Merknader / Vararepresentant: Jon Lende Leiar av soknerådet Tor Arne Laland Sigve Klakegg Karl Inge Lygre Til stades siste del av møtet

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAVDELINGA RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN I SAMARBEID MED FLORA HISTORIELAG FLORA KOMMUNE Torleif Reksten og Hermod Seim ved skiltet på rutekaia.

Detaljer

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers Dilemma ved ei folkerøysting Oddvar Flæte og Jan Øhlckers 29.10.2015 1. Bakgrunn Kommunane gjennomfører no opinionsmåling blant eit representativt utval innbyggjarar. For kvar av kommunane er det lista

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Velkomne til jubileumsfeiring. Det er triveleg å sjå så mange feststemte barn og vaksne frå heile kommunen i folketoget.

Velkomne til jubileumsfeiring. Det er triveleg å sjå så mange feststemte barn og vaksne frå heile kommunen i folketoget. Kjære alle saman og gratulerer med dagen! Velkomne til jubileumsfeiring. Det er triveleg å sjå så mange feststemte barn og vaksne frå heile kommunen i folketoget. Dette er ein heilt spesiell dag. 17. mai

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer