Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Jon Fosse. Andvake. Forteljing"

Transkript

1 Jon Fosse Andvake Forteljing

2 2007 Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN utgåva

3 Baksidetekst No har dei klart å koma seg til Bjørgvin og no skal deira liv byrja og han ser Alida reisa seg opp og ho står veldig der i framskuten og Asle kjenner at slik han er laga, så er ikkje han sjølv så viktig, det er det store svevet som er viktig, det har spelinga lært han, det er vel spelemanns lagnad å vita slikt, og for han heiter det store svevet Alida. Alida og Asle er komne til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu. Alida ventar barn, men ingen vil gi henne og kjærasten rom. Andvake er ei lysande vakker skildring av kjærleiken mellom dei to unge, og ei historie som peiker langt ut over seg sjølv.

4 Jon Fosse Andvake Forteljing

5 I

6 A sle og Alida gjekk kringom i Bjørgvins gater, over skuldra bar Asle to byltar med alt det dei åtte og i neven bar han feleskrinet med fela han hadde ervd etter far Sigvald, og Alida bar på to nett med mat, og no hadde dei gått kringom i Bjørgvins gater i fleire timar og prøvd å finna seg husvære, men det var som umogeleg å få leigd seg hus nokon stad, nei, dei sa, me har diverre ikkje noko å leiga ut, nei, dei sa, det me har til utleige er alt utleigd, slikt sa dei og så måtte Asle og Alida halda fram med å gå kringom i gatene og banka på dører og spørja om dei ikkje kunne få leiga seg rom der i huset, men ikkje i nokon av husa var det rom å få leiga, så kvar skulle dei vel gjera av seg, kvar kunne dei vel finna ly for kulden og mørkret no seinhaustes, einkvan staden måtte dei vel kunna få leiga seg rom, og det var då endå godt det ikkje regner, men snart byrja det vel å regna òg, og dei kunne ikkje berre bli gå ande slik, og kvifor ville ingen hysa dei, kunne det kanskje vera fordi alle godt kunne sjå at Alida snart skulle føda, det kunne jo skje kva dag som helst, slik ho såg ut, eller var det fordi dei ikkje var vigde og dimed ikkje var for skikkelege ektefolk, og for skikkelege folk, å rekna, men kunne vel nokon sjå det på dei, nei det gjekk vel ikkje, eller kanskje var det mogeleg likevel, for noko måtte det vera som gjorde at ingen ville gje dei hus, og det var jo ikkje fordi Asle og Alida ikkje ville gifta seg at dei ikkje alt hadde fått prestehanda på seg, korleis kunne dei vel hatt tid og høve til det, ikkje meir enn godt og vel sytten år gamle var dei, så sjølvsagt hadde dei ikkje det som kravdest for

7 å halda bryllaup, men så snart dei det hadde, skulle dei giftast på skikkeleg vis med prest og kjøkemeister og bryllaupsfest og spelemann og alt som til høyrde, men til så lenge fekk det vera, det fekk vera som det var og det var jo eigentleg godt som det var, men kvifor ville ingen hysa dei, kva var gale med dei, kanskje kunne det hjelpa viss dei tenkte at dei var vigde folk og mann og kone, for om dei det tenkte vart det sikkert vanskelegare for andre å merka på dei at dei gjekk rundt i livet som synd arar og no hadde dei banka på mange dører og ingen dei hadde spurt om kunne gje dei hus hadde vilja hysa dei og dei kan ikkje berre gå vidare slik, det er ved å kveldast, det er sein haustes, det er mørkt, det er kaldt og snart byrjar det vel å regna òg Eg er så trøytt, seier Alida og dei stansar og Asle ser mot Alida og han veit ikkje kva han kan seia til trøyst, for alt mange gonger hadde dei trøysta seg med å snakka om det komande barnet, vart det ei jente, eller ein gut, det snakka dei om, og Alida meinte at jenter var greiare å ha med å gjera, og han meinte det motsette, at gutar var lettast å vera saman med, men vart det gut, vart det jente, glade og takk same skulle dei same kva vera for barnet dei om ikkje så altfor lenge skulle bli foreldre til, det sa dei og trøysta seg med å tenkja på barnet som om ikkje så lenge skulle bli fødd. Asle og Alida gjekk der i Bjørgvins gater. Og til no hadde dei vel eigentleg ikkje teke det så tungt, dette at ingen ville hysa dei, til sist ordna det seg nok, snart var det nok einkvan som hadde eit lite rom å leiga ut, der dei kunne bu ei tid, det måtte jo ordna seg, for det

8 var jo så mange hus i Bjørgvin, små hus og store hus, og ikkje som i Dylgja, der det berre var nokre gardar og så nokre små strandsitjarhus, ho, Alida, var dotter til mor Herdis i Brotet, dei sa, og kom frå eit lite bruk i Dylgja, der var ho oppvaksen saman med mor Herdis og syster Oline, etter at far Aslak vart borte og aldri kom att då Alida var tre og syster Oline fem år, og ikkje hadde vel Alida eingong noko minne om faren, berre av røysta hans, for enno kunne ho høyra røysta hans for seg, den store kjensla som i røysta hans var, det klåre skarpe og breie laget, men det var vel òg alt ho hadde att etter far Aslak, for ingenting kunne ho vel minnast om korleis han såg ut, og ikkje noko anna mintest ho heller, berre røysta hans når han song, det var alt ho hadde att av far Aslak. Og han, Asle, var oppvaksen i eit naust i Dylgja der det var innreidd som eit lite husvære på lemmen, der voks han opp saman med mor Silja og far Sigvald, heilt til far Sigvald ein dag då hauststormen kom brått på vart borte på havet, han fiska utanfor øyane vest i havet og båten sokk der utom øyane, utom Store steinen. Og så var då mor Silja og Asle att der i Naustet. Men ikkje lenge etter at far Sigvald vart borte, tok mor Silja til å sjukna, ho vart tynnare og tynnare, ho vart så tynn at det var som råd å sjå igjennom andletet hennar og inn på berre beina, dei store blåe augo hennar vart som større og større og fylte til sist mesta heile andletet, slik såg det ut for Asle, og det lange brune håret hennar vart tynnare enn før, og meir pistrut, og så, då ho ikkje stod opp ein morgon, fann Asle henne daud i senga. Mor Silja låg der med dei store blåe augo sine opne og såg til sides, mot der far Sigvald skulle ha lege. Det lange tynne brune håret hennar dekte

9 til det meste av andletet hennar. Mor Silja låg der og var daud. Dette var for vel eitt år sidan, då Asle var på lag seksten år. Og då var det einaste han hadde i livet seg sjølv og dei få tinga der i Naustet, og så fela etter far Sigvald. Asle var åleine, mottens åleine, hadde det ikkje vore for Alida. Alt han tenkte på då han såg mor Silja liggja der så endelaust daud og bortkomen, det var Alida. Det svarte lange håret hennar, dei svarte augo hennar. Alt ved henne. Han hadde Alida. No var Alida det einaste som var att for han. Det var det einaste han tenkte. Asle tok handa si bort til den kalde kvite kjaken til mor Silja og strauk over kinnet hennar. No hadde han einast Alida att. Det tenkte han. Og så hadde han fela. Det tenkte han òg. For far Sigvald hadde ikkje berre fiskar vore, han hadde òg vore ein dugande spelemann, og i kvart einaste bryllaupet i heile ytre Sygna var det han som spelte, slik var det i mange dei åra, og skulle det dans vera, ein sommarkvelden, var det far Sigvald som spelte. Han hadde då òg i si tid kome austanfrå til Dylgja for å spela i bryllaupet til bonden på Leite, og slik var det at han og mor Silja hadde trefst, ho var tenestetaus der og serverte i bryllaupet, og far Sigvald spelte. Slik treftest far Sigvald og mor Silja. Og mor Silja vart med barn. Og ho fødde Asle. Og for å forsørgja seg og dei sine tok far Sigvald seg hyre hjå ein fiskar uti øy ane i havet, fiskaren budde på Storesteinen, og som del av løna skulle han og Silja få bu i eit naust fiskaren åtte der i Dylgja. Slik vart spelemannen far Sigvald fiskar òg, busett i Naustet på Dylgja. Slik var det. Slik gjekk det. Og no var både far Sigvald og mor Silja borte. For alltid borte. Og no gjekk Asle og Alida kringom der i Bjørgvins gater, og alt dei

10 åtte bar Asle i to byltar over skuldra, og så hadde han feleskrinet og fela etter far Sigvald med seg. Det var mørkt, og det var kaldt. Og no hadde Alida og Asle banka på mange dører og spurt etter hus og berre fått til svar at det ikkje gjekk, dei hadde ikkje noko å leiga ut, det rommet dei hadde å leiga ut var alt utleigd, nei dei leigde ikkje ut, det trongst ikkje, slikt hadde dei fått til svar, og Asle og Alida går, dei stansar, dei ser mot eit hus, kanskje kan vel der vera husvære å leiga, men skulle dei våga seg til å banka også på den døra, dei fekk vel berre endå ein gong nei til svar, same kva, men dei kunne då ikkje berre gå kringom i gatene slik heller, så dei måtte vel våga seg til å banka på og spørja om der var rom å få leiga, sjølvsagt, men korkje Asle eller Alida var mota på nok ein gong å skulla leggja fram ærendet sitt og så nok ein gong å få høyra at nei, det gjekk nok ikkje, det var fullt nok som det var, slikt noko, og kanskje gjorde dei feil då dei tok alt det dei åtte med seg og segla inn til Bjørgvin, men kva skulle dei vel elles ha gjort, skulle dei ha vorte buande der i huset til mor Herdis i Brotet, endå ho ikkje ynskte å ha dei buande der, for hadde det vore noko framtid i det, og hadde dei berre fått halda fram med å bu i Naustet, så hadde dei nok vorte bu ande der, men ein dag såg Asle at einkvan, om lag på hans alder, kom segl ande mot Naustet og firte segl og la til i fjøra nedanfor Naustet og fortøygde der og så byrja han å gå opp mot Naustet og etter ei stund høyrdest banking på luka og då Asle hadde opna og då karen opp var komen og hadde kremta ferdig sa han at det var han som no åtte Naustet, no etter at faren kom bort på sjøen saman med far til Asle, og no trong han Naustet sjølv og då kunne

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben Jon Fosse Trilogien Andvake Olavs draumar Kveldsvævd bokklubben Det Norske Samlaget 2014 Trilogien inneholder titlene Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) De norske Bokklubbene AS,

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Jon Fosse. Lilla. Skodespel Jon Fosse Lilla Skodespel Personar BASSISTEN 2 Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Om denne boka Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda Oslo Om denne boka Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no. Boka er omsett frå svensk av Gunstein Bakke. Omslag: Markup Lantto

Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no. Boka er omsett frå svensk av Gunstein Bakke. Omslag: Markup Lantto Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Boka er omsett frå svensk av Gunstein Bakke. Omslag: Markup Lantto Tilrettelagd for ebok au BookPartnerMedia, Kobenhavn 2014 ISBN 978-82-521-8525-6 2 utgåva Om

Detaljer

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012 Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva Om denne boka

Detaljer

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

1982 Det Norske Samlaget  Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 1982 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 978-82-521-7686-5 Om denne boka Du som er slik ein språkekspert, sa eg. Det er noko eg har lurt på.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde Det norske språk- og litteraturselskap 2010. Olav Duun: Menneske og maktene. Utgave ved Bjørg Dale Spørck. ISBN: 978-82-93134-46-6 (digital, bokselskap.no), 978-82- 93134-47-3 (epub), 978-82-93134-48-0

Detaljer

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Norsk etnologisk gransking Emne nr. 38 Mai 1953 SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: SETNINGSLEDD 1 Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: Leo som budde på Cuba før, snakkar godt norsk. Subjekt: Leo som budde på Cuba før Verbal: snakkar

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda III Oslo Det Norske Samlaget 2013 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8374-0 Om denne boka Siste boka i lesaranes

Detaljer

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud (1840-1910) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna.

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud (1840-1910) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna. Mini-skodespel om Lars Skrefsrud (1840-1910) Kilde: Boka om Lars O. Skrefsrud (Kerap - Jungelfolkets høvding) av Olav Hodne. Innleiing: For 160 år sidan (i 2010, er det 170 år sidan) vart det født ein

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole Kart: Wikimedia Commons Atlas of the World, Wikimedia Foundation

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole Kart: Wikimedia Commons Atlas of the World, Wikimedia Foundation Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Kart: Wikimedia Commons Atlas of the World, Wikimedia Foundation Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8713-7

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Ragnar Hovland. Stille natt. Roman

Ragnar Hovland. Stille natt. Roman Ragnar Hovland Stille natt Roman Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8140-1 Om denne boka Ein forfattar har skrivesperre,

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å måle eit bilete med tre fjør Eg ville læra å lage trykk med den gamle klesrulla i Lars og Peter sin garasje, Det heile gjekk veldig bra, avtrykket viste tre

Detaljer

Kom ikkje inn i mitt hus

Kom ikkje inn i mitt hus Arnfinn Kolerud Kom ikkje inn i mitt hus Roman 2012 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8157-9 Om denne boka Berre ein siste, liten

Detaljer

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005.

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005. Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/11-2005. Oppgåve 1 a) Rekn ut gcd(788, 116). Finn alle løysingane i heile tal til likninga 788x + 116y = gcd(788, 116). b) Ein antikvar sel ein dag nokre

Detaljer

No er det berre oss att

No er det berre oss att No er det berre oss att Ei etisk lesing av Jon Fosses Andvake NOR - 3930 Andreas Aaslid Edvardsen Mastergradsoppgåve i nordisk - integrert 10 sp PPU Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10 PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10 1 PREPOSISJONAR Vi deler preposisjonane inn i ulike grupper etter kva dei fortel om: Stad: Tid:

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Barnevernsfaglege vurderingar Fylkesmannen sine erfaringar Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll 2.9.2014 Heimel Dokumentasjonskrav 1. Barnevernlova og forvaltningslova Formål 1. Arbeidsverktøy for dei

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1 Nynorsk Lundefuglnettene av Bruce McMillan Hvert år besøker svarte og hvite fugler med orangefarget nebb den islandske Kvart år besøkjer øya Heimøy.

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8760-1 Om denne boka Dagny har blitt storesøster,

Detaljer

Sigrid Merethe Hanssen. Roman

Sigrid Merethe Hanssen. Roman Sigrid Merethe Hanssen SOFIA Roman Oslo 2013 2013 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8121-0 Om denne boka Ei norsk kvinne reiser

Detaljer

spøkjelse I HUS MED EIT >>>

spøkjelse I HUS MED EIT >>> spøkjelse I HUS MED EIT Ein gong styrte ho garden med jernhand. Heller ikkje etter sin død i 1913 greidde Oline å sleppe taket på Åmot gard i Bygstad. Ikkje før ho fekk fortelje historia si. >>> 26 JULEMAGASINET

Detaljer

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK For nokre år sidan var eg fast gjesteskribent i spalta "Dagens gjest" i Tønsbergs Blad. Det hende at eg fekk respons på tekstane mine, gjerne i form av vennlege og varsamt nedlatande

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer