Behandling i Kommunestyret den 18.12.2014 Ettersendingar: Kontrollutvalet si innstilling (pkt.34) Brev ang. Øyatun skule Nytt kulepunkt (pkt.3) dette var falle ut i formannskapet si innstilling.(delt ut i møte) NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ AP,KRF,V,SP,SV,UAVH: Sjå vedlegg 49 i sak 2013/2663. http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/einnsyn/journalpost/showdocument/305326/369195 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ H: Sjå vedlegg 47 i sak 2013/2663. http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/einnsyn/journalpost/showdocument/305324/369190 NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ FRP: Sjå vedlegg 48 i sak 2013/2663. http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/einnsyn/journalpost/showdocument/305326/369195 RØYSTING: 35 repr. under avrøysting. 1. Formannskapet si innstilling vart sett opp mot dei 3 innkomne forslaga: Nye innkomne forslag vart samrøystes formannskapet sitt fall. 2. Ap, Krf, V, Sp, Sv, Uavh sitt forslag vart sett opp mot forslaga frå H og Frp: Ap sitt fekk 19 røyster og vart vedteke. H og Frp fekk 16 røyster og fall. Vedtak frå Kommunestyret den 18.12.2014 Budsjettvedtak: 1. Kommunestyret godkjenner driftsinntektene for budsjett 2015 slik det går fram av tabell 6. 2. Kommunestyret godkjenner rammene til skulane, barnehagane, sonene og dei andre verksemdene i budsjettet for 2015 slik det går fram av tabell 3. 3. Kommunestyret godkjenner investeringane i budsjettet for 2015/ Ø-plan 2015-2018 slik det går fram av tabell 8, tabell 9 og tabell 10. 4. Kommunestyret godkjenner økonomiplan 2015 2018 slik det går fram av vedlegg tabell 6. 5. Kommunestyret godkjenner handlingsplan 2015 2018 slik det går fram av vedlegg 2. Handlingsplan 2015-2018. 6. Ordføraren si godtgjersle for 2015 blir sett til 95,0 % av løna til ein stortingsrepresentant, medan varaordføraren si godtgjersle for 2015 blir sett til 15,0 % av ordføraren si godtgjersle. 7. Inntekts- og formuesskatten for 2015 blir utlikna etter dei satsar som Stortinget bestemmer. 8. Marginalavsetjing av innbetalt skattesum blir sett til 9,0 %. 9. I medhald av eigedomsskattelova 2, 3 og 4 blir det i 2015 vidareført utskriving av eigedomsskatt. A. Eigedomsskatteområdet er verk/bruk og næring i heile Kvinnherad kommune etter
Eigedomsskattelova 3d. B. Skattesatsen for kommunen vert sett til 7 o/oo, jamfør Eigdomsskattelova 11. C. Skattevedtektene i kommunen etter Eigedomsskattelova 10 er justert i tråd med nye regelendringar som gjeld frå 2013, og som er godkjende av kommunestyret den 20.12.2012. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter. D. Skatten forfell til betaling i to terminar, 20. april og 20. oktober 2015, jamfør Eigedomsskattelova 10. I medhald av Eigedomsskattelova 7 bokstav a og b, vert det fritak for eigedomar til stiftingar og institusjonar som tek sikte på å gagne kommunen, fylket eller staten, samt bygningar av historisk verdi. 11. Arbeidet med å redusere driftsnivået med inntil kr. 70,0 mill. skal vidareførast. 12. Kommunen betalar avdrag som i tråd med brev frå revisor blir sett til rundt 3,5 % av samla lånegjeld. Ved endeleg utrekning kan summen avvike ein del frå løyvinga i budsjettet. 13. Eit mogeleg positivt premieavvik for pensjonsinnbetalingane skal setjast av på eit avviksfond. Kostnaden relatert til tidlegare premieavvik skal dekkast av dette fondet. 14. Ordninga med politisk godkjenning av tilsetjingar blir vidareført i 2015. Det skal framleis liggja ei streng vurdering til grunn for å nå målet om reduksjon av talet på tilsette med minst 100 årsverk. Vikariat i samband med ferie og svangerskap, samt stillingar knytt til turnus vert haldne utanom. Tidlegare godkjente tilsettingar der tilsetjing ikkje er gjennomført, treng ikkje ny godkjenning. Det same gjeld for faste lærarstillingar i skulen. 15. Dei verksemdene som overskrid tildelte rammer skal året etter dekke inn deler av overskridinga. Dei verksemdene som går med overskot skal året etter få med seg ein del av overskotet. Tertialrapportane skal og rapportera førebels resultatrekneskap i høve til budsjett for dei einskilde sektorane og verksemdene. Forslag til korrigerande tiltak ved budsjettoverskriding skal leggjast fram for politisk handsaming. 16. For 2015 blir det lagt opp til ei samla investeringsramme på kr. 110,055 mill. kr. Av dette er kr. 38,11 mill. lån som kommunen sjølv må betale, kr. 44,4 mill. er lån der renter og avdrag vert betalt av andre. Husbanklån utgjer kr. 25,0 mill. Eigenkapitalinnskot til KLP er kr. 2,6 mill. Investeringane blir finansierte med kr. 0,5 mill. i sal av eigedomar og kr. 9,8 mill. i refusjon MVA- midlar. Trekt i frå kr. 42,3 mill. i avdrag blir endringa i kommunen sine lån på kr. 57,9 mill. Unytta lånemidlar i 2014 vil ved budsjettrevisjonen våren 2015 bli trekt frå låneopptaket. Låna får ei løpetid i tråd med kommunelova 50. Avdraga blir sett til maksimum 40 år. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne lånevilkåra innan vedtekne budsjettrammer. 17. Kommunestyret vedtek låneporteføljen til Kvinnherad kommune, og alle lån i porteføljen kan vere gjenstand for refinansiering i 2015. Rådmannen får fullmakt til å avgjere kva lån som skal nedbetalast, uavhengig av tidlegare vedtak om nedbetaling. 18. Det vert ikkje lagt inn midlar til ny Undarheim skule før etter planperioden. 19. Rosendalstunet skal byggjast ut i økonomiplanperioden. Prosjektgruppa skal arbeida vidare med utbygginga med utgangspunkt i kommunestyrevedtaket frå november 2011. I økonomiplanen er det lagt inn kr. 2,0 mill. kr til planlegging og kr. 0,5 mill. til grunnkjøp i 2014 og kr.70 mill. i 2016 og kr. 130 mill. i 2017. Desse summane er kommunen sine brutto kostnader. Tilskot berekna til kr. 82,5 mill. og momskompensasjon med 25 % av investeringane kjem til frådrag i netto kostnad. Summane kan bli justerte når plan for prosjektet er klar. Etter at utbygginga er ferdig har Rosendalstunet 60 sjukeheimsplassar/omsorgsplassar med heildøgnomsorg. Planlegginga skal resultera i ein funksjonsbeskrivelse som skal vera grunnlaget for anbodsutlysing av rosjektet.
20. Rådmannen skal utgreia behov for omsorgsbustadar med og utan døgnbemanning. Desse skal liggja ved Halsnøytunet, i Husnes sentrum, ved Hagatunet i Uskedalen og i Rosendal sentrum. Det skal utarbeidast eit anbodsgrunnlag slik at bygging kan koma i gang snarast råd. Husbanken sine ordningar skal nyttast best mogeleg. 21. Så snart Kvinnheradpakken er ferdig handsama i komite for Næring og Samferdsle skal pakken leggjast fram for formannskap og kommunestyre for godkjenning. Då skal også mandat for det vidare arbeidet vedtakast. 22. Det blir sett av midlar til vatn og kloakk som er i tråd med dei framlagde kommunedelplanane. Prosjekt over kr. 0,5 mill. skal godkjennast politisk før arbeidet kan starte opp. 23. Frå 01.01.15 eller frå den tid det er lovleg eller praktisk kan gjerast, vert følgjande gebyr eks. mva i innan Vatn, avløp, renovasjon og slamtøming endra slik: Tilknytingsgebyr for vatn og avløp vert auka frå kr. 15. 000,- til kr. 16.000,-. Abonnementsgebyr vatn og avløp vert auka frå kr. 1.200,- til kr. 1.260 M3-sats drikkevatn vert auka frå kr. 12,50 til kr. 13,20 eks. mva, og M3-sats avløp vert auka frå kr. 11,50 til kr. 12,- eks. mva. Plomberingsgebyr vert auka frå kr. 1.250,- til kr. 1.500,-. Avlesingsgebyr vassmålar vert uendra. Gebyr for leige av vassmålarar vert uendra. Slamtømegebyr hus vert uendra. Slamtømegebyr hytter vert uendra. Renovasjonsgebyra vert ikkje endra. 24. Gebyr og betalingssatsar knytt til kommunale vegar vert ikkje endra. 25. Gebyr og betalingssatsar innan pleie og omsorg vert ikkje endra. 26. Gebyr og betalingssatsar knytt til varmebassenga vert endra til: Vaksne: frå 100 kr til 120kr, Barn frå 50 kr til 60 kr, årskort vaksne frå 1800 kr til 2000 kr, årskort barn frå 900 kr til 1000 kroner, ½ årskort vaksne frå 1000 kr til 1200 kr og ½ årskort barn frå 500 kr til 600 kr Pris per time for lag og organisasjonar aukar frå 500 kr til 700 kr, enkelttimar med badevakt aukar frå 800 kr til 1000 kr per time. 27. Frå 01.01.15 eller frå den tid det lovleg eller praktisk kan gjerast, vert følgjande avgifter, gebyr og betalingssatsar endra: Utsleppssaker og utstikking bygg vert auka tilsvarande konsumprisindeksen. Det vert innført følgjande nytt gebyr: Prosjektering skogsbilvegar: o Opprustning eksisterende veg kr. 12 pr. meter eks moms. o Nyanlegg kr. 25 pr. meter eks moms. Kartforretning, byggesak og reguleringsplanar vert auka tilsvarande konsumprisindeksen. Pris for jordlov- og konsesjonssaker delegert til administrasjonen vert uendra på kr. 2 000,- Pris for konsesjonssaker til politisk handsaming vert uendra på kr. 5 000,- Seksjoneringssaker som krev synfaring: 5 x rettsgebyr, jamfør lov om eigarseksjonering. Seksjoneringssaker som ikkje krev synfaring: 3 x rettsgebyr, jamfør lov om eigarseksjonering. Årsplass kulturskulen vert auka med 3,0 %. Instrumentleige kulturskulen og dirigenttenester vert auka med 3,0 %.
Foreldrebetaling SFO vert auka med 3,0 %. Barnehagesatsane vert sett lik Stortinget sine maksimalsatsar. Idrettsbaneleiga for Husnes, Rosendal og Halsnøy vert ikkje auka. Gebyr for unødig brannalarm meir enn ein gong pr. år blir auka frå kr. 2 800,- til kr. 3 000,- eks. mva. Feiegebyr for skorstein med eit løp vert auka frå kr 225,- til kr 230,- eks. mva. Feiegebyr for skorstein med to eller fleire løp aukar frå kr 280,- til kr 285,- eks. mva. Feiegebyr for to skorsteinar med eit løp vert auka frå kr 350,- til kr 355,- eks. mva. 28. Alle husleiger blir auka i tråd med konsumprisindeksen. I tillegg skal husleigene vere identiske når husværa overstig 100 m2. For vanskelegstilte, minstepensjonistar og unge uføre er husleiga eks. straum sett til maks kr. 5 000,- kr pr. månad. For par som begge er vanskelegstilte, minstepensjonistar eller unge uføre er maks husleige eks. straum sett til 7 000,- kr pr. månad. 29. A. To gonger i året vert det betalt ut godtgjersle til folkevalde på grunnlag av rapport om oppmøte på møta (oversikt finst i sekretariatet) og eventuelle innsendte krav frå folkevalde. B. Dei som ikkje har spesielle krav sender ikkje inn, og vil då få utbetalt godtgjersle i tråd med reglement. C. Gjennom etterskotsvis utbetaling vil me unngå utbetaling av godtgjersle til folkevalde som ikkje har møtt, og arbeid med å krevje dette inn att. 30. Budsjett og rekneskap skal vise dei verkelege utgiftene med politisk aktivitet i kommunen, slik at den blir skilt frå administrative kostnader innafor same budsjett/rekneskapskapittel. 31. Det blir i 2015, 2016 og 2017 tatt et ekstraordinært utbytte frå Driftsfondet (i kraftfondet) for dekke inn kommunens økonomiske utfordringar disse tre åra. 32. Ved utarbeiding av framtidige investeringsbudsjett skal ein i alle kommunale prosjekt der private deltek, legge inn ein ekstra sum tilsvarande prosjektet sin momskompensasjon. Dette for å unngå at kommunen tener på prosjektet der andre deltek. Rådmannen skal utgreie om kommunen kan legge til grunn netto budsjettering i framtidige investeringsbudsjett. Saka om dette skal framleggas til politisk handsaming innan utgangen av første kvartal 2015. 33. Alle løyvingar til tiltak i investeringsbudsjettet som blir overført frå eit år til neste skal visast i årsmelding og revidert budsjett. 34. Kommunestyret set ramma for Kontrollutvalet til kr.1.043.000,- 35. Tertialrapportane skal rapportera førebels resultatrekneskap i høve til budsjett for dei for dei einskilde sektorane og verksemdene. Avvik skal meldast også mellom tertialrapportane. Forslag til korrigerande tiltak ved budsjettoverskriding skal leggjast fram for politisk handsaming. 36. Gebyr og betalingssatsar innan pleie og omsorg vert auka i tråd med maksimalsatsane vedtekne i statsbudsjettet for neste år. Vidare vert satsane auka i tråd med desse annakvart år i økonomiplanperioden. 37. Politiske møte startar kl 17.00. 38. Komite for helse, omsorg og miljø, komite for skule, oppvekst og idrett og komite for næring og samferdsle vert lagde ned. Kommunestyret gjer vedtak i eiga sak korleis oppgåver som har vore lagde til desse komiteane skal vidareførast. 39. Det skal utgreiast om det er føremålstenleg med middagsproduksjon i kommunal regi ved institusjonane i Kvinnherad. Det må leggjast vekt på kvalitet, økonomi og trong for
lærlingeplassar i kommunen. 40. Det skal lagast plan for finansiering av ny idrettshall på Husnes. Tomt for idrettshall vil bli avgjort i samband med vedtak av områdeplan. Hallen skal dekka behov for Undarheim skule, Husnes Ungdomsskule og idrettslaga. 41. Det skal arbeidast for oppretting av stilling som konsulent for friluftsliv og idrett innanfor Verksemd for kultur og fritid. 42. Det skal utarbeidast skulebruksplan for Kvinnherad. Planen skal vera ferdig til budsjetthandsaming hausten 2015. 43. Det skal gjennomførast effektiviseringsprosjekt i alle verksemder. Arbeidet skal gjennomførast i samarbeid mellom Rådmann/verksemdsleiar og tilsette. Arbeidet skal vera ferdig til budsjettarbeidet for 2016. Formannskapet skal vera styringsgruppe. Utfordringane i økonomiplanen er utgangspunktet for prosjektet. Forslag til organisering og mandat skal leggjast fram for politisk handsaming. 44. Det blir gitt tilskot til Uskedalen nærmiljøanlegg i 2017. 45. Det blir sett av kr 2 mill til Husnestunet for å fullføra utviding av dørane inn til bad og montering av takheis mellom seng og bad på dei resterande 18 romma på gr 5. Prosjektet skal fremjast for politisk handsaming før oppstart. 46. Det skal utarbeidast ein plan for rullestoltilgang i kyrkjene i god tid før handsaming av budsjett 16.