Ørsta Ålesund Sykkylven - Eid oseing.no Hovudkontor Vikegata 19a, 6150 Ørsta Telefon: 70 04 52 20 firmapost@oseing.no Prosjekt 1414 Regulering Svemorka, gnr./bnr. 27/51 m. fl. Stranda kommune Merknadar til oppstart av planarbeid Planarbeidet vart varsla oppstart i mars 17.03.2017, med merknadsfrist 19.04.2017. Heimelshavarar og aktuelle offentleg mynde vart varsla med brev. Det kom inn 5 merknadar, utdrag av desse blir gjengjeve under: Offentleg mynde: Statens vegvesen, datert 24.03.2017 Har ikkje på noverande tidspunkt merknad til planarbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune, datert 18.04.2017 Det blir rådd til at det grøne beltet langs elva vert oppretthalde både på grunn av biologisk mangfald og for fri ferdsel. Vurdering: Det blir regulert inn vegetasjonsbelte mot vassdraga. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 19.04.2017 Generelt Det er opplyst at det er halde oppstartsmøte med Stranda kommune, referat frå dette møtet bør liggje ved dokumenta sendt ut i oppstartsvarselet. Natur- og miljøvern Meste av arealet er i gjeldande reguleringsplanar for området er sett av til industri, med noko grønstruktur i nærleiken til elva. Ber om at det blir oppretthald ei kantsone mot vassdraget med grønstruktur. Etter vassresursslova skal det langs vassdrag sikrast eit naturleg vegtasjonsbelte som motverkar avrenning og gjev levestad for planter og dyr langs elvebreidda. Ved utarbeiding av reguleringsplan skal det merkast av på plankartet. Det må gjerast ei vurdering om planendringane vil påverke dei nærliggande vassdraga. Samfunnstryggleik Det må gjennomførast ei ROS-analyse for planområdet. Analysa skal syne alle risiko- og sårbarheitsområde som har betydning for om arealet er eigna til utbyggingsformål, og eventuelle endringar i slike forhold som følgje av planlagt utbygging. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkast av i plankartet som omsynssone. Vurdering: Det blir regulert inn vegetasjonsbelte mot vassdraga, det blir utarbeidd ROS-analyse og fareområde blir lagt inn i plankartet som omsynssone med føresegn. Ose Ingeniørkontor AS, org. Nr: 994 525 174 tilslutta: NTF - Norges Takseringsforbund og RIF - Organisasjonen for rådgivarar
Private: Frode Håkons Kjølås, datert 18.04.2017 For gnr./bnr. 27/54 er det viktig å ta vare på eksisterande tilkomst i begge endar av eigedomen for å sikre god vareflyt og mogleg utviding av lokaler. Vurdering: Tilkomst til gnr./bnr. 27/54 blir vidareført. Stranda Eigedomsselskap as, datert 25.04.2017 På vegne av bedrifter i området blir det gjeve tilbakemelding om tre hovudpunkt: - Byggjegrense på 15 m på kvar side vegen må reduserast til 5 m så mange av bedriftene kan få til fornuftige utvidingar. - Dersom vegen skal leggjast om, bør den leggjast i området utanfor det aktuelle reguleringsarealet. (synt i vedlegg) - Bør ta omsyn til ei god framtidig løysing for hovudveg til industriområdet, særleg dersom ny fylkesveg blir liggjande der vegen går i dag. Det må leggjast til rette å kunne koble nedre veg mot ein ny tilkomstveg nedafor Langlofabrikken, mot brua. Det må sikrast alternativ veg rundt Stabburet mot øvere innfartsveg. (synt i vedlegg) Vurdering: Byggjegrense mot veg blir justert ned, det blir vurdert på alternative vegløysingar i området. Daaskogen 2017.08.14 Side 2
Ose Ingeniørkontor AS Vikegata 19 A 6150 ØRSTA Behandlande eining: Sakshandsamar/telefon: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Region midt Jan-Kristian Janson / 90412554 17/41816-2 24.03.2017 Tilbakemelding på varsel om oppstart av privat reguleringsplan for Orkla Foods - Svemorka nord - gnr. 27 bnr. 51 m.fl. i Stranda kommune Viser til dykkar brev av 17.03.2017. Statens vegvesen har på noverande tidspunkt ikkje merknader til planarbeidet. Plan- og trafikkseksjonen Med helsing Lisbeth Smørholm seksjonsleder Jan-Kristian Janson Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar. Kopi Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 MOLDE Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 MOLDE Stranda kommune, Øyna 13, 6200 STRANDA Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Vestre Olsvikveg 13 Statens vegvesen Region midt firmapost-midt@vegvesen.no 6019 ÅLESUND Landsdekkende regnskap Postboks 2525 6404 MOLDE Org.nr: 971032081 9815 Vadsø
Oddhild Fausa Fra: Frode Kjølås <frode@stansas.no> Sendt: tirsdag 18. april 2017 08.42 Til: Oddhild Fausa Emne: Reguleringsarbeid i Svemorka - Stranda kommune. Hei! Viser til mottatt brev datert 17.03.2017 angående «Varsel om reguleringsarbeid». Som eier (Kjølås Stansekniver AS) og bruker (Optimar/SeaSide) av Svemorka 45, Gnr 27 bnr 54, er det viktig for oss å ivareta eksisterende adkomster i begge ender av eiendommen da disse sikrer en god vareflyt inn/ut samtidig som de muliggjør fremtidig utvidelse av våre lokaler. Mvh/Brgs Frode Håkon Kjølås EVP Concept and R & D Mobile: +47 90 17 66 17 Email: frode@stansas.no OPTIMAR AS Svemorka Industriområde N-6200 Stranda, Norway Phone (+47) 70 26 15 00 www.optimar.no Check out our Facebook and LinkedIn page: www.linkedin.com/company/optimarstette-as www.facebook.com/optimar1 1
Stranda Kommune v/einar Lied 6200 Stranda Stranda 04.12.17 INNSPEL TIL AREALPLAN OG REGULERINGSPLANPROSESS SVEMORKA Vi viser til informasjonsmøte den 16. mars der det vart informert om Orkla sine utbyggingsplanar i Svemorka. Det vart her drøfta mulige konsekvensar for dei øvrige bedriftene og ikkje minst litt overordna korleis ein planlegg tilkomstvegar inn og ut av området på lengre sikt. På vegne av andre bedrifter vil vi gjerne peike på tre hovedpunkt: - Byggegrensa på 15 meter på kvar side av veien i dag bør reduserast til 5 meter. Dette vil gjere det mulig for mange av bedriftene å få til fornuftige utvidingar. - Om vegen blir liggande som i dag med snuplass for store lastebilar i enden er det fint (vedl. kart 1). Dersom vegen skal leggast om, bør denne leggjast i området rett utanfor det aktuelle reguleringsarealet ( som vist på vedl. kart 2). - Ein bør i denne arealplanen ta omsyn til ei god framtidig løysing for hovedveg inn og ut av industriområdet særleg dersom ny fylkesveg blir liggande der vegen går i dag. I dette ligg at ein legg til rette for å kunne koble nedre veg mot ein ny tilkomstveg nedanfor Langlo-fabrikken, mot brua. Likeeins burde ein sikre ein god alternativ veg rundt Stabburet kobla mot øvre innfartsveg. (sjå vedl. kart 3). Mvh Ivar Jan Langlo Daglig leiar TLF DIR: 918 95 027 ijl@strandaeigedom.no Stranda Eigedomsselskap AS Langlo AS Norsk Sjømat AS Stranda Stålindustri AS Optimar avd. Stranda Rent Nordvest AS