Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Like dokumenter
Satsingsområde språk og språkmiljø

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Dagleg skal vi i barnehagen leggje til rette for eit godt språkmiljø. For å oppnå dette skal vi:

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Satsingsområde Sosial kompetanse

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Kvifor (henv.til rammeplan) Bli kjent med bøker, songar, bilete, media o.a. Rammeplanen s.41

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Skjema for eigenvurdering

ANSVAR OMSORG - GLEDE

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

AVDELINGSPLAN

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Månadsbrev Januar `18

torsdag, 20. januar 2011 Progresjonsplan Øye barnehage Plan som visar kva barnehagen vil legge vekt på innanfor kvart fagområde.

GJENNOM ARBEIDET VÅRT MED FAGOMRÅDET KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST ØNSKER VI AT BARNA SKAL:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Progresjonsplan fagområder

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Satsningsområder. Barnehagen ønsker å fremme barns sosiale samspill og styrke den positive selvoppfatningen hos det enkelte barn.

JEG KAN! " Med skogen som læringsarena! PERIODE: September, oktober og november 2011 for SOLAN

Periodeplan for HOVEDMÅL: Vi ønsker å gi barna rett til å leke, lære, drømme og utforme, leve og være. (Årsplan for Leksdal barnehage)

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Undring: Sjå det er tre røyr, eit stort, eit mellomstort og eit pittelite. Kvifor? Det renn vatn ut av dei.

Utviklingsplan Gamlestova barnehage

Trollnytt for januar og februar

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

Tilbakeblikk på mars:

AKTIVITETSPLAN FOR VENN BARNEHAGE 2016/17

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

PERIODE: SEPTEMBER, OKTOBER OG NOVEMBER 2012

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Vi jobber med 7 fagområder i Rammeplan for barnehagen, og disse 7 fagområdene har vi i Espira egne spirer til. For å sikre en god progresjon har vi

HALVTÅRSPLAN FOR FUGLAREIRET OG ANDUNGANE

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling,fjellstrand-høst 2017

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Kommunikasjon, språk og tekst

Sjå Rammeplanen for meir informasjon om kvart fagområde, mål for å fremje barnas utvikling og læring, samt presisering av personalets ansvar.

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Årsmelding for Urhei barnehage

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

NATUR, MILJØ OG TEKNIKK HVA GJØR VI I BARNEHAGEN? BARNEHAGENS MÅL

PROGRESJONSPLAN FOR FAGOMRÅDENE I RAMMEPLAN FOR BARNEHAGEN GYLDENPRIS BARNEHAGE 2018/2019

Utdrag fra Rammeplan for barnehagen: Antall, rom og form og utdrag fra Kunnskapsløftet: Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

Periodeplan for september/oktober/november/desember 2013

ÅRSPLAN FOR KREKLING

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

POTET BLIR KUNST. Breidablikk kulturbarnehage KORT OM PROSJEKTET

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Hvordan jobber vi på avdelingen:

Progresjonsplan: 3.5 Etikk, religion og filosofi

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Halvårsplan haust Avd. Mosepjusken

Progresjonsplan for Finsland barnehage 2017/2018 Omsorg og lek

PROGRESJONSPLAN BYMARKA FRILUFTSBARNEHAGER.

PLAN FOR PROGRESJON EGGA BARNEHAGE.

Fagområde: kommunikasjon, språk og tekst.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Den fjerde uken er turuke, der hver gruppe har en fast turdag. På disse turene vil vi utforske nærmiljøet.

Rutinar for Overgang barnehage - skule

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

MÅL: Barna skal bli kjent med barnehagen og nærmiljøet!

Årsplan for. Hjartevarmen

Kommunikasjon Språk Tekst

Saman om Ørstabarnehagen

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss:

Månadsbrev for Februar

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

PROGRESJONSPLAN EIKELIA BARNEHAGE

Ei skisse på essensen i rammeplana. Slik vi ser det.

Halvårsplan for Trestubben, Maurtuå og Steinrøysa. Høst 2017

Periodeplan for Prestekrage

«Oh jul med din glede»

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

HOVEDTEMA: JEG ER EN VENN PERIODE: JANUAR AUGUST 2013 AVDELING: GRUMLEREN

Bærekraftig utvikling

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

ÅRSPLAN NORDRE ÅSEN KANVAS-BARNEHAGE

Barnehagens progresjonsplan

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Transkript:

Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege samanhengar. Til dømes kan vi i sandkassen når det regnar laga demningar og kanalar. I samtale med barna kring dette kan vi introdusera dei for nye ord og omgrep, som demning og kva funksjon denne har. Vi kan og undra oss saman med barna kring kva som skjer når demninga bryt og kva vi kan gjere for å byggje den opp att. Rammeplanen skriv at varierte erfaringar er avgjerande for at barna skal forstå omgrep og utvikla eit rikt språk (Rammeplanen s. 40). Kvardagssamtalen: Å samtale med barna er noko vi legg vekt på i alt vi gjer. Saman med barna skal vi setja ord på det som skjer omkring dei. Vi skal og synleggjera språket på avdelinga gjennom å merka med namn og omgrep på kassar, stolar, skuffer ol. Vi skal ha alfabetet synleg på avdelinga, slik at barna kan verte motiverte til å leita etter bokstavar, og få ei gryande interesse for språk og samansettingar av ord. Saman med barna skal vi setja ord på det dei er opptekne av og handlingar i kvardagen for å hjelpa dei til å forstå ulike omgrep og samanhengar, og for å fremja eit rikt ordforråd. Vi skal vere til stades her-og-no saman med barna for å setja ord på ulike kjensler som barna gjev uttrykk for. Dette for å bekrefte det barna kjenner, samt hjelpe dei til å forstå seg sjølv og andre i situasjonen. I leiken skal vi vere nærverande vaksne på barna sine premiss, slik at vi kan støtta dei og setja ord på det som skjer ved behov. Høgtlesing og forteljarstunder: Vi skal gjennom heile våren leggja til rette for høgtlesing og forteljarstunder både inne og ute i den frie lufta, til dømes eventyrstunder i skogen for å skapa ekstra stemning. Barna skal få verte kjent med eventyr og fablar som har vore ein del av den norske barnelitteraturtradisjonen, og vi skal trekkje inn eventyr eller fortellingar frå andre land som er representert på avdelinga for å synleggjere mangfaldet som vi er ein del av. Saman med barna skal vi setja ord på det vi les om i bøkene og invitera til samtale kring dette. Vi

skal og introdusere barna for tema som ligg nært opp mot kvardagen, til dømes det å få eit litlesøsken eller ulike familieformer. Tema som angår barna kan gje dei noko å relatere seg til, og det kan vere eit godt utgangspunkt for vidare samtale og undring. Rammeplanen skriv at vi må skapa eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale. Vi må vere medvitne på kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar vi formidlar (s. 41). Språkgrupper: Av og til deler vi barna i språkgrupper der vi har ulike aktivitetar som samtale, rollespel, lotto, konstruksjonsleik, songar, rim og reglar, forteljing og rolleleik mm. Målet med desse gruppene er å støtta dei barna som treng ekstra stimulering, men og stimulera språket generelt. Mindre grupper kan og gje meir ro kring leiken og betre høve for barna til å verte kjent. Fokus skal vere på uformell læring, men i regi av vaksne. Gjennom ei leikande tilnærming der vi har fokus på prosessen og det vi erfarer, skal barna få sleppe press om å prestere. Vi skal leike med språket og ha det gøy saman. Sosial kompetanse og leik Arbeid med å styrkja den styrkja den sosiale kompetansen til barna skal liggja som ein grunnmur i alt vi gjer. Vi skal mellom anna: Setja ord på kjenslene til barna for å hjelpe dei til å forstå kjenslene, til dømes Nå ser eg at du vart lei deg fordi. Setja ord på handlingane til barna og beskrive det dei er opptekne av, for å vise at vi ser dei. Samtale med barna om korleis vere mot kvarandre, som tema i samlingsstund, men og i kvardagen. Setja ord på korleis det er for dei ulike partane i ein konfliktsituasjon, for å gje barna trening i å ta den andre sitt perspektiv. Setja ord på det vi set pris på hjå kvarandre. Øve på turtaking, øve på å dele og spørje når vi treng noko. Setja ord på og kommentere når barna er gode mot kvarandre. Vere gode rollemodellar, trøyste når nokon er lei seg, glede seg med andre når dei er glade osv. for å lære barna empati.

Prosjektgrupper I prosjektgruppene tysdag skal vi vere ute og ha ulike aktivitetar som forming, eventyr, oppdagelsesferder og leik, drama, dans og musikk mm. Tema for våren vil vere kunst og kulturformidling/livet på Sotra før og no. Barna skal mellom anna få erfaring med musikken til Johannes Kleppevik og korleis fiskarbonden og Sotra folket levde i gamledagar. Saman med barna skal vi undra oss over kva vi har felles med dei gamle tradisjonane og kva som er ulikt. Rammeplanen skriv at barna skal få oppleve lokale, nasjonale og internasjonale kunst, og kulturuttrykk (s. 44). Torsdag går vi ein felles tur og i år et vi også lunsj på turen. På turane skal vi utforska dei gledene som vinteren og våren har å by på. Vi skal samtale med barna undervegs om det vi ser og opplever. Fleirkulturelt arbeid Vi er så heldige å ha eit mangfald av nasjonalitetar, religion og livssyn- familiesamansetningar og kultur i barnehagen. Dette ønskjer vi å synleggjere i det daglege arbeidet på avdelinga. Til dømes har vi velt å ha flagg på kasselappane for å synleggjere kva nasjonalitet barna høyrer til. Venskapsringen har vi medvitent velt å lage i ulike fargar for å symbolisere det mangfaldet som avdelinga representerer. Vi skal også lese bøker, syngje songar, telle på ulike språk og undre oss saman med barna over det mangfaldet som vi har på avdelinga.

Månad Tema Aktivitet Vinter og det denne årstida kan by på- med ver og naturforandringar, tradisjonar. Januar-Februar Mars-April Mai-Juni Prosjektgrupper: Johannes Kleppevik og fiskarbonden- om livet på Sotra før og no. Våren kjem- fokus på endringar ute og nytt liv. Påske- fokus på tradisjonar som følgjer denne høgtida. Prosjektgrupper: Kunst og kulturformidling- eventyr, nordisk barnelitteraturtradisjon og synleggjering av det fleirkulturelle. Sein vår og på veg mot sommaren. 17-mai- songar og tradisjonar. Prosjektgrupper: Kunst og kulturformidling- eventyr, nordisk barnelitteraturtradisjon og synleggjering av det fleirkulturelle. Høgtlesing og forteljarstunder med eventyr, fablar og meir. Songar, rim og regler. Gode samtalar og undring. Barnesamtalar med fokus på korleis det einskilde barnet har det i barnehagen. Turar i nærområdet. Utforske naturen og årstida. Formingsaktivitetar. Leikegrupper på ulike rom. Fastelavn og karneval. Høgtlesing og forteljarstunder med eventyr, fablar og meir. Songar, rim og regler. Gode samtalar og undring. Turar i nærområdet. Utforske naturen og årstida. Formingsaktivitetar. Leikegrupper på ulike rom. Markering av barnehagedagen. Påskefrukost med foreldre. Planting. Høgtlesing og forteljarstunder med eventyr og meir. Songar, rim og regler. Gode samtalar og undring. Turar i nærområdet. Utforske naturen og årstida. Formingsaktivitetar. Leikegrupper på ulike rom. 17. mai-leikar. Sommarfest.